tirsdag 21. juni 2011

Våren: Fører den til sommar eller haust?

Den "arabiske våren" starta midt på vinteren, i desember og januar, og rullar fortsatt vidare, i det som tilmed her nord må kallas ein sommar. Våren er jo metafor for forandring, noe nytt spirar og lovar blomstring og glede som vi får i fullt mon om sommaren, mens hausten kan vere eit bilde på forfallet, lauvet døyr og dalar, stormane ular og folk held seg inne.

Så kva vil "våren", den arabiske opprøret, føre til? Glede, demokrati og nye stabile regime der folka utviklar seg i fredelig kappestrid i diskursar og valg, eller varig ustabilitet, konfliktar, kupp og tendensar til borgarkrig?

Israelske forskarar trur det siste, at det vi nå ser er starten på ein ny periode med varig ustabilitet. Våre eigne statsvitarar, Kjetil Selvik og Stig Stenslie skreiv for noen få år sidan boka "Stabilitetens pris" (som har vore ei populær pensumbok) der dei peiker på den uvanlig lange perioden med stabile, ja fastfrosne regimer i Midtausten. Stabilitet har vore bra, men prisen er altså tilstivning, mangel på demokrati, og tiltakande korrumpering som naturlig følger når eit og samme regime sit for lenge. Denne stabiliteten vart altså brutt i mange av dei mest tilstivna landa i vår.

Stabilitet har jo ikkje alltid vore det som pregar Midtausten. Det lange tiåret frå 1958 til 1970 var tvert om ein periode med stor ustabilitet. I Egypt styrte rett nok Nasser med sterk hand, men i Syria og Irak var det jamnlige militærkupp med to-tre års mellomrom. I Jemen var det borgarkrig, og i Libanon ei sakte opptrapping frå krisa i 1958 til borgarkrigen som kom først i 1975. Jordan og Marokko skifta kongar i starten av perioden, og i begge landa satt krona laust på deira hoder. Marokko hadde fleire forsøk på statskupp frå militære eller andre fraksjonar av det gamle regimet, før kong Hassan fekk kontroll over situasjonen og etablert sitt (relativt liberale) einevelde. Kong Hussein vart også rekna som "svak" til han fekk rydda unna rivaliserande maktsenter og også han vart "sterk". Iran hadde opprør i 1963, og etter 1967 kom den palestinske faktoren forstyrrande inn i mange land, verst i Jordan (1970) og Libanon (frå 1975). Slik også i fleire land.

Så er vi nå på veg inn i ein tilsvarande lang periode med ustabilitet? Var autokratia eit nødvendig reisverk rundt samfunnet som måtte til for å halde ro og stabilitet? Akkurat i dag ser det jo slik ut. Ingen av revolusjonane har leia fram til noe rolig og stabilt system. Egypt er komme lengst, dei har eit etablert overgangsstyre som ser ut til faktisk å planlegge ein overgang, det er eit yrande og fritt politisk liv, og det gamle regimet ser faktisk ut til å vike for eit nytt. Men det er fortsatt humpar på vegen; politi og hær slår av og til ned på opposisjonelle, det er fare for sekteriske konfliktar, og det er uklart om det politiske systemet klarer å vokse fort nok til å halde tritt med endringane i det institusjonelle systemet, med parlamentsvalg alt i haust.

I det andre suksessfulle revolusjonslandet, Tunisia, går det ikkje så bra, overgangsstyret er nær handlingslamma, men prøver å imitere egyptarane med ein aksellerert institusjonell prosess, nye valg rett nok utsatt noe, men lite og ingen ting blir gjort for å førebu det. Den økonomiske situasjonen blir verre, ikkje bedre, motløysa breier seg og folk flyktar til Europa. Urovekkande var meldingane frå ein industriby i Jerid i vest, der det har oppstått ein rein vendetta mellom to stammar som begge tydeligvis prøver å jage den andre stammen vekk frå byen. Konfliktliner som ingen visste om vekkas til live, og er eit symptom på ei allmenn krise i samfunnet.

I dei andre landa er det verre. Dei konfliktane som har oppstått i Jemen, Libya og Bahrain (i dei to siste godt støtta av utanlandsk innblanding) vil ikkje forsvinne sjøl om eller når den akutte krisa er over. Dei vil prege desse landa i årevis; om dei ikkje blir løyst tilmed i årtier. Berre eit nytt diktatur kan halde under overflata, men så vil dei komme fram igjen. I Syria veit vi altså altfor lite om kva slags konfliktliner det er i landet, men det er klart det er skille mellom dei som støttar opprøret og dei som støttar regimet. Dei siste, anten dei er aktive eller nøytrale, fryktar trulig akkurat det som kanskje er i ferd med skje, at nye eller gamle konfliktliner er i ferd med å dele landet i kjempande fraksjonar. Og kvifor spreier ikkje opprøret seg vidare i regionen? Det er nok at autokratiske land å ta av i Midtausten, men ingen nye opprør har meldt seg på sidan Syria i mars. Kanskje det er nettopp desse spora som er med på å skremme (i tillegg til andre faktorar vi har vore inne på før).

På sett og vis kan ein jo også sjå til Irak, sjøl om det var invasjon og ikkje opprør som førte til Saddams fall. Med all USAs makt og innsatsvilje har dei fått stabla på beina noe som liknar på eit fleirpartistyre, men måtte gjennom ein blodig (og heilt ny!) borgakrig mellom shiaer og sunniar, opprør frå motstandarar av mange ulike kulørar, de facto autonomi ikkje berre for kurdarane, men langt på veg også aksept for at shiiske militsar styrer seg sjøl. Det er vel svakt å si at etter åtte år, så er det irakiske statsstyret knapt meir enn vaklande.

Så er det ikkje håp, var opprøret ein flopp som ikkje burde funne stad? Tja, historia er ikkje deterministisk (eller, for å vere presis, den bygger på mange faktorar som vi ikkje kan kjenne på forhånd). Seks månader er kort tid for ein revolusjon, korleis såg Paris ut i desember 1789? Og USA i november 1776? På nederlagets rand.
       Den positive faktoren vi kan sjå er jo den vi nemnte først; Egypt. Eit nøkkelland som dominerer regionen er også det som viser flest framsteg. Det kjem til å bli tilbakeslag og voksterproblem for det egyptiske demokratiet, men sivilsamfunnet der er trulig sterkt nok til å overleve dei og peike ein veg framover mot eit stabilt sivilstyre som kan bli mønster i det minste for Tunisia, og kanskje også for regime i andre land som ser at revolusjonar er ein fare som kan omgåas ved reell reform. Marokko kan vere på den vegen, og Jordan har også potensiale til reform. At den handfullen saudiske kvinner som prøvde seg fortsatt sit bak rattet og ikkje bak lås og slå (det varer kanskje ikkje så lenge, men likevel) har også sammenheng med dette. Så ein del land kan gå mot stabilitet, mens det i andre kan vere den negative utviklinga som rår. Vi kan altså kanskje komme til å sjå at det blir større ulikheit mellom landa i Midtausten, og at dei landa der konflikten har vore skarpast (og skotvekslingane likeeins) kan komme til å bli taparane.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Dette er for øvrig mykje meir ein generell kommentar enn spesifikt til dette innlegget. Det er ikkje mykje som trigga meg her, men deler av ordlyden var litt rar/skuffande/tveegga. Og dermed balla det på seg...

Så: opprøra er uansett viktige. Uansett om dei fører til nye diktaturperiodar eller ei. Det er demokrati-trening. Om ikkje for opprørarane (altså, viss det ikkje endar i noko anna enn knallhard undertrykking og nederlag), så for regima. Det er ei melding til regima om at ting ikkje er heilt i vater. For å seie det mildt. Og ei slik melding er utruleg viktig. Ein har sett utviklinga over lang tid. Særleg i Egypt. Der har arbeidarrørsla og streik som verkemiddel, i tillegg til Kefaya, vore steg mot Mubarak sitt fall i februar. Det vil òg opprøra i Jemen, Syria, Bahrain og så vidare vere. Om ikkje no, så om to år. Eller ti. Når dei er klare/leie nok. Me har sett tydelege prov på at folket i MØNA-regionen er leie. At dei ynskjer sin fridom og si rettferd. Så me skal ikkje vere redde for det. Me bør dog vere redde for dei som ofrar livet for ting som me reknar som sjølvsagte.

Deler av ordlyden i dette innlegget respekterer ikkje dei ovanfornemnde menneska som risikerer liva sine. Me skal støtte dei uansett når dei kjempar slike (les: legitime) kampar. Til og med om historia hadde vore deterministisk og utfallet var elende. Der finst ingen alternativ for mange. Halde fram med å stå opp, eller døy. Det er ofte valet. Og ingen av dei ynskjer instabilitet sjølvklart. Dei ynskjer betre liv. At instabilitet er ein biverknad er hundre prosent irrelevant, slik eg ser det (det er kanskje på det punktet folk flest er usamde). Og det er ikkje rettferdig av alskens kommentatorar å nemne det eingong. Det er beint fram ikkje det det handlar om. Det handlar om folk som ynskjer betre liv, etter tiår med undertrykking og korrupsjon. Khalas. Då er det ingen som har rett til å kritisere (eller tvile på) deira oppstand. Me skal hugse på at Assad, Mubarak, Gaddafi, Saleh og resten av gjengen har bygd system som -ikkje inkluderte moglegheita for reell endring gjennom demokratiske prosessar-. Den einaste moglegheita var å stå opp slik me har sett i MØNA i år. Og det er sjølvklart ein bevisst strategi, sidan folk flest ikkje ynskjer å risikere liva sine for noko som helst. Dette visste diktatorane, og levde på det i ørten år. Men me har no sett kor desperate folk kan verte dersom ein undertrykkjer dei lenge nok. Det er argumentet for at dagens instabilitet er irrelevant. Det var det som måtte skje når folk fann ut at dei ville ha sine demokratiske rettar. -Graden- av instabilitet derimot, er ein anna diskusjon. Ein kan til dømes diskutere opp og ned i mente om det var rett av dei libyske opprørarane å ta til våpen slik dei gjorde. Eller om drapsforsøket på Saleh har ført godt eller vondt med seg (dersom det viser seg å vere opposisjonskrefter/opprørarar/demonstrantar som stod bak). Men instabiliteten måtte kome. Og det er eit gode. I det minste eit godt teikn. Det kan eg love at kvar einaste offer for undertrykkinga vil skrive under på.

Beklagar om eg misforstod. Og for å klargjere mine tankar littegrann vidare: eg har til dømes inga som helst tru på at Jemen sitt opprør vil føre til noko som helst form for demokrati etter det eventuelle "overgangsrådet" (om det nokon gong kjem. Folk byrjar å verte utålmodige. Ingen høyrer noko som helst om vegen vidare, verken frå regjerings- eller opposisjonshald). Eg trur det vert betre, men ikkje noko demokrati. Men det er irrelevant (både om det vert betre eller verre). Det viktige er at folk står opp og kjempar. Så får resultatet kome når det kjem. Her skal ikkje vurderast om dei burde eller ikkje burde stå opp. Det er ekstremt respektlaust (og nei, eg tykkjer ikkje du var ekstremt respektlaus i ditt innlegg. Dette gjeld generelt sett), all den tid det faktisk er folk som er villige til å døy for sine rettar og sitt brød. Det er spesielt dine avsnitt nummer fem og sju eg siktar til.

Forts.

Anonym sa...

Om eg sakna noko, så må det vere eit større fokus på dei oppbyggjande sidene ved opprøra. Og større klarheit på det faktum at det er dei respektive regima sine system som no kreerer dei vanskelegheitene me er vitne til. Ikkje omvendt. Dette er eit faktum som går mange hus forbi diverre, og dermed fortener det eit større fokus. Opprøra er så legitime som ein får dei. Det er litt som Islam-vs-Vesten-debatten. Mange går rundt og trur at bin Laden hadde eit naturleg ynskje om å drepe ikkje-muslimar. Og at den naturleg valdelege religionen Islam er grunnen. Noko som er komplett ravgalt sjølvklart, men folk trur det like fullt. Utan USA si innblanding i den muslimske verda (og det som frå eit muslimsk ståpunkt ikkje kan forståast som noko anna enn ein krig mot Islam), hadde me ikkje hatt den terroren me har sett til no. Det hadde ikkje vore noko insentiv. Dette veit du sjølvklart mykje betre enn meg, sidan eg no var så nær som eit direkte sitat frå ei bok av deg som det er mogleg å kome utan å faktisk sitere. Og difor hadde eg kanskje venta ei litt anna tilnærming frå di side. Få fram i lyset at det er diktatura som står for dei noverande problema, ikkje dei legitime opprøra!

Elles er eg stornøgd ;)

Knut S. sa...

Eg trur du las kommentaren normativt, om kva som er "rett" og "feil". Som salig Mao sa, det er "rett å gjere opprør", og det må vi jo berre støtte, på planet om rett og rangt. Det var ikkje mitt bord her.

Innlegget var meint analytisk, om ein kan bruke eit slikt ord - refleksjon kanskje heller, om kvar vi nå er komme og kva resultatet er. Og på det analytiske planet må vi naturligvis studere korleis verda faktisk ser ut, om vi står foran ein periode med varig instabilitet eller er på veg mot eit nytt stabilt statssystem. Det er noe av jobben vår (vel, eigentlig jobben til statsvitarane og slike), å gjere slike analysar. Skal vi studere regionen, kan vi ikkje seie at det er "irrelevant" om vi har borgarkrigar og militærkupp eller fredelige valg.

Det kan godt vere at dette berre er ein overgang og regionen vil roe seg ned, det vere seg med meir demokratiske eller nye autoritære styrer (eller, meir trulig, noe midt i mellom). Men i det stadig kortpusta, "kva skjer nå"-mediebildet, syntes eg det var mulig å ta ein pust og lage eit overblikk over korleis det ser ut etter seks månader.