onsdag 3. august 2011

Egypt: islamistar av ulikt slag

Nå begynner dagliglivet å komme tilbake, og vi kan igjen rette blikket mot Midtausten og kva som skjer der. Det har jo vore store sammenstøytar i Syria, spesielt Hama, og norsk tilbaketrekking frå Libya. Ein del merksemd er også retta mot Egypt, der ulike grupper har demonstrert på Tahrir og andre stader i Kairo, før Ramadan satte inn.

Spesielt har mange lagt merke til den store demonstrasjonen sist fredag på Tahrir, då islamistar av ulikt slag samla seg. Ingen klare tall, men "fleire titusnar" er sagt. Det var ulike "tribunar" på plassen, og det var også sekulære og liberale demonstrantar, men det var klart islamistar av ulik valør som prega dagen, både salafistar og Brorskapet. Dei har jo demonstrert før også (men også til tider halde seg borte), men det som har fått stor merksemd er parolar og krav om at "Egypt må bli ein islamsk stat" og "Vi må sette Sharia ut i livet". Den gamle parolen, "Islam huwa al-hall", Islam er løysinga, som var så tydelig fråverande tidligare i revolusjonen, runga igjen høgt på plassen. Dette har fått kommentatorar til å trekke fram igjen frykta om at islamistane er "bedre organisert enn andre politiske grupper, og kan fort profittere på det i et valg. Innflytelsen kan, frykter mange, bli brukt til å gjøre Egypt til en islamsk stat, uten demokrati og mindretallsrettigheter", slik BT uttrykte det i ein leiar.

Dette er nok litt ei kortslutning ut frå samlebegrepet "islamistar", som dekker dei to store rivaliserande straumdraga Det muslimske brorskapet og dei ulike salafistgruppene. Brorskapet er bedre organisert enn andre, og vil heilt sikkert dra nytte av det i kommande valg. Men det var salafistane som kjørte fram desse parolane, dels mot Brorskapets "moderate" line. Brorskapets øvste leiar, Muhammad Badi' var da også raskt ute dagen etter og fordømte det som hadde skjedd og bruken av slike provoserande parolar. Det er fortsatt ingen særlig grunn til å tvile på Brorskapets oppslutning om det representative demokratiet.

Mellom salafistane, derimot, er det jo meir skepsis til demokratiet som prinsipp. Kva oppslutning desse vil få i eit kommande val nå i haust, er fortsatt i det blå, men dei er heilt klart ikkje spesielt godt organisert. Dei har ingen erfaring i politisk arbeid eller i å søke massoppslutning, fordi dei var jo heilt fram til i vinter prinsippielle mostandarar av slik verksemd, og istaden ville drive da'wa, moralsk misjonering i mindre grupper. Dei har ingen samla organisasjon; dei er delt opp i mange små parti (sjøl om partiet Nur kanskje kan bli det største) og har i dag heller ingen karismatisk leiarfigur, men mange "preikarar". Om ein av desse vil kunne heve seg over dei andre og samle salafistane vil vise seg, men i dag ser det vel så trulig ut at salafistane vil oppnå ein del prosent i valet, men fordelt på mange ulike parti, og kanskje ikkje med noen spesielt stor representasjon i det kommande parlamentet. Det finnes elles også ei meir konservativ, salafistisk eller salafist-nær retning innan Brorskapet, som kan bli vel så interessant som smågruppene, men da under Brorskapets paraply og leiing.

Sharia og grunnlovas paragraf 2
Når det gjeld Sharia, så er det sentrale spørsmålet paragraf 2 i den egyptiske grunnlova, som seier at "Islam er statens religion, det arabiske språket er dens offisielle språk, og Shariaens prinsipp er hovudkilda for lovgivinga" (wa-mabādiʾ al-sharīʿa al-islāmīya al-maṣdar al-raʾīsī lil-tashrīʿ).[*] Når Egypt nå skal få ny grunnlov, så kan ein grovt sett seie det er tre hovudstandpunkt, slik oppsummert i avisa al-Masri al-yawm:

- Ei gruppe, spesielt kristne men også sekulære av anna slag vil fjerne heile paragrafen for at Egypt skal bli ein sekulær stat utan religiøse særrettar.

- Ei gruppe på motsatt side, spesielt salafistane vil bytte ut "Shariaens prinsipp" med "Shariaens reglar", og dermed endre Shariaen frå å vere ein vag "inspirasjon" for lovverket til å bli sjølve lova, eller iallfall at den formelle kodifiserte lova skal direkte gjenfortelle Sharia-reglane (i dag har denne paragrafen liten innverknad på lovsystemet, utanom familielovene som alltid har vore basert på sharia).

- Ei gruppe i midten ønsker inga endring. Dette er nok den langt største gruppa, og blir nok også resultatet. Brorskapet hører til her, dei ønsker ikkje å skjerpe paragrafen eller bytte ut "prinsipp" med "reglar": Lovene er i hovudsak bra nok som dei er. Det er viktig for Brorskapet at paragraf 2 står der, for det gir dei støtte for synet deira at Egypt alt i dag er ein islamsk stat, og dei derfor ikkje treng innføre noen revolusjon for at parolen om "islam, både religion og stat" skal vere oppfylt. Så lenge para 2 seier at islam er statsreligionen, så kan Brorskapet og andre islamistar arbeide fredelig for å reformere innhaldet i landet i moralsk retning, men utan dramatiske endringar i statsstyret. -- Masri al-yawm meiner elles at også mange sekulære godtar at para 2 blir ståande slik den står, sidan dette er det som er realistisk å få til i dag.

Korleis vil folk velge sine kandidatar? 
Kva vil så skje i parlamentsvalet, når det nå kjem i haust eller vinter? Det er det store spørsmålet, og nesten uråd å vite, for det er så mange ukjente variablar. Kven vil faktisk møte fram ved urnene? Kva vil dei legge vekt på? Kva slags kandidatar vil dei ha å velge mellom? Det som skjer akkurat nå ser ut til å vere ein voldsom vokster, men også fragmentering av parti på alle hald. Ved sidan av dei "gamle" opposisjonspartia under Mubarak, som er svekka, så har det vokse opp ein stor underskog av liberale og sentrumsorienterte parti, mange av dei berre grupper rundt ambisiøse enkeltpersonar. Vi har dei ulike salaftistpartia eg nemnde (mange ser på Gama'at Islamiya, som har ei fortid som terroristisk jihad-gruppe, men er nå på den parlamentariske veg og kanskje kan bli samlande for noen salafistar, men vil støte andre av dei frå seg). Også frå Brorskapet er oppstått ei rekke meir liberale utbrytarparti ved sidan av det "offisielle", der Wasat er det som har lengst fartstid og er mest kjent i utlandet.

Viktig er også valordninga som er vedtatt, der halvdelen av parlamentet skal velgas på partilister utrekna proporsjonalt (nasjonalt, ser det ut for, med sperregrense på 2 prosent) og halvdelen i einmannskretsar der også partilause enkeltpersonar kan stille. Her blir det sentralt korleis dei mange på landsbygda og utanfor det politiske sirkuset vil stemme. Den store demokratibølgen er eit byfenomen, og i hovudsak eit middelklassefenomen. Utanfor har det vore "partiapparata" som betydde noe, og dei var det to av: regjeringspartiet NDP, og Brorskapet. Det første er nå oppløyst, men dei liberale fryktar at NDPs lokale leiarar skal kunne komme tilbake som "partilause" i enkeltkretsar, fordi det er dei folk er vant til å støtte. Alternativt, naturligvis, at Brorskapet skal ta desse stemmene, sidan dei er einaste gjenverande nasjonalt organiserte parti.

Omverda frykter mest det siste, at Brorskapet skal ta alt. Men det er viktig å hugse på at nettopp fordi Brorskapet har vore tilstades i lang tid, er dei kjent og både sym- og antipatiar har fått tid til å bygge seg opp, og vil kanskje ikkje endre seg dramatisk. Dei har sine støttar, men også motstandarar lokalt. Mange stader har skillet gått mellom ulike islam-tolkingar, Brorskapet på ei side, og lokale sufiar - som Brorskapet er skarpt mot - på den andre. Dei siste vil ikkje hoppe over på Brorskapets side berre fordi NDP er oppløyst, dersom det vil finnes truverdige lokale motkandidatar. Det er også mulig at lokal stemmegiving, enten det er på person- eller partilistene, vil gi grunnlag for "patron-klient"-røysting: Den som lover ein vegstubb eller bedre elektrisitet, får stemmene uansett kva partifarge han har. Dersom velgarane trur han kan innfri. Før var det jo statspartiet NDP som kunne innfri løfter. Men nå veit alle at dei ikkje har tilgang til makta lenger. Kven vil folk tru kan hjelpe akkurat deira landsby fram?

Trulig vil korkje Gama'at eller andre salafistgrupper, og heller ikkje dei små liberale partia, klare å vekke denne typen tiltru, med mindre dei klarer å kople seg til store nasjonale personligheiter som folk kan feste forventningane til. Amr Moussa er kanskje den einaste som kan bli eit slikt fokus nå, men han har ikkje klart å bli den dominerande personen, og har heller ikkje kopla seg tydelig til noe parti som har nasjonal oppslutning. Vi kan dermed kanskje ende opp med eit parlament der noen dusin småparti får noen få representantar kvar, i tillegg til svært mange kanskje meir eller mindre upolitiske lokale enkeltrepresentantar. Så vil det vere opp til dei å lage alliansar og prøve å skape orden i kaoset og lage styringsdyktige alternativ, der Brorskapet blir den største enkeltgruppa, men må forholde seg til underskogen.

Eller det kan gå heilt annleis, at det faktisk nå og fram til valet utkrystalliserer seg noen få samlande alternativ som får gjennomslag i media og klarer på den måten å lage ein "moderne" valkamp utan å ha noe stort apparat utover landet. Det er fleire månader igjen, så ting kan endre seg.

          [* Fotnote: Eg ser forresten at på Egypt.gov er det tydelig forskjell på arabisk og engelsk tekst: På den arabiske sida står den opprinnelige lovteksten frå 1971, "mabādiʾ al-sharīʿa maṣdar raʾīsī...", ... er ei hovudkjelde....", ikkje "hovudkjelda," slik det vart endra til i 1980. På den engelske, derimot, står den "offisielle omsettinga" som vi også oftast ser i engelsk omtale, "and the principal source of legislation is Islamic Jurisprudence (Sharia)", der altså mabādiʾ, prinsippa, er forsvunne slik at den her refererte debatten om prinsippa vs. reglane dermed blir uforståelig.]

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei Knut Vikør,
Kunne du være så vennlig å fortsette arbeidet du nå driver i bloggen din og fortsette å skrive i offentligheten slik du har gjort i den seneste tiden. Dine kommentarer er særdeles presise og balanserte, og klargjør veldig mye av debatten rundt Midt Østen og Islam. Dette fordi du forholder deg til dette som en balansert forsker og ikke som en debattdeltager eller en kommentator som må synse noe før vi har fakta tilgjengelig. Tusen takk for dine innsiktsfulle kommentarer: Fortsett!