mandag 17. desember 2012

Egypt: Islamsk grunnlov?

Første omgang i grunnlovsrøystinga er over, med ja-fleirtal i Kairo. Omtalen av denne grunnlova har variert kraftig, frå å befeste eit islamsk styre, til knapt å vere forskjellig frå den gamle. Det er da nok også måten som den vart banka gjennom meir enn innhaldet som har ført til protestane. Men, om vi ser på teksten, i kva grad er islams plass i grunnlova endra?

Vi kan lettast prøve å sjå på kva punktar som har ført til størst debatt. Denne grunnlova bygger i hovudsak på den førre grunnlova frå 1971 (med seinare endringar), som igjen bygger på eldre grunnlovstekster, og så vidare bakover til 1920-talet. Størst fokus er derfor på dei paragrafane som er blitt endra. Debatten her har naturligvis gått på mange forskjellige element, ikkje berre dei religiøse, slik som t.d. kva statsmakt som skal ha størst vekt, presidenten (som i Frankrike og USA) eller parlamentet (som i Norge og Tyskland); på sensur og ytringsfridom, og så vidare. Men la oss her fokusere på dei paragrafane som nemner islams rolle. Det er ikkje så mange, men dei er sterkt i fokus.

Paragraf 2: Sharia uendra
Den sentrale paragrafen her har sidan 1971 vore grunnlovas paragraf 2, som lydde:
Islam er statens religion og arabisk det offisielle språket. Prinsippa i den islamske Shari'aen er hovudkjelda til lovgivinga.
Formuleringa vart angrepe frå begge kantar; sekularistar ville ha bort referansane til religionen (eller heile paragrafen), dei kristne ville ha inn eit tillegg som nemnde deira rettar alt her, mens salafistane ville endre "prinsippa" til "reglane". Alle desse endringane vart avvist i kommisjonen, og paragrafen vart ståande uendra i utkastet til ny lov.

Paragraf 3: Kristne og jødar
For minoritetane er det komme inn ein ny paragraf:
Dei juridiske prinsippa (mabâdi' sharâ'î) til dei egyptiske kristne og jødar er hovudkjelda for lovgiving for deira lover for personlig status [dvs. familielova], religiøse forhold og valet av deira åndelige leiarar.
Dette reflekterer status idag, at kristne (og jødar) har sine eigne familielover, men er jo mislikt av sekularistar som ønsker religionsfrie lover. Som kjent trakk den koptiske kyrkja seg frå grunnlovskommisjonen, men ser kanskje velvillig på at deira lovgivande rolle overfor dei kristne her er slått fast.

Paragraf 4: al-Azhar som lovtolkar
Langt meir kontroversiell er den nye paragraf 4, som svarer på eit sentralt spørsmål etter §2: Kven er det som bestemmer kva som er "prinsippa" i Shari'aen? Før gav dette seg sjøl: Det var ei oppgåve for grunnlovsdomstolen; det er jo naturligvis det dei er til for, å tolke grunnlova. Denne paragraf 2 har nemlig aldri, sidan den kom i 1971, noen gong ført til at noen egyptisk lov er blitt endra, paragrafen har aldri hatt noen effekt. Det betyr ikkje at den har vore sovande; domstolen har behandla fleire lover mot §2, men (forutan først å slå fast at den ikkje hadde tilbakevirkande kraft), tolka "prinsipp" til å bety allminnelige rettsprinsipp som rettferd og velferd i si mest generelle form, og aldri funne noe lovforslag som har stridd mot desse.

Den nye paragrafen flyttar denne tolkingsretten ut av rettssystemet og til ein religiøs autoritet: til Azhar-universitetet, som er rekna som den mest autoritative teologiske institusjonen i den sunni-islamske verda. Paragrafen lyder slik:
Al-Azhar er ein overgripande og uavhengig islamsk institusjon, som sjøl styrer alle sine saker, med ansvar for å spreie kunnskap og vitskap om islam og det arabiske språket i Egypt og i verda [utanfor]. Synet til kollegiet av høgre lærde ved Azhar skal bli tatt i spørsmål forbunde med den islamske Shari'aen [yu'akhadh ra'y hay'at kubbâr al-'ulamâ' bi'l-Azhar al-sharîf fî 'l-shu'ûn al-muta'allaqa bi'l-Sharî'a al-islâmiyya].

Også Azhars representant trakk seg frå kommisjonen, men neppe over denne paragrafen. Kritikarane reagerer sterkt på at jurdiske spørsmål skal avgjeras utanfor det juridiske systemet, av ein uavhengig institusjon. Det var salafistane som kom med dette forslaget, og altså fekk Brorskapet med seg på det. Det pussige er jo kvifor salafistane skulle peike akkurat på Azhar, som jo er sterkt anti-salafistisk i sine islam-tolkingar. Heilt sidan Nasser har Azhar vore rekna for å vere "statens propaganda-arm i det islamske", og har stort sett alltid støtte det som statsmakta har bedt om, det vere seg fred med Israel (eller krig, når det passa), åtak på islamistar, eller anna. (Staten har også eit anna tilsvarande "statlig tolkingsapparat", Dâr al-iftâ', eller fatwa-rådet; som ikkje er nemnt her. Det er interessant, og tyder på at dette, som ofte har rekruttert leiarar til Azhar, nå er blitt irrelevant).

Svaret ligg trulig i andre del av paragrafen (etter ein del om at staten skal finansiere Azhar):
Shaykh al-Azhar [rektor] er uavhengig og kan ikkje avsettas. Lova for måten å velge han mellom medlemmene i kollegiet av høgre lærde blir fastsatt. 
Dette gjer Azhar meir sjølstendig frå staten, sjøl om det ennå ikkje er fastsatt om rektor skal utpeikas av regjeringa eller av rådet av Azhar's lærde, så legg dei fleste til grunn at det siste blir realiteten. Han sit uansett på livstid, kva han enn måtte meine og lovtolkingar han måtte komme med. Dette kan koplas med meldingar om aukande motsetningar mellom dei lærde der, og at det skal vere sterke grupper som sympatiserer med salafistane som har latt høre frå seg. Spesielt Brorskapet kan jo også legge til grunn at det er dei som iallfall nå er "staten" og blir dei som skal utpeike Azhars rektor - om dei da held fram med å sitte med regjeringsmakt.

Paragraf 219
Para 4 seier berre at Azhars meining skal "høras", ikkje korleis den skal behandle saker. Men i tillegg vart det, mot slutten av lova, satt til ein paragraf som presiserer korleis ein skal tolke Shari'aen i §2. Denne er svært tung, skrive i teologisk og ikkje juridisk språk (ulikt resten av lova), og ser ut til å vere resultat av kompromiss mellom dei som ville ha ei stram lovtolking og dei som vil la det stå meir opent. For å trenge gjennom til innhaldet, må vi derfor først gå den arabiske opphavsteksten (og her brukar eg fulle diakritika, som eg håpar blir leselig for alle):
Mabādiʾ al-Sharīʿa al-islāmiyya tashmal adillatahā al-kulliyya, wa-qawāʿidahā al-uṣūliyya wa'l-fiqhiyya, wa-maṣādirahā al-muʿtabara fī madhāhib ahl al-sunna wa'l-jamāʿa. 
I omsettinga til Masri al-yawm gir dei denne formuleringa til engelsk:
"The principles of Islamic Sharia include general evidence, foundational rules, rules of jurisprudence, and credible sources accepted in Sunni doctrines and by the larger community."

Det fører oss ikkje så mye lenger i forståing av dei tekniske begrepa tatt frå islamsk jus. Vi får heller sette opp ei ordliste:
- adilla  (frå dalīl) er "indikasjonar", eller bevis for at ei tolking er rett, normalt eit argument funne i openbaringsteksta
- kullī er total, allmenn. Første element i tolkinga som juristane (Azhar) skal gjere, er altså å etablere dei allmenne indikasjonane i Koranen og sunnaen på det spørsmålet som er oppe: "Prinsippa i den islamske Shari'aen omfattar [lovas] allmenne bevisgrunnlag [i Koranen og Sunnaen], ..."

- qawāʿid betyr "fundament", den basisen som ligg under eit hus eller ein ide (ja, det er fleirtal av qāʿida).  I jusen blir det brukt om dei allment abstraherte prinsippa som ligg under lovsystemet totalt, av typen "ei handling må vurderas ut frå sin intensjon".
- uṣūl betyr også prinsipp, men her meinas det "metode". Islamsk jus er delt i to, uṣūl al-fiqh (juridisk metode, prinsippa for lovtolking) og furūʿ al-fiqh (juridisk innhald, dei konkrete lovreglane og utleiinga av dei). Her brukar dei uṣūlī og fiqhī som begrepspar i staden for uṣūlī og farʿī (furūʿī), men det går trulig på samme todelinga: Etter å ha etablert Openbaringsteksta skal ein altså gå til grunnprinsippa i islamsk jus, i metode og innhald, "... dei metodiske og juridiske grunnreglane hennar, ...". Dette kan jo gå i mange retningar, så derfor da den siste og viktigaste delen:

"og kjeldene til ho slik dei er anerkjent i lovskulane til "sunnaens og samfunnets folk".
Det siste uttrykket viser ganske klart til sunnismen; altså ei utestenging av shi'iske tolkingar. Dette er symbolsk, og koplas til det vi tidligare har omtalt som veksande anti-shi'isme i Egypt. Juridisk har det lite å si, sidan shi'ismen ikkje er til stades i Egypt, og shi'isk jus i stor grad liknar på sunnisk i sine fire lovskular. Det som er påfallande er at teksten her nemner dei sunniske lovskulane, men ikkje rangerer dei. Det er altså ingen direkte styring for juristane, så lenge dei finn ei tolking som kan rettferdiggjeras på ein eller annan måte i ein sunnisk lovskule. Reint teknisk er det altså ikkje reglane til lovskulen som får autoritet, men dei kjeldene (masâdir) til lova som lovskulane godtar. Dette kan lesas til å peike på dei reint allmenne rettsprinsippa (som "samfunnsnytten", maslaha, som blir anerkjent som masdar), men det kan også, ved at lovskulene er nemnt, bli brukt i meir konkrete og avgrensande betydning av tolkingar anerkjent som "etablert jus" i lovskulane.

I seg sjøl er altså ikkje dette så dramatisk; mange andre muslimske land presiserer også dei islamske lovskulane som "rettskjelder", og gjerne med klarare rangering enn her. Tolka opent har sekulære lovgivarar nesten alltid klart å finne ei tolking av ein eller annan lovskule som støttar det dei har villa gjennomføre. Men det er nytt i moderne egyptisk rett; sjøl om familielova har bygd på shari'a-reglane, har autoriteten alltid vore staten og det verdslige rettsapparatet. Denne paragrafen, og spesielt siste setninga, gjer det derfor mye vanskeligare å komme med dei ganske almenne fortolkingane om at "alt som er godt og rettferdig er Shari'a og OK", som grunnlovsdomstolen før la til grunn. Nå må det, dersom konkrete lover faktisk blir forelagt Azhar, argumenteras langt klarare på ein islamsk lov-faglig grunn for kvifor lova er akseptabel. Koplar vi dette til ein tanke om eit sjølstendig Azhar meir dominert av konservativ lovtolking, kan vi godt forstå at dette vekker uro hos liberale og sekulære krefter. 

Familien og religionsfridom
Eitpar andre paragrafar reflekterer også religiøse tankar. I paragraf 10 står det, "Familien er grunnlaget for samfunnet og er basert på religion, moral og fedrelandstru", i følgande paragraf 11, "Staten skal ... fremme eit høgt utdanningsnivå i religiøse og patriotiske verdiar, vitskaplig tenking, arabisk kultur, og folkets historiske og kulturelle arv". Begge desse kjem frå 1971-lova, som også hadde ein eigen paragraf om religiøs utdanning som nå er tatt bort. 
Det var stor strid om ein paragraf om kvinnerettar, der det var lagt til "så sant det ikkje er i strid med Shari'aen", men denne passusen var også avskrift frå 1971-lova. Resultatet vart iallfall at heile den paragrafen vart tatt, både kvinnerettar (omtalt annan stad) og sharia-reservasjonen.

Paragrafar 43-46 dreier seg om fridom for tru, tanke, oppfatningar, informasjon og skapande verksemd (sensur blir t.d. forbudt i fredstid). Her er komme inn ein paragraf 44, som går indirekte på islam:
Å fornærme eller fornedre alle religiøse sendebod og profetar er forbudt. 
Dette fører altså blasfemi inn i grunnlova, men medfører neppe stor forskjell frå praksis i dag. Som ein kan vente, er berre dei tre "abrahamiske" (samâwiyya) religionane beskytta. 

Islamsk stat?
Desse paragrafane, som er dei einaste som nemner "islam", "shari'a" eller "religion" er i seg sjøl ikkje nok til å seie at den nye grunnlova gjer Egypt til ein islamsk stat, og at det er Shari'aen som nå blir lov i Egypt. Det blir den ikkje, sjøl om det er akkurat det salafistar (og brorskapsfolk?) har ropt i demonstrasjonane. "Islamiseringa" av Egypt, om det blir noen, vil komme gjennom konkrete lover og vedtak som styresmaktene kan sette i verk - dei treng ikkje noen ny grunnlov for å forby alkohol og stenge nattklubbar. Det som det er snakk om i §2 og §219 er jo ankemuligheiter mot lover som ei seinare liberal statsmakt ville ønske å sette i verk. Her kunne domstolane stenge dei ned (men gjorde det ikkje), mens det nå blir Azhar-leiinga som kan gjere det. 

Det er heilt klart eit steg i feil retning, om ein ønskar at Egypt skal gå mot dei liberale verdiar vi hos oss reknar som naturlige, men vi veit ikkje heilt kva den konkrete effekten vil bli. Det vil heilt sikkert bli eit stridsspørsmål seinare å prøve å fjerne §219, eller modifisere den - den er jo nå så teknisk at berre islam-juristar sikkert kan forstå kva det skal bety. Å fjerne sjølve ordet "Shari'a" eller "islam" frå grunnlova er neppe politisk mulig, men utan §4 og §219 og spesielt den siste setninga der blir det øvrige relativt symbolsk. 

Det er derfor grunn til å sjå nøye på dei debattane som vil komme, og i kva grad det opnas for modifisering av denne spesielle paragrafen i lova.

mandag 10. desember 2012

Syria: samling eller deling?

Regjeringa har i dag erkjent den nye opposisjonsalliansen, "Nasjonalkoalisjonen for syriske revolusjonære og opposisjonsgrupper", som den legitime representanten for det syriske folket, slik også fleire andre vestlige land har gjort i dei siste vekene. Er dette for tidlig, eller er det nå på tide å erkjenne at det er her Syrias framtid ligg?

Samlinga i denne Nasjonalkoalisjonen kom som eit resultat av sterkt press frå det internasjonale samfunnet, både frå Vesten og frå Gulfen - dei to viktigaste aktørane på opposisjonen si side - for å få til ei breiare samling enn det gamle Nasjonalrådet. Det nye organet strekker nok også klart breiare, og har fått tilslutning frå fleire militsar som ikkje ville vite av Nasjonalrådet. Det har fått ein leiar, ein moderat religiøs lærd med godt rennomé, som ser ut til å ha god legitimitet inne i landet. Men det er nok likevel spørsmål om ikkje samlinga er blitt til "ovanfrå", fordi omverda forlangte det, og ikkje "innanfrå" opposisjonen sjøl. Den viktigaste grunnen opprørarane har til å følge dei ønska omverda kom med, er naturligvis eit desperat behov for internasjonal materiell støtte, og spesielt våpen som dei treng for å kjempe mot regimet. Da kan dei ete kamelar av ulik størrelse for å få det til. Men det betyr ikkje at dei motsetningane som låg til grunn før er borte, dei er berre i beste fall satt til sides for nå.

Slik har det alt begynt å knake i denne Nasjonalkoalisjonen, ikkje minst har det gamle Nasjonalrådet vore misnøgd med at dei fekk for liten representasjon i det nye. Men dei vart langt på veg lagt døde i internasjonalt diplomati da Hilary Clinton slo handa av dei, og dei er relativt lite populære mellom dei aktive opprørarane inne i landet. Enn så lenge kan nok derfor den samla fronten haldas oppe.

Viktigare er det om Nasjonalkoalisjonen faktisk klarar å opprette noen autoritet over dei mange militsane som er i kamp. Det er ikkje opplagt, fordi dette fortsatt er ein politisk front basert i utlandet. Dei har nylig snakka om å prøve opprette ei felles militær leiing, men det gjorde også Nasjonalrådet fleire gonger, utan at det kom noe ut av det, og det er ikkje nok å få støtteerklæringar frå den "Frie Syriske Hæren", som altså fortsatt ikkje er noen samstyrt hær, men ei rad militisar og opprørsgrupper. Først når vi ser at Koalisjonen lager ein felles militær strategi, og dei aktive militsane faktisk følger denne strategien fordi dei underlegger seg ei felles leiing, og ikkje berre fordi dei har lyst den dagen, så kan vi si at Koalisjonen reellt representerer ei samla opprørsleiing. Vi er klart ikkje der nå.

Frigjorte områder
Når det er sagt, så er det også klart at utviklinga på bakken går opprøraranes veg. Det er relativt betydelige område, særlig i nord, som nå ser ut til å stå permanent under opprøraranes kontroll, altså tilnærmar seg "frigjorte områder". Det som trugar dei, er luftangrep som dei ikkje kan verge seg mot, så det som militært vil gjere den store forskjellen her, er nok effektivt luftvern i desse områda. Men elles ser dei ikkje ut til å trenge frykte offensivar på bakken frå regimet. Det er klart ei endring frå tilfellet for noen månader sidan, da det var meir ein geriljakrig også i nord, der opprørane tok noen område "om natta" men måtte vike når regimet satt inn motkreftene.

I andre delar av landet har regimet enten rimelig god kontroll (særlig i nordvest), eller områda er omstridt på bakken, der regimet held alle dei større byane, mens opprørane held noen mindre byar, landsbyar og (over kortare eller lenger tid) landområdet mellom byane. Det er altså område av Syria der det ikkje er aktive kampar, men overalt pregar krigen landet, ved at økonomi og infrastruktur er i ferd med å bryte sammen.

Kurdarar og salafistar
I dei områda der regimet er borte, kan andre motsetningar begynne å spille inn. Nå er det spesielt forholdet mellom kurdarane og (resten av) opprørane som mest spent. Det har vore ganske harde sammenstøytar mellom kurdiske opprørsgrupper og arabiske, og opprørsleiinga er ikkje sikker på kva side desse kurdarane står på. Kurdarane er naturligvis delt, mange deltar i det felles opprøret, men andre blir skulda for å stå på regimets side ved å slåss mot FSA. Rettare er nok at dei prøver å halde avstand til begge to for å skaffe seg mest mulig rom for eit kurdisk autonomt område. Her spiller kurdiske grupper i begge nabolanda, Tyrkia og Irakisk Kurdistan, klart ei rolle, og gjer dette til eit regionalt problem vel så mye som eit lokalt nord-syrisk. Vi har også sett at kristne bydelar eller område har på samme måte oppretta eigne (små og svake) militsar for å prøve å verge seg mot begge partar, både mot regimet og mot opprørane, og halde dei begge ute frå sitt område. Med vekslande taktikk og vekslande hell.

I tillegg har vi også dei salafistiske eller andre radikale islamistiske grupper som blir uglesett av dei vestlige maktene, og også rivaliserer med dei liberale. Men her er det glidande overgangar som gjer det vanskelig å få oversikt. Av dei reine jihadistgruppene er Jabhat al-Nusra den mest kjente og etablerte, og er blitt knytta til "Den islamske staten i Irak", ein jihadist-koalisjon der al-Qaida i Irak er ein viktig del, dei har tatt på seg ansvaret for ulike bombeangrep i Damaskus og andre byar, men også avretting av tilfangetatte regimesoldatar. Openbart er dei heilt uspiselige for liberale i Syria og utanfor, og Nasjonalkoalisjonen har markert seg klart frå dei. Men ikkje alle er samde i det. Nusra har, ulikt Qai'da/Irak, unngått å angripe rivaliserande grupper, og noen andre opprørsgrupper ser dei som slagkraftige, kanskje nødvendige, allierte meir enn som motstandarar. Andre grupper som blir rekna som salafistar får klart også våpenstøtte frå Qatar, noe som bekymrar spesielt USA som helst ikkje ser at avanserte våpen kjem på mulig avveg i framtida (dei peiker spesielt på det som skjer i Mali nå, der våpen Qatar ga til libyiske grupper er komme i hendene på opprørane i nord-Mali). Det er mulig at leiinga diplomatisk og i utlandet, overfor donorane, trekker klare grenser mellom "gode" og "dårlige" opprørsgrupper, grenser som kan vere meir flytande på bakken i Syria. Men det kan også vere at slike, eller andre, forskjellar tvert om kan vekse seg meir påtrengande ettersom regimet svekkas og blir ein mindre farlig trussel.

Regimet som milits
Enn så lenge er likevel Assad-regimet hovudfienden, og er naturligvis ei dominerande kraft. I lufta har dei heilt herredømme, og også i tungt artilleri, som dei brukar med stor brutalitet. Håpet om at dei skal kunne komme på offensiven igjen må nok bli svakare også i dei kretsar, men dei har styrke nok til å halde ut lenge, ikkje minst fordi dei naturligvis har reell støtte i viktige delar av Syria, ikkje minst mellom alawiar og andre folkegrupper som fryktar opprørarane. Desse folkegruppene kjem ikkje til å forsvinne. Dersom opprørarane klarer sitt diplomatiske arbeid og t.d. får materiell som kan nøytralisere regimets luftvåpen, så kan vi komme til ein situasjon der regimet i staden for å vere den store samlande fienden, blir ein milits mellom mange, som kjemper like bittert for "sine" folkegrupper, som den nåverande opprørsfronten kjemper for sine. Det er kanskje eit vel så sannsynlig neste steg som ein "libyisk" utgang der regimet plutselig kollapsar på noen dagar, og kan bli, for å si det slik, ein ganske utfordrande situasjon.

Vi er langt unna den situasjonen ennå, den lange og vonde kampen der frontane sliter kvarandre ned ser ut til å vare lenge ennå. Men situasjonen ser ut til å vise at samtidig som vi heilt klart ser teikn til i det minste lokal og taktisk samordning mellom militsgrupper som reknar seg til FSA, så er det også klare og farlige teikn til fragmentering. Det kan da føre i to retningar: enten at opprørane, eller ei retning av dei, får hegemoniet i kampen og klarer å samle seg og enten nedkjempe eller forhandle seg fram til overtak over smågrupper i utkantane. Eller ei ytterligare fragmentering der Syria blir kamparena for eit sammensurium av militsar, der det blir vanskelig å skille frå kvarandre dei som opphavlig stod for og dei som stod mot Assad-styret. Uansett, det er i Syria og ikkje på den diplomatiske arenaen i Doha at dette vil bli avgjort.

fredag 7. desember 2012

Egypt: Frå krise til kva?

Utviklinga i Egypt den siste veka har opplagt vore foruroligande, og når begge sider har hatt dødsofre, kan det vere vanskelig å finne den middelvegen som er nødvendig om det gryande demokrati skal få vakse vidare.

Dette er ikkje repetisjon av revolusjonen i fjor, sidan det da var det eit ganske samla folk (eller iallfall samla aktivistar) som stod mot eit gammalt og tilstivna styre. Nå er det to ulike delar av folket, som begge kan påstå seg ein massebasis - det har dei begge vist i demonstrasjonane - som står på kvar si side, og det dei kjemper om er eit nytt og uferdig demokrati.

Begge sidene seier dei fryktar eit kupp som vil stenge vegen for demokrati: Protestantane fryktar at islamistane vil ta all makt og hindre opposisjon å arbeide, eit nytt (og verre) styre av Mubarak-slaget. Islamistane fryktar at demonstrasjonane er frå det gamle Mubarak-styret som vil sabotere det demokratiske framskrittet som vart gjort i fjor. Begge har trulig litt rett, men mest feil.

Kva kjemper dei om?

På eit nivå er dette rein maktkamp. Ingen av sidene er vant til å arbeide i eit etablert demokrati, der ein opposisjon kan rekne med at om dei tapar eitt val, så har dei rimelig sjanse til å vinne det neste om fire eller fem år, så er det deira tur. Derfor blir det lett dramatisk "det er nå eller aldri", og alle partar vil rake til seg mest mulig makt, eller redusere motpartens makt, nå, mens alt flyter og dei har sjansen. Frykta ser ut til å vere det dominerande i denne kampen: Om vi ikkje hindrer "dei andre" i sitt prosjekt nå, så vil vi miste all sjanse om politisk deltaking.

Opposisjonsalliansen har faktisk noen innslag av gamle Mubarak-tilhengarar, og støtter seg ikkje minst på dei delane av statsapparatet som heng igjen frå det gamle, som delar av rettsvesenet der mange heilt klart ønsker å motarbeide islamistane uansett. Det blir ein ujamn allianse med dei liberale som stod i spissen for revolusjonen i fjor, arm i arm med dei samme islamistane mot Mubarak. Men det ser ut som om også mange av dei liberale nå ikkje vil akseptere at islamistane, Brorskapet og salafistane faktisk vann dei to vala som har vore, og har demokratisk legitimitet. Å trekke fram fjorårets slagord om "ned med systemet" virkar mot si hensikt, når det faktisk var eit demokratisk system som har ført det nåverande styret til makta. Presidenten, Mursi, er i dag einaste utøvande makt, men det er jo fordi parlamentet vart oppløyst av det samme rettsvesenet, og med ein ganske teknisk og tvilsom begrunnelse (om ein kunne bruke partilister ved enkeltmannsvala). I dette parlamentsvalet vann jo islamistane ennå større fleirtal enn i presidentvalet, og så langt ein kan sjå på ein heilt fair måte. Det er ikkje rimelig å ville avskaffe systemet fordi ein ikkje vann vala. Tvert om burde det vore i deira interesse å få fortgang i grunnlovsprosessen, slik at nye val blir haldne, for alt tyder på at Brorskapet vil da gå ytterligare tilbake og opposisjonen få sin sjanse. Ved nå å sette heile overgangsprosessen i fare og kanskje risikere eit nytt militærkupp setter dei si eiga framtid på spill.

Presidenten og Brorskapet har openbart også sitt ansvar for den krisa som vi nå ser. Valseieren gir dei rett til å sette sitt preg på styret, ingen kan forlange at eit parti som vinn eit val skal vere nødt til å sette berre dei tapande partias program i verk. Men det er også rett og viktig som opposisjonen seier, at ei grunnlov stiller i ein annan kategori enn vanlige lover; den skal vare utover eit enkelt parlament eller valperiode, og må ha legitimitet frå meir enn berre eit kortvarig fleirtal: det må bygge på ein konsensus av flest mulig i samfunnet. Til sjuande og sist må det voteras mellom formuleringar, men i arbeidet må ein søke samarbeid. Det gjeld frå begge sider, i dei vanskelige punkta om islams rolle i grunnlova må både dei sekulære og religiøse komme fram til formuleringar som begge kan godta. Det har ein ikkje klart her, og det ser ut som om Brorskapet har lagt større vekt på å komme til semje mellom seg sjøl om dei meir religiøse salafistane (der mange jo egentlig ikkje anerkjenner korkje demokratiet eller grunnlova), enn mellom seg og dei langt fleire sentrumsorienterte og liberale. Dette er ein del av grunnen til at arbeidet i kommisjonen braut sammen og mange trakk seg (om enn dei kan ha gjort det for lett og for tidlig). Når representanten for al-Azhar trekker seg frå kommisjonen fordi grunnlova er for strengt religiøs, er det eit dårlig tegn.

Styret det siste året har også tatt noen urovekkande grep mot opposisjonelle medier, noen er trukke for retten, andre forsøkt motarbeidd av statlige tiltak. Dette har vore få og sporadiske tilfeller, og kan føras opp på overmot og mangel på modenheit i ein ny maktsituasjon, men det har openbart gitt grunn til uro for dei i den liberale leiren som kjenner slike tiltak alt for godt frå det gamle styret.

Men spesielt har Mursi vore alt for uvillig til å arbeide for konsensus nå i den nåverande krisa. Å ville presse gjennom ei folkerøysting på grunnlova berre etter to veker, og utan at alternativa er klarlagt og teksten i stor grad ikkje kjent av velgarane, tyder ikkje på kompromissvilje. Noen av dei omstridde dekreta kan forsvaras som å komme sabotasje frå det gamle styret i forkjøpet, men dei gjekk openbart langt utover det. Med dei protestane som kom ikkje berre frå opposisjonen, men langt inn i hans eige parti, burde han komme dei i møte ved å trekke eller modifisere det som vekte mest oppsikt, spesielt at alle hans vedtak var urørlige av domstolane, noe som lett førte til kritikk om forsøk på allmakt. At han i staden i praksis står hardt på, og spesielt at Brorskapet har gått til voldelig konfrontasjon med opposisjonen, er hans ansvar og kan også føre til at krisa får ein meir dramatisk slutt enn den burde ha fått.

Det kan fortsatt roas ned, og vi må håpe dette er meir vokstersmerter for demokratiet enn ei for tidlig dødskrampe. Men aukande vold gjer det vanskeligare å finne fram til det kompromisset som er nødvendig. Utspillet ligg nok hos presidenten, å utsette folkerøystinga, ta ein ny runde på kontroversielle paragrafar i grunnlovsframlegget - slik det har komme framlegg om - og å legge til sides iallfall noen av hans "allmakts-dekret", vil vere nødvendig. Så må opposisjonen komme i dialog og erkjenne at presidenten faktisk er president og har fullmakter.

Det er krefter som arbeider for slike mellomløysingar. Wasat-partiet, eit liberalt islamistisk parti som står i opposisjon til Brorskapet, argumenterer for grunnlovsløysingar, den tidligare presidentkandidaten Abu 'l-Futuh og hans "Sterkt Egypt"-parti arbeider for at dekreta må bort utan at presidenten må gå, slik dei ytterliggåande på opposisjonen krev, og det er andre. Men dei som har makta, og det er Brorskapet, må ta dei avgjerande stega mot ein felles plattform, elles er det diverre vanskelig å sjå ei god løysing på denne krisa.