søndag 3. desember 2023

Ein stat, to statar, ingen stat?

Denne bloggen har stort sett tørka opp i det siste, dels avdi eg nå er pensjonert og har redusert kjeldetilgang, dels fordi eg så langt mulig alltid har unngått å kommentere på nyheiter ettersom dei skjer; det klarer aviser og media å gjere betre. Her har eg prøvd å forklare bakgrunn og lengre linjer, og det har vore mindre behov for det; virkar det som.

Men nå som Palestina og Israel igjen står i fokus, har nettopp dei lange linene dukka opp igjen i samtalen, ved sida av skrekken over det som har skjedd på begge sider av grenselina. Ikkje minst framover: Er det noen muligheiter for fred mellom ”Israel” og ”Palestina”. Eg satte her begge namna i hermeteikn, for mye av dette er også ein begrepsdebatt, der spørsmålet er kva ”Israel” er og kva ”Palestina” betyr, og kvar grensene for dei to skal ligge, nettopp er i sentrum for denne langsiktige, og kanskje utopiske debatten: Er det noen løysing for desse to ein gong i framtida?

Kvar kjem ”Israel” og ”Palestina” frå?

Tillat meg derfor eit lite historisk sidespor før vi går inn på utopiane: Kvar kjem desse namna frå, kven ”kom først” - det er faktisk eit poeng for noen. Svaret er at dei dukkar opp i historia omtrent samtidig, litt før år 1000 f.Kr., då Israel - yisra’el - er omtalt som ei folkegruppe, kanskje ein allianse av stammar, i Kanaan (Kana’an). I starten av første årtusen f.Kr. eksisterte det i rundt to hundre år eit kongedømme Israel, med hovudstad i Samaria litt nordvest for Nablus på det som er Vestbreidda i dag. Etter at det kongedømmet vart knust av assyrarane rundt 720, flytta tyngdepunktet seg sørover til Jerusalem, som var sentrum for stammen / folket Judah, og begrepa Israel og Judah (yehûd, på hebraisk er Judah, Judea og jøde samme ordet) smelta sammen til ei gruppe. Eg forenklar her, men poenget er å grovt tidfeste eksistensen av denne gruppa. 
               
Palestina i antikken

Når det gjeld Palestina, er det både enklare og vanskeligare. Namnet kjem frå ei innvandrargruppe, ei av dei mytiske ”sjøfolka” som kom til Levanten rundt 1180 f.Kr., dei er velkjent frå kjeldene. Dei kom trulig frå Hellas, kanskje frå Kreta, men blanda seg fort med dei lokale i det området dei slo seg ned nær den egyptiske grensa - grovt frå Gaza til Ashdod og litt nordover - og når dei seinare dukkar opp i Bibelen som ”filistrane” (f’en er ein omsettingsfeil, både i den hebraiske Bibelen og i andre kjelder heiter dei peleset, eller palasht) er dei eit semittisk-talande kanaanittisk folk og småstat som dei andre i området. Folkegruppa eksisterer i rundt eit halvt tusenår der, men når babylonarane omorganiserte Kanaan på 500-talet forsvann dette ”Philistia” som eining; folkegruppa er nå heilt integrert i den lokale befolkinga, der mange seinare skulle anta jødedom som religion. Men det skjer først på 300- eller 200-talet, etter at jødane kom tilbake frå fangenskapet i Babylon, og i mellomtida er minnet om filistrane forsatt så sterkt at då geografen Herodot rundt 450 f.Kr. skal beskrive Syria og området rundt, kallar han heile denne regionen sør for dagens Libanon for ”pelester-land”, eller på gresk ”Palestina” (palaistinê; etterstavinga -ina er altså gresk). Andre geografar bruker samme namnet, så iallfall frå 400-talet før Kristus er nok Palestina det vanlige namnet på denne regionen, og romarane formaliserer det slik når dei tar makta i år 63 f.Kr. (frå det jødiske Hashmoneiske kongedømmet, som i tiåra før hadde for første og siste gong klart å samle heile Palestina under jødisk styre).  
          Dette blir altså språkbruken heilt fram til 1948, Palestina er den sørvestlige delen av provinsen Syria. For dagens debatt er det likevel viktig at Palestina frå Herodot og framover alltid er eit geografisk namn, ikkje eit folkeslag. Herodot kallar dei som bur der ”syrarar” og omfattar jødane i den nemninga, men det er klart at dette er da eit område med fleire ulike folkegrupper. Det held fram, heilt til 1948 betyr ”palestinsk” og ”palestinar” ”det som har med området Palestina å gjere”, uansett religion og etnisitet (i eldre tid var det elles mindre vanlig å bli kalt slik etter områder, ein brukte heller byar som al-Nablusi; al-Baghdadi, o.l.). Først seint på 1800-talet, meiner palestinske historikarar, begynte folk frå dette området å tenke på seg sjøl som ei eiga gruppe, med framveksten av nasjonalisme (dette er, som vi veit, omstridt og politisk kontroversielt). 
        I 1948 endra altså dette seg, da jødane oppretta sin nasjonalstat og tok namnet ”Israel”. Da vart alt knytta til denne staten som før hadde blitt kalt ”palestinsk” omdøpt til ”israelsk” (Palestine Post til Jerusalem Post, osv.). Dermed vart begrepet ”palestinsk” ledig på markedet. Det betydde ikkje lenger ”det som har med området Palestina” å gjere; det kom til å bety ”det ikkje-jødiske som har med Palestina å gjere”, sidan det jødiske altså var blitt israelsk. Dermed kunne ”palestinar” få eit nytt og meir presist innhald, ”ikkje-jødisk innbyggar i [det som var] Palestina”, og kunne knyttas til den spesifikke palestinske nasjonalismen som voks fram særlig i flyktningeleirane på 1950-talet. 

”Det historiske” og ”det nye” Palestina


Så kom historia som vi kjenner. Arabarlanda gjekk til krig for å fjerne Israel, det førte til våpenkvile og ei uoffisiell grense i 1949. Jordan gjorde noe som i ettertid visar seg vere ein historisk feil, ved at dei ikkje lot ”sin” del av Palestina, Vestbreidda, bli ein palestinsk republikk som da utan tvil ville blitt medlem i FN. Hadde dei gjort det, ville historia trulig sett annleis ut, men slik vart det uansett ikkje. Jordan annekterte Vestbreidda som del av Jordan, mista det i 1967, men gav slepp på kravet først i 1988, da dei for første gong godtok at landområdet hørte til ein framtidig palestinsk stat. 
        Få år seinare, i 1994, anerkjente Jordan Israel, i kjølvatnet av Oslo-avtalen av 1992. Vi hadde dermed grunnlaget for det som blir kalla ”to-stats-løysinga”, to separate statar ved sidan av kvarandre, ut frå grenselina i 1949 (som ingen av partane den gongen hadde rekna som permanent): Israel og Palestina. Dermed fekk vi to betydningar av begrepet ”Palestina”: På den eine, det ”historiske” Palestina; området slik det var i 1920: mellom Libanon og Egypt, Middelhavet til elva Jordan. På den andre, det ”nye” Palestina: området tiltenkt den kommande staten: Vestbreidda og Gaza, med dei justeringar av grensene som kom fram i forhandlingar, men altså eit monalig mindre område. 
        Dette førte naturligvis til forvirring, og t.d. det offentlige Norge har vore strikte med å unngå å bruke namnet ”Palestina” i det heile, dei snakkar om ”dei palestinske områda”, ”palestinaranes president” o.l., så veit ein kva ein meiner. Berre heilt i det siste har eg hørt tidligare utanriksminister Huitfeldt nemne ”Palestina” i den nye betydninga, altså Vestbreidda, kanskje ved ein forsnakkelse. Viktigare er kanskje striden om parolen ”Palestine shall be free, from the river to the sea”. Kva Palestina? Det nye, påstår dei som forsvarar parolen, palestinarane skal bli fri okkupasjonen i Gaza (the sea) og Vestbreidda (the river, Jordan). Det gamle, meiner motstandarane, altså at det historiske Palestina, der Israel nå ligg, skal bli ”fri”, Israel skal bort. Og logisk har nok motstandarane her eit bedre argument, sidan Hamas har brukt parolen nettopp i den betydninga, og mellom ”elva” og ”havet” ligg nettopp Israel.

Ein stat eller to statar eller kva?

Alt dette er da knytt til det som er overskrifta mi her: I alt det forferdelige som nå skjer frå dag til dag, er det mulig å løfte blikket og tenke seg ei mulig løysing på heile konflikten? Kan vi, slik USA der og UD her - kanskje mot betre vitande - håpar, få ”to-stats-løysinga tilbake på sporet”? Eller skal vi skal vi erklære den vegen død og heller akseptere ein ”one-state reality”, som noen kallar det, og politisk arbeide for ei ”demokratisk ein-stats-løysing”, med like rettar for alle i heile området? Det er jo to optimistiske løysingar, og ein skal kanskje ikkje oppgi håpet. Uheldigvis er grunnlaget for skepsis solid. Skal ein oppsummere dei to løysingane, må det trulig bli at den første er umulig, og den andre utenkelig. 

Vi kan, reint logisk, tenke oss fire mulige utganger på den situasjonen vi har:
  • Ei tostatsløysing, to separate sjølstendige statar; Israel og Palestina. 
  • Ei demokratisk einstatsløysing: ein samla stat for heile området, der alle som bur der i dag har statsborgarskap og like politiske og sosiale rettar.
  • Ei udemokratisk einstatsløysing: ein samla stat, men der noen har fulle rettar og andre ikkje har det.
  • Ein etnisk einskaplig  stat: Ein einheitlig stat, der berre ei av dagens folkegrupper bur, og den andre har forlatt området, frivillig eller ufrivillig. 
Alle desse fire framtrer i dag som ugjennomførbare eller utenkelige. 

(1) Tostatsløysinga. Det sentrale problemet her er dei israelske / jødiske busettingane på Vestbreidda. Skal vi ha ein ”stat” må den ha eit territorium, eit land. Vestbreidda er delt frå Gaza; det er ille nok (omlag halvdelen av befolkinga i kvar del, 2-2,5 mill.). Men i det minste må Vestbreidda bli sammenhengande om staten skal bli funksjonell. Busettingane deler nå opp området i småbitar, slik at dei enten må bort - busettarane må flyttas tilbake til Israel (altså innanfor 1949-grensa) - eller bli innbyggarar av den palestinske staten. Dette er politisk umulig, sidan Israel jo er eit demokrati, og busettarane har ei velgarmakt som hindrar dette. Men det er også i strid med israelsk politikk heilt frå 1967; både venstre- og høgre-regjeringar har konsistent utvida busettingane, om enn med ulik grunngiving. I dag veit vi at dei mest ideologiske busettarane, dei religiøse som ser Vestbreidda som ”sitt land” og pressar på for å ta meir palestinsk jord, er dei som styrer også den israelske politikken. Ei løysing må naturligvis starte med å avvæpne desse busettarane og gjere slutt på deira press mot dei palestinske landsbyane. Dette kan Israel gjere nå, når som helst, dei treng verken forhandlingar eller ”palestinsk motpart” for å stanse dette - det er eit reint israelsk anliggande og ansvar. Men det er altså ikkje nok; mange, trulig dei fleste, av dei eksisterande busettingane må bort for å skape eit sammenhengande område. Det er også vanskelig å tenke seg ein sjølstendig stat som er heilt omringa av ein annan; så Jordan-dalen (grensa til Jordan) må også bli palestinsk. Israel er ikkje villig til slike kompromiss; og det er ingen ting i dag som tvingar dei til å gå med på det. Så lenge det er tilfellet, er alt snakk om forhandlingar og dialog berre ein måte å vinne, eller kaste bort, tid. Slike forhandlingar kan ikkje få Israel til å gjere noe dei ikkje vil gjere. 

(2) Ein stat med like rettar for alle. Dette alternativet har dukka opp dei siste åra, som eit resultat av punkt 1: Sidan det ikkje er mulig eller realistisk å fjerne så mange av busettingane at ein levedyktig palestinsk stat kan oppstå, så må ein erkjenne det som nå er realiteten: Israel styrer heile området (utanom Gaza, fram til nå), og kjem til å gjere det. Heller enn å piske den daude tostats-hesten, bør ein akseptere at heile området nå er de facto del av Israel, og da må jo dei som bur der alle få samme rettar, statsborgarskap og stemmerett osv. Det er kanskje tilmed lettare å argumentere for dette, sidan ideen om demokrati og like rettar er ganske grunnfesta særlig i dei delane av verda som tradisjonelt støttar Israel (les USA). Ein besnærande tanke - for dei som ikkje bur i Israel. Men det er nok heilt utenkelig for israelarane. Mange ser nok på busettarane som a pain in the neck, men alle meiner at draumen om Israel som jødanes stat er umistelig. Og i dette utvida Israel vil det bu vel 7 millionar jødar og 7 millionar ikkje-jødar (palestinarar på Vestbreidda, Gaza og inne i Israel). Israel vil ikkje lenger vere ein jødisk, men ein jødisk og arabisk stat, der t.d. den militære styrken vil stå like mye under arabisk som jødisk kontroll. Israel vil ikkje lenger vere jødanes skjold og verge. Også svært mange jødar utanfor Israel vil oppleve at dei mistar ei tryggheit i det. Derfor er dette ein tanke israelarane ikkje vil tenke. Da heller ein sjølstendig, helst underdanig, palestinsk stat på Vestbreidda. Og i første omgang er den aggressive busettarpolitikken om å drive palestinarane meir og meir bort, ei hindring som også må fjernas om det skal bli noen sameksistens i denne felles staten. 

(3) Den breiare høgresida i Israel ser heller mot det tredje alternativet: Annektering av ”Judea og Samaria” (Vestbreidda) som land, men utan folket. Men dette blir nettopp det apartheid-systemet som Israels kritikarar alt idag påstår er på plass i praksis. Ei slik annektering utan å gi innbyggarane rettar vil formalisere det. Israel vil neppe kunne leve med eit slikt omdømme, igjen: USA tillet Israel nå nær sagt kva som helst, men det er ikkje sikkert det er noe dei kan satse på i evig tid, dersom dei verkelig seier: Vi er som Sør-Afrika. Det er nok da også grunnen til at det aldri har blitt noe av løftene til Netanyahu om at han ”etter valget” skal starte prosessen med anneksjon. 

(4) Den ekstreme høgresida, og spesielt busettarane, meiner at dette ikkje treng vere eit problem. Heile Israel, med Judea og Samaria, er jødanes heimland, jødanes land og eigedom, og andre som måtte halde til der, ”palestinarar” eller arabarar, er inntrengarar som har stole jødanes land. Dei må bort, slik vi kastar innbruddstjuvar ut av huset vårt; vi ber korkje om unnskylding eller gir dei erstatning når vi tar tilbake eigendommen vår. Sidan alle andre enn ekstremistane aksepterer at palestinarane faktisk er innbyggarar av området dei bur i, vil dette klart bli kalla ”etnisk rensing”: eit forsøk på å fordrive palestinarane på grunnlag av deira etnisitet. Men bortsett frå det ideologiske, er dette - heldigvis - også fysisk umulig, sidan alle nabostatane har stengt grensene for slike deportasjonar, slik som Egypt, Israels samarbeidspartnar, nå stenger grensa til Gaza. Dei fryktar at alle som flyktar frå Gaza vil møte stengt dør tilbake etter krigen. Israel har trulig militærmakt til å tvinge grensa opp og dei sammentrengte flyktningane ut, men det ville vere ei krigshandling mot Egypt, og berre dei verste ekstremistane vil vere likeglade med ein ny krig med Egypt. Det samme gjeld frå Vestbreidda mot Jordan; fjerning med makt er trulig militært og politisk umulig. I staden prøver ein sakte og økonomisk/sosialt press. I dag er det noen få tusen som årlig gir opp og forlet Palestina for godt, men folkeveksten i området oppveg dette med god margin.
          For øvrig er jo også dette eit ekstremistisk standpunkt på motsatt side: Da er det jødane som skal rensas etnisk, Palestina skal bli reint arabisk (og muslimsk, i følge Hamas?). I praksis har jo alle på den sida akseptert idag at dette er utopisk, tilmed Hamas har nå godtatt at Israel kjem til å bli der, sjøl om dei ikkje formelt vil anerkjenne den eksistensen. Men det var altså allmenn arabisk politikk i 1948-krigen og seinare. Då PLO og Fatah oppstod på 1960-talet, var deira line ein slik etnisk rensa einheitlig stat: berre jødar som budde der før 1948 kunne få bli. Det var først i Arafats tale i FN i 1974 at han aksepterte at alle jødar som da budde der, skulle få plass i hans einskaplige Palestina (som altså da ville også vere 50/50 jødisk og palestinsk), og dermed gjekk inn på alternativ 2, men utan at det var heilt klart kva dette skulle bety; det var jo aldri realistisk.

Er det andre løysingar? Kanskje, iallfall i teorien. På det meir utopiske planet, ideen om ein ”binasjonal stat”, som den liberale sionisten og filosofen Martin Buber og andre arbeidde for på 1920-talet. Det kunne også vere som ein felles stat, men med to nasjonale einingar under det; ein slags konføderal stat. Israel ville vere jødisk, men berre delstat i ein ”foreinte republikk Midtausten”, eller kva ein skulle kalle det. Israel som nasjonal eining, men ikkje fullstendig sjølstendig stat; palestinarane skulle ha si nasjonale eining, mens det som må vere felles blir felles. Problemet - reint bortsett frå at tanken på lammet og løva fredelig ved sida av kvarandre ikkje akkurat er openbar i dag (kven som er lammet og kven som er løva kan jo kvar velge fritt) - er at militærmakt nettopp er noe som måtte vere felles om det skulle vere ein felles stat. Og dermed fell også Israel som militært skjold og verge for verdas jødar bort. Derfor vil nok dette, som alternativ to, også vere umulig som ein framtidsdraum for dei fleste jødar i Israel og mange utanfor. 

Nå, seier nok mange: her er det berre snakk om Israel og kva israelarane meiner og gjer. Kva med den andre sida? Har ikkje palestinarane noe ansvar for at dei står i skårfestet? Jo, naturligvis har dei det. Den palestinske ”administrasjonen”, PA, er korrupt og eksisterer knapt, og ekstremistane i Hamas har med sin brutalitet naturligvis satt eikvar løysing fleire tiår tilbake. Men poenget er at sjøl om palestinarane hadde rydda alt opp på si side og stilt opp som ein truverdig og ansvarlig forhandlingspartnar, ville det ikkje endra på noen av momenta over. I realiteten er det jo ikkje ”to partar”, det er Israel som har makta og overtaket, og dermed også dei som må løyse på noe grunnleggande før det blir noe å forhandle om. Dersom det skjer, så vil ballen ligge på palestinsk side: skal det bli to statar, må dei stille opp noe som er demokratisk og levedyktig. Skal det bli ei einstatsløysing, så må dei også gi opp sin nasjonale draum om ein sjølstendig palestinsk stat. Det blir vanskelig nok å svelge. Likevel er palestinarane i ein så desperat situasjon at endringar nok her kan sitte meir laust, dersom det skulle vise seg ei mulig åpning. Men det er gjer det ikkje i dag, og som vi ser over, så det må meir til enn berre forhandlingsvilje og små tilpassingar over bordet frå kvar av ”partane”. Ei løysing på konflikten kan berre komme ved ei så grunnleggande endring i makta i området at det tvingar fram konsesjonar som i dag er umulige eller utenkelige. Og det er vanskelig å sjå korleis ei slik maktforskyving skal kunne skje. 

Den mest trulige virker derfor å vere, i mangel på noen logisk sammenhengande utveg, at dagens situasjon berre held fram. Inga løysing, men ei evig midlertidigheit: Vestbreidda blir verken til Palestina eller Israel, men ”okkupert” (verdssamfunnet) eller ”midlertidig administrert” (Israel) i evig tid. Men kan spenningane bli så sterke at vi får ein Big Bang som gjer det utenkelige til tenkelig? Og i så fall, kva retning vil eksplosjonen gå?