mandag 8. juli 2013

Egypt og Midtausten II: Konsekvensar

Mens det skjer dramatiske ting i landet, er det nok ennå for tidlig å si noe om langtrekkande konsekvensar for Midtausten av hendingane i Egypt. Men la oss sjå litt på noen land:

Tunisia er openbart berørt, sidan deira revolusjon var så lik Egypts. Islamistpartiet der, al-Nahda, valde likevel ei samarbeidsline med dei liberale, presidenten kjem frå sosialistpartiet. Denne alliansen har halde så langt, men har knaka kraftig i sammenføyingane, og det er tydelige spenningar mellom dei. Dei andre liberale og sekulære partia - og i Tunisia er dei faktisk sekulære, ulikt i Egypt - er da også i kraftig opposisjon, og det er usikkert om alliansen vil overleve neste valg. Kuppet i Egypt er naturligvis nok eit skår, men om det blir omfattande uro nå i Egypt, kan det også brukas som eit argument for å halde alliansen gåande heller enn å løyse den opp med fare for ei "egyptisk" utvikling med aukande uro og kaos.
      Tunisia skiller seg også frå Egypt på noen viktige områder: Det finnes ingen hær som kan ta makta (Tunisias hær er mindre enn politistyrken), og Nahda manglar, trass i at dei nok er største parti i landet, den etablerte posisjonen Brorskapet har i Egypt. Det er fordi Brorskapet - og salafistane, med sin misjon - reellt sett vart tolerert og kunne bygge opp sin organisasjon i Egypt, mens regimet i Tunisia var langt meir undertrykkande og klarte hindre Nahda i dette. Salafistar hadde Tunisia heller ikkje, noe som har den negative effekten nå at dei i Egypt altså deltar i det politiske spillet på ulik side, mens dei i Tunisia står utanfor og har utvikla seg langt i retning av jihadisme eller i det minste valdelig utanomparlamentarisk aksjon, som vender seg mot alle ved makta, Nahda som liberale.

Det er nok likevel i Palestina at effekten blir sterkast. Hamas, som er ein direkte avleggar av Brorskapet, skifta i fjor sin internasjonale allianse. Dei hadde vore nær knytt til Damaskus og til Hizbullah i Libanon, som dei hadde nær strategisk samarbeid med, og fekk støtte frå Iran. Da borgarkrigen i Syria starta opp, braut dei med dette triangelet, og stilte seg i staden side ved side med Assad-regimets verste motstandarar, Qatar (der dei nå har hovudkvarter) og tildels Saudi-Arabia. Sentralt for dette var jo at Hamas styrer i Gaza, og Gaza deler grense med Egypt. Når Brorskapet hadde makta i Kairo - og utvikla seg til bitter fiende av Assad og stod nær Qatar - så var det på den sida brødet var smurt. Nå vart nok ikkje effekten så stor som dei håpte, Mursi styrte ein ganske forsiktig politikk i forhold til Israel og gav ikkje store konsesjonar, tvert om gjekk han offensivt ut for å stenge smuglartunellane inn i Gaza og heldt sikkerheitssamarbeidet med israelarene uendra. Likevel var det eit politisk stemningsskifte, og Mursi hadde ein viss, begrensa, suksess med å få til samtalar mellom Hamas og rivalane deira, PLO.
        Nå kan Hamas bli ståande der med skjegget i postkassa: Ikkje Syria og ikkje Egypt. Dei er rådville, og PLO har alt vore ute og ymta frampå at Hamas bør sjå realitetane i augene, les: godta PLOs vilkår. Men Hamas har nok likevel Qatar i ryggen, som kan ha betydning.

For vi har nå vent oss til å snakke om Qatar som ein eigen aktør på den regionale scena, trass i størrelsen på landet. Qatar er eit sheikhdømme og eit oljeland, med den samfunnsstrukturen det betyr, og slett ikkje noe islamistisk idealstyre, tvert om. Men dei har klart bestemt seg for å satse på islamistar, og da særlig Brorskaps-liknande parti, i regionen, både i Syria, Libya, og Egypt. Langt meir enn Saudi-Arabia, som er ganske skeptiske til Brorskapet, sidan dei oppfattar dei som ein trussel mot den indre roen i sitt eige land (det bryr Qatar, ein gammal rival til Saudi, seg mindre om). Qatar og Saudi-Arabia står ofte side ved side, men altså ikkje heilt sammen. Og kuppet i Egypt blir da også eit slag over nasen for den nyinnsatte unge emiren av Qatar, mens dei i Riyad trekker eit lettelsens sukk.

Syria ler Assad. Nå var ikkje Egypt blitt noen sentral aktør i konflikten der, men Mursis stadig meir kraftige angrep på regimet er det sikkert lettande å bli kvitt. Meir hyggelig for Assad er likevel det retoriske: Her ser vi at Vestmaktene kjem i forlegenheit: I Egypt støttar dei [i realiteten] at dei militære brukar makt for å hindre islamistar som har kjørt landet i grøfta - men i Syria støtter dei islamistiske opprørarar, noen av dei frå Brorskapet, resten ennå meir radikale, mot det regimet som jo faktisk står for den samme lina som i Egypt (vil Assad seie), og som prøver å "berge" Syria frå denne islamismen.

Tyrkia er Assads motstandar, og hadde iallfall vennskaplige relasjonar til Mursi. Dei er nå kritiske til kuppet, men er relativt langt borte, og vil trulig ikkje vere vesentlig berørt. Naturligvis er det ein dårlig presedens for Tyrkias stadig meir upopulære (og meir eller mindre islamistiske) statsminister at militæret går inn og avsetter upopulære (og islamistiske) presidentar i andre land, men den ideen er jo det tyrkiske militæret velkjent med frå før, så han kan håpe det ikkje har noen umiddelbar smitteeffekt.

Israel er nok også nøgd med utviklinga, men voktar seg vel for å komme med noen kommentar, folkemeininga i Egypt er jo like anti-israelsk som før, så det er ingen hjelp for dei nye makthavarane om Israel skulle helse dei velkommen - Mursi var jo heller ingen katastrofe for Israel. Og dei har nok ikkje mye håp om at dei skal kunne komme tilbake til det relativt behagelige forholdet dei hadde til det gamle militærstyret under Mubarak. 

Saudi-Arabia var altså moderat begeistra for det islamske styret i Egypt,  og var raskt ute med gratulasjonar til dei nye makthavarane. Deira haldning framover vil for øvrig ha direkte betydning for det nye styrets politikk og muligheiter for suksess. For:

Retting: Brorskapet og økonomien
Vi prøver, så langt vi kan, å halde tunga nokolunde rett i munnen empirisk, sjøl om desse blogginnlegga jo gjerne er skrive i noe hast. Derfor får vi prøve å ta inn rettingar når eg har komme i skade for å skrive noe feil. Eg skreiv i ein tidligare blogg at "Mursi har i hovudsak lagt seg på samme IMF-vennlige line som styret før han", og det er berre halvvegs rett. Det korrekte er, slik ein artikkel i Foreign Affairs diskuterer meir grundig, at det vart starta forhandlingar mellom IMF og det første militære overgangsstyret i 2011, om eit lån på tre milliardar dollar. Vilkåret var, som vanlig, økonomiske reformar som jo ville bite kraftig i folks økonomi ved å kutte subsidiar. Militærrådet trakk seg derfor frå avtalen og la lånet på is; det var alt upopulært nok som det var utan å skulle bli sadla med å vere "verre enn Mubarak". I staden gjekk dei til nettopp Saudi-Arabia og Qatar, og fekk store tilskot derfrå, langt større enn dei $3 mill. IMF stilte med, og utan noen krav om reformar. Der har da denne avtalen ligge sidan, eit par seinare forsøk på å ta opp att forhandlingane (seinast i fjor haust) stansa begge gonger etter nye tilskott frå naboland. Mursi fortsatte slik forsåvidt forgjengarens økonomiske politikk, men altså utan IMF, ikkje med slik eg skreiv. Trulig vil det også vere sjølmord for både sivil og militær regjering framover å prøve å gjennomføre IMFs reformkrav, så urolige gatene er, spesielt i forhold til dagliglivets økonomi.

Spørsmålet for det nye styret nå blir da om endra politisk sympati vil få noen konsekvensar for dei tilskot og lån frå naboar som har halde Egypt nokolunde flytande dei siste to åra. Qatar og Saudi tilbaud omtrent like mye, $4-5 milliardar kvar, av dei vil sikkert Saudi halde fram uansett, om Qatar (og Tyrkia, som gav $2 mill.) vil la endra innstilling få konsekvensar økonomisk, er ikkje sikkert, å kutte støtten heilt av kjem neppe på tale, men dei kan bli meir tilbakehaldne, og vi veit at eit løfte om støtte slett ikkje betyr at pengane faktisk kjem i banken. Dette blir kanskje også ei hodepine for dei nye makthavarane, kven det no blir i lengda, for nå ligg forventningane til folk på deira skuldre.

Egypt og regionen I: kva nå islamisme?

Måndag morgon, og uroa aukar. Kva gjeld detaljane, får vi følge nyheitssendingane, men kanskje litt forsøk på analyse og historikk, dessutan første refleksjonar over spørsmålet: Kva får hendingane å si for regionen Midtausten? -- Det er fleire ting å ta tak i, så for lesarvennligheit deler vi det opp i to samtidige innlegg: Her om den politiske situasjonen, i det andre om konsekvensar for regionen og to ord om økonomi.

På randen av borgakrig?
Valden i dag tidlig, der det i skrivande stund er snakk om eit førti-tal drepte, viser faren for eskalering. Er det likevel fare for borgarkrig? Det avheng av korleis partane opptrer og må derfor framtida vise, men la oss prøve å dele det opp:

Ei motsetning er mellom hæren og Mursis tilhengarar i Brorskapet, som er det som har gitt tapstalla i Kairo. Det kan bli fleire, ved at demonstrantar pressar mot militære, som skyt med skarpt tilbake. Men her er styrkeforholdet heilt ubalansert til fordel for dei militære: I seg sjøl kan det føre til tapstall og uro, men ikkje til borgarkrig.
        Det kan endre seg over tid, dersom grupper enten frå Brorskapet, utbrytarar eller andre ekstreme grupper endrer taktikk frå massedemonstrasjonar til t.d. væpna åtak på politistasjonar elle militærbaser, slik vi såg frå jihadist-grupper på 1990-tallet. Men desse vart nedkjempa, og for Brorskapet ville dette trulig vere ei "dødsline" (bokstavlig), sidan dei da ikkje vil kunne bygge på den opne støtten dei har hos sine tilhengarar rundt om i landet. Brorskapet sjøl trur eg altså ikkje vil gå den vegen, om dei i det heile ser opning for eit alternativ. Meir radikale utbrytargrupper kan oppstå, og naturligvis kan eksisterande jihadist-grupper benytte seg av situasjonen for å prøve å få fotfeste igjen i Egypt. Åtaka i Sinai i går kjem trulig frå slike, sidan det relativt lovlause Sinai har husa noen slike grupper. At ei gruppe kalla "Ansar al-Shari'a" (samme namn som dei som angreip den amerikanske ambassaden i Kairo i fjor haust) nå påstår seg grunnlagt i Egypt, tyder også hit. Men trulig ligg slike farer likevel eit stykke fram i tida, og det egyptiske hær og politi har trening i å bekjempe slike grupper.

Ei meir aktuell motsetning er gatekamper mellom tilhengarar og motstandarar av kuppet. Det har ikkje vore mye av det i Kairo, men derimot ein del stridigheiter i andre byar. Hæren har muligheit til å stille seg mellom og skille, sjøl om dei jo ikkje lenger blir oppfatta som nøytrale. I det mest akutte tilfellet på 6. Oktoberbrua natt til i går heldt dei seg også lenge borte, men alvorlig sammenstøyt vart likevel avverga. Igjen ligg det eit stykke fram i tida at dette kan bli noen "borgarkrig", sidan dei som nå har vunne forheld seg til hæren, og ingen av dei er altså væpna i særlig grad.

Meir urovekkande kan det tredje vere, rein sosial uro mellom sivile i byar og landsbyar, der vi har sett fleire tilfelle av voldelige oppgjer, tildels med dødelig utfall. Sidan motsetninga for/mot regimet kan gå gjennom kvar einaste landsby, og med opphissa stemning, kan dette skape kaotiske forhold som kan komme ut av kontroll for styresmaktene. Berre eit sentral pålegg om å dempe gemyttane sentralt frå, ikkje minst frå Brorskapet, som har ein (heldigvis for dette tilfellet) ganske disiplinert og sentralstyrt organisasjon, og kan motvirke, om ikkje hindre slike lokale oppgjer. Dette kan bli farlig, men det er også grunn til å håpe at dei som har muligheita til det, er villig og i stand til å hindre at det kjem heilt ut av styring i staden for å satse på kaos.

I morgon startar for øvrig Ramadan, noe som kan enten utmatte dei fromme som fastar (Ramadan i juli er steinhardt), men kan også føre til, overført som bokstavlig, at temparaturen blir høg og kjølige hoder blir raude i toppen. For religiøse er jo også dette ei tid da nettopp religionen står i høgsetet.

Islamistar og islamistar
I noen media (NRK) har det vore tendens til å snakke om "islamistane" som aktør, som kan forvirre nå som "islamistane" har trukke seg frå støtte til kuppet mot "islamistane". Lesarane av denne bloggen veit jo bedre, det er snakk om ulike retningar og grupper. Men la oss ta med ein liten repetisjon, medrekna det eg har klart å finne ut så langt om kva dei meiner om kuppet (som rett nok skifter frå dag til dag).

Ved sidan av Det muslimske brorskapet sjøl, finnes det rundt eit tital større og mange mindre islamist-parti. Vi kan dele dei grovt i to: På den eine sida "liberale" utbrytarar frå Brorskapet: "liberal" brukar vi her berre som ei kortform for at dei ønsker samarbeid mot sentrum og ligg nærare dei ikkje-islamistiske partia i landet, innhaldet i politikken deira varierer.
          Av desse kan vi merke oss to: Det eldste av desse er partiet Wasat, som gjekk ut frå Brorskapet alt i 1996, og prøvde utan hell å bli offisielt parti under Mubarak. Det var dominert av intellektuelle, og stod nær den liberale (sentrums-orienterte) fløyen innan Brorskapet, men med ein klarare sentrumsprofil. Etter revolusjonen har Wasat stått Brorskapet ganske nær, deltok m.a. i Grunnlovskommisjonen etter at dei liberale forlot denne, og har nok tiltenkt seg ei meklarrolle mellom Brorskap og sentrum. I den nåverande krisa støtta dei Mursi lenge, men gjekk heilt på slutten ut i ei nøytral stilling. Eg har ikkje sett reaksjonen deira til kuppet så langt.
         Den andre er gruppa til Abd al-Mun'im Abu'l-Futuh. Han var ein av toppleiarane i Brorskapet heilt fram til revolusjonen, og stod systematisk for ei meir liberal line. Det var først ved leiarvalet i organisasjonen i 2010 at hans line tapte, til fordel for den meir konservative som styrer fortsatt. Abu'l-Futuh stilte til val som president, mot Brorskapets ønske, og vart derfor ekskludert. Han var lenge rekna som ein favoritt i presidentvalet, der han fridde til heile spekteret frå salafistar til sekulære og fekk brei støtte hos liberale intellektuelle, men han endte opp berre på fjerdeplass med 17 prosent. Seinare har han likevel hatt ei klar røyst gjennom sitt nye parti "Sterkt Egypt", og har vore alliert med den liberale opposisjonen som krevde Mursis avgang. Han er tydeligvis positiv til kuppet, men målberer sterkt kravet om at dei militære må nå overlate makta til sivile, uvisst om han vil prøve å skape avstand til kuppmakarane for å vinne støtte mellom misnøgde islamistar. 

Den andre hovudretninga er da salafistane, som altså ikkje var politisk aktive før revolusjonen. Den viktigaste organisasjonen deira da var al-Da'wa al-salafiyya, den Salafistiske misjonen, i Alexandria, som la grunnen for det største salafist-partiet al-Nur, som uventa fekk 28 prosent av stemmene ved parlamentsvalet. Dei hadde etter det heilt klart ein ambisjon om å dominere til høgre for Brorskapet, og hadde heile tida eit ambivalent forhold til "storebror". I parlamentet og i grunnlovskommisjonen la dei seg tett opp til Brorskapet og utgjorde nær sagt ein blokk med dei, og klarte trekke dei i konservativ retning. Men i presidentvalet vakla dei mellom kven dei ville støtte (dei stilte ingen eigen), og endte opp i flokken bak den meir liberale Abu'l-Futuh, ikkje Mursi, i første omgang. Slik ser vi også nå at dei spiller politisk: Dei kravde at Mursi skulle gå av, men deltok ikkje sjøl i demonstrasjonane for det. Dei støtta kuppet og opptrådte sammen med dei militære etterpå, men trugar i dag med å trekke seg frå denne "koalisjonen". At dette meir konservative partiet i det heile er i den flokken, kjem rimelig sikkert av ønsket om å tene på motviljen mot Mursi og Brorskapet som også finnes mellom islamsk orienterte veljarar, og dermed "arve" denne velgargruppa. Men om dei militære framtrer som etterfølgarar av Mubarak-styret, og Brorskapet nå blir "martyrar", vil dei opportunistisk nok kunne snu om att. 
          Nur gjekk elles gjennom ei splitting tidligare i år, ein stor del av dei meir pragmatisk orienterte parlamentarikarane (med leiaren) gjekk ut i protest mot at misjonsstyret i Da'wa synes det vart for mye pragmatikk. Dei danna partiet Watan, som likevel ser ut til å ha orientert seg mot høgre heller enn mot sentrum. Så langt eg kan sjå, har dei støtta Mursi heile vegen fram til nå. 
          Lenger mot høgre ser det også ut til salafistanes mest karismatiske figur, Hazem Salah Abu Isma'il har lagt seg. Han hadde ikkje noe parti, men fekk umiddelbar popularitet og oppslutning, langt over Brorskapets kandidat, og såg derfor ei stund ut til å kunne bli den fremste islamistiske kandidaten, eller kanskje at andre omgang ville bli mellom han og Brorskapets førstekandidat. Men ved ein teknikalitet (at mor hans visstnok skulle ha bedt om amerikansk statsborgarskap) vart han nekta å stille, slik at salafistane ikkje var representert. Nur støtta uansett aldri han. Etter valget har han også stifta ulike parti, nå sist "Banner-partiet", og var ei tid i allianse med Watan. Han har også organisert aktivistiske støttegrupper, "Hazemiarane", som skal ha laga bråk og angripe rivalar. Abu Isma'il vart arrestert i etterkant av kuppet, og vil trulig markere seg som ein sterk motstandar av det nye styret.
          Det nest største salafist-partiet i val ser likevel ut til å vere Gama'a islamiyya, som er notorisk fordi det var ei av dei to store jihadist-gruppene som kjempa i ein nær borgarkrig mot politi og militære i 1990-åra (det andre var al-Zawahri's Jihad, seinare del av al-Qa'ida). På 2000-talet gjorde Gama'a-leiinga i fengsel eit oppgjer med voldslina, som ser ut til å vere genuint, og har etter at dei vart legale i 2011 deltatt i vanlig parlamentarisk arbeid, med sitt eige parti. Dei har tre-fire prosent oppslutning, særlig i sørlige Egypt. Dei er nok likevel fortsatt meir harde salafistar enn Nur, men er som dei villig til skifte kappa etter vinden. Slik gjekk dei også ut mot Mursi før kuppet og forlangte nyval, og foreslo seg sjøl som meklar mellom Brorskapet og opposisjonen. Det siste er ganske friskt, sidan eit av dei faste angrepspunkta mot Mursi var at utnemnde eit medlem av Gama'a til guvernør i Luxor - regionen der dei samme massakrerte turistar i 1997. Lite trulig at dei liberale ville godsnakke med dei... Men ulikt Nur har Gama'a så langt eg ser ikkje støtta sjølve kuppet, og har nylig tvert om krevd at den nyinnsatte presidenten Adli Mansour må gå av. 

Det er altså fleire kandidatar som er meir enn villig til å ta over "trona" og veljarane til Brorskapet, og noen av dei vil trulig også gjere det dersom Brorskapet ikkje får lov eller sjøl vel å boikotte nyval, om og når slike kjem. Dette er jo også Brorskapet klar over, og kan motivere dei til å gjere ein slik boikott så kort som råd. Salafistane må derfor prøve å manøvrere slik at dei held avstand til den nå upopulære Mursi og hans styre, samtidig som dei også held avstand til militærstyret og ikkje blir slått i hardtkorn med dei som "avskaffa det islamske styret", men likevel slik at dei held døra open for å delta i den vidare politiske utviklinga. Vi kan komme til å sjå mange interessante saltomortalar frå den kanten i tida som kjem. 

fredag 5. juli 2013

Egypt: Eit godt kupp?

Fredag formiddag, og vi ventar på kva som vil skje etter fredagsbønna i Egypt i dag, det vil trulig bli bråk, men tida vil vise kor dramatisk det blir.

I mellomtida kan vi reflektere litt over kva ein skal "meine" om hendingane. Klassekampen slår opp uttrykket "eit godt kupp" på framsida, med referanse til Unni Wikan (som rett nok ikkje sa det, men at "hvis det finnes noe sånt som et godt kupp", forbehold blir jo gjerne kutta!). Andre har snakka om eit "demokratisk kupp", sjøl har eg eitpar gonger kalt det eit "revolusjonært kupp". Vi blir litt fanga her av om orda vi brukar har positiv eller negativ valør, i Klassekampen får jo "revolusjonær" ein svært positiv farge! Mens grunnen til at så mange nektar for at dette er eit "kupp" i det heile, er fordi kupp jo blir oppfatta som negativt.

Gode og dårlige militærkupp
Så la oss ta først det allmenne og deretter vurderinga av Egypt. Først, begrepa: "kupp" har ei ganske klar og nøytral betydning: "statsomveltning utført av politisk leder eller militær (militærkupp, statskupp)" [SNL], OED legg til "sudden, violent and illegal seizure of power", med sterkare ordbruk, men likevel må skiftet i Egypt nå heilt tydelig falle inn under definisjonen.

Illegalt høres jo ille ut, men kan eit kupp vere "godt"? Ja, det kan det openbart godt vere. President Nimeiri i Sudan var etter dei fleste målestokkar ein ineffektiv diktator som hadde styrt eineveldig i seksten år, og da militære styrker greip inn og avsatte han i 1985, for så å overlate makta til sivile noen månader seinare, var det openbart eit "godt" kupp i dei flestes auger. Det fantes ingen andre måtar å fjerne han på, og resultatet vart eit sivilt styre grunna i val (riktignok også det ineffektivt og kortvarig, men det er ei anna sak). Det finnes mange slike tilfeller av "støtteverdige" kupp, og dei fleste statar har på eit eller anna tidspunkt basis i ei slik "statsomvelting" eller revolusjon (sjøl den britiske! i 1688) som innebar eit kupp av noe slag. Om dei er "gode" kjem altså an på kombinasjonen av det som blir satt til sides - at det er ødeleggande og at det ikkje er noen "legal" (dvs. demokratisk) måte å skifte det ut - og det som kjem i staden: at det er "godt", i dag vil vi si demokratisk og sivilt. 

Militærkupp er altså av fleire ulike slag. Men vi kan her snakke om to hovudtypar: Dei som fører til varig militærregime, og dei som raskt trer tilbake for eit nytt sivilt styre. Det siste kallas "korrektive militærkupp", det militære ser seg som eit middel for å få den ordinære politikken "tilbake på rett spor". Tyrkia er det beste dømet i vår region, dei har hatt mange slike korrektive kupp sidan 1960, men også i andre verdsdelar finn vi rikelig med eksempel. I arabarverda er dei derimot sjeldne, Sudan i 1985 er det einaste eg kjem på, det vanlige her har vore at militære tar makta for å halde på ho.

Det er altså mulig å kalle eit slikt korrektivt kupp for "demokratisk kupp", sjøl om kuppet i seg sjøl ikkje er noen demokratisk handling, men kan legge grunnlaget for seinare demokrati. Eit kupp som inngår i ein revolusjon (som i seg sjøl også er eit nøytralt deskriptivt begrep, det finnes gode og dårlige revolusjonar alt etter om ein er einig i mål og metode eller ei), vil da være eit "revolusjonært kupp".

Egypt: Godt eller dårlig?
Kva kategori fell så kuppet i Egypt under, var det "godt", demokratisk eller revolusjonært? For å ta det siste først, meinte eg ikkje dette normativt, "bra", men for å understreke at det var eit kupp som følge av ei folkelig reising, noe dei uventa store demonstrasjonane unektelig var. Ikkje "Folkets revolusjon", Folket med stor F er berre ei retorisk vending, og demonstrasjonane for Mursi var og er også så store at dei må kallas "folkelig motstand", Folket i Egypt er altså delt. Men altså, vi legg til grunn at det var størrelsen på denne reisinga som spora det militære til å gripe inn. Eg var og er nok litt i stuss om eg valde rett ord, om det var å devaluere ordet "revolusjon" litt å bruke det på denne serien med demonstrasjonar over tre dagar, men det var det beste eg kom på, og er teknisk korrekt: ein folkelig oppreist som fører til eit regimes fall = revolusjon.

Om det er "korrektivt" veit vi ikkje ennå, og dette blir da det viktige å sjå framover til. Dei militære har satt inn ein upolitisk sivil dommar, Adli Mansour, som president, med fullmakt til m.a. å gi lover, men vi veit ikkje ennå om han maktar å ta politisk kontroll over dette overgangsstyret, eller om han blir ein stråmann for militærrådet. Det blir rapportert at det er Høgste Grunnlovsdomstolen (der Mansour var medlem og kortvarig leiar) som skal, tydeligvis på eiga hand, i første omgang revidere grunnlova og lage vallover. Da blir det iallfall gjort, sidan det var deira stedige motstand som hindra Mursi å få til fungerande vallover og dermed dei planlagte parlamentsvala. Den makta blir slik, i det minste midlertidig, samla på ei hand, ikkje ei vald hand men ei dommarhand. Blir det iallfall sagt. Men vil dei militære halde fingrane av fatet? Noen av dei mest kontroversielle delane av grunnlova gjaldt jo nettopp unntaksreglar for dei militære. Grunnlovsdomstolen vil vel neppe utfordre dei, så lenge dei sit på det militæres nåde, og det gjer dei vel i grunnen? Enn så lenge er det altså eit militær-basert styre vi har, og så får vi vente på den lova overgangen til reelt sivilt styre.

Om det er "godt" avheng slik av dette, det som skal komme, men også av den første delen av definisjonen, det som vart satt til sides. Politisk er det nå stor enigheit om at Mursi og Brorskapet gjorde mange og grove feil, og at Egypt var havna i eit politisk uføre. Vi har vore inne på det tidligare: handteringa av grunnlova med folkerøysting før folk knapt fekk sett teksta var nærast farseaktig, aukande sekterisk vald mot shiaer og mot kristne, seksuell trakassering og i det heile nær sammenbrudd av den offentlige orden, primært fordi politiet ikkje fungerte som tryggheit. Kairo var alltid ein trygg by, nå ikkje lenger. Ikkje alt kan leggas på Brorskapets skuldre (politiets historie som Mubaraks tjenarar gjorde at dei mista nødvendig autoritet), men den aukande bruken av religiøs retorikk (islam det er oss) og stadig sterkare allianse med salafistane var deira val og var ein viktig grunn til det politiske fastlåste situasjonen, uansett om ein også legg noe av den skulda på opposisjonens tilsvarande umodenheit. 

Så Mursis styre var ikkje vellykka. Men kuppet stettar ikkje kravet om det ikkje skal finnas noen demokratisk måte å skifte det ut. Ingen har så langt antyda noe anna enn at Brorskapet ville arrangere normalt presidentval når perioden var over om tre år (og dei fekk heller ikkje sjansen til å prøve), men alt nå til hausten skulle det vore parlamentsval, når berre vallova var på plass. Igjen, ingen har antyda anna enn at dette ville ha vore eit fritt og demokratisk val, og om opposisjonen hadde Folket på si side, hadde dei jo vunne det - og det hadde dei nok også gjort. Det hadde gitt dei muligheit til å skape ei demokratisk motvekt mot presidenten. Noen demonstrantar seier at "demokratiet betyr jo ikkje at denne mannen skal få misbruke makta si i heile perioden" - jo, det er faktisk akkurat dét det betyr. Den som har tapt eit val må bite i seg at den andre parten gjennomfører den "feilaktige" politikken som dei er valde på. Brutte valløfter er heller jo ikkje uvanlig, heller ikkje her til lands, og gir grunn for å skifte - ved neste val.
         Berre dersom det er heilt kritisk sammenbrudd av typen kupp, krig eller anarki (eller forsøk på å avskaffe det demokratiske systemet) kan ein demokratisk forsvare at systemet blir satt til sides. Det var i parentes bemerka knapt noen gong tilfellet i Tyrkia (da det faktisk var tilnærma sammenbrudd, i 2002, så var det ordinære val som fekk dei ut av det). Og med alle sine feil kan ein ikkje seie at Egypt stod i eit slikt umiddelbart kaos, sjøl om det er det bildet opposisjonen prøver, med sterke retoriske grep, å dra opp. Dette er delvis ei empirisk vurdering av stoda, dels ei normativ vurdering av "demokratiets pris", men det summerer seg altså til at dette ikkje var noe "godt kupp", eller tilstrekkelig til å sette det egyptiske demokratiets første famlande steg til sides. Om militæret eller andre "nøytrale" krefter hadde gjort noe for å påvirke dei ulike partane, presidenten og opposisjonen (og domstolane?), til å samarbeide, og nå under demonstrasjonane å halde partane frå kvarandre, ville vere noe anna, men det var ikkje det som skjedde.

Vegen framover
Men nå er vi nå der. Muligheiter vidare? Kva gjeld det umiddelbare, får vi altså sjå kor langt Brorskapets motstand dei kommande dagane vil gå. I forkant kan vi legge merke til både at Brorskapet har før mobilisert store massar, men at dei også her har dratt på støtte frå salafistar i gatene. Det er ennå ikkje klart kva som kjem til å bli den "jevne salafists" haldning til kuppet. To av dei største partia, Nur og Gama'at, oppmoda Mursi om å trekke seg og halde nyval og har stilt seg i det minste nøytralt til kuppet, mens andre mindre salafistparti støtta opp om han til det siste. Det er mulig å tru at også mange salafistar misliker Brorskapets maktarroganse, som jo i hovudsak var til fordel for deira eige parti åleine, men at den kommande revisjonen av grunnlova (og fjerning av paragrafane som viser til shari'a, slik dei liberale krev og domstolen trulig vil etterkomme), vil skape ein samla islamistisk front mellom Brorskapet og alle salafistar; dei siste reknar Grunnlova eigentlig som deira eigen seier vel så mye som Brorskapets: Egypt islamsk! Slik kan salafistane komme til å ha ei vinglande og uklar line framover, men kanskje mest trulig fri seg frå og skape avstand til Mursi og Brorskapet og prøve å bli ein sjølstendig, islamsk, front mot det nye "sekulære" styret. Det vil ha store muligheiter for å få stor oppslutning både i gatene og ved valurnene.

Dei liberale elskar nå det militære, men berre så lenge dei militære står på samme line som dei sjøl. Forsøk på å t.d. stanse rettsforfølginga av Mubarak eller få (for mange) av hans gamle folk tilbake i posisjon kan forsure det forholdet. Men først og fremst vil dei sivile liberale nå ha muligheita til å styre sjøl, og vil motsette seg forsøk frå dei militære på å bli ein "sjuande far i huset". Dei treng støtte av dei idag, alliansen vil halde i noen månader, men trekker det for langt ut med val der dei sivile partia får full styring med politikken, så kan mistanken om "feloul" hos dei militære føre til usemje. Men det er jo også så mange politiske variantar på den banen, at det kan godt vere at ulike parti vil følge ulike spor her. Dei som følger med vil sikkert få mye interessant å vurdere her, i året som kjem.

Dei militære, kva ønskar dei? Det har komme, og vil sikkert komme meir, påstandar om at dette ikkje var eit brått påfunn, men at dei militære hadde planlagt lenge å skyve Mursi til sides, at dei t.d. hadde provosert fram den akutte økonomiske krisa. Mye fell nok under headingen konspirasjonsteori, som jo også florerer. Meir seriøst kan det vere at han irriterte dei miltære da han ved fleire høve rasla med deira sablar utan å spørre dei, både ved å true med konflikt med Etiopia over Nil-vatnet, og nå sist i forhold til Syria, der mange oppfatta han som å oppmode egyptarar om å reise til Syria og slåss, dei militære såg ganske ublidt på å få nye jihad-trente tilbake. Det kan i det minste ha påverka måten dei reagerte på, ved så langt å stenge Brorskapet heilt ute.

Så det er altså også kva dei vil gjere med Brorskapet. For det nye styret er jo det beste at Brorskapet sjøl boikottar (slik dei seier dei skal gjere), og helst da på ein fredelig måte. Å prøve forby eller oppløyse Brorskapet er trulig umulig, trass alt er jo Brorskapet bygd opp som ein formelt ulovlig organisasjon, og har eit massivt omfang. Men dagens forlydenar om at leiinga i Brorskapet skal rettsforfølgas på vage skuldingar om å ha "fornærma rettsapparatet" eller oppmoda til vald - nokolunde parallelt med rettssaka mot Mubarak - tyder ikkje på det beste. I eit demokratisk system må denne viktige politiske retninga få presentere seg, og så heller tape i val. Og egentlig tener opposisjonen bedre på at Brorskapet stiller til val som mislykka politikarar enn som martyrar for islam.

Brorskapet må sjøl bestemme kvar dei vil gå, men om vi også skulle gi råd til dei, så var det å gjennomføre eit generasjonsskifte. Dei mista mange ungdommar i 2011 på grunn av "dinosauranes" maktfullkommenheit (desse unge stifta fleire mindre i hovudsak liberale islamistparti), og Brorskapet vil sikkert tene på at nye krefter innan rørsla kjem fram. Igjen må vi advare mot enkle forventningar: ikkje alle unge er liberale, ein ny generasjon kan også ha meir konservative, salafist-orienterte innslag. Men hovudinntrykket ser likevel ut til at dei unge har vore bedre til politisk konsensus og samarbeid enn dei gamle - som på si side har hierarkiet og nå altså martyrstempelet på si side. Dette vil iallfall på noe sikt vise korleis Brorskapet vil komme tilbake frå dette nederlaget, der dei vel må i det minste internt vedgå at deira strategi dei siste to åra har vore feil.

Det har ennå berre gått eit par dagar, så mye kan endre seg framover. Men dei politiske hovudkreftene i Egypt er jo der som dei har vore, og kjem demokratiet tilbake på sporet, vil desse kreftene igjen vere der, i ei eller anna form og størrelsesforhold.

onsdag 3. juli 2013

Egypt: Militærkupp

Raske endringar. I skrivande stund har militærleiinga tatt makta, president Mursi ber folket stå mot kuppet, men unngå vald. Det siste er det umiddelbare problemet, dersom Brorskapet gjer alvor av ville "forsvare Mursi og konstitusjonen med blod" og mobiliserer kan det bli blodig. Den som les dette i morgon torsdag vil vite meir.

Det som har skjedd så langt, er altså at den planen al-Ahram lekka før i dag har vist seg å stemme: Hæren har tatt makta og avsatt Mursi, men vil ikkje styre sjøl. Leiaren for Konstitusjonsdomstolen, Adil Mansour er satt til å leie landet midlertidig, konstitusjonen midlertidig satt til sides og ny regjering skal utnemnas.

Er dette eit kupp? Ja, openbart, det er definisjonen på eit kupp: det militære har avsatt ein vald president berre eitt år inne i hans valperiode. Men det er eit kupp som ikkje var provosert fram av militæret sjøl, men av massedemonstrasjonar. Demonstrantane er ikkje folket, som dei sjøl (og mange vestlige media) seier, for det er delt i (minst) to. Men dei representerer openbart ein stor del av folket. Slik er det eit kupp med brei støtte, men det er ikkje desto mindre eit kupp.

Det viktige nå blir kva som skjer vidare. Dei første dagane vil gi fleire svar, men om vi skal ta dei nye styrarane på ordet, så skal den politiske prosessen komme i gang igjen snart, "utan noen eksklusjonar", som han sa - det må da bety at også Brorskapet skal kunne fortsette å spille ei rolle. Noe anna ville jo også umulig, om ein ikkje skal gå tilbake til Mubarakstyrets undertrykking. Og trass i den motstanden som vi har sett, så er fortsatt Brorskapet Egypts einaste godt organiserte og landsomfattande parti, og vil bli det største av dei partia vi kan sjå i dag. Det kan heldigvis også virke modererande på det sinnet som Brorskapets folk nok kjenner i kveld: Dei vil kunne komme tilbake, berre vi får regulære valg igjen.

Det veit også både militæret og opposisjonen. Derfor kan dei meine at "Brorskapet har nå hatt sin sjanse", og legge konstitusjonelle kjelker i vegen for at Brorskapet skal kunne delta i valga. Men dei veit trulig godt at dei som vil tene på at Brorskapet blir ekskludert, vil vere salafistane. Dei kan som i Tyrkia forby parti med religiøse namn eller identitet å stille til valg - men alle islamistparti har nøytrale namn som "fridom, rettferd, utvikling"; og å forby ein politikk er vanskelig. I Egypt ville det vere å ekskludere kanskje ein tredel av velgarmassen frå å uttrykke seg, om vi legg minimumstala for islamistiske parti sammen. Det er trulig umulig i eit system basert på val.

Kretsar i dei militære, og særlig dei gamle, kan kanskje da også meine at "val-demokratiet" har hatt sin sjanse og lengter tilbake til den gamle orden. Men dei som er i gatene, og spesielt deira talsmenn, den liberale opposisjonen, må ha eit valsystem, dei kan ikkje håpe å hevde seg gjennom dei militære. Derfor er det grunn til å tru på løftet om at vi får nye opne president- og parlamentsval; og med Brorskapet ute av spill, kan det vere at domstolane, Mursis arge fiendar, er meir velvillige til å sette opp eit system som faktisk blir godkjent av dei. Det er det positive bildet.

Det negative er trulig at euforien til dei som nå har vunne frå Tahrir kan fordufte, slik det gjorde førre gong. Opposisjonspartia har hatt noe erfaring med samarbeid nå, mens Tamarrud-rørsla, som sette det heile i gang kanskje eller kanskje ikkje kjenner seg igjen i desse små partia. Klarer dei faktisk å samle seg rundt ein politikk og ein kandidat, så står dei openbart sterkt. Men om sosialistar, nasseristar, liberale og liberal-islamistar held fram å kjøre fram kvar sine folk, nå som "fienden" er slått ut, så er det nok ei rørsle som er både relativt uberørt av kuppet og har vist evne til å mobilisere: salafistane som kan komme til å bli dei som drar størst gevinst av dette kuppet mot Egypts første valde islamistiske president.

Og kva med smitte-effekten? Tunisia har fått si Tamarrud-rørsle, i Marokko styrkar dei gamle partia seg, og i Libya - ja, der begynner bombinga og striden igjen. Den som kan trekke eit lettelsens sukk er Assad i Syria: Mursi var i ferd med å bli ein erkefiende som agiterte (til hærens irritasjon) for utanlandsk intervensjon mot Assad. Nå slepp han iallfall skjele til den kanten.

tirsdag 2. juli 2013

Egypt: Revolusjon fase II?

Igjen dramatikk i Kairo, ein snakkar på ny om millionar i gatene. Men nå deler opinionen seg mellom eufori og uro. Er dette fase to av revolusjonen frå 2011? Eller er det ein kontrarevolusjon? Står Egypt på randen av borgarkrig?

Stoda er i skrivande stund altså slik: Etter lang tid med isfront mellom regjeringa og opposisjonen, kalte begge sider inn til kvar sine demonstrasjonar på søndag, årsdagen for president Mursis styre. Her "vann" opposisjonen klart, om det ikkje var millionar, var det tydelig fleire hundretusnar i gatene med krav om at Mursi måtte gå av, ikkje berre i Kairo, men over heile landet. Demonstrasjonane for regjeringa var langt mindre, kanskje noen titusnar, og berre i Kairo. Anti-Mursi-demonstrasjonane var langt større enn venta, og viste heilt klart eit breitt folkelig krav, og misnøye med Mursi og styresettet hans. Dette har skapt ein ny politisk situasjon. Fleire ministre har gått av, mens presidenten insisterer på å bli sittande.

Demonstrantane er samla i kravet om at Mursi må gå av og nyval haldas, men er delt i synet på militæret. Mange krev at hæren må gripe inn og "berge Egypt" frå Brorskapet, mens andre fryktar hæren like mye som dei gjorde for to år sidan. I går kom altså forsvarsminister og hærsjef Abd al-Fattah al-Sisi med eit ultimatum til i morgon, onsdag: Alle partar (og spesielt president Mursi) må "finne ei løysing" på krisa, elles så vil hæren komme med eit "veikart". Kva dette veikartet skal gå ut på, veit ingen, talsmenn for Brorskapet advarer mot nytt militærkupp, men hæren insisterer på at dei ikkje tenker på noe slikt. Mursi seier han ikkje vil bøye seg (les: gå av), mens opposisjonen helsar Sisis erklæring som ein delseier for seg. 

Vi vil altså sjå i dagane framover kva som ligg i dette "veikartet", dette ordet blir jo ofte brukt om "ein plan for det ein gjerne vil, men ikkje ser noen muligheit til å gjennomføre". Men la oss prøve å sjå litt på stoda til partane i denne konflikten, slik det ser ut akkurat nå.

Regimet og Brorskapet
Brorskapets kanskje viktigaste politisk feilsteg kom da dei politiske bitane skulle leggas på plass etter revolusjonen. Dei stod da kanskje på sitt sterkaste, i mellom to svakare krefter: På den eine sida ei rekke eldre og nyare parti vi plar kalle "liberale" eller "sekulære" (sjøl om dei fleste nok ikkje er det siste), på den andre sida ei gruppe meir konservative islamistar, salafistane. Dei liberale hadde eigne politiske ambisjonar og stilte seg i opposisjon, men klarte ikkje å samarbeide og var derfor ganske ineffektive. Salafistane var i starten ganske ustyrlige, men dei beste politikarane deira la seg tett opp til Brorskapet og støtta deira politikk. Brorskapet, som også har ei salafist-vennlig fløy og fortsatt eit ganske alderdommelig leiarskap, gjekk her minste motstands veg og allierte seg med salafistane i mange saker. Dette var tydelig eit politisk feilsteg: Det førte den splitta liberale opposisjonen sammen, og skremte velgarar i midten som frykta salafistanes fantasiar og at Brorskapet skulle gjere Egypt "iransk". Hadde Brorskapet vist bedre politisk fingerspissfølelse, markert avstand til salafistane og fått til samarbeid "over midten" med delar av den liberale opposisjonen, så hadde vi stått i ein heilt annan situasjon i dag.

Men det skjedde altså ikkje, og seinare forsking får vise om dette noen gong var realistisk: "Problemet" for Brorskapet var at dei vart så store at alle dei små sentrumspartia frykta å bli fanga i "hertuginnens favntak" og var skeptiske til samarbeid. Uansett viste Brorskapet heilt klart ein maktarroganse og manglande vilje til å komme opposisjonspartia i møte som isolerte dei politisk, og som dei fortsatt heng fast i.

Så langt har altså opposisjonen rett: Brorskapet har vore seg sjøl nok, og ikkje villa tilpasse seg nok til å etablere ein solid basis for det nye demokratiet. Brorskapet har på si side rett i at dei har faktisk vunne alle val som har vore halde, val som vel var så rettferdige og frie som det var mulig under forholda. Dei har opplagt demokratisk legitimitet. Men i ein slik sårbar fase som Egypt stod i etter 2011, ville nok ei "samlingsregjering" av noe slag vore med på å sementere dei demokratiske institusjonane. Delar av statsapparatet frå det gamle styret har motarbeidd dei og nærma seg ei sabotasjeline, og opposisjonen har vore vrangvillig og latt eigne partipolitiske hensyn stå over nasjonalt samhald. Men det har også Brorskapet gjort, Mursi har vore meir opptatt av etablere sin eigen "styrke" som president enn av å komme med slike konsesjonar at samarbeid vart mulig. Derfor står vi der vi gjer.

Har så Brorskapet "invadert" staten og laga ein "Brorskapsstat" som vil påtvinge sharia på alle egyptarar, slik mange i opposisjonen hevdar? Det er sentralt for kravet om ein "ny revolusjon", altså at ein ikkje kan vente til neste normale presidentval om tre år. Det kjem nok noko av auga som ser, Brorskapet har utnemnt sine folk til noen posisjonar (og prøvd bruke rettsapparatet mot noen kritikarar), men det er vel rimelig å følge Le Monde i at dette likevel er overdrive. Det har ikkje komme noen massiv invasjon av Brorskapsfolk i statsadministrasjonen, statsministeren og mange av ministrane er teknokratar utan politisk bakgrunn. Som vi tidligare har diskutert, kom det noen sterkare formuleringar om sharia i den nye grunnlova enn før, men det var ikkje noen dramatiske endringar i den retning i lovteksten elles. Det er ingen ting som tyder på Egypt ville blitt transformert til noe totalitært Brorskapsland i dei tre åra som gjenstår, og det er heller ingen ting som tyda på at ikkje nye val ville bli halde på normal måte (parlamentsval alt i haust).

Brorskapet har altså fungert primært som eit maktsjuk partiapparat, som vil konsolidere sin eiga stilling, i samarbeid med andre islamistar og salafistar. Rundt seg har dei derfor primært andre islamistiske parti. Interessant nok har det største salafist-partiet Nur tatt avstand både frå Mursi og frå opposisjonen, og presenterer seg (utan særlig håp) som "mellom-mann" mellom dei to. Det er ikkje heilt nytt, Nur er det einaste store islamistiske partiet som kunne håpe på å stille seg opp som rival til Brorskapet. Mellom dei som har støtta Mursi, finn vi derimot to mindre parti, Watan og Wasat. Det første er ei meir sentrumsorientert avskalling av Nur, det andre er eit eldre liberal-islamsk parti som ofte støttar opposisjonen, og heile tida har vakla mellom å støtte Brorskapet og opposisjonen, deira klassiske leiestjerne er teologen Yusuf al-Qaradawi, som klart støttar Brorskapet. Wasat har mista medlemmer i det siste, og skal etter noen rapportar i dag ha slutta seg til protestane igjen.


Opposisjonen
Opposisjonen omfattar altså ei lang rekke parti, frå venstreorienterte sosialistar over liberale til moderate islamistar, men protestane går heilt klart langt ut over desse i hovudsak ganske små og ustabile politiske partia, som også trulig ikkje er sameint i stort meir enn motstand mot Brorskapet og at Mursi skal gå av. Det er uklart korleis dei ønsker det, om det skal komme nyval til president nå, om det skal vere folkerøysting om eit evt. nyval, eller altså at dei militære skal ta over. Dette siste er altså spørsmålet mange stiller seg: Finnes det eit innslag av såkalla foloul hos dei, og i så fall kor sterkt? "Foloul" er eit skjellsord på dei som enten støtta eller deltok i Mubaraks gamle styre; regimet påstår det er slike som nå protesterer, opposisjonen ser det som ei fornærming. Mest trulig er det vel at dei som faktisk støtta Mubarak-styret nå deltar i protestane - kvifor skulle dei ikkje gjere det - men at dei er såpass få at det ikkje kan forklare breidda i oppreisten.

Innhaldet i protesten er altså reaksjon mot Brorskapets makt og politikk det siste året. Men det er opplagt at dette like mye er ein sosial og økonomisk protest. Egypt hadde problem under Mubarak, og folk forventa at når han forsvann skulle "ting bli bedre". Det motsatte skjedde, revolusjonen førte i seg sjøl til stillstand som ein ikkje har komme over ennå. Mursi har i hovudsak lagt seg på samme IMF-vennlige line som styret før han, utan at det har ført til noen positiv omsnunad. Derfor vender den samme sosiale protesten seg mot han. Kynisk kan ein seie at dette både var forventa og ville ramme einkvar som sit med regjeringsmakta, fordi det trengs langt meir tid for å kunne få den egyptiske økonomien og dermed levekåra for folk flest opp på beina igjen, mens forventningane til folk flest var skyhøge. Men nå kopla seg dette altså til den politiske krisa, og har vore med å gi den den masseoppslutninga som den har fått.


Hæren
Kan så det heile ende med borgarkrig? Mest trulig ikkje, iallfall ikkje så lenge dei militære styrkane står samla og blir oppfatta som nokolunde nøytrale, altså ikkje direkte grip inn militært mot noen av partane. Hæren blir i dag ikkje oppfatta som å stå på noen av sidene, den er jo først og fremst knytta til det gamle regimet. Dagens hærsjef Sisi var med i det gamle Overgangsrådet frå 2011, men er av ein yngre generasjon som nok ønska ei meir tilbaketrukken rolle, så lenge berre dei militæres økonomiske priviligier blir beskytta. Det var Mursi som utpeikte han etter effektivt å ha fjerna dei gamle generalane, så han er nok ikkje utan sympati mot dagens styre, men det er nok seriøst at hæren ikkje vil tolerere noe som liknar på væpna sammenstøytar mellom partane, om slikt skulle komme.

Idag er vi langt i frå det, Egypt har ingen geriljagrupper (utanom ein handfull jihadistar i Sinai) eller væpning som skulle få dette til å eskalere. Skuldingar om bruk av køller og slagvåpen hos demonstrantar, vold frå "ultras" (politisk aktive fotball-supportarar) er ennå langt unna noe som kan true staten. Det viser heller at politiet og den daglige sikkerheita er forvitra, dagligvold, seksuell trakassering og også lynsjing av folk frå minoritetane (kristne og shiaer) viser dette. Om politiet, langt meir knytta til Mubarak-styret, saboterer eller berre er inkompetent, er ikkje klart - politifolk skal ha deltatt i angrepa på Brorskapets kontorer, og er nok i stor grad politisk mot styret - men dette er naturligvis med å legge grunn for sosial uro i landet.

Det er likevel her uroa ligg nå. På søndag "vann" anti-Mursi-demonstrasjonen. Men Brorskapet har naturligvis, uansett kor isolerte dei er blitt, eit mobiliseringspotensiale i gatene langt over dei få tusen dei viste søndag. Om dei bestemmer seg for å kalle ut alle sine til tilsvarande massedemonstrasjonar, med støtte frå salafist-grupper, over heile Egypt, og dagens protestantar svarar, så vil vi få ein kaotisk situasjon. Da vil nok ropet på militær intervensjon bli langt sterkare. Men til støtte for kven? For "forsvar av institusjonane" (altså staten og Brorskapet) eller "løysing av krisa" (altså nyval og opposisjonen)?

Det vil vise seg i dagane som kjem. Men at Egypt nå står i ein farlig posisjon der eit "vindpust" kan få det til å bikke, ser ut til å vere rimelig klart.