fredag 7. oktober 2011

Jemen / Nobel: Tawakkul Karman

Fredsprisen er altså tildelt Tawakkul Karman frå Jemen, sammen med dei to frå Liberia. Kven er Tawakkul Karman?

Mellom dei mange ulike kreftene som står bak opposisjonen og opprøret i Jemen, har Karman vore kjent i fleire år, som journalist og menneskerettsaktivist. Opphavet til hennar engasjement skal ha vore da noen landsbybeboarar vart kasta ut av jordherren sin i Ibb, eit område midt i landet. Ho blir nå av Nobel-komiteen trukke fram som ein kvinnerettsaktivist, noe som jo er riktig, men hennar arbeid har tydelig vore breiare, ho kallar seg også som ein "forkjempar for Jemens ungdom", og er del av ein allmenn sosial reising for dei underpriviligerte. I dag står kravet om at president Salih skal gå fremst på dagsordenen.

Interessant er kanskje også at ho er medlem av det islamistiske partiet Islah. Dette er eit sammensett parti, viktige delar av det ligg nær opp til det moderate egyptiske Muslimske brorskapet, mens andre delar ligg nærare ein konservativ salafistisk profil, og atter andre (og kanskje leiarskapen) først og fremst representerer eit stammestyre. Karman hører openbart til dei meir, kanskje dei mest, liberale straumdraga i partiet. Ho har m.a. kritisert det for kvinnesynet deira, mest konkret da Islah blokkerte eit lovforslag om å heve minstealder for giftemål til 17 (formelt er minstealderen i Jemen 15, men dette blir ofte omgått i det stille av fattige foreldre, slik at barneekteskap ikkje er uvanlig).

Ho blir derfor angripe av dei mest konservative islamistane, samtidig som ho altså held fram som medlem i dette islamske partiet. Det er jo eit interessant fenomen at ein kvinnelig, vi kan kanskje si feministisk, islamist får Nobels fredspris for sin kvinnekamp. At ho starta sin aktivisme iført niqab (som ho snart tok av, til fordel for ein meir vanlig hijab), er med og understrkar dette.

Prisen til Karman er utan tvil god og riktig, og understrekar viktigheita av denne typen kvinnekamp frå grunnplanet, og er også med å sprer breidda. Vi hadde eit møte i Studentersamfunnet i Bergen i går kveld, der Sara Rasmussen korrekt poengterte at den arabiske våren ikkje hadde satt kjønnsrelasjonar noe spesielt på dagsordenen. Denne prisen er nok med å rette opp det bildet, og kan fokusere på eit viktig aspekt. Men samtidig understeker det at dette er del av ein total sosial og politisk kamp, integrert i kamp for ungdom, for fattige, og for politiske rettar. Og det viser altså at det ikkje treng vere motsetning mellom å arbeide mellom islamistar og å kjempe for kvinnerettar i eit muslimsk land. Sjøl om kvinnekampen da til dels må føras innanfor eige parti og innan eigne rekker.

1 kommentar:

Eirik Hovden sa...

Et flott blogginnlegg!
Eirik Hovden