fredag 5. juli 2013

Egypt: Eit godt kupp?

Fredag formiddag, og vi ventar på kva som vil skje etter fredagsbønna i Egypt i dag, det vil trulig bli bråk, men tida vil vise kor dramatisk det blir.

I mellomtida kan vi reflektere litt over kva ein skal "meine" om hendingane. Klassekampen slår opp uttrykket "eit godt kupp" på framsida, med referanse til Unni Wikan (som rett nok ikkje sa det, men at "hvis det finnes noe sånt som et godt kupp", forbehold blir jo gjerne kutta!). Andre har snakka om eit "demokratisk kupp", sjøl har eg eitpar gonger kalt det eit "revolusjonært kupp". Vi blir litt fanga her av om orda vi brukar har positiv eller negativ valør, i Klassekampen får jo "revolusjonær" ein svært positiv farge! Mens grunnen til at så mange nektar for at dette er eit "kupp" i det heile, er fordi kupp jo blir oppfatta som negativt.

Gode og dårlige militærkupp
Så la oss ta først det allmenne og deretter vurderinga av Egypt. Først, begrepa: "kupp" har ei ganske klar og nøytral betydning: "statsomveltning utført av politisk leder eller militær (militærkupp, statskupp)" [SNL], OED legg til "sudden, violent and illegal seizure of power", med sterkare ordbruk, men likevel må skiftet i Egypt nå heilt tydelig falle inn under definisjonen.

Illegalt høres jo ille ut, men kan eit kupp vere "godt"? Ja, det kan det openbart godt vere. President Nimeiri i Sudan var etter dei fleste målestokkar ein ineffektiv diktator som hadde styrt eineveldig i seksten år, og da militære styrker greip inn og avsatte han i 1985, for så å overlate makta til sivile noen månader seinare, var det openbart eit "godt" kupp i dei flestes auger. Det fantes ingen andre måtar å fjerne han på, og resultatet vart eit sivilt styre grunna i val (riktignok også det ineffektivt og kortvarig, men det er ei anna sak). Det finnes mange slike tilfeller av "støtteverdige" kupp, og dei fleste statar har på eit eller anna tidspunkt basis i ei slik "statsomvelting" eller revolusjon (sjøl den britiske! i 1688) som innebar eit kupp av noe slag. Om dei er "gode" kjem altså an på kombinasjonen av det som blir satt til sides - at det er ødeleggande og at det ikkje er noen "legal" (dvs. demokratisk) måte å skifte det ut - og det som kjem i staden: at det er "godt", i dag vil vi si demokratisk og sivilt. 

Militærkupp er altså av fleire ulike slag. Men vi kan her snakke om to hovudtypar: Dei som fører til varig militærregime, og dei som raskt trer tilbake for eit nytt sivilt styre. Det siste kallas "korrektive militærkupp", det militære ser seg som eit middel for å få den ordinære politikken "tilbake på rett spor". Tyrkia er det beste dømet i vår region, dei har hatt mange slike korrektive kupp sidan 1960, men også i andre verdsdelar finn vi rikelig med eksempel. I arabarverda er dei derimot sjeldne, Sudan i 1985 er det einaste eg kjem på, det vanlige her har vore at militære tar makta for å halde på ho.

Det er altså mulig å kalle eit slikt korrektivt kupp for "demokratisk kupp", sjøl om kuppet i seg sjøl ikkje er noen demokratisk handling, men kan legge grunnlaget for seinare demokrati. Eit kupp som inngår i ein revolusjon (som i seg sjøl også er eit nøytralt deskriptivt begrep, det finnes gode og dårlige revolusjonar alt etter om ein er einig i mål og metode eller ei), vil da være eit "revolusjonært kupp".

Egypt: Godt eller dårlig?
Kva kategori fell så kuppet i Egypt under, var det "godt", demokratisk eller revolusjonært? For å ta det siste først, meinte eg ikkje dette normativt, "bra", men for å understreke at det var eit kupp som følge av ei folkelig reising, noe dei uventa store demonstrasjonane unektelig var. Ikkje "Folkets revolusjon", Folket med stor F er berre ei retorisk vending, og demonstrasjonane for Mursi var og er også så store at dei må kallas "folkelig motstand", Folket i Egypt er altså delt. Men altså, vi legg til grunn at det var størrelsen på denne reisinga som spora det militære til å gripe inn. Eg var og er nok litt i stuss om eg valde rett ord, om det var å devaluere ordet "revolusjon" litt å bruke det på denne serien med demonstrasjonar over tre dagar, men det var det beste eg kom på, og er teknisk korrekt: ein folkelig oppreist som fører til eit regimes fall = revolusjon.

Om det er "korrektivt" veit vi ikkje ennå, og dette blir da det viktige å sjå framover til. Dei militære har satt inn ein upolitisk sivil dommar, Adli Mansour, som president, med fullmakt til m.a. å gi lover, men vi veit ikkje ennå om han maktar å ta politisk kontroll over dette overgangsstyret, eller om han blir ein stråmann for militærrådet. Det blir rapportert at det er Høgste Grunnlovsdomstolen (der Mansour var medlem og kortvarig leiar) som skal, tydeligvis på eiga hand, i første omgang revidere grunnlova og lage vallover. Da blir det iallfall gjort, sidan det var deira stedige motstand som hindra Mursi å få til fungerande vallover og dermed dei planlagte parlamentsvala. Den makta blir slik, i det minste midlertidig, samla på ei hand, ikkje ei vald hand men ei dommarhand. Blir det iallfall sagt. Men vil dei militære halde fingrane av fatet? Noen av dei mest kontroversielle delane av grunnlova gjaldt jo nettopp unntaksreglar for dei militære. Grunnlovsdomstolen vil vel neppe utfordre dei, så lenge dei sit på det militæres nåde, og det gjer dei vel i grunnen? Enn så lenge er det altså eit militær-basert styre vi har, og så får vi vente på den lova overgangen til reelt sivilt styre.

Om det er "godt" avheng slik av dette, det som skal komme, men også av den første delen av definisjonen, det som vart satt til sides. Politisk er det nå stor enigheit om at Mursi og Brorskapet gjorde mange og grove feil, og at Egypt var havna i eit politisk uføre. Vi har vore inne på det tidligare: handteringa av grunnlova med folkerøysting før folk knapt fekk sett teksta var nærast farseaktig, aukande sekterisk vald mot shiaer og mot kristne, seksuell trakassering og i det heile nær sammenbrudd av den offentlige orden, primært fordi politiet ikkje fungerte som tryggheit. Kairo var alltid ein trygg by, nå ikkje lenger. Ikkje alt kan leggas på Brorskapets skuldre (politiets historie som Mubaraks tjenarar gjorde at dei mista nødvendig autoritet), men den aukande bruken av religiøs retorikk (islam det er oss) og stadig sterkare allianse med salafistane var deira val og var ein viktig grunn til det politiske fastlåste situasjonen, uansett om ein også legg noe av den skulda på opposisjonens tilsvarande umodenheit. 

Så Mursis styre var ikkje vellykka. Men kuppet stettar ikkje kravet om det ikkje skal finnas noen demokratisk måte å skifte det ut. Ingen har så langt antyda noe anna enn at Brorskapet ville arrangere normalt presidentval når perioden var over om tre år (og dei fekk heller ikkje sjansen til å prøve), men alt nå til hausten skulle det vore parlamentsval, når berre vallova var på plass. Igjen, ingen har antyda anna enn at dette ville ha vore eit fritt og demokratisk val, og om opposisjonen hadde Folket på si side, hadde dei jo vunne det - og det hadde dei nok også gjort. Det hadde gitt dei muligheit til å skape ei demokratisk motvekt mot presidenten. Noen demonstrantar seier at "demokratiet betyr jo ikkje at denne mannen skal få misbruke makta si i heile perioden" - jo, det er faktisk akkurat dét det betyr. Den som har tapt eit val må bite i seg at den andre parten gjennomfører den "feilaktige" politikken som dei er valde på. Brutte valløfter er heller jo ikkje uvanlig, heller ikkje her til lands, og gir grunn for å skifte - ved neste val.
         Berre dersom det er heilt kritisk sammenbrudd av typen kupp, krig eller anarki (eller forsøk på å avskaffe det demokratiske systemet) kan ein demokratisk forsvare at systemet blir satt til sides. Det var i parentes bemerka knapt noen gong tilfellet i Tyrkia (da det faktisk var tilnærma sammenbrudd, i 2002, så var det ordinære val som fekk dei ut av det). Og med alle sine feil kan ein ikkje seie at Egypt stod i eit slikt umiddelbart kaos, sjøl om det er det bildet opposisjonen prøver, med sterke retoriske grep, å dra opp. Dette er delvis ei empirisk vurdering av stoda, dels ei normativ vurdering av "demokratiets pris", men det summerer seg altså til at dette ikkje var noe "godt kupp", eller tilstrekkelig til å sette det egyptiske demokratiets første famlande steg til sides. Om militæret eller andre "nøytrale" krefter hadde gjort noe for å påvirke dei ulike partane, presidenten og opposisjonen (og domstolane?), til å samarbeide, og nå under demonstrasjonane å halde partane frå kvarandre, ville vere noe anna, men det var ikkje det som skjedde.

Vegen framover
Men nå er vi nå der. Muligheiter vidare? Kva gjeld det umiddelbare, får vi altså sjå kor langt Brorskapets motstand dei kommande dagane vil gå. I forkant kan vi legge merke til både at Brorskapet har før mobilisert store massar, men at dei også her har dratt på støtte frå salafistar i gatene. Det er ennå ikkje klart kva som kjem til å bli den "jevne salafists" haldning til kuppet. To av dei største partia, Nur og Gama'at, oppmoda Mursi om å trekke seg og halde nyval og har stilt seg i det minste nøytralt til kuppet, mens andre mindre salafistparti støtta opp om han til det siste. Det er mulig å tru at også mange salafistar misliker Brorskapets maktarroganse, som jo i hovudsak var til fordel for deira eige parti åleine, men at den kommande revisjonen av grunnlova (og fjerning av paragrafane som viser til shari'a, slik dei liberale krev og domstolen trulig vil etterkomme), vil skape ein samla islamistisk front mellom Brorskapet og alle salafistar; dei siste reknar Grunnlova eigentlig som deira eigen seier vel så mye som Brorskapets: Egypt islamsk! Slik kan salafistane komme til å ha ei vinglande og uklar line framover, men kanskje mest trulig fri seg frå og skape avstand til Mursi og Brorskapet og prøve å bli ein sjølstendig, islamsk, front mot det nye "sekulære" styret. Det vil ha store muligheiter for å få stor oppslutning både i gatene og ved valurnene.

Dei liberale elskar nå det militære, men berre så lenge dei militære står på samme line som dei sjøl. Forsøk på å t.d. stanse rettsforfølginga av Mubarak eller få (for mange) av hans gamle folk tilbake i posisjon kan forsure det forholdet. Men først og fremst vil dei sivile liberale nå ha muligheita til å styre sjøl, og vil motsette seg forsøk frå dei militære på å bli ein "sjuande far i huset". Dei treng støtte av dei idag, alliansen vil halde i noen månader, men trekker det for langt ut med val der dei sivile partia får full styring med politikken, så kan mistanken om "feloul" hos dei militære føre til usemje. Men det er jo også så mange politiske variantar på den banen, at det kan godt vere at ulike parti vil følge ulike spor her. Dei som følger med vil sikkert få mye interessant å vurdere her, i året som kjem.

Dei militære, kva ønskar dei? Det har komme, og vil sikkert komme meir, påstandar om at dette ikkje var eit brått påfunn, men at dei militære hadde planlagt lenge å skyve Mursi til sides, at dei t.d. hadde provosert fram den akutte økonomiske krisa. Mye fell nok under headingen konspirasjonsteori, som jo også florerer. Meir seriøst kan det vere at han irriterte dei miltære da han ved fleire høve rasla med deira sablar utan å spørre dei, både ved å true med konflikt med Etiopia over Nil-vatnet, og nå sist i forhold til Syria, der mange oppfatta han som å oppmode egyptarar om å reise til Syria og slåss, dei militære såg ganske ublidt på å få nye jihad-trente tilbake. Det kan i det minste ha påverka måten dei reagerte på, ved så langt å stenge Brorskapet heilt ute.

Så det er altså også kva dei vil gjere med Brorskapet. For det nye styret er jo det beste at Brorskapet sjøl boikottar (slik dei seier dei skal gjere), og helst da på ein fredelig måte. Å prøve forby eller oppløyse Brorskapet er trulig umulig, trass alt er jo Brorskapet bygd opp som ein formelt ulovlig organisasjon, og har eit massivt omfang. Men dagens forlydenar om at leiinga i Brorskapet skal rettsforfølgas på vage skuldingar om å ha "fornærma rettsapparatet" eller oppmoda til vald - nokolunde parallelt med rettssaka mot Mubarak - tyder ikkje på det beste. I eit demokratisk system må denne viktige politiske retninga få presentere seg, og så heller tape i val. Og egentlig tener opposisjonen bedre på at Brorskapet stiller til val som mislykka politikarar enn som martyrar for islam.

Brorskapet må sjøl bestemme kvar dei vil gå, men om vi også skulle gi råd til dei, så var det å gjennomføre eit generasjonsskifte. Dei mista mange ungdommar i 2011 på grunn av "dinosauranes" maktfullkommenheit (desse unge stifta fleire mindre i hovudsak liberale islamistparti), og Brorskapet vil sikkert tene på at nye krefter innan rørsla kjem fram. Igjen må vi advare mot enkle forventningar: ikkje alle unge er liberale, ein ny generasjon kan også ha meir konservative, salafist-orienterte innslag. Men hovudinntrykket ser likevel ut til at dei unge har vore bedre til politisk konsensus og samarbeid enn dei gamle - som på si side har hierarkiet og nå altså martyrstempelet på si side. Dette vil iallfall på noe sikt vise korleis Brorskapet vil komme tilbake frå dette nederlaget, der dei vel må i det minste internt vedgå at deira strategi dei siste to åra har vore feil.

Det har ennå berre gått eit par dagar, så mye kan endre seg framover. Men dei politiske hovudkreftene i Egypt er jo der som dei har vore, og kjem demokratiet tilbake på sporet, vil desse kreftene igjen vere der, i ei eller anna form og størrelsesforhold.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Spennende. Tror du resultatet i Egypt vil få stor påvirkning på den arabiske verden?

Knut S. sa...

Det får det nok, særlig i Tunisia og Gaza, men vi får sjå kva slag og kor sterkt. Trulig tema for nytt innlegg om noen dagar.