tirsdag 19. juni 2012

Egypt: Sakte statskupp?

Ein halv dag er lang tid i egyptisk politikk, blir det sagt nå. I dag feirer Brorskapets medlemmer at dei ser ut til, etter fleire uavhengige opptellingar, å ha vunne presidentvalet med rundt 3-4 prosents margin. Men det er dempa feiring; dei offisielle resultata kjem først på torsdag, og ingen er sikre på at ikkje talla kan ha blitt "forandra" til da. Men den statlige avisa al-Ahram bekrefter at Brorskapets Mursi har vunne valet og blir Egypts nye president.

Valet er likevel blitt nærmast ein biting, i forhold dramatikken i dagane før, da dei militære greip inn i politikken igjen. Mange kallar dette for ein kontrarevolusjon, eller eit nytt statskupp. Vil dei militære nå ta over makta att, og Mursis valseier bli like tom som den til Aung San Suu Kyi for tjue år sidan (då dei militære lot henne vinne valet, men ikkje av den grunn såg noen grunn til å la henne få regjeringsmakt)?

Det er det ennå for tidlig å si. Den kan vere det var det første steget i eit statskupp i fleire stadier, men det kan også vere vegen mot ein, heilt sikkert vanskelig, maktbalanse mellom dei sterke maktene i Egypt nå, "staten" (dei militære) og "sivilsamfunnet" (Brorskapet). La oss ta hendingane i rekkefølge:

Første steg låg hos den konstitusjonelle domstolen. Sist torsdag vedtok dei å oppløyse det parlamentet som vart vald i fjor, og der islamistane fekk stort fleirtal. Grunngivinga var at vallova er urettvis: Lova var både komplisert og omstridd; to tredelar av representantane vart valt i fleirmanns-kretsar etter partilister, den siste tredelen i einmannskretsar. Opphavlig kunne ikkje partia stille kandidatar i einmannskretsane, men det vart endra etter protest fordi det ville bli ei opning for dei gamle frå Mubaraks gamle parti som da kunne stille som "partilause. Det er denne endringa domstolen nå har underkjent, fordi dei kallar einmannskretsane for "reservert for uavhengige", og da blir det urettvist at partia kunne stille både i fleir- og einmannskretsane. Dermed oppløyste dei parlamentet, og med det også den grunnlovsgivande forsamlinga som parlamentet var i ferd med å opprette.

Dette må ein kalle ein urimelig respons, uansett kva ein meiner om vallova. Innvendinga var ikkje sterk nok til å underkjenne valet og la Egypt vere utan parlament. Men uansett, om det var rimelig, så måtte svaret vere straks å utlyse nytt parlamentsval; domstolen hadde jo alt vist korleis vallova skulle etter deira meining endras på det eine punktet. Eit nytt og rettvist val ville trulig ha ført til ei reduksjon av Brorskapets gruppe, sidan dei har klart mista ein del oppslutning sidan i fjor.

I staden gjekk militæret til andre steg, på laurdag (i tillegg til å plassere soldatar utanfor parlementsbygningen). Dei har avskore heile arbeidet med ny grunnlov, og har ikkje sagt noe om nytt val på parlament. I staden har dei gitt seg sjøl ei permanent rolle som lovgivar, altså satt det militære rådet (som dei tidligare sa skulle gi frå seg makta i neste månad) i staden for parlamentet på langsiktig basis.

I tillegg har dei redusert makta til den kommande presidenten. Han skal fortsatt kunne ha veto mot lovframlegg, men ikkje komme med eigne forslag. Han skal ikkje ha kommando over dei væpna styrkane (slik han elles ville hatt), og har ingen innverknad på militærets budsjett eller handlingar. Han skal kunne oppnemne regjering, men den skal altså ikkje stå til rette for noe parlament.

Dei legg altså opp til ein maktbalanse. Egypt har jo fram til nå vore sterkt presidentstyrt, frå Nasser til Mubarak. I revolusjonen var spørsmålet (som ikkje vart besvart) om dette skulle fortsette, eller vi skulle få ein balanse mellom parlament og president; interessant dersom desse kom frå ulike politiske retningar. Nå blir det altså ein balanse i staden mellom militærrådet og presidenten, og så vil det vise seg kva reell makt presidenten da faktisk vil få i denne balansen, om han skal bli ein slags "konstitusjonell president" på line med vår konstitusjonelle monark.

Er da dette eit statskupp? I forhold til parlamentet, heilt klart ja, så lenge det ikkje blir utlyst val til noen ny folkevald forsamling. Men totalt sett kan det bety ein av kanskje tre ulike ting:
         - Det offisielle valresultatet torsdag viser "overraskande" at militærets favoritt Ahmed Shafiq likevel fekk fleirtal. Dei militære sit på begge kommandopostane. Det vil da vere eit vellykka statskupp, og spesielt om dette blir det siste reelle presidentvalet framover.
         - Brorskapet og Mursi blir erkjent som valvinnar, inntar presidentsetet, og får lov til å ha rell innverknad innanfor militærets nye rammer. I så fall kan militæret ha sikra ein maktbalanse mellom dei "sekulære" (seg sjøl) og islamistane, og hindra Brorskapet det maktmonopolet dei ville fått med makta både i parlament og presidentstol. Men det kjem da til å bli ein bitter kompetansestrid mellom dei to framover, sidan Brorskapet ikkje anerkjenner oppløysinga av parlamentet.
         - Mursi blir valvinnar og president, men blir så vingestekka på alle kantar av dei militære at han ikkje kan få muligheit til å fungere. Det kan da bli forsøk på eit "stille statskupp", at dei militære prøver å styre på tvers av ein folkevald president frå den sterkaste politiske grupperinga i landet. Det kjem ikkje til å gå bra.

Den einaste lykkelige løysinga på dette er enten at det sittande parlamentet kjem tilbake, eller at vi får eit raskt nyval. Dei to alternativa er ikkje like: Om det gamle kjem tilbake, får islamistane stor politisk makt, trulig meir enn folkefleirtalet i Egypt i dag ville gitt dei; men får også dermed ansvar i neste omgang for resultata. Om det blir nyval, vil Brorskapet altså trulig gå tilbake, det er uklart om det vil tene salafistane - som har vore noe i skyggen dei siste månadene, etter at deira presidentkandidat fall ut men det er rimelig å tru at det liberale sentrum vil styrke seg rundt personane til deira presidentkandidatar. Da ville det bli mulig med ein reell maktbalanse mellom ulike demokratiske krefter i Egypt. Men akkurat den vegen ser ikkje ut til å vere den mest trulige.

Men, altså, ein halv dag er lang tid, og vi får nå i første omgang sjå kva som skjer på torsdag. Det har jo, ikkje minst, skjedd mange gonger det siste året, at dei militære har kjørt hardt ut, og så gått tilbake på sine forslag etter folkelige protestar. Det har vore stille så langt i Kairo; folk er trøytte av å protestere, men mange venter nok også på dei offisielle resultata torsdag før dei bestemmer seg for korleis dei vil reagere. Fredag kan bli varm, dersom "feil" resultat blir det offentlige.

Ingen kommentarer: