tirsdag 22. februar 2011

Libya er ikkje Marokko

Tysdag kveld. Dei som har følgt med i ettermiddag, har fått med seg vintage Qaddhafi, sjøl om han nøyde seg med ein time denne gongen. Men kva, om noe, betyr det?

Underliggande for både fader Mu'ammar og sønn Sayf al-Islams talar, er at dei først og fremst oppfattar dette som eit regionalt opprør frå Cyrenaica (Barqa), den austlige landsdelen. Derfor går reformane dei begge snakkar om på regionalt sjølstyre, noen rykte sa han vil foreslå ei føderal inndeling av Libya i tre regionar, slik det var under kongdømmet. Det kom ikkje (heldigvis, det var inga god løysing), i staden noe usammenhengande om at "alle delar av Libya er fritt, [byen] Misruata er fri, Ajdabiyya er fri, om de vil gå for dykk sjøl, så ver så god". Det vart til at dei kunne danne eigne folkekomitear, desse makteslause "allmøtene" som Libya formelt er organisert gjennom. Libyarane veit at dette ikkje har noen betydning.

Kjent er jo også "korleis kan eg gå av, eg har ingen stilling, eg er ikkje president. Hadde eg vore president, hadde eg gått av. Men eg har ingen rolle". Libya er jo ikkje republikk, men ein "massestat" (jamahiriyya, ikkje jumhuriyya), og Qaddhafi blir presentert som "al-akh qa'id al-thawra", broder leiar av revolusjonen. Ikkje president eller statsleiar. Dette har vi også hørt mange gonger.

Så denne talen fortalte oss ikkje nytt, utover oppfordringa om dei som støttar han å gå ut i gatene og gjenerobre det tapte, noe mange oppfattar som ein trussel om borgarkrig.

Så kvar står vi i kveld? På eit punkt har han rett; Libya er i så langt delt. Cyrenaica er tapt, det vil si at hær og politi har forsvunne (noen få desertert) og overlatt byane til opprøret. Le Monde snakker om iallfall ti byar i aust under opprørsstyre, forutan Benghazi og Bayda også havnebyen Derna og Tobruk skal vere falt. Egyptisk grensepoliti seier at dei libyiske grensepostane er forlatt. Dette regionale er viktig, spesielt dersom opprøret her klarer å væpne seg.

I vest veit vi mindre om kva som skjer utanfor Tripoli, der regimet såg ut til å ha skaffa seg eit pusterom i dag gjennom gårsdagens flyangrep. Noen rapportar fortel at politi har forsvunne også i andre byar som Zawia i vest (der utlendingar skal ha blitt angripe) og Sirte, det siste er seinare avkrefta. I kveld er det igjen snakk om skuddveksling i Tripoli. Opprøret har opplagt spreidd seg hit, men regimet biter seg fast. Er dette lokalisert til Tripoli, så kan dei klare å konsolidere seg og så prøve å vinne tilbake Cyrenaica. Men dersom hær og politi har begynt å gi opp også i småbyane i vest, er det vanskelig å sjå ein farande veg for regimet.

Libya er ikkje Tunisia og Egypt, gjentok Sayf al-Islam. Det er heller ikkje Marokko. I forgårs gjekk opp til 30.000 fredelig i tog i marokkanske byar med krav om reformar, utan at ein politimann blanda seg inn. Også her, som i Egypt, var det moderate islamistar ('Adl wa-ihsan, også dei "tolerert") som gjekk sammen med kommunistar og sekulære. Dei krevde ikkje kongens avgang, men krava var radikale nok etter marokkanske mål; at kongen skulle gi frå seg det meste av styringsretten og langt på veg bli ein konstitusjonell monark. Dette er langt inne på tema som elles har vore tabu å diskutere i Marokkos elles ganske opne politiske debatt, og det er også heilt uakseptabelt for kongen å gå med på. I går snappa derfor pisken til, forsøket på nye daglige demonstrasjonar vart stansa myndig av politiet. Opposisjonen tar det derfor litt piano, og vil heller gå for færre og større samlingar, om ei veke eller så. Så får vi sjå om den mjuke lina, så heilt annleis enn i dei fleste andre arabiske land, vil halde fram, eller om kongen synes at ein gong var nok. Uansett, tittelen på innlegget blir nok rett: Protestar i eit autoritært styre med rom for kritikk og debatt (Marokko) er noe anna enn protestar i eit autoritært styre utan noe slikt rom (Libya).

Ingen kommentarer: