Måndag morgon, og uroa aukar. Kva gjeld detaljane, får vi følge nyheitssendingane, men kanskje litt forsøk på analyse og historikk, dessutan første refleksjonar over spørsmålet: Kva får hendingane å si for regionen Midtausten? -- Det er fleire ting å ta tak i, så for lesarvennligheit deler vi det opp i to samtidige innlegg: Her om den politiske situasjonen, i det andre om konsekvensar for regionen og to ord om økonomi.
På randen av borgakrig?
Valden i dag tidlig, der det i skrivande stund er snakk om eit førti-tal drepte, viser faren for eskalering. Er det likevel fare for borgarkrig? Det avheng av korleis partane opptrer og må derfor framtida vise, men la oss prøve å dele det opp:
Ei motsetning er mellom hæren og Mursis tilhengarar i Brorskapet, som er det som har gitt tapstalla i Kairo. Det kan bli fleire, ved at demonstrantar pressar mot militære, som skyt med skarpt tilbake. Men her er styrkeforholdet heilt ubalansert til fordel for dei militære: I seg sjøl kan det føre til tapstall og uro, men ikkje til borgarkrig.
Det kan endre seg over tid, dersom grupper enten frå Brorskapet, utbrytarar eller andre ekstreme grupper endrer taktikk frå massedemonstrasjonar til t.d. væpna åtak på politistasjonar elle militærbaser, slik vi såg frå jihadist-grupper på 1990-tallet. Men desse vart nedkjempa, og for Brorskapet ville dette trulig vere ei "dødsline" (bokstavlig), sidan dei da ikkje vil kunne bygge på den opne støtten dei har hos sine tilhengarar rundt om i landet. Brorskapet sjøl trur eg altså ikkje vil gå den vegen, om dei i det heile ser opning for eit alternativ. Meir radikale utbrytargrupper kan oppstå, og naturligvis kan eksisterande jihadist-grupper benytte seg av situasjonen for å prøve å få fotfeste igjen i Egypt. Åtaka i Sinai i går kjem trulig frå slike, sidan det relativt lovlause Sinai har husa noen slike grupper. At ei gruppe kalla "Ansar al-Shari'a" (samme namn som dei som angreip den amerikanske ambassaden i Kairo i fjor haust) nå påstår seg grunnlagt i Egypt, tyder også hit. Men trulig ligg slike farer likevel eit stykke fram i tida, og det egyptiske hær og politi har trening i å bekjempe slike grupper.
Ei meir aktuell motsetning er gatekamper mellom tilhengarar og motstandarar av kuppet. Det har ikkje vore mye av det i Kairo, men derimot ein del stridigheiter i andre byar. Hæren har muligheit til å stille seg mellom og skille, sjøl om dei jo ikkje lenger blir oppfatta som nøytrale. I det mest akutte tilfellet på 6. Oktoberbrua natt til i går heldt dei seg også lenge borte, men alvorlig sammenstøyt vart likevel avverga. Igjen ligg det eit stykke fram i tida at dette kan bli noen "borgarkrig", sidan dei som nå har vunne forheld seg til hæren, og ingen av dei er altså væpna i særlig grad.
Meir urovekkande kan det tredje vere, rein sosial uro mellom sivile i byar og landsbyar, der vi har sett fleire tilfelle av voldelige oppgjer, tildels med dødelig utfall. Sidan motsetninga for/mot regimet kan gå gjennom kvar einaste landsby, og med opphissa stemning, kan dette skape kaotiske forhold som kan komme ut av kontroll for styresmaktene. Berre eit sentral pålegg om å dempe gemyttane sentralt frå, ikkje minst frå Brorskapet, som har ein (heldigvis for dette tilfellet) ganske disiplinert og sentralstyrt organisasjon, og kan motvirke, om ikkje hindre slike lokale oppgjer. Dette kan bli farlig, men det er også grunn til å håpe at dei som har muligheita til det, er villig og i stand til å hindre at det kjem heilt ut av styring i staden for å satse på kaos.
I morgon startar for øvrig Ramadan, noe som kan enten utmatte dei fromme som fastar (Ramadan i juli er steinhardt), men kan også føre til, overført som bokstavlig, at temparaturen blir høg og kjølige hoder blir raude i toppen. For religiøse er jo også dette ei tid da nettopp religionen står i høgsetet.
Islamistar og islamistar
I noen media (NRK) har det vore tendens til å snakke om "islamistane" som aktør, som kan forvirre nå som "islamistane" har trukke seg frå støtte til kuppet mot "islamistane". Lesarane av denne bloggen veit jo bedre, det er snakk om ulike retningar og grupper. Men la oss ta med ein liten repetisjon, medrekna det eg har klart å finne ut så langt om kva dei meiner om kuppet (som rett nok skifter frå dag til dag).
Ved sidan av Det muslimske brorskapet sjøl, finnes det rundt eit tital større og mange mindre islamist-parti. Vi kan dele dei grovt i to: På den eine sida "liberale" utbrytarar frå Brorskapet: "liberal" brukar vi her berre som ei kortform for at dei ønsker samarbeid mot sentrum og ligg nærare dei ikkje-islamistiske partia i landet, innhaldet i politikken deira varierer.
Av desse kan vi merke oss to: Det eldste av desse er partiet Wasat, som gjekk ut frå Brorskapet alt i 1996, og prøvde utan hell å bli offisielt parti under Mubarak. Det var dominert av intellektuelle, og stod nær den liberale (sentrums-orienterte) fløyen innan Brorskapet, men med ein klarare sentrumsprofil. Etter revolusjonen har Wasat stått Brorskapet ganske nær, deltok m.a. i Grunnlovskommisjonen etter at dei liberale forlot denne, og har nok tiltenkt seg ei meklarrolle mellom Brorskap og sentrum. I den nåverande krisa støtta dei Mursi lenge, men gjekk heilt på slutten ut i ei nøytral stilling. Eg har ikkje sett reaksjonen deira til kuppet så langt.
Den andre er gruppa til Abd al-Mun'im Abu'l-Futuh. Han var ein av toppleiarane i Brorskapet heilt fram til revolusjonen, og stod systematisk for ei meir liberal line. Det var først ved leiarvalet i organisasjonen i 2010 at hans line tapte, til fordel for den meir konservative som styrer fortsatt. Abu'l-Futuh stilte til val som president, mot Brorskapets ønske, og vart derfor ekskludert. Han var lenge rekna som ein favoritt i presidentvalet, der han fridde til heile spekteret frå salafistar til sekulære og fekk brei støtte hos liberale intellektuelle, men han endte opp berre på fjerdeplass med 17 prosent. Seinare har han likevel hatt ei klar røyst gjennom sitt nye parti "Sterkt Egypt", og har vore alliert med den liberale opposisjonen som krevde Mursis avgang. Han er tydeligvis positiv til kuppet, men målberer sterkt kravet om at dei militære må nå overlate makta til sivile, uvisst om han vil prøve å skape avstand til kuppmakarane for å vinne støtte mellom misnøgde islamistar.
Den andre hovudretninga er da salafistane, som altså ikkje var politisk aktive før revolusjonen. Den viktigaste organisasjonen deira da var al-Da'wa al-salafiyya, den Salafistiske misjonen, i Alexandria, som la grunnen for det største salafist-partiet al-Nur, som uventa fekk 28 prosent av stemmene ved parlamentsvalet. Dei hadde etter det heilt klart ein ambisjon om å dominere til høgre for Brorskapet, og hadde heile tida eit ambivalent forhold til "storebror". I parlamentet og i grunnlovskommisjonen la dei seg tett opp til Brorskapet og utgjorde nær sagt ein blokk med dei, og klarte trekke dei i konservativ retning. Men i presidentvalet vakla dei mellom kven dei ville støtte (dei stilte ingen eigen), og endte opp i flokken bak den meir liberale Abu'l-Futuh, ikkje Mursi, i første omgang. Slik ser vi også nå at dei spiller politisk: Dei kravde at Mursi skulle gå av, men deltok ikkje sjøl i demonstrasjonane for det. Dei støtta kuppet og opptrådte sammen med dei militære etterpå, men trugar i dag med å trekke seg frå denne "koalisjonen". At dette meir konservative partiet i det heile er i den flokken, kjem rimelig sikkert av ønsket om å tene på motviljen mot Mursi og Brorskapet som også finnes mellom islamsk orienterte veljarar, og dermed "arve" denne velgargruppa. Men om dei militære framtrer som etterfølgarar av Mubarak-styret, og Brorskapet nå blir "martyrar", vil dei opportunistisk nok kunne snu om att.
Nur gjekk elles gjennom ei splitting tidligare i år, ein stor del av dei meir pragmatisk orienterte parlamentarikarane (med leiaren) gjekk ut i protest mot at misjonsstyret i Da'wa synes det vart for mye pragmatikk. Dei danna partiet Watan, som likevel ser ut til å ha orientert seg mot høgre heller enn mot sentrum. Så langt eg kan sjå, har dei støtta Mursi heile vegen fram til nå.
Lenger mot høgre ser det også ut til salafistanes mest karismatiske figur, Hazem Salah Abu Isma'il har lagt seg. Han hadde ikkje noe parti, men fekk umiddelbar popularitet og oppslutning, langt over Brorskapets kandidat, og såg derfor ei stund ut til å kunne bli den fremste islamistiske kandidaten, eller kanskje at andre omgang ville bli mellom han og Brorskapets førstekandidat. Men ved ein teknikalitet (at mor hans visstnok skulle ha bedt om amerikansk statsborgarskap) vart han nekta å stille, slik at salafistane ikkje var representert. Nur støtta uansett aldri han. Etter valget har han også stifta ulike parti, nå sist "Banner-partiet", og var ei tid i allianse med Watan. Han har også organisert aktivistiske støttegrupper, "Hazemiarane", som skal ha laga bråk og angripe rivalar. Abu Isma'il vart arrestert i etterkant av kuppet, og vil trulig markere seg som ein sterk motstandar av det nye styret.
Det nest største salafist-partiet i val ser likevel ut til å vere Gama'a islamiyya, som er notorisk fordi det var ei av dei to store jihadist-gruppene som kjempa i ein nær borgarkrig mot politi og militære i 1990-åra (det andre var al-Zawahri's Jihad, seinare del av al-Qa'ida). På 2000-talet gjorde Gama'a-leiinga i fengsel eit oppgjer med voldslina, som ser ut til å vere genuint, og har etter at dei vart legale i 2011 deltatt i vanlig parlamentarisk arbeid, med sitt eige parti. Dei har tre-fire prosent oppslutning, særlig i sørlige Egypt. Dei er nok likevel fortsatt meir harde salafistar enn Nur, men er som dei villig til skifte kappa etter vinden. Slik gjekk dei også ut mot Mursi før kuppet og forlangte nyval, og foreslo seg sjøl som meklar mellom Brorskapet og opposisjonen. Det siste er ganske friskt, sidan eit av dei faste angrepspunkta mot Mursi var at utnemnde eit medlem av Gama'a til guvernør i Luxor - regionen der dei samme massakrerte turistar i 1997. Lite trulig at dei liberale ville godsnakke med dei... Men ulikt Nur har Gama'a så langt eg ser ikkje støtta sjølve kuppet, og har nylig tvert om krevd at den nyinnsatte presidenten Adli Mansour må gå av.
Det er altså fleire kandidatar som er meir enn villig til å ta over "trona" og veljarane til Brorskapet, og noen av dei vil trulig også gjere det dersom Brorskapet ikkje får lov eller sjøl vel å boikotte nyval, om og når slike kjem. Dette er jo også Brorskapet klar over, og kan motivere dei til å gjere ein slik boikott så kort som råd. Salafistane må derfor prøve å manøvrere slik at dei held avstand til den nå upopulære Mursi og hans styre, samtidig som dei også held avstand til militærstyret og ikkje blir slått i hardtkorn med dei som "avskaffa det islamske styret", men likevel slik at dei held døra open for å delta i den vidare politiske utviklinga. Vi kan komme til å sjå mange interessante saltomortalar frå den kanten i tida som kjem.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar