tirsdag 2. juli 2013

Egypt: Revolusjon fase II?

Igjen dramatikk i Kairo, ein snakkar på ny om millionar i gatene. Men nå deler opinionen seg mellom eufori og uro. Er dette fase to av revolusjonen frå 2011? Eller er det ein kontrarevolusjon? Står Egypt på randen av borgarkrig?

Stoda er i skrivande stund altså slik: Etter lang tid med isfront mellom regjeringa og opposisjonen, kalte begge sider inn til kvar sine demonstrasjonar på søndag, årsdagen for president Mursis styre. Her "vann" opposisjonen klart, om det ikkje var millionar, var det tydelig fleire hundretusnar i gatene med krav om at Mursi måtte gå av, ikkje berre i Kairo, men over heile landet. Demonstrasjonane for regjeringa var langt mindre, kanskje noen titusnar, og berre i Kairo. Anti-Mursi-demonstrasjonane var langt større enn venta, og viste heilt klart eit breitt folkelig krav, og misnøye med Mursi og styresettet hans. Dette har skapt ein ny politisk situasjon. Fleire ministre har gått av, mens presidenten insisterer på å bli sittande.

Demonstrantane er samla i kravet om at Mursi må gå av og nyval haldas, men er delt i synet på militæret. Mange krev at hæren må gripe inn og "berge Egypt" frå Brorskapet, mens andre fryktar hæren like mye som dei gjorde for to år sidan. I går kom altså forsvarsminister og hærsjef Abd al-Fattah al-Sisi med eit ultimatum til i morgon, onsdag: Alle partar (og spesielt president Mursi) må "finne ei løysing" på krisa, elles så vil hæren komme med eit "veikart". Kva dette veikartet skal gå ut på, veit ingen, talsmenn for Brorskapet advarer mot nytt militærkupp, men hæren insisterer på at dei ikkje tenker på noe slikt. Mursi seier han ikkje vil bøye seg (les: gå av), mens opposisjonen helsar Sisis erklæring som ein delseier for seg. 

Vi vil altså sjå i dagane framover kva som ligg i dette "veikartet", dette ordet blir jo ofte brukt om "ein plan for det ein gjerne vil, men ikkje ser noen muligheit til å gjennomføre". Men la oss prøve å sjå litt på stoda til partane i denne konflikten, slik det ser ut akkurat nå.

Regimet og Brorskapet
Brorskapets kanskje viktigaste politisk feilsteg kom da dei politiske bitane skulle leggas på plass etter revolusjonen. Dei stod da kanskje på sitt sterkaste, i mellom to svakare krefter: På den eine sida ei rekke eldre og nyare parti vi plar kalle "liberale" eller "sekulære" (sjøl om dei fleste nok ikkje er det siste), på den andre sida ei gruppe meir konservative islamistar, salafistane. Dei liberale hadde eigne politiske ambisjonar og stilte seg i opposisjon, men klarte ikkje å samarbeide og var derfor ganske ineffektive. Salafistane var i starten ganske ustyrlige, men dei beste politikarane deira la seg tett opp til Brorskapet og støtta deira politikk. Brorskapet, som også har ei salafist-vennlig fløy og fortsatt eit ganske alderdommelig leiarskap, gjekk her minste motstands veg og allierte seg med salafistane i mange saker. Dette var tydelig eit politisk feilsteg: Det førte den splitta liberale opposisjonen sammen, og skremte velgarar i midten som frykta salafistanes fantasiar og at Brorskapet skulle gjere Egypt "iransk". Hadde Brorskapet vist bedre politisk fingerspissfølelse, markert avstand til salafistane og fått til samarbeid "over midten" med delar av den liberale opposisjonen, så hadde vi stått i ein heilt annan situasjon i dag.

Men det skjedde altså ikkje, og seinare forsking får vise om dette noen gong var realistisk: "Problemet" for Brorskapet var at dei vart så store at alle dei små sentrumspartia frykta å bli fanga i "hertuginnens favntak" og var skeptiske til samarbeid. Uansett viste Brorskapet heilt klart ein maktarroganse og manglande vilje til å komme opposisjonspartia i møte som isolerte dei politisk, og som dei fortsatt heng fast i.

Så langt har altså opposisjonen rett: Brorskapet har vore seg sjøl nok, og ikkje villa tilpasse seg nok til å etablere ein solid basis for det nye demokratiet. Brorskapet har på si side rett i at dei har faktisk vunne alle val som har vore halde, val som vel var så rettferdige og frie som det var mulig under forholda. Dei har opplagt demokratisk legitimitet. Men i ein slik sårbar fase som Egypt stod i etter 2011, ville nok ei "samlingsregjering" av noe slag vore med på å sementere dei demokratiske institusjonane. Delar av statsapparatet frå det gamle styret har motarbeidd dei og nærma seg ei sabotasjeline, og opposisjonen har vore vrangvillig og latt eigne partipolitiske hensyn stå over nasjonalt samhald. Men det har også Brorskapet gjort, Mursi har vore meir opptatt av etablere sin eigen "styrke" som president enn av å komme med slike konsesjonar at samarbeid vart mulig. Derfor står vi der vi gjer.

Har så Brorskapet "invadert" staten og laga ein "Brorskapsstat" som vil påtvinge sharia på alle egyptarar, slik mange i opposisjonen hevdar? Det er sentralt for kravet om ein "ny revolusjon", altså at ein ikkje kan vente til neste normale presidentval om tre år. Det kjem nok noko av auga som ser, Brorskapet har utnemnt sine folk til noen posisjonar (og prøvd bruke rettsapparatet mot noen kritikarar), men det er vel rimelig å følge Le Monde i at dette likevel er overdrive. Det har ikkje komme noen massiv invasjon av Brorskapsfolk i statsadministrasjonen, statsministeren og mange av ministrane er teknokratar utan politisk bakgrunn. Som vi tidligare har diskutert, kom det noen sterkare formuleringar om sharia i den nye grunnlova enn før, men det var ikkje noen dramatiske endringar i den retning i lovteksten elles. Det er ingen ting som tyder på Egypt ville blitt transformert til noe totalitært Brorskapsland i dei tre åra som gjenstår, og det er heller ingen ting som tyda på at ikkje nye val ville bli halde på normal måte (parlamentsval alt i haust).

Brorskapet har altså fungert primært som eit maktsjuk partiapparat, som vil konsolidere sin eiga stilling, i samarbeid med andre islamistar og salafistar. Rundt seg har dei derfor primært andre islamistiske parti. Interessant nok har det største salafist-partiet Nur tatt avstand både frå Mursi og frå opposisjonen, og presenterer seg (utan særlig håp) som "mellom-mann" mellom dei to. Det er ikkje heilt nytt, Nur er det einaste store islamistiske partiet som kunne håpe på å stille seg opp som rival til Brorskapet. Mellom dei som har støtta Mursi, finn vi derimot to mindre parti, Watan og Wasat. Det første er ei meir sentrumsorientert avskalling av Nur, det andre er eit eldre liberal-islamsk parti som ofte støttar opposisjonen, og heile tida har vakla mellom å støtte Brorskapet og opposisjonen, deira klassiske leiestjerne er teologen Yusuf al-Qaradawi, som klart støttar Brorskapet. Wasat har mista medlemmer i det siste, og skal etter noen rapportar i dag ha slutta seg til protestane igjen.


Opposisjonen
Opposisjonen omfattar altså ei lang rekke parti, frå venstreorienterte sosialistar over liberale til moderate islamistar, men protestane går heilt klart langt ut over desse i hovudsak ganske små og ustabile politiske partia, som også trulig ikkje er sameint i stort meir enn motstand mot Brorskapet og at Mursi skal gå av. Det er uklart korleis dei ønsker det, om det skal komme nyval til president nå, om det skal vere folkerøysting om eit evt. nyval, eller altså at dei militære skal ta over. Dette siste er altså spørsmålet mange stiller seg: Finnes det eit innslag av såkalla foloul hos dei, og i så fall kor sterkt? "Foloul" er eit skjellsord på dei som enten støtta eller deltok i Mubaraks gamle styre; regimet påstår det er slike som nå protesterer, opposisjonen ser det som ei fornærming. Mest trulig er det vel at dei som faktisk støtta Mubarak-styret nå deltar i protestane - kvifor skulle dei ikkje gjere det - men at dei er såpass få at det ikkje kan forklare breidda i oppreisten.

Innhaldet i protesten er altså reaksjon mot Brorskapets makt og politikk det siste året. Men det er opplagt at dette like mye er ein sosial og økonomisk protest. Egypt hadde problem under Mubarak, og folk forventa at når han forsvann skulle "ting bli bedre". Det motsatte skjedde, revolusjonen førte i seg sjøl til stillstand som ein ikkje har komme over ennå. Mursi har i hovudsak lagt seg på samme IMF-vennlige line som styret før han, utan at det har ført til noen positiv omsnunad. Derfor vender den samme sosiale protesten seg mot han. Kynisk kan ein seie at dette både var forventa og ville ramme einkvar som sit med regjeringsmakta, fordi det trengs langt meir tid for å kunne få den egyptiske økonomien og dermed levekåra for folk flest opp på beina igjen, mens forventningane til folk flest var skyhøge. Men nå kopla seg dette altså til den politiske krisa, og har vore med å gi den den masseoppslutninga som den har fått.


Hæren
Kan så det heile ende med borgarkrig? Mest trulig ikkje, iallfall ikkje så lenge dei militære styrkane står samla og blir oppfatta som nokolunde nøytrale, altså ikkje direkte grip inn militært mot noen av partane. Hæren blir i dag ikkje oppfatta som å stå på noen av sidene, den er jo først og fremst knytta til det gamle regimet. Dagens hærsjef Sisi var med i det gamle Overgangsrådet frå 2011, men er av ein yngre generasjon som nok ønska ei meir tilbaketrukken rolle, så lenge berre dei militæres økonomiske priviligier blir beskytta. Det var Mursi som utpeikte han etter effektivt å ha fjerna dei gamle generalane, så han er nok ikkje utan sympati mot dagens styre, men det er nok seriøst at hæren ikkje vil tolerere noe som liknar på væpna sammenstøytar mellom partane, om slikt skulle komme.

Idag er vi langt i frå det, Egypt har ingen geriljagrupper (utanom ein handfull jihadistar i Sinai) eller væpning som skulle få dette til å eskalere. Skuldingar om bruk av køller og slagvåpen hos demonstrantar, vold frå "ultras" (politisk aktive fotball-supportarar) er ennå langt unna noe som kan true staten. Det viser heller at politiet og den daglige sikkerheita er forvitra, dagligvold, seksuell trakassering og også lynsjing av folk frå minoritetane (kristne og shiaer) viser dette. Om politiet, langt meir knytta til Mubarak-styret, saboterer eller berre er inkompetent, er ikkje klart - politifolk skal ha deltatt i angrepa på Brorskapets kontorer, og er nok i stor grad politisk mot styret - men dette er naturligvis med å legge grunn for sosial uro i landet.

Det er likevel her uroa ligg nå. På søndag "vann" anti-Mursi-demonstrasjonen. Men Brorskapet har naturligvis, uansett kor isolerte dei er blitt, eit mobiliseringspotensiale i gatene langt over dei få tusen dei viste søndag. Om dei bestemmer seg for å kalle ut alle sine til tilsvarande massedemonstrasjonar, med støtte frå salafist-grupper, over heile Egypt, og dagens protestantar svarar, så vil vi få ein kaotisk situasjon. Da vil nok ropet på militær intervensjon bli langt sterkare. Men til støtte for kven? For "forsvar av institusjonane" (altså staten og Brorskapet) eller "løysing av krisa" (altså nyval og opposisjonen)?

Det vil vise seg i dagane som kjem. Men at Egypt nå står i ein farlig posisjon der eit "vindpust" kan få det til å bikke, ser ut til å vere rimelig klart.

Ingen kommentarer: