torsdag 10. februar 2011

Egypt og smitteeffekten

Stillingskrigen held fram i Egypt, det mest interessante nye er opposisjonens strategi med punktstreikar i ulike byar avvekslande med stormønstringar i Kairo og andre byar på enkeltdagar. Rundt 20.000 fabrikkarbeidarar var ute, ifølge Jazeera, dessutan legar og advokatar. Interessant å sjå om det er nok til å endre dynamikken i konflikten.

Men i mellomtida kan vi sjå oss litt rundt på dei andre landa. Her er det både ein openbar smitteeffekt, og lokale forhold som avgjer. Både i Marokko og Jordan forsikrar opposisjonelle at dei er svært nøgd med kongen, men vil ha skifte i regjeringa. I Jordan har det derimot komme kritikk mot dronninga, uvanlig nok. Det ser ut til å gå på skillet i Jordan mellom den halvdelen som er av palestinsk opphav (mellom dei dronning Rania) og dei som kjem frå dei "gamle familiane" med basis i beduinstammar aust for Jordan-elva. Det har vore uro mellom dei siste i seinare tid og frykt for at kongehuset vil svekke deira stilling i samfunnet. I tillegg så har vi altså hatt demonstrasjonar frå det Muslimske Brorskapet i Jordan, og her var parolen openlyst "Islam huwa al-hall", Islam er løysinga, mens denne var bannlyst i Kairo. Det uroa kongen nok til at han har tatt noen opposisjonelle inn i regjeringa, mellom dei ein islamist og noen frå venstresida. Men den politiske opposisjonen (iallfall utover Brorskapet), er svakt organisert i Jordan, og det er mulig at beduinanes kritikk er meir urovekkande enn demonstrasjonane i gatene.

Noe av den samme splittinga ser vi i Jemen. Igjen er det ulike protestar på heilt ulikt grunnlag som lager problem for styret: Separatistar (tradisjonelt venstreorienterte, men egentlig stammebaserte) i det gamle Sør-Jemen; stammeopprør frå zaydiske grupper i nord, og ei meir islamistisk orientert reformrørsle, Islah, i hovudstaden (og i tillegg al-Qa'ida, som ingen av desse er spesielt involvert med). Det er denne tredje, Islah, som har stått for demonstrasjonane. Det er ei relativt sterk rørsle med betydelig politisk innverknad. Men om den og dei to andre opposisjonsretningane svekker kvarandre så president Salih kan spille dei mot kvarandre, eller om dei kan samla (men ikkje foreint) bli så destabliserande at Salih får større problem, må ein studere nærmare for å avgjere. (Sjå elles kronikk av Anne Bang og Eirik Hovden om Jemen)

Så langt er det blitt med desse. Studentar i Sudan har demonstrert, men der har dei sine eigne problem i eit land i oppløysing, og det ser ikkje så langt ut som om demonstrasjonane har tent noen stor eld. I Syria regna protestrørsla bort i vinterregnet - under sikkerheitspolitiets vakne oppsyn. I Iran slåss regjering og opposisjon om kven som er mest Tahrir-vennlige og bruker saka i sine interne strider, og palestinarane har store problem med å bestemme om dei er for eller mot Mubarak. Skal noen av desse landa ta fyr, må det komme lokale motsetningar og muligheiter som kan utløyse protestar på deira eige grunnlag, ikkje berre "demokratiets vind". Demokrati har arabarar alltid vore for, men det var det å komme rundt dei tinga som har sperra, og fortsatt sperrer, demokratirørsler frå å vinne fram.
A few thousand were out on strike (about
of
also
of

Ingen kommentarer: