lørdag 5. juni 2021

Ulykkelige Jemen

Før påske fekk eg spørsmål frå Klassekampen om å melde Cecilie Hellestveits nye bok om Jemen til deira Bokmaagsinet. Det passa meg bra, for eg hadde ein mistanke om at det var noe med Jemen, om zaydiske stammar og om Houthi-opprøret som eg ikkje hadde forstått, og sidan eg både hadde studentar som arbeidde med Jemen, og er medsittar i eit nytt forskingsprosjekt ved UiB (CanCode) som tungt er inne på Jemen, var det ein sjanse til å lese seg litt opp. Eg fann da ganske riktig ut at eg ikkje hadde forstått vesentlige ting, så det ville eg  bruke bokmeldinga til å klare opp i - ut frå prinsippet om at ei bokmelding berre er ei unnskylding for å skrive noe meldaren synes er interessant og som er vagt knytta til den meldte boka. Diverre kasta skjebnen ulike kjelkar i vegen, både i form av postverkets seindrektigheit, og eit armbrudd som sette høgrehanda ut av funksjon i noen veker, men avisa var villig til å vente, så sidan eg ikkje hadde mye bedre å gjere, så sette eg likevel i gang (teknisk sidenote: Teksten  nedanfor er altså skrive heilt utan hjelp av høgre hand, ved Mac’ens “tale til tekst”-funksjon, som har det irriterande at den berre skriv riksmål, og ikkje oppfattar skarre-r: alle “er” blir til “jeg” - redigert til nynorsk med venstre finger. Men det er altså mulig, med maksimalt tolmod). Langt om lenge kunne eg derfor annonsere kva eg hadde skrive, og redaksjonen svarte, “men klarer du virkelig det innenfor 3000 tegn?” Tegn? Eg hadde naturligvis skrive 3000 ord. OK. Det var berre å kutte ned, men heldigvis har eg denne bloggen der eg kan legge inn den opprinnelige teksten. Den forkorta og omredigerte meldinga kom på trykk i Bokmagasinet, 5. juni, men det Jemen-spesifikke var da kutta ned til minimum. 


Det er for å berge noe av det eg strevde med at eg legger dette ut på Shubbak. Det er ikkje for å forsterke kritikken av Hellestveit, tvert om har ho gjort ein formidabel innsats med både den empiriske basisen, og ikkje minst å få det ut til eit publikum som elles aldri ville ha møtt temaet. Kritikken som eg kjem med, er i hovudsak fordi eg meiner at ei melding alltid skal vere så kritisk som mulig, men eg heier absolutt på Hellestveit, mabruk. Det som er poenget her er den første delen, der eg prøver å gjengi mi forståing av kva Houthi-opprøret er - i så korte ordelag som mulig, eg hadde jo, trudde eg, berre rundt 1500 ord å gå på - basert mye på Marieke Brandts sentrale arbeid om Houthiane, Tribes and Politics in Yemen: A History of the Houthi Conflict (2017), og det eg elles har lest meg opp. Kanskje det fortsatt er misforstått, det håpar eg mine spesialiserande kollegaer påpeiker, men forhåpentligvis meir korrekt enn det eg før trudde var rett.

Knut, nå igjen tohendt, 5. juni 2021.


--------------------

Jemen er innvikla. Der andre land kan ha ein borgarkrig eller to, har Jemen sju eller åtte vikla inn i kvarande. Og sjøl om dei kan kallas gløymte krigar, så er det som blir skrive om dei i norske medier stort sett misforstått. Cecilie Hellestveit gjer eit forsøk på å nøste opp i trådane i si bok Ulykkelige Arabia.1 

Denne meldaren hadde gleda av å lese korleis boka var meldt i ulike andre aviser før eg fekk ho, og kom i undring over kva temaet eigentlig var. Ei melding presenterer ho som ei bok om Saudi-Arabia sin ekspansive politikk, ei om jihadisme, ei om USA i Midtausten, og ei om stammesamfunnet i Jemen. Og Hellestveits tema er alle desse. Det gir boka av og til eit heseblesande inntrykk, det er så mye som skal med. Men ho organiserer innhaldet i ein serie sirklar; Jemens samfunn og historie først, så det regionale og så stormaktspolitikken.


Jemen og stammane

Ho startar med samfunnet i Jemen og det er så komplekst at ein bør kanskje bruke samme metode der, og sett landet som ein løk med mange lag, som vi skreller ned for å prøve å finne kjerna i den største av konfliktane, det som vi nå kan kalle Jemen-krigen etter 2014: 

Jemen var delt i to republikkar som vart foreint først i 1990, Nord-Jemen og Sør-Jemen. Det politiske tyngdepunktet låg heile tida i Nord-Jemen , så derfor ser vi her bort frå Sør-Jemen og fokuserer på nord. Men også nord er delt mellom kystområda mot Rødehavet, og dei grøderike høglanda innanfor. Høglanda var alltid dei som dominerte, så vi setter også kystområdet  til sides i første omgang.Høglanda var heilt dominert av stammar (Hellestveit seier “klanar” men stamme, qabila, er eit stolt begrep i Midtausten). Det er hundrevis av stammar i Jemen men dei er samla i noen større konføderasjonar der dei største er Hashid, mest i vest og Bakil i nord-aust (i hovudsak, men la oss forenkle det slik).

Provinsar i Jemen. Høglanda er i hovudsak
dei lys-oransje i "Azal"

Og så begynner det å bli komplisert. I tillegg til stammane, finnes det eit sosialt lag av religiøse familiar. Dei blir rekna som etterkommarar av profeten Muhammed, og bli kalla sada. Dei er ikkje ein stamme, men kvar sada-familie blir beskytta av ein stamme. Dei er ein overklasse, og har fungert som religiøse leiarar. Fram til 1962 var nord-Jemen først eit imamat, så eit kongedømme, og det var slike sada som var imamar eller kongar. Etter revolusjonen eller statskuppet i 1962 vart nord-Jemen ein republikk. Det var fortsatt stammane som dominerte i republikken, og høglandsstammane hadde som før den tyngste handa på rattet. Men sada-gruppa vart skove til side i republikken. Av dei to store føderasjonene, var det helst Bakil som sto nærast sada, mens Hashid-gruppene fekk større innverknad i republikken (dette er naturligvis også ei forenkling, alt vi seier om Jemen må vere det). Men også nye grupper fekk innverknad, spesielt militæret. Den leiaren som kom til å dominere Jemen frå 1978 var oberst Ali Abdullah Salih. Han kom frå Hashid-stammen, men frå ei mindre grein av stammen. Han klarte likevel å halde seg ved makta i tiår etter tiår ved å balansere ulike maktgrupper mot kvarandre.

Salih tillot også oppretting av parti og heldt val. Noen av dei gruppene som hadde blitt skove til side i 1962 etablerte eigne parti, både noen frå Bakil og ikkje minst eit parti grunnlagt av ein sada-familie ved namn Houthi. Dei deltok i parlamentet på 1990-tallet, men utan at dei fekk noen reell innverknad på Salihs politikk. I frustrasjon over dette kom det til opptøyer i den nordlige Sa’da-provinsen (det er ingen sammenheng mellom overklassen sada og provinsen Sa’da, på arabisk er det to heilt forskjellige ord [ سادة \ صعدة]), der Bakil-orienterte grupper gjorde motstand mot ein ny grenseavtale med nabolandet Saudi-Arabia. Desse stammane hadde dratt nytte av ein grensebuarstatus, etter at Saudi-Arabia hadde annektert noen provinsar frå Jemen på 1930-talet, og benytta denne statusen til velvillig og omfattande smugling. Nå hadde Salih gått med på å stenge grensa for desse stammane, noe dei sette liten pris på. Dette vart kalla Sa’da-krigane, 2004-2008, og gjekk på begge sider av grensa.


Zaydisme og sjiisme

Leiarskapet i opprøret fall på denne Houthi-familien, som og har gitt namnet til opprøret i dag. Og det blir framstilt både som ein regional og ein religiøs konflikt. Og da må vi ta neste punkt som får hodet til å spinne rundt: religion i Jemen. For opprøret bli presentert som ein konflikt mellom sunni og sjia. Det er det ikkje, eller kanskje det er det, alt etter som. Høglands-stammane i nord Jemen hører til ei retning som blir kalla  zaydi. Dette er ei sjia-retning, men helt ulik den i Iran eller Irak. Hellestveit prøver på ein spansk ved å skille mellom den religiøse identiteten zaydi og stammeidentiteten zaydi som ulike ting, men det er ikkje helt rett. Det er bedre å si at zaydi-identiteten er klar, men i kva grad dette er ein sjia-identitet er meir variabelt. 

Sjiisme i Iran har ein klar teologi, knytta til ei rekke imamar, etterkommarar av profeten Muhammad med overnaturlig autoritet, men som forsvann frå denne verda i 873 e.Kr.  Zaydiane er einige i at imamen skal stamme frå Muhammad, men ikkje i særlig mye anna. For dei kan ein kva som helst fra sada-klassen bli imam og konge, dersom han er kapabel og lærd. Det er ingenting overnaturlig med dette. Elles liknar deira teologi mye på sunnismen, og det har alltid vore sterke tendensar til å rekne zaydismen som ei retning innanfor sunnismen. I republikken styrka disse tendensane seg, ikkje minst for å lettare integrere stammane i kystlandskapet i vest, som er sunniar. Dette møtte motstand i nordaust og Houthiane arbeidde for å styrke tradisjonell zaydi-identitet. Dette var delvis fordi det var færre sunniar der, men også fordi naboane, Saudi-Arabia, hadde vore aktive for å prøve å konvertere stammar til deira egen særeigne puritanske sunniske ideologi, wahhabismen. Med eit visst hell, ein del stammar hadde slutta seg til den saudiske teologien og meir eller mindre brote med sin zaydiske identitet. Derfor såg Houthiane og andre i området behov for å understreke tradisjonell zaydisme.

Den eldre i familien, Badr al-Din, hadde vore i eksil i Iran ein periode, og fått kontaktar der. Men det var sonen Husayn som tok leiarskapen og, visstnok rysta av reportasjar frå intifadaen i Palestina, formulerte den kjente parolen om død over Israel og USA, sjøl om hans kamp retta seg mot regjeringa og Saudi, verken USA eller Israel. Parolen var likevel uakseptabel for Salih, og styrka konflikten mellom dei. Husayn vart drept i 2004, og kampane vart seinare leia dels av andre i familien.

Slik var situasjonen fram mot den arabiske våren i 2011. Salih klarte å halde sin koalisjon sammen. Men så gjorde han som mange andre arabiske leiarar som ville opprette eit dynasti etter seg: han peikte på sonen Ahmad som etterfølgar. Dette hadde korkje stammane eller andre allierte noen interesser i, og da demokrati-bølga rulla over den arabiske verda samla ein stor koalisjon seg mot regimet. Både Houthiane i nord, Salihs tidligare allierte stammar i høglandet og opposisjonen i sør-Jemen som ønska sjølstendigheit. Salih måtte gå, og seierherrane oppretta ein nasjonal dialog. Salihs visepresident Mansur Hadi tok over. Etter maktfordelinga kom visepresidenten alltid frå sør, men Hadi hadde ingen eigentlig eigen maktbasis. 

I Sa’da meinte dei at deira provins vart forfordelt og ville forsvinne i den nye regioninndelinga. Dei gjekk derfor tilbake i opprør i 2014, men denne gongen erobra dei raskt heile nord-Jemen og mye av sør. Det viste seg nemlig at Salih hadde slutta seg til sine tidligare fiendar med mye av regjeringshæren. At dei har klart å halde det meste av området til nå, viser at det er nok feil fortsatt å sjå på dette som eit reint Houthi-opprør. Det var alltid eit breiare opprør frå Sa’da-provinsen, og har nok nå støtte frå mange av stammane i høglanda, uavhengig av religion eller tidligare alliansar. Det viste seg også i 2017, da Salih dramatisk igjen skifta side, men vart med ein gong drept av sine til da allierte. Restane av hans hær trakk seg da ut og slutta seg til den andre sida, utan at det svekka Houthiane merkbart, dei må derfor mest trulig å ha fått tilskott av andre stammekrigarar frå høglanda, utanfor sin opprinnelige base.

Den indre konflikten i Jemen er altså ikkje ein konflikt mellom sunni og sjia. Dei aller fleste i dette spillet er sjiaer (zaydiar). Det er heller ein regional maktkamp, Sa’da-provinsen mot resten av nord-Jemen, og høglandsstammane mot resten av Jemen. Men det er eit religiøst islett ved at Houthiane faktisk arbeider for styrking av zaydisme. Dei er likevel meir tradisjonalistar enn islamistar (og slett ikkje for iransk sjiisme), som vi ser i kontrasten til det store islamistpartiet Islah, som har skifta mellom å vere i regjering og opposisjon, og nå står på Hadis og Saudi-Arabias side. Islah er eit sammensurium av retningar, noen sunniar frå Det muslimske brorskapet som er for ei tilnærming mellom zaydisme og sunnisme, meir konservative sunniske salafistar som er sterkt mot zaydisme og sjiisme, og meir liberale muslimar som fredsprisvinnar Tawakkul Karman (saudi-kritisk og nå ekskludert, skriv Hellestveit). Men leiar for partiet måtte vere ein stammeleiar, nemlig den høgste leiaren for Hashid-stammen, og han var ein zaydi. Det som kanskje står på spel her, mellom Islah, salafistar og Houthiar - og med stammane som arena - er zaydismens posisjon mellom sunna-islam (kva nå det er, salafi eller ikkje), “felles-islam overordna alle sekter”, og sjiismen som markant annleisheit til sunnismen. 

Det som samlar opprørane, er naturligvis motstandaren. Saudi-Arabia og  Dei foreinte arabiske emirata gjekk raskt og tungt inn til støtte for president Hadi, som nå blir sett mest som ein marionett for Saudi. Dette er første gong at Saudi-Arabia har gått så tungt inn i ein regional konflikt, dei har foretrukke å støtte med pengar i kulissene. Men ikkje nå, nå er det soldatar, jagarfly og bombar, som dessverre for Saudi har vist seg ute av stand til å nå deira militære mål, men desto meir øydelegging for jemenittane.


Kronprinsane i Golfen

Kvifor denne forandringa? Dette er Hellestveits andre store tema i boka: korleis kronprins Muhammad ibn Salman (på engelsk ofte forkorta MBS) kom til makta i Saudi-Arabia. Og dersom utviklinga i Jemen hadde strukturelle årsakar så er vi her absolutt over på ein reint personlig maktkamp. Kronprinsen hadde som mål å endre det politiske systemet i Saudi-Arabia, frå å vere et fellesstyre for den store kongefamilien, til å bli eit personlig styre der han sjøl hadde all makt, sammen med sin aldrande far, kong Salman. Derfor måtte han skyve ut sin fetter, Ibn Nayef, som først var blitt utpeikt til kronprins. Og skal vi tru Hellestveit, så var dette viktigaste grunn til at MBS starta krigen i Jemen, for dermed fekk han styring med militære krefter som elles låg under fetteren. Dette var del av ein større operasjon med å arrestere og hundse andre leiande medlemmer av kongefamilien for “korrupsjon”, for slik å vise at det var berre ein leiar nå i Saudi-Arabia, MBS. Dette var vellykka, innanriks, men det meste han har funnet på utanriks har hatt mindre suksess.

Ibn Salman til venstre, Ibn Zayed
til høgre


Her er det ein annan kronprins, som også er kjent på engelsk med tre bokstavar, som har gjort det bedre. Det er Emiratas Muhammed ibn Zayed, MBZ. Emirata er jo veslebror til store Saudi-Arabia, men MBZ er eldre og meir erfaren enn sin saudiske kollega. I Jemen viste dei saudiske styrkane seg som relativt inkompetente, mens emirata sine hadde større framgang. Dermed kunne MBZ ta ei større rolle i alliansen med Saudi, noe som merkas ved at dei har ulik politikk når det gjeld sør-Jemen, Emirata støtter sjølstendigheit for sør mens Saudi støtter einheit mellom nord og sør. Dette fører til Hellestveits hjertesukk, Jemen er “landet dit alle synes å dra for å slåss mot sine allierte” (s. 163).


Globale motsetningar

I tredje hovuddel hevar Hellestveit dette opp på eit globalt plan, der alle spelar dobbeltspel og har motiv som dårlig tåler dagens lys. Det gjeld USA, det gjeld Frankrike, som slåss om våpensal, det gjelder Russland og du treng ikkje nemne Iran som Hellestveit også går fort forbi. Her skjer det mye. Karikaturstrid, Norges forhold til NATO, alt kan sjås i den store sammenhengen. Ein må lese nøye for å få med seg alt. Men det betyr jo også at det er enorme faktamengder som Hellestveit her fører til torgs. Og det er ingen tvil om konklusjonen, at det er Jemen som lir under dette, ikkje minst gjennom dei harde blokadane som dei sivile blir utsett for, av Saudi men også, i den grad dei har muligheit, av Houthiane. Hellestveit noterer at Jemen kanskje er landet der vi klarast har sett at svolt er blitt eit våpen i krig. Svolt og sjukdom, medisinar blir også blokkert for å oppnå ein strategisk fordel.

Det er altså ei bok full av kunnskap som Hellestveit har gitt oss. Kanskje litt for mye? Det er ikkje alltid heilt klart for meg kva sjanger boka er tenkt å vere i. Som ei oversikt over Jemen og politikken i Golfen for eit publikum som ikkje kjenner regionen, spenner den trulig for vidt, med både fokus på motsetningar mellom personar lesaren aldri har hørt om, i så mange land og samtidig på storpolitiske motsetningar i eit utal variablar, ofte berre med noen setningar før ho går over på neste. Forlaget har tydeleg heller ikkje innretta boka mot dei støvete seminara, og med referansar ville ho jo blitt ennå meir omfangsrik. Så dette er kanskje tre bøker i eit, ei om Jemen og det som førte opp til krigen, ei om Saudi-Arabias omvelting under kronprinsen, og ei tredje bok om USAs Midtaustenpoltikk under Trump. Kvar av desse ville blitt ei fullverdig og god bok.

Derfor blir det jo noen glipp her og der, som når ho blandar Lawrence of Arabia frå første verdskrig inn i britisk støtte til saudiane ti år seinare (og at ho konsekvent stavar ordet zaydi feil). Men den viktigaste kritikken kjem kanskje av sjangervalet. Og det er den sterke personfokuseringa når hendingar skal forklaras. Det er ingen tvil om at kronprinsen i Saudi-Arabia og  hans personligheit er viktig for omveltinga der. Men her blir nesten alt resultat av personlige valg og motsetningar. Ikkje minst blir Emiratas MBZ ein edderkopp som står bak det meste, tilmed statskuppet i Egypt i 2013 er eit resultat av MBZ sine renkestrekar. Det kan vere at ei fortolking som legg større vekt på vidare politiske krefter enn berre statsleiaranes interesser og motiv (slik at protestrørslene for og mot brorskapet i Egypt ikkje primært er reiskap betalt av Emirata) hadde vore bedre. Emirata og Saudi hadde interesser, men dei var ikkje derfor avgjerande.

Hellestveit er nok også klar over at mye av dette er gjetningar. Det viser ho når ho drøftar kven som stod bak drapet på president Salih i 2017. Ho drar her fram den eine etter den andre, ja nesten alle aktørane ho har omtalt i boka kan ha motiv, når ein berre tenker seg om. I staden for desse teoriane, som ho sjøl kallar “elleville”, nemner ho ikkje det kanskje mest openbare, at Salih hadde ein stor hærstyrke inne i Houthi-land, og desse måtte forhindre at den styrken plutselig vart ein fiende midt i hovudstaden. Occams kniv burde kanskje vore brukt litt oftare for å skjære bort det mest hypotetiske. 


 “Jihadistanes mann”

Ho tillegg også al-Qaida kanskje større vekt enn dei hadde. Qaida hadde etablert seg i noen små område, men heldt seg utanom dei store stridane i landet. Faktisk så kunne dei opprette eit “safe area” i byen Mukalla i aust, utanfor kampområda, og la flyktningar frå vest få tilflukt der. Men byen vart ikkje erobra av Qaida, som Hellestveit skriv, dei overtok den i samarbeid med dei lokale stammane i området, og når dette samarbeidet braut sammen måtte Qaida reise. Også Qaida fungerer i Jemen på stammanes premiss, men for stammane er kanskje ikkje ideologien så viktig som kva stamme du kjem frå. Da al-Awlaki leia Qaida-gruppa, beskytta Awlaki-stammen Qaida-gruppa i Jemen. At Hellestveit gir Qaida større betydning kan komme av at ho er påverka av amerikanske kjelder, for i amerikanske auge veks alltid Qaida til ein dominerande faktor uansett.

Ali Muhsin al-Ahmar

Dette ser vi når det gjeld ein person som kanskje både blir viktig for Jemens framtid og symboliserer det vanskelige i å finne motiv og kategorisering: general Ali Muhsin al-Ahmar, dagens visepresident. Ali Muhsin kjem frå samme stammegruppe som Salih, og var hans slektning og næraste allierte. Han styrte personlig ein stor del av regjeringshæren. Men der Salih var ganske sekulær, hadde Ali Muhsin ei religiøs interesse. Han var i kontakt med Brorskapet i Egypt, men gjekk i meir konservativ retning og bidrog til å utvikle salafistiske sentra i Sa’da-provinsen, gjerne i samarbeid med Saudi-Arabia, og vart slik Houthianes hovudfiende (han er da også av dei som har svekka sin medfødte zaydi-identitet til fordel for ein salafistisk og dermed sunnisk “felles-islam”). Han leia også kampar mot separatistar i sør-Jemen, og rekrutterte her noen heimvendte frå Afghanistan. Han skal også ha møtt Bin Laden. Dette gjorde han suspekt i amerikanske auge, og Hellestveit kjøper det fullstendig og kallar han konsekvent “jihadistanes mann”. Men samtidig er han altså plukka ut til å bli visepresident i styret til Hadi, for å gi styret ein sterkare basis i nord. Men Ali Muhsin kjem berre frå ein mindre fraksjon av Hashidane, og Ahmar-stammens (og dermed Hashidanes) øvste leiar sit visstnok i dag i hovudstaden San’a under Houthianes kontroll. Hashidane ser i det heile ut til å vere splitta nå. Ali Muhsin er nok først og fremst opportunist utan sterk stammebasis og om han støttar noen ideologisk er det nok heller Saudi-Arabia enn jihadistar. Og det er to ganske motsette ting (bortsett frå i noen amerikanske konspirasjonsteoriar). Han kan bli Jemens neste leiar dersom Saudi bestemmer seg for å støtte han, men Emirata har nok andre kandidatar. Med han blir det i alle fall ingen fred med Houthiane.

Noe har altså gått litt kjapt, spesielt når det gjeld måtar å forklare dette usannsynlig kompliserte bildet. Men det er kanskje også uunngåelig med eit så stort og vidtfemnande materiale. Måten Hellestveit har sett sammen dette har gitt oss ei spennande, faktisk lettlest og svært lesverdig framstilling av eit land som knapt er berørt på norsk før. Kanskje ikkje alle lesarane vil kunne svare på ein quiz om kven som er kven etter å ha lagt frå seg boka, men om dei får eit inntrykk av at dette er kynisk maktpolitikk, at ideologi og religion spiller langt mindre rolle enn media gir inntrykk av og at mange av aktørane er styrt av ei oppfatning av at vi kan tillate oss kva som helst, fordi det er vi som har oljen og da vil omverda berre ti stille, så har boka gitt eit korrekt inntrykk. Trass i dei kritiske merknadene som er komme fram her, så står det jo fortsatt igjen at det er ei enorm mengd med informasjon som blir presentert. Det kunne, som sagt, blitt minst tre eller fleire bøker bare med det som ligg i boka. Ho blir nok derfor uomgjengelig for alle som vil sette seg inn i korleis politikk blir drive i Saudi-Arabia og i Golfen. Og om Jemen blir ho ståande att som ei kjeldebok for også mange sider av landets historie og samfunn som vi ikkje har kunne ta opp i denne omtalen.

----

Ulykkelige Arabia. Verden etter Jemen, Oslo: Spartacus, 2021


fredag 1. januar 2021

2021: Status

Tida er kommen for dei uavlatelige oppsummeringane av året som er gått, mange fleire i år enn elles og alle om Den Store Tingen som vi ikkje skal snakke om i det heile i vår Midtausten-kavalkade (bortsett frå å nemne at den har berørt Iran særlig hardt). Litt avveksling må vel vere mulig.

Men vi har også i den seinare tida hatt oppsummeringar av tiårsminnet etter Den arabiske våren starta i Tunisia i desember 2010. Dei fleste har jo konkludert kor mislykka og fånyttes heile den serien med hendingar var, utan kanskje akkurat i Tunisia, nederlag overalt. Men da bør ein hugse på at den arabiske våren fekk namnet fordi den likna på bølgen av oppreister i Europa i 1848, "Demokrati-våren", for samme ideal og som også spreidde seg frå land til land. Men også dei fleste av desse leid jo nederlag. Hadde vi spurt ti år etter, i 1858, så hadde det heller vore nye autoritære regimer, "bonapartismen", som dei hadde sett som resultat av Demokrativåren. Det tok lenger tid før effekten vart merkande (for ikkje å snakke om den store franske revolusjonen av 1789, sett frå kaoset i 1799). I det perspektivet, så er lærdommen frå Den arabiske våren at det er mulig å felle autoritære militærstyrer med fredelige, langvarige demonstrasjonar. Slik bør vi sjå også regime-endringane i Algerie og Sudan i 2019 som eit resultat av den arabiske våren, og mønsteret kan bli brukt andre stader seinare. 

Stillstand

Sidan Den Store Tingen har tatt vår oppmerksomheit dette året, så har vi hørt mindre om andre konfliktar, slik som dei i Midtausten. Men det positive er at dette også er fordi det har vore mindre intensitet i dei fleste av dei hissigaste stridsområda i dette året. Ikkje fordi dei er løyst, men fordi det i dei fleste tilfella er status quo frå slik konflikten stod for eit år sidan (vi held krigen mellom Armenia og Azerbaijan utanom, fordi det teknisk sett er to europeiske land - jf. Melodi Grand Prix). 

I Syria står tyrkarar og kurdarar mot kvarandre i nord, med noen trefningar i blant, men i hovudsak held den russisk-dominerte delinga av grenseregionen stand. Vi venta på ein større offensiv frå regime-styrkane mot Idlib, der jihadistar held stand, men den er ikkje komme ennå. Russland held i taumane, og ser ut til å ha kontrollen og hindre større oppblussingar.

Noe liknande er i Jemen, der stillstand og kontinuitet jo betyr sult, sjukdom og elendigheit. Men noen politiske eller militære gjennombrot har ikkje komme der, forsøka på å få til forhandlingar mellom Houthi-styrkane som styrer nord-Jemen, og dei saudi- og emirati-støtta kreftene i sør, har ikkje ført fram. Dei to siste sponsorarne, Saudi-Arabia og Dei forente arabiske emirata, som støtter kvar sin fraksjon av sør-styrkane (hhv. dei som ønsker eit samla Jemen, og dei som ønsker eit sjølstendig Sør-Jemen), har heller ikkje komme i open konflikt, men rivaliseringa ligg under overflata, og gjer det ikkje lettare å finne ei overgripande diplomatisk løysing. 

Libya: Mot løysing eller deling?

Den konflikten der det har vore ei merkbar utvikling, og kanskje i positiv retning, er Libya. For eit år sida var stoda slik: "Opprørsgeneralen" Khalifa Heftar, militærsjef for regjeringa i aust, hadde mislykkas i forsøket på å erobre hovudstaden Tripoli, men stod utanfor byen i det som såg ut til å bli ein stillingskrig. I løpet av våren klarte Tripoli-styrkane å drive han tilbake, og ta over kontrollen igjen av det vestlige Libya (Tripolitania). Heftar satte seg fast i Syrte, omlag midt i landet (litt vest for aust/vest-grensa), og hans støttespillar Egypt erklærte Syrte som ein "raud strek", om Tripoli gjekk lenger ville Egypt invadere. Det gjorde dei ikkje, og den nye frontlina vart liggande ved Syrte. Det har deretter i hovudsak vore stillstand i kampane i Libya.

Frontliner 2020

Dette året viste tydelig at borgarkrigen i Libya nå er blitt ein internasjonal krig. Begge partar hadde lenge fått økonomisk og militær hjelp utanfrå, Heftar og Tobruk-styret spesielt frå Emirata, Saudi-Arabia og Russland forutan Egypt. På Tripolis side var det nå først og fremst Tyrkia som gjekk tungt inn, og det var dei som sørga for å bryte Heftars beleiring. Til dette brukte også Tripoli leigesoldatar (slik Heftar også hadde gjort), i hovudsak syriske soldatar som var henta frå tidligare opprørsgrupper (både den "Frie Syriske Hær" og meir islamistiske grupper) men som nå sloss for pengar. 

Russlands militære bidrag var begrensa, og altså ikkje tilstrekkelig til å skaffe Heftar seier. Fleire signal tyda på at Russland ikkje var like begeistra for sin uberegnelige allierte, og det viktigaste som har skjedd i haust er at Russland og Tyrkia har vore i samtalar og ser ut til å ville forhandle fram ei kompromiss-løysing på samme måte som dei gjorde i Syria. Russland held Egypt i sjakk, og Tyrkia gir opp forsøket på å drive Heftars styrkar ut av Syrte. FN og andre har også forsøk på løysingar, men det er nå Tyrkia og Russland som sit med nøklane. 

Samtidig har roa ved fronten opna for større spenning og motsetningar innanfor kvar av dei to gruppene. Khalifa Heftar, som altså er opprørar sett frå Tripolis side, men hærsjef sett frå Tobruk, står formelt under parlamentet der som er leia av veteranen Aguila Saleh. Men då det gjekk tregt i fronten, tok Heftar eit av sine brå omkast, erklærte at parlamentet og Saleh var avsatt, og at han hadde tatt makta i (sin del av) Libya. Det forsøket vart raskt stansa av Egypt og Emirata, som Heftar var avhengig av, men skapte ei viss misstemning i den leiren. Heftar er fortsatt sentral på den sida, men det er rimelig klart at både Russland og dei andre allierte med dei ser for seg ei framtid utan Heftar, og at Saleh er den personen dei vil satse på. 

Ny leiar-generasjon? Aguila Saleh, Fathi Bashagha,
Fayez el-Sarraj
Dette opnar for ei politisk avspenning mellom Tobruk og Tripoli, sidan det er personen Heftar og hans ambisjonar som heile tida har vore anstøtssteinen for alle løysingsforsøk mellom dei to, Tripoli vil ikkje akseptere Heftar på noen måte. Samtidig har indre konfliktar også ridd Tripoli-styret. Ein ting er at det har vore sosiale og økonomiske protestar både i Tripoli, og i Benghazi i aust. Begge stader protesterer folk mot dei økonomiske problema som krigen har ført til, og i realiteten er dette folkelige protestar for ei løysing, ikkje for at den eine eller andre parten skal vinne. I kjølvatnet av det har den evige rivaliseringa mellom dei to store byane i Tripolitania, hovudstaden Tripoli og handelsbyen Misrata, dukka opp. I Tripoli sit statsminister Fayez al-Sarraj, som FN i si tid innsatte som "kompromiss", og som bygger først og fremst på det at han er den faktiske statsministeren. Hans innanriksminister er Fathi Bashagha, som kjem frå Misrata og står fram som den byens leiar. Han har nå tydelig ambisjon om å bli Sarraj sin etterfølgar - Sarraj sa i oktober han ville gå av så snart ei løysing var klar, men har seinare ikkje gjort mye for å sette det i verk. Men Bashagha meiner tydelig at han står klar. Begge treng støtte frå Tyrkia for å realisere sine mål, og Tyrkia ser ut til å halde open døra for begge, utan å gi klare signal. Men, samtidig som utsendingar frå Tobruk nå besøker Tripoli for samtalar, utenkelig for berre eit år sidan, er det i dag ikkje umulig at Libyas framtid vil ligge mellom desse "nummer-to"-leiarane på kvar side, Aguila Saleh frå aust og Fathi Bashagha i vest.

Israel og Golfstatane

Det andre som har skjedd i regionen, er også malt i fredens farger, og er knytta til Den Andre Store Tingen i 2020, innanrikspolitikken i USA. Den har ført til at Israel har fått avtalar, eller erklæringar, om samarbeid med fleire arabiske land: Emirata og Bahrain i Golfen, Sudan og nå sist Marokko - i tillegg til Egypt og Jordan (og PLO) som underteikna fredsavtalar på 1970- og 1990-talet. Desse nyaste blir også kalla "fredsavtalar", men petimeter peiker på at ingen av desse landa har vore i krig med Israel noen gong, og følgelig ikkje treng eller kan lage fredsavtale (vel, teknisk sett deltok Marokko i oktoberkrigen i 1973). Men eit diplomatisk skifte er det jo, sjøl om alle desse (bortsett frå Sudan) jo har hatt reell politisk og økonomisk kontakt med Israel i fleire tiår, gjennom den nære alliansen dei alle har hatt med USA. Alle ventar at Saudi-Arabia vil følge, men det er eit større steg for "khadim al-Haramayn" (vaktar av dei to hellige byane), som er kongens favoritt-tittel, å gi opp Jerusalem. Meir trulige er Oman og Kuwait. Men det er påfallande at nettopp desse to held igjen (enn så lenge), sidan det er også dei to - begge nære allierte med USA - som ser seg som mulige mellommenn i konflikten mellom Saudi-Arabia og Iran. At dei derfor legg litt avstand til Emirata/Bahrain kan ha sammenheng med det - pro-Israel og sterkt anti-Iran heng sammen. 

Israel sjøl har for øvrig også fulgt ei line alle forutsåg: Etter tre val på rappen, kom motpolane Benjamin Netanyahu og Benny Ganz fram til ein avtale der Netanyahu skulle vere statsminister det først halvanna året, og så skulle Ganz ta over. Dermed var det ganske opplagt at Netanyahu ville sørge for at regjeringa fall og det måtte bli eit fjerde nyval før dette halvanna året var over, og det har da også programmessig skjedd, nyval til våren. Ganz er svekka fordi han lot seg manipulere (med opne auger?), og akkurat nå er det vanskelig å sjå kven som kan stå fram som alternativ til ein evigvarande Netanyahu. 

Irak

Mustafa al-Kadhimi, ny statsminister
i Irak
Også i Irak er det USAs politikk som har prega året, alt i januar da amerikanske bombar drap både Irans general Qasim Sulaymani, som hadde hatt stor innverknad i nabolanda, og Iraks eigen Abu Mahdi al-Muhandis, leiaren for den Iran-allierte shi'iske militsen i landet. Hovudmålet var nok Sulaymani, men Hashid al-Sha'bi-militsen, som Muhandis styrte, hadde også stor makt i landet. Dette illustrerte det kompliserte maktforholdet i Irak, der jo også hovudfiendane USA og Iran begge skal "samarbeide" med den ustabile regjeringa i landet, som gjer sitt beste for å balansere dei to maktene mot kvarandre. Slik er Hashid-militsen både ein støttespillar for regjeringa, men også ein brysom og sjølstendig opposisjon når det passar seg slik. Det er slett ikkje den einaste slike på-og-av-militsen i landet, meir kjent er kanskje Mahdi-militsen til Moqtada al-Sadr (formelt oppløyst, men meir eller mindre aktiv), også den shi'isk, men meir nasjonalistisk uavhengig og ofte motstandar av Iran. Det er ei rekke andre. 

Sammen med at også Irak har hatt store upolitiske, og tverr-religiøse sosiale protestar mot det svake styret, gjer dette det vanskelig å samle landet til gjenoppbygging. I mai fekk dei ei ny regjering, mindre bunden til dei etablerte politiske klikkane enn dei tidligare, men nettopp derfor er det spørsmål om kor mye den er i stand til å gjennomføre. Men også her ventar ein på maktskiftet i USA i januar, og kva konsekvensar det kan få for amerikansk politikk her, både i Irak sjøl (tilbaketrekking av soldatar, eller styrking av amerikansk nærvær?) og om det lykkas å redusere spenninga til Iran. 

Algerie og Sudan

Vi nemnde over Algerie og Sudan som positive langsiktige resultat av den arabiske våren. Revolusjonane i 2019 var ikkje fullførte ved siste årsskifte, og dei er det fortsatt ikkje. Også her har vel året 2020 først og fremst vore prega av status quo. 

I Algerie vart Abdelmajid Tebboune vald til president i desember 2019. Han er sivil, men tett knytta til det gamle regimet, og protestrørsla (kalla, som så mange andre arabiske folkerørsler, "Hirak", "rørsla") har møtt han med skepsis, det blir "meir av det samme". Men dei har ikkje komme opp med eit alternativ, og inntil vidare ser situasjonen ut til å vere avventande, med mindre nye hendingar kan få Hirak-rørsla til å mobilisere masseprotestar igjen.

Muhammad Hemedti, president Abdel Fattah
Burhan: kven styrar kven?

I Sudan er det også fortsatt eit interimstyre som fungerer (det var dei som underteikna avtalen med Israel, og betalte dei løysepengane Trump forlangte for å fjerne Sudan frå terror-lista si). President Abdel-Fattah Burhan og statsministeren, Abdallah Hamdok er begge militære og har fortsatt "slaktaren frå Darfur", Muhammad Hamdan "Hemedti", som medarbeider, nå medlem av Overgangsrådet, sammen med sivile leiarar frå den "profesjonelle rørsla" (FFC, "Styrken for fridom og endring") som leia an i protestane i 2019 og også deltar i regjeringa. I haust kom det til nye store protestar mot manglande økonomisk framgang, og det har også komme politiske protestar mot Israel-avtalen, som manglar stadfesting frå parlamentet, i og med at vala til dette først skal komme i 2022. Det er mulig avtalen aldri blir ratifisert. Iallfall så er politikken i Sudan langt på veg i ventemodus, til ein ser om vala kan bli haldne og kan sørge for overgang til fullt sivilt styre. Ein historisk epoke for sivil-styret i Sudan kom likevel til endes da Sadiq al-Mahdi, den "evige" statsministeren som kom tilbake og tilbake ved kvart sivilstyre heilt tilbake til 1966, døydde i november. 

Kva vil Biden bringe?

Det er altså ikkje berre Den Store Tingen, men også Den Andre Store Tingen som gjer at mye i Midtausten er satt på vent i år. Kva skjer etter den 20. januar, når Biden tar over? Han ønsker jo openbart å stenge parentesen Trump, men vil han - kan han, ønsker han - å reversere dei stadig meir ytterliggåande pro-israelske vedtaka som Trump gjorde? Det er vanskelig i USA å snu ein båt som har retning mot Tel Aviv. I det minste kan ein håpe at Biden gjenoppretter USAs støtte til FN og UNRWA, men om han kan "av-anerkjenne" Israels krav på Golan-høgdene og Jerusalem, er meir tvilsomt. Trumps "deal of the century" var jo uansett død ved avreise, så den vil vi neppe høre meir om. Men det er nok likevel mange i Gulf-regionen som ventar i beven på om Bidens utsegner om å være "hardare i klypa" mot menneskerettsbrot kjem til å bety noe. Men om vi reknar med at Biden først og fremst vil bety "tilbake til det velkjente", så treng dei kanskje ikkje vere overvettes bekymra korkje i Riyad eller Abu Dhabi.