mandag 25. august 2014

Libya: Mot todeling?

I skyggen av dramatikken lenger aust, har det også vore uro og ting som skjer i Libya dei siste vekene, og spesielt nå i og før helga har det komme til ei krise. Det har lenge vore snakk om at "Libya kan bli delt opp i to", eg har prøvd å si at det er litt meir innvikla enn som så, men det som har skjedd nå dei siste dagane gjer at vi kanskje bør sjå nærare på det spørsmålet.

Nasjonale konfliktliner, konflikt i vest og konflikt i aust
Til nå har eg, når eg skal prøve å forklare konfliktane, ganske forenkla sagt dei går langs tre ulike konfliktaksar:

Staten og militsane
For det første har vi forskjellen mellom sentralstaten og militsane. Krigen i 2011 etterlot seg eit tomrom, både politisk og kva gjeld statlige institusjonar, sidan begge var så knytta til Qadhafis person som var borte. Det nye statsapparatet måtte langt på veg skapas frå grunnen, og det var naturligvis heller ikkje parti eller politiske retningar, sjøl om noen ansatsar til parti fantes (mellom dei Det muslimske brorskapet, som hadde overvintra hos meiningsfellar i Egypt).
       Dette var fokusert i ein vald Generalkongress, som var dels sammensatt av "parti-grupper", men mest av enkeltpersonar utan partitilknytting. Forenkla delte ein dei opp i noen knytta til Brorskapet, og ein motpol som fekk merkelappen "liberal" - dei to var omlag like sterke, og kongressen degenrerte meir og meir til ein person- og klikk-krangel mellom dei to, der ingen fekk endelig overtak.

Denne begynnande sentralstaten hadde liten autoritet rundt om i landet, her var det militsane som rådde. Desse var, sa eg, ikkje eigentlig i opprør mot staten - det var feil å kalle dei opprørssoldatar, dei fleste av dei hadde gode kontaktar i ein eller fleire av klikkane i Tripoli, og mange av dei (også slike som kriga mot kvarandre) hadde fått formell status av å vere "del av den libyiske hæren" eller politiet, men tok altså ikkje imot ordre frå noen i staten, berre frå sine eigne leiarar. Dei oppfatta berre sentralstaten i Tripoli, med sin generalkongress og departement, som irrelevant. Kvar milits kjempa for sine eigne lokale interesser. Lenge var det berre mindre knuffing og noen trefningar, men frå i sommar utvikla kampane mellom dei største av dei seg til noe langt alvorligare. Men her skilte vest-Libya (Tripolitania) og aust-Libya (Cyrenaica) seg frå kvarandre. Det var ikkje samme konflikten i aust og vest, og heller ikkje samme type, slik ein del medier forenkla det til.

Vest: Kampen om Tripoli
Den mest folkerike delen av landet heiter "Tripolitania", for der ligg hovudstaden Tripoli. Den var  i krigen under Qadhafis kontroll, og derfor var det ingen stor motstandsmilits der (men fleire små). Tripoli vart derfor ein premie som dei to største regionale militsane i Tripolitania, dei frå den store kystbyen Misurata aust for hovudstaden, og dei frå den mindre byen Zintan oppe i Jabal Nafusa-fjella lenger sør kjempa om. Dei kontrollerte kvar sin del av Tripoli. I sommar kom dei i hard kamp om flyplassen sør for byen, som var halden av Zintan-gruppa.

Denne konflikten var i sin grunn ein rein regional kamp mellom to byar. Under krigen hadde ikkje noen av dei hatt noen spesiell ideologi, korkje religiøs eller på annan måte, anna enn at begge meinte dei hadde lidd mest for frigjeringa og fortente belønning for det, spesielt var Misurata klar på at, med Tripoli ute av spill, så var dei Libyas verkelige krumtapp (slik ambisjonar har også Misurata tidligare hatt). Men dei skaffa seg altså kvar sine allierte i det politiske livet, og Misurata oppnådde kontakt med noen knytta til Brorskapet, mens Zintan hadde allierte i den "liberale" fløyen.

Aust: Islam i sentrum
Annleis var det i aust. Her var det også ein maktkamp, men den var mye klarare prega av religiøs politikk. Cyrenaica hadde bedre bakgrunn for religiøs mobililsering, her hadde islamistiske geriljagrupper halde til i 1990-åra, og spesielt i byen Derna heilt i aust hadde konservative salafistar tidlig tatt kontroll og har det fortsatt, med eit klart religøst styre. Storbyen Benghazi er derimot langt meir sammensatt, slik Tripoli er det. Etter krigen dukka ennå meir radikale islamistgrupper oppe, mange ulike, men Ansar al-Sharia er den mest kjente, ikkje minst etter at dei vart knytta til drapet på den amerikanske ambassadøren i 2012 (fleire grupper var visstnok også involvert). Dei vart deretter kjeppjaga frå byen av befolkinga, som i stor grad var takksam til USA for hjelpa mot Qadhafi, og løyste seg opp, men kom seinare sterkt tilbake og vart til ein viktig milits i dette området.

Mot dei dukka det opp ein tidligare general, Khalifa Heftar, som ville "reinske ut islamismen" frå Libya, etter mønster av (og med sterk sympati hos) den nye egyptiske leiaren al-Sisi. Han samla derfor ein "hær" mot Ansar al-Sharia, men også mot Brorskapet, som han skulda for å stå i ledtog med Ansar (slik Sisi også påstår at det egyptiske Brorskapet "eigentlig" er jihadistisk). Heftars forhold til sentralregjeringa var ganske uklar. Fleire frå den gamle hæren slutta seg til han, også dei som var lojale til den nye regjeringa, og han hadde klart sympati hos noen. Men det var ingen offisiell backing eller band mellom hans hær og regjeringa, og det at han heilt klart også kjempa for Cyrenaicas særinteresser  og ville tvinge fram ei føderal løysing eller kanskje sjølstende for Aust-Libya, var sterkt i strid med gjeldande syn i Tripoli. Heftars hær var derfor også ein sjølstyrt milits som dei andre - men hos han, som hos Ansar, så var det altså rolla til islam og islamisme som var det sentrale. Nå påstod Zintan-militsen i vest at dei "støtta" Heftar og hadde kontakt med han, men reell samordning virka det ikkje som det var. Derfor var forklaringsmåten at striden i vest var om regional maktbalanse innan Tripolitania, den i aust var om religion og islamisme, med sjølstyre for Aust-Libya som bakteppe.

Blir kartet nyteikna?
Men så har det skjedd ting som tyder på at denne tredelinga ikkje held lenger som forklaring. Iallfall er det tegn som tyder på at troll kan gå i ord. Men det er fortsatt ganske kaotisk, så enn så lenge får vi kalle det ein stemningsrapport.

Frå eitt til to makteslause sentralstyrer
Det første er nyvalet til folkeforsamlinga i juni. Generalkongressen hadde  ikkje klart å skaffe på beina ei ny grunnlov, men det var likevel på tide med nye val. Men sidan namnet deira var blitt forbunde med maktesløyse og krangel, vart namet endra til "deputerforsamlinga", og partilistene vart avskaffa, nå var det berre "partilause" enkeltpersonar som skulle veljas. Resultatet vart, så langt ein kunne telle opp, at Brorskapets fløy vart noe svekka mot dei liberale, sjøl om dette vart aldri heilt avklart.

For forsamlinga har aldri møttes samla i plenum. På grunn av kampane ved flyplassen, vedtok dei ikkje å møtas i Tripoli, men i Cyrenaica. Men der var det også kampar i Benghazi. I staden skulle dei møtas i byen Tobruk heilt mot grensa til Egypt, ein by som er kontrollert av Heftars styrkar. Vel tre firedelar av forsamlinga reiste dit. Men ein del av medlemmene, særlig dei som sympatiserte med Brorskapet, nekta, sidan lova seier at forsamlinga skal møtas i Tripoli. Dei kalte derfor sammen restane av den gamle Generalkongressen, den som skulle ha blitt erstatta, og erklærte at dei fortsatt er den legale folkeforsamlinga i Libya. Slik er altså Libya nå blitt delt i to, med to parlament som begge gjer krav på å vere det lovlige statsstyret i Libya, eitt i vest og eitt i aust. Det i Tobruk har støtte av å vere sist vald, men det som måtte vere av statsadministrasjon er jo fortsatt i Tripoli. Det er også uklart i kva grad forsamlinga i Tobruk nå har stilt seg under Heftars beskyttelse, og utgjer ein "mot-stat" sammen med hans styrkar - og kva betydning det har for ambisjonen om lausriving av Cyrenaica, som omlag alle, også "liberale", i Tripolitania er sterkt i mot.

Den regionale kampen blir religiøs
Samtidig ser det ut til at milits-kampane i vest også har fått ein klarare religiøs karakter. Også her er det ganske forvirrande, og uklart kor mye som er propaganda: I dag er det klart ein fordel å kunne stemple motstandaren som "islamist" og "terrorist", spesielt om ein vil ha sympati hos Egypt. Der er dei spesielt opptatt av å stemple Brorskapet som jihadistisk og i ledtok med Qa'ida, IS, Ansar, ting vi veit ikkje stemmer i Egypt og vi ikkje kan sjå andre stader heller. Også i Libya har leiaren av Ansar gjentatt den vanlige remsa om at dei som prøver demokratiets veg og stiller opp til val, altså les Brorskapet, er fråfalne og fiendar.
        Men samtidig så har leiarar i Misurata-militsen sagt at Ansar al-Sharia er OK, gode soldatar og vi vil gjerne samarbeide med dei, og militsleiarar med påståtte band til Brorskapet har vore i Benghazi og kan ha hatt kontakt med Ansar, som nå ser ut til å vokse seg ganske mektig og kontrollerer ein stor del, kanskje det meste, av Benghazi. Brorskapet sjøl seier at dei ikkje støtter noen av militsane (berre Generalforsamlinga), men det er altså ennå ikkje klart korleis skillelinene går her: Om Brorskapet i Libya faktisk prøver å nærme seg jihadistane (noe som vil vere overraskande, i lys av retorikken derfrå), om Misurata-militsen flyter ideologisk og forlater ein vag sympati for Brorskapet til fordel for dei meir slagkraftige jihadistane, eller om dette berre er lause uttaler som ikkje har noen realitet "på bakken". Kanskje vi vil få bedre forståing for dette om noen dagar, ettersom utviklinga held fram.

Akkurat nå er altså stoda slik at Misurata-militsen har klart å kaste Zintan-gruppa ut av flyplassen og vann dette slaget. Dét kan endre seg militært, Zintan-gruppa har vel ikkje tenkt å gå noen stad.
       Men om det er slik at det blir ei eller annan slags samling i Tripoli på noe slags islamistisk basis mellom Generalkongressen og ein Misurata-milits som får militært overtak i byen, mens den liberale staten styrer frå aust, da er Libya snudd på hodet. For om det har vore noen grobotn for islamistisk styre i Libya (som kan diskuteras), så er det i Cyrenaica - der den "liberale staten" sit i ei lita lomme i Tobruk med sterke islamistar mellom seg og resten av landet - mens Tripoli og Tripolitania har vore bastionen for sekulært styre. Kva skjer vidare? Følg med.


søndag 17. august 2014

Irak: IS, sunniar og vestlig inngrep

Vestlige styrkar er igjen i aksjon i Irak, for i følge David Cameron å bekjempe ein avskyelig ideologi. Reint bortsett frå at ein ikkje kan bombe ein ideologi, berre dei som står for den, er nok likevel denne aksjonen langt mindre kontroversiell enn sist gong USA og England gjekk inn i Irak i 2003. Ulikt den gong er det ein akutt situasjon, forferdelige scener og fortellingar som kjem frå området, og om det er mulig for oss å hjelpe til med å stanse forfølginga og massakrane så vil dei fleste sjå det som både rett og nødvendig.

Spørsmålet er da berre om det er mulig, eller rettare, kva som er mulig å gjere med militære middel. Dei fleste politikarar som uttalar seg, og spesielt små land som Norge, understrekar i slike høve at "konflikten kan ikkje løysas med militære middel, berre med politiske" (evt. diplomatiske, men det er lite grunnlag for diplomati med IS). Men akkurat kva slags politiske middel som skal nyttas, eller konkrete initiativ for å bruke dei, er det gjerne vanskeligare å få auge på. Dette opnar for spørsmålet om kva som er grensa mellom muligheitene til "militære middel" og "politiske middel" i konfliktar som den vi nå ser.

Arven frå Sykes-Picot
Ei anna problemstilling som reiser seg mellom dei som snakkar om Midtausten nå, er at "grensene i Midtausten fell" og at "arven frå Sykes-Picot-avtalen i 1916" (som trakk opp desse grensene) er borte. Det gler jo ein historikarar at namnet på denne avtalen nå blir gjentatt så mange gonger, så hugsar kanskje studentane den bedre til neste eksamen. Men (reint bortsett frå at grensene ikkje heilt følger Sykes/Picot sine kart, det skjedde ein del mellom 1916 og grensene vart fastlagt ca. 1920-22), så har vi tidligare her avvist dette og sagt at "grenslinene ligg nok trygt". Spørsmålet er såleis om vi her var for konservative, om det er slik at IS faktisk kan danne sin eigen sunniske stat på tvers av den gamle grensa mellom Syria og Irak, ein stat som vi kanskje da kunne kalle "Mesopotamia", sidan den i hovudsak følger dei to elvene Tigris og Eufrat gjennom dei to landa.

Kva er grunnlaget for IS? 
Svara på dei to spørsmåla heng sammen, og knytter seg til det empiriske (fakta-baserte) spørsmålet: Kva er grunnlaget for IS i dag? Vi har to mulige svar eller hypotesar på dette. Det eine er det bildet som vi har fått i presse og kommentarar så langt: At IS er ein ekstrem og fanatisk organisasjon bygd på ein sterk salafistisk ideologi, med eit stort og vesentlig innslag av utanlandske jihadistar, og at styrken deira kjem frå pengar vunne ved kriminalitet og utanlandsk støtte, og frå avanserte våpen dei fann då dei erobra Mosul. Alså at IS er ei rørsle utanfrå i dei områda dei held, ein ekstern og globalt innretta organisasjon som like gjerne kunne flytte området sitt til eit anna land.
        Den andre hypotesen er at IS er uttrykk for eit lokalt sunni-opprør, at dei spring ut av dei sunniane som før dominerte Irak, men som etter invasjonen i 2003 vart satt til sides av det stadig meir sekteriske shia-styret i Bagdad og følte seg spesielt undertrykt av dei shi'iske soldatane og styresmaktene som vart sendt nordover til sunni-områda. Altså at dette er eit internt opprør knytta til særlige forutsetningar og historia til Irak i det siste tiåret, ikkje noe som kunne gjenoppstå på samme måten andre stadar.

Desse to hypotesane ekskluderer ikkje kvarandre, det kan vere begge delar, og det er ganske klart at det er begge delar, på ein eller annan måte. Ideologien og praksisen til IS i områda deira er krystallklar og vist både av deira propaganda og av rapportane derfrå: Dei er ekstreme, og dei er eksterne: Det er ikkje som Taliban, som i stor grad bygde på gammal stammemoral, IS bryter med lokale religiøse og kulturelle skikkar til fordel for sin eigen ideologi, ikkje minst når dei har rive moskear og minnesmerke som folk i området har hatt høg vørdnad for, men som ikkje stemmer med IS sin skriftlige dogmatikk. Dét er ikkje noko lokalt sunniopprør, det er eksterne idear satt ut i brutal praksis, brutal også overfor sunniar.

Det fører til dei forferdelige historiane vi hører, men på lengre sikt er det likevel mindre farlig. For ei slik reint ekstern rørsle vil ikkje kunne overleve på lang sikt. IS sin "stat", om den berre er basert på tilreisande ekstremistar, kan aldri bli noen etablert stat eller skiple dei eksisterande grensene i området. Ein stat må ha slike ting som ein styringsstruktur, ein økonomi, eit folk. Dei to første kan nok IS-kalifatet stille på beina, men dei treng også det tredje, eit befolkingsgrunnlag. Eit fremmedstyre kan undertrykke eit fjernt folk (kolonimakt, naboland, minoritetar), men vi har aldri sett noe fremmedstyre som ikkje har hatt basis i eit heimland noen stad, reine "fremmedlegionærar" på eiga hand. Nazistane hadde Tyskland, kommunistane Russland. Utan noen slik basis vil dei kunne forbli ein milits, ein gerilja eller opprørsgruppe, men som "stat" vil dei ikkje vare lenger enn våpna held.

Men den raske framgangen til IS viser at dei må ha ein breiare basis, det antatte talet på 10-15 000 krigarar er for lite for å ta og halde dette langstrakte området dei styrar. Derfor har dei ein lokal støtte av noe slag, av noen som kjem i tillegg til desse ti tusen "eigentlige" jihadistane. Spørsmålet er kva slag. Og det veit vi ennå lite om, sidan historiane om brutal framferd overskygger korleis folket lokalt, sunniane i nord-Irak, faktisk ser på dei.

IS og sunniane i Irak
Vi kan teoretisk forstå dette paradokset på to måtar: Anten kan vi, som det er blitt rapportert tidligare og vi også har skrive her, sjå på dette som ein taktisk allianse mellom to (eller fleire) grupper: På den eine sida IS, med propaganda, pengar, våpen og dedikerte krigarar. På den andre lokale sunni-krefter som ikkje deler IS sin ideologi, men kjemper ved sida av dei mot Bagdad-styret. Vi har nemnt noen av dei: "sufi-soldatane" i Naqshbandi-hæren, gamle sekulære Ba'th-tilhengarar, lokale stammer. Igjen er dette eit "positivt" bilde, for i så fall bygger denne alliansen på ei tidsinnstilt bombe: IS sin agressive salafisme vil ikkje kunne gå lenge sammen med sufisme eller sekulær Ba'thisme: Før eller seinare må IS ta eit "oppgjer med dei vantru" i eigne rekker (på samme måte, om vi vil ta ein historisk parallell, at det var forutbestemt at Hitler måtte før eller seinare bryte den "naturstridige" pakta med Stalin og angripe Sovjet), og da vil det heile rakne.

Vi har faktisk sett slike tendensar: Harde kampar mellom lokale stammer og IS i Deir ez-Zor i Syria, også trefningar i Irak. Men vi har diverre også ein annan mulig hypotese: At IS klarer å vinne dei lokale sunniane over til sin ideologi, slik at vi får ei sammensmelting av det eksterne fanatiske IS og det eldre sekulære, sufi-orienterte eller stammebaserte sunni-opprøret. Ei slik ideologisering av eit stamme- eller regionalt opprør er desverre heller ikkje ukjent i historia (slik t.d. sammensmeltinga av wahhabisme og stammesamfunn i saudi-arabisk historie). Det vil heilt klart vere motkrefter mot ei slik utvikling, ikkje minst mellom tradisjonalistar i området, men ein langvarig konflikt der IS blir ståande som "forsvarar" av deira område og av "sunnismen" kan forsterke ei slik utvikling. Og i så fall kan det oppstå, det folkegrunnlaget som kan gjere dette til ein varig, om ikkje fullverdig stat så kanskje ein mini "de facto-stat" som Transnjester, Nagorno-Karabakh og Abkhazia (eller Kosovo for den del).

Dette veit vi ikkje nok om ennå, men det har stor betydning for kva slags militær respons som har sjanse om å lykkas. For ei ekstern rørsle som "IS som fremmedkrigarar" kan ein fjerne militært: Tapar dei kampen vil dei forsvinne, og ein kan bygge politisk på dei sunni-befolkinga som er att, om ein berre klarar å få Bagdad-styret til å fungere. Men om det er sunni-befolkinga i Irak som godtar IS som sine soldatar og kjemper med dei, så vil den befolkinga vere att etter at kampane er over, dei vil ikkje forsvinne. Da vil det bli ein fare for at fremmed innblanding igjen blir ein magnet for styrka motstand ("IS er kanskje ille, men ikkje så ille som dei som bombar oss"), og ein forverrar situasjonen politisk i staden for å gjere han bedre.

Det kan slik vere grunn til å vere ganske fokusert i det militære inngrepet: Å sørge for å lette den umiddelbare situasjonen for flyktningane som er sperra inne og dermed svekke IS sin militære kraft, kanskje sette kurdarane i stand til å motsette seg ein invasjon frå IS-styrkar, men ikkje korkje ha eller målbere noen intensjon om å "knuse" IS med militære middel, så lenge det er fare for at dei lokale sunniane vil bli, eller kjem til å kjenne seg til å vere, dei som vert ramma.

torsdag 14. august 2014

Yazidiane: kven er dei?

Ei av dei mest brukte overskriftene i media den siste veka, har vore "Who are the Yezidis?" Svara har vore ganske samstemte: Ei lite kjent religiøs gruppe av kurdarar i Irak, med element av både kristendom, islam, zoroastrianisme og folkereligion, av muslimar ofte kalt "djelvedyrkarar". Det er stort sett det vi får vite, nok grunna at dette er ei svært lukka gruppe som ikkje nett har vore aktive i å spreie kunnskapen om sin religion. Derfor er det også noe vanskelig å skille klart mellom fortellingar, rykter og faktisk kunnskap om denne religionen. Men vi kan prøve å dra fram noe av det vi veit om dei.

To hypotesar om opphav
Eit problem er at religionen deira bygde berre på muntlige overlevering fram til det siste hundreåret, først nå er deira heilage tekster blitt skriftfest. Derfor har vi ikkje klar kunnskap om opphavet deira. Men vi kan sjå to framstillingar: Det eine er at dei var ein eigen religion heilt frå før-islamsk og kanskje før-kristen tid, men som over tid har blitt noe påverka av desse to store religionane. Den andre er at det er ei opphavlig muslimsk gruppe som sprang ut av ein sufi-orden (sunnisk mystikk) trulig på 1100-talet, og som så under påverknad av kristendom og zoroiastriansme endra seg så langt at vi knapt kan sjå det islamske opphavet lenger. Trulig er det beste svaret ei blanding av dei to hypotesane. Problemet er at det får enorme konsekvensar for muslimars oppfatning, om dei oppstod før islam (og i form av ei "bok" eller "bodskap" frå Gud, likt jødar og kristne), eller om den oppstod etter islam, og som eit kjetteri frå den islamske læra. I det første tilfellet kan dei få samme aksepterte status som kristne og jødar, i det siste er dei fråfalne og har ingen plass i samfunnet. IS meiner openbart det siste, og handlar deretter.

Gud og engelen Malak Tawuse
I dag er dei iallfall klart å rekne som ein eigen religion, teologien ligg ikkje nærare islam enn den gjer zoroastrianisme eller kristendom, snarare tvert om. Det kan likne noe på gnostisisme, med to nivå i det guddommelige. Yazidiane har éin gud, Xodé (samme ordet som persisk Khod og europeisk God/Gud) som er ein god men fjern gud utan spesiell interesse for skaparverket og oss. Det blir tatt vare på av hans fem (eller sju) tenarar som blir kalla "englar", men som har status nær ein guddom og er dei som dei truande mest konkret tilber. Den fremste av dei blir kalla "Malak Tawuse" (i ulike stavemåtar), eller "påfugl-engelen". Kor mange andre slike erkeenglar som finnes og namna deira varierer, men Isa (Jesus) og Ezrail eller Cabrail (Gabriel) er ofte blant dei. Også Shaykh Hadi, som vi kjem tilbake til under.

Desse, og spesielt Malak Tawuse står i kontakt med vår verd, og kjem kvart tusenår for å gi oss guddommelige reglar. Jesus har også ein særlig plass, i at han skal ved endetida leia dei truande til frelsen. Isa/Jesus blir på kurdisk gjerne til Êzi, og han har også namnet Yazîd, som altså har gitt namnet til religionen. Kvifor er ikkje klart, sjøl seier dei at Êzid / Yezdan er eit namn på Gud, men det er tydelig også kopla til den historiske personen Yazid ibn Mu'awiya, den andre umayyade-kalifen (styrte 680-685 e.Kr.) som opptrer i yazidisk mytologi. Han har eit kanskje ufortent dårlig rykte, siden det var han som slo ned opprøret der Profetens barnebarn Husayn, shi'aenes store martyr, mista livet ved Kerbala. Yazid er derfor eit spesielt dårlig namn hos shia'ene, men tildels også mellom sunni-muslimar.

Det er likevel ikkje herfrå ryktet om "djevledyrking" kjem frå, det er ikkje Yazid som noen muslimar påstår er djevelen, men hovudengelen Malak Tawuse. Da Gud skapte Adam, samla han alle englane (og jinnane) og bad dei bøye seg og lyde Adam. Alle gjorde det, utan ein engel (jinn) som nekta og sa "eg er bedre enn han". Denne historia er felles i kristendom og islam: Det var Iblis som nekta, og han vart for sitt opprør mot Gud støytt ut og vart til Shaytan, Satan. Yazidiane har samme historia, med Malak Tawuse som den opprørske. Men hos dei bifalt Gud dette svaret: Det var ei prøve som han hadde gitt englane, og berre Malak Tawuse bestod prøva ved å svare nei. Gud satte han derfor til ansvar overfor menneska, i si godheit.

Denne koplinga mellom Malak Tawuse og Iblis sine historiar er det som gjer at muslimar påstår at yazidiane "eigentlig" tilber Satan. Det hjelper heller ikkje at Tawuse betyr "påfugl" og har denne fuglen som symbol, påfuglen er den verste av fuglar i islamsk mytologi, og den første skapninga som vart jaga frå Paradis.

Yazidisme, islam og sufisme
I ritualer og høgtider har yazidiane element både frå kristendom og islam; dei ber fem gonger for dagen, høgtidar påske (Ida Isa), Ramadan og Id, men ikkje på samme måte eller heilt til samme tid som muslimar eller kristne, og naturligvis den kurdiske og nærorientalske Nowruz. Yazidiane har også, som muslimar og jødar, sine særtrekk når det gjeld religiøse kles- og matreglar: Dei skal ikkje kle seg i blå klede, det er tillatt å drikke alkohol, men forbudt å ete salat (og blomkål etter noen kjelder), også kylling er frårådd. Som i andre religionar er det ingen eigentlig grunngiving for slike reglar anna enn at Gud / englane har innstifta dei.

Derimot er den muslimske påverknaden frå sufismen heilt tydelig når det gjeld organisering av religionen. Ein yazidi skal ha ein åndelig rettleiar kalla shaykh eller pir. Dei aktive kan bli ein faqir eller murid som skylder absolutt lydnad til sin pir. Piren leier dei på etappar i åndelig vekst, og dei truande gjer pilegrimsreiser, ziyaret, og lytter til resitasjon qawal. Alt dette, både namn og innhald er likt den islamske sufismen, og det er i det minste opplagt at yazidiane har lånt ideane om religiøs organisering frå sufi-ordnar i området.

Spørsmålet er altså om det er ein sterkare skyldnad. Og her har vi altså lite med skriftlige kjelder innanfrå, vi må gå til hos muslimske historikarar. Dei presenterer yazidiane som eit esoterisk avvik, ghulât, som oppstod på line andre slike retningar: druzarar, alawiyaer, og andre, omlag samtidig på 1000- og 1100-talet, men desse her altså innanfor sunnisk sufisme og ikkje shi'isme som dei andre. Slik blir det presentert i muslimsk historiografi:

Etter at abbasidane knuste umayyade-kalifatet i 750, var det fortsatt att grupper som forsvarte det gamle umayyade-styret. Dei trakk seg på 1000-talet tilbake til dei kurdiske områda, og meinte kalifen Yazid var den rette imam (herskaren), ein finn slike yazîdîs omtalt av reisande på 1000-talet. Hos dei etablerte shaykh Adî b. Musâfir (d. ca. 1075) ein sufi-orden, Adawiyya. Ved hans død delte denne seg i to, ein beheldt den sunniske teologien, den andre gjekk i meir og meir esoterisk retning og fjerna seg frå islamsk tenkning. Det var denne retninga den kjente teologen Ibn Taymiyya skal ha angripe i ei bok, Kitab al-radd 'ala al-Rafida wa'l-Yazidiyya: "Ei avvising av shi'ismen og yazidismen, motstandarane av det islamske samfunnet".(*) Dette er naturligvis svært aktuelt, sidan Ibn Taymiyya er insiprator for dagens jihadistar, IS og andre, og dei kallar nettopp shia'ene for dette gamle namnet "Rafida" [fornektarane]. Så her finn vi grunngiving god nok for å angripe nettopp desse to gruppene. Namnet og koplinga til kjetteri er dermed klart iallfall frå 1300-talet, sjøl om Ibn Taymiyya ikkje seier mye om eller virkar godt informert om den faktiske trua til gruppa på denne tida.

Over tid utvikla så denne avgreininga av Adawiyya-ordenen seg meir og meir til å bli den yazidismen som vi kjenner i vår tid, utan at vi klarar å følge den i detalj, dei muslimske kjeldene fokuserer mest på dei ulike konfliktane mellom yazidiar og muslimske herskarar eller andre grupper. For det virkar heilt gjennomgåande at historia til yazidismen er ei historie om kontinuerlig konflikt og undertrykking. Dette gjeld rett nok alle kurdiske grupper, og vi veit ikkje i kva grad det var den religiøse forskjellen eller den evige konflikten mellom kurdiske nomadar og fjellfolk og eikvar statsmakt som spilte størst rolle. Men konfliktane, undertrykkinga og tidvise massakrar ser vi (og naturligvis også at yazdiane sjøl kunne slå tilbake og angripe lokale kurdiske eller andre rivalar, når dei hadde styrke til det).

Vi har ikkje plass til å følge den historia, men er det ein historisk realitet i denne koplinga mellom yazidiane og ei sunnisk æring av kalifen Yazid? Yazidiane sjøl i dag avviser ei slik kopling, men dei fleste historikarane ser ut til å akseptere både Yazid-lenka og rolla til sufien Shaykh Adi - han finn vi jo også igjen som ein av englane, "Shaykh Hadi" i teologien, og yazidiane ærar han. Tidfestinga av namnet "yazidi" til iallfall 1000-1300 virker også klar av kjeldene. Samtidig er teologien altså så fjern at ein vanskelig kan tenke seg ei endring frå vanlig sufisme til trua på Malak Tawus berre på eit hundreår. Mest trulig har det derfor skjedd ei form for sammensmelting mellom etablerte eksisterande trusoppfatningar avleidd frå zoroastrianisme (som fantes i området) og kanskje gnostisisme; og den organiserte (post-)sufiske rørsla. Korleis og kor lang tid dette tok, når "dagens" yazidisme framstod, blir mest spekulasjonar, i mangel av andre kjelder. 

Sosial organisering
Talet på yazidiar i verda er også svært varierande, mellom 200.000 til over 600.000 er brukt, det høgare tallet er mest trulig. Dei er altså fokusert i to område i Irak: Sinjar som vi nettopp har hørt om på grensa mot Syria, og Shaykhan aust for Mosul. Det er også eit yazidi-område i syrisk Kurdistan, og grupper i Kaukasus og ein stor diaspora i Vesten, særlig i Tyskland der det skal bu 60.000 av dei. Diasporaen vil da trulig auke kraftig etter den siste utdrivinga. Yazidiane er sterkt endogame, giftar seg berre innan gruppa (tradisjonelt, iallfall) og til dels også berre innanfor si eiga grein av gruppa. Dei misjonerer ikkje, det går ikkje an å bli yazidi utan å bli født til det. Slik kan dei få eit etnisk særpreg, men dei snakkar vanlig nord-kurdisk (Kurmanji), og er ganske klare på at dei er kurdarar. Dette blir berre styrka av at noen fiendtlige muslimske kurdarar har prøvd å slå frampå om at yazidiane ikkje er "ekte kurdarar" men noe anna. Alle yazidiar snakkar kurdisk, ulikt t.d. andre religiøse retningar i området - kristne, aleviar m.m. - som spenner over etniske grenser mellom kurdarar og ararabar eller tyrkarar, og der noen grupper gjerne vil skille seg ut frå det kurdiske. Det ser ikkje ut til å vere tilfelle for yazidiane.

Kjeldetilvising: Mye av dette er bygd på Roger Lescot, Enquête sur les Yezidis de Syrie et du Djebel Sindjar, 1975.
(*) Brockelmann tilskriver denne tittelen til ein Abu Firash ibn Shibl i 1325, som stadfester at namnet var kjent på 1300-talet, men fører under Ibn Taymiyya opp al-Risala al-Adawiyya "an die Yazidis", som kan vere del av samme verk.

***
Adresse til bloggen
Elles ei teknisk ting: Eg har nå somla meg til å registerere denne bloggen, slik at den får ei litt meir kortare adresse enn den har hatt. Du finn den på under lenka
shubbak.no (evt. www.shubbak.no)
Den gamle adressa med knutsvblogg.blogspot.com virker fortsatt (og er den "eigentlige" adressa).