onsdag 3. juli 2013

Egypt: Militærkupp

Raske endringar. I skrivande stund har militærleiinga tatt makta, president Mursi ber folket stå mot kuppet, men unngå vald. Det siste er det umiddelbare problemet, dersom Brorskapet gjer alvor av ville "forsvare Mursi og konstitusjonen med blod" og mobiliserer kan det bli blodig. Den som les dette i morgon torsdag vil vite meir.

Det som har skjedd så langt, er altså at den planen al-Ahram lekka før i dag har vist seg å stemme: Hæren har tatt makta og avsatt Mursi, men vil ikkje styre sjøl. Leiaren for Konstitusjonsdomstolen, Adil Mansour er satt til å leie landet midlertidig, konstitusjonen midlertidig satt til sides og ny regjering skal utnemnas.

Er dette eit kupp? Ja, openbart, det er definisjonen på eit kupp: det militære har avsatt ein vald president berre eitt år inne i hans valperiode. Men det er eit kupp som ikkje var provosert fram av militæret sjøl, men av massedemonstrasjonar. Demonstrantane er ikkje folket, som dei sjøl (og mange vestlige media) seier, for det er delt i (minst) to. Men dei representerer openbart ein stor del av folket. Slik er det eit kupp med brei støtte, men det er ikkje desto mindre eit kupp.

Det viktige nå blir kva som skjer vidare. Dei første dagane vil gi fleire svar, men om vi skal ta dei nye styrarane på ordet, så skal den politiske prosessen komme i gang igjen snart, "utan noen eksklusjonar", som han sa - det må da bety at også Brorskapet skal kunne fortsette å spille ei rolle. Noe anna ville jo også umulig, om ein ikkje skal gå tilbake til Mubarakstyrets undertrykking. Og trass i den motstanden som vi har sett, så er fortsatt Brorskapet Egypts einaste godt organiserte og landsomfattande parti, og vil bli det største av dei partia vi kan sjå i dag. Det kan heldigvis også virke modererande på det sinnet som Brorskapets folk nok kjenner i kveld: Dei vil kunne komme tilbake, berre vi får regulære valg igjen.

Det veit også både militæret og opposisjonen. Derfor kan dei meine at "Brorskapet har nå hatt sin sjanse", og legge konstitusjonelle kjelker i vegen for at Brorskapet skal kunne delta i valga. Men dei veit trulig godt at dei som vil tene på at Brorskapet blir ekskludert, vil vere salafistane. Dei kan som i Tyrkia forby parti med religiøse namn eller identitet å stille til valg - men alle islamistparti har nøytrale namn som "fridom, rettferd, utvikling"; og å forby ein politikk er vanskelig. I Egypt ville det vere å ekskludere kanskje ein tredel av velgarmassen frå å uttrykke seg, om vi legg minimumstala for islamistiske parti sammen. Det er trulig umulig i eit system basert på val.

Kretsar i dei militære, og særlig dei gamle, kan kanskje da også meine at "val-demokratiet" har hatt sin sjanse og lengter tilbake til den gamle orden. Men dei som er i gatene, og spesielt deira talsmenn, den liberale opposisjonen, må ha eit valsystem, dei kan ikkje håpe å hevde seg gjennom dei militære. Derfor er det grunn til å tru på løftet om at vi får nye opne president- og parlamentsval; og med Brorskapet ute av spill, kan det vere at domstolane, Mursis arge fiendar, er meir velvillige til å sette opp eit system som faktisk blir godkjent av dei. Det er det positive bildet.

Det negative er trulig at euforien til dei som nå har vunne frå Tahrir kan fordufte, slik det gjorde førre gong. Opposisjonspartia har hatt noe erfaring med samarbeid nå, mens Tamarrud-rørsla, som sette det heile i gang kanskje eller kanskje ikkje kjenner seg igjen i desse små partia. Klarer dei faktisk å samle seg rundt ein politikk og ein kandidat, så står dei openbart sterkt. Men om sosialistar, nasseristar, liberale og liberal-islamistar held fram å kjøre fram kvar sine folk, nå som "fienden" er slått ut, så er det nok ei rørsle som er både relativt uberørt av kuppet og har vist evne til å mobilisere: salafistane som kan komme til å bli dei som drar størst gevinst av dette kuppet mot Egypts første valde islamistiske president.

Og kva med smitte-effekten? Tunisia har fått si Tamarrud-rørsle, i Marokko styrkar dei gamle partia seg, og i Libya - ja, der begynner bombinga og striden igjen. Den som kan trekke eit lettelsens sukk er Assad i Syria: Mursi var i ferd med å bli ein erkefiende som agiterte (til hærens irritasjon) for utanlandsk intervensjon mot Assad. Nå slepp han iallfall skjele til den kanten.

2 kommentarer:

Air Anders sa...

Hei!

Se diskusjonen om kupp eller ei går blant analytikerne, blant annet her: http://www.bt.no/nyheter/utenriks/--Avsettelsen-ikke-et-militarkupp-2926459.html#.UdU9PMsaySN

Her velger Henrik Thune det litt tvetydige "demokratisk kupp" om hendelsene i Egypt. Ellers også verdt å merke seg at norsk UD velger å "beklage" maktovertakelsen, og ikke "fordømme" den, noe som ville vært en kraftigere diplomatisk språkbruk. Her har altså Norge lagt seg på samme linje som USA og andre vestlige land.

Dette er interessant, tatt i betraktning at de islamistiske bevelsene jo har meget sterk støtte i den arabiske verden. Dette gjelder jo også i Tunisia. Er jo vanskelig å komme unna at Brorskapet blen største parti i valget med stor margin...

Knut S. sa...

I ein kronikk til Stavanger Aftenblad (i morgon?) kallar eg det "revolusjonært kupp", om ein altså reknar demonstrasjonane for ein revolusjon, det er kanskje å utvatne det begrepet litt. Men kupp er det jo, anten ein er for eller mot det som skjer. Når dei aktive avviser begepet, er det fordi dei meiner det er negativt lada. Alt avheng av om kva rolle dei militære tenker for seg sjøl framover, også "korrektive kupp" er kupp, men med kortvarig verknad.

At USA og styresmakter unngår ordet, er reint teknisk, det er juridiske begrensingar på samarbeid med "kuppmakarar"; m.a. ville USA vere nødt til å stanse sin betydelige økonomiske støtte til landet, og ingen ønsker det.