fredag 16. mars 2012

Libya: historia gjentar seg?

Anna skrivearbeid har tatt tida bort frå blogging den siste tida... Men i arbeidet med ein artikkel om motstand mot kolonistyret i Libya 1911-1916, har det slått meg kor mye denne liknar på ting vi ser i dag.

Kort repetisjon: I oktober 1911 invaderte Italia dei to osmanske provinsane Tripolitania og Cyrenaica, som italienarane gav namnet "Libya". Osmanarane, som var opptatt med krigar på Balkan, skreiv under ein fredsavtale i 1912 og overlot motstanden til lokale krefter.

Den tok først til i Tripolitania, det mest folkerike området, sjøl om fleire av dei etablerte familiane i Tripoli og andre kystbyar foretrakk å samarbeide med den nye makta. Men i landområda og småbyane rundt tok ulike stammar tok opp kampen. Zintan-stammen var aktiv, men også andre. Den sentrale leiaren var ein politikar med berber-bakgrunn frå Nafusa-fjella i vest, Sulayman Baruni, som prøvde å samle dei ulike kreftene bak ein felles innsats. 

Men det gjekk dårlig, kvar stamme og kvar by hadde sin eigen agenda og sloss kvar for seg. Ein italiensk offensiv i 1913 gjorde slutt på kampen, og Baruni måtte reise i eksil. To år seinare endra situasjonen seg, da Italia gjekk med i første verdskrig og måtte trekke soldatar heim til Europa. Nå var det Misrata som tok leiinga i motstanden, og den store leiaren der, Ramadan al-Suwayhili oppretta ein "opprørs-republikk" og klarte å tvinge italienarane tilbake til Tripoli og kystbyane. Fezzan i sørvest var dei heilt ute av. Sjansane for å vinne fram var store.

Men igjen rakna det. Misrata-leiaren insisterte på han og byen hans skulle vere sentrum i det nye landet, mens dei andre opprørsgruppene, både Zintan, berberane og andre nekta å gi han denne rolla. Igjen, alle ville kjempe for seg. Kvar milits, kvar gerilja sloss for sine eigne mål, det var ikkje noe felles som samla dei, sjøl om dei nå fekk støtte frå Italias nye fiendar Tyskland og Osmanarriket, som sendte våpen og rådgivarar. Dei vart derfor igjen lett bytte då krigslykka ute gjorde det mulig for italienarane med sine allierte å kaste dei utanlandske rådgivarane ut og gå til offensiv mot dei ulike militsgruppene.

I aust, i Cyrenaica, derimot, var bildet annleis. Her fantes det nettopp ein felles leiar og struktur som dei ulike stammane samla seg om: Ahmad al-Sharif, leiaren av det religiøse sufi-brorskapet Sanusiane. Beduinane vendte seg til han og ba han leie dei i ein felles kamp. Brorskapet var egentlig opptatt av å fremme fromheit og religiøs praksis, men det hadde ein organisert struktur i heile området og støtte frå stammane. Ahmad tok derfor på seg oppgåva og starta det som raskt vart ein geriljakrig basert på dei ulike stammane i regionen. Dei hadde stor suksess, og klarte å halde full kontroll over innlandet i Cyrenaica, italienerane klarte ikkje å bevege seg ut av kyststripa. I ein fredsavtale i 1917, forhandla fram av britane, vart Sanusi-leiaren anerkjent som emir av Cyrenaica (avtalen heldt til Mussolini kom til makta fem år seinare, så vart det ny krig). 

Ein skulle tru dei vaklande militsane i Tripolitania ville hekte seg på denne suksesshistoria. Men tvert imot: Suwayhili mistrudde den nye sterke politiske makta i Cyrenaica sterkt - dei hadde jo før berre drive med religiøs mystikk, og så var dei plutselig ein mektig gerilja? Han var redd dei skulle ha ambisjonar mot hans område, og da sanusi-kjemparar dukka opp i vest, møtte han dei og slo dei i eit slag. Dermed var alle muligheiter for ein samla kamp mot kolonimakta umulig, og tripolitanarane tapte. Mens dei i aust heldt geriljaen gåande heilt fram til 1931, feide friske italenske styrkar både Misrata-republikken og dei andre kjempande gruppene i Tripolitania av banen på noen månader. 

Virkar det velkjent? Dei samme byane, dei samme motsetningane, dei samme ambisjonane. Og skillet mellom aust og vest; eit samla Cyrenaica mot eit splitta Tripolitania. Utanlandske "observatørar" og "rådgivarar", og Libya-konfliktens skiftande natur ut frå verdspolitikken. Historia gjentar seg jo ikkje heilt likt, men det er interessant å sjå kor varige desse problemstillingane er. Når ein trygt kan seie at det ikkje fantes noen "libyisk nasjon" i 1911, så er det spørsmål om kor mye historia i det hundreåret som er gått sidan, har ført til at ein slik nasjonal fellesskapfølelse har oppstått.