onsdag 29. januar 2020

Deal of the century

På denne bloggen har eg stort sett unngått "siste nytt" og prøvd på analysar over litt lengre perspektiv. Men i dag kunne eg ikkje dy meg - farlig, for eg har ikkje all bakgrunn, slik at dette er meir spekulativt enn vanlig. Men pytt sann, eg får heller redigere det i ettertid.

Eit sjølstendig sammenhengande Palestina
Det Trump og Netanyahu lover, etter det vi hørte siste døgnet er at palestinarane, om dei "play ball" kan få ein gong i framtida ein "sammenhengande stat" som er "minst dobbelt så stort som dei har i dag", samtidig som busettingane skal vere som dei er. Korleis kan dette henge sammen, når busettingane jo ligg midt inne i og mellom dei palestinske områda?

Dette er altså teorien min: Når Trump snakker om "som dei har i dag", meiner han ikkje Vestbreidda, ei dobling av det ville jo ta ein stor bit av Israel. Han tenker på Område A. Som vi veit, er Vestbreidda etter Oslo-avtalen delt i tre, eit område A der palestinarane har både sivil og politi-kontroll; Område B som er delt, sivilt palestinsk styre men israelsk militær kontroll, og C som er under full israelsk kontroll.

Område A utgjer ca. 18 prosent av Vestbreidda, først og fremst byar som Ramallah, Nablus og Jenin m.fl., område B er ytterligare 22 prosent, C - med busettingane - resten.

Tanken er i så fall at heile eller ein del av område B skal gis full palestinsk kontroll (A utvidas), mens resten, område C, skal annekteras til Israel, slik Netanyahu tidligare har lova sine veljarar. "Minst dobbelt" kan da passe, sidan B er litt større enn A idag. I så fall er det dei to lovar altså rundt 40 prosent av Vestbreidda. Ut frå dette er det kanskje ikkje så vanskelig å konstruere eit sammenhengande område, sjøl om det fortsatt kan bli ei utfordring å legge vegar etc. mellom byane slik at dei heng sammen, samtidig som dei israelske områda også skal henge sammen.

Kvifor annekterer ikkje Israel alt?
Om Israel i så fall skal få mestedelen av Vestbreidda, kvifor gjer dei da ikkje som ytre høgre ber om, og berre annekterer heile greia? Problemet med det er statusen til palestinarane. I dag har Vestbreidda ein uavklart statsrettslig status: Det er ifølge internasjonal lov / FN okkupert frå Jordan i 1967, men Jordan har oppgitt kravet og seier det skal bli del av eit Palestina som ikkje er oppretta ennå. Israel kallar det "administrert", som også betyr uavklart. Det gjer at palestinarane som bur der også har uavklart status.

Om Israel annekterer heile Vestbreidda, vil denne uavklarte statusen bli oppheva. Det vil trulig ikkje vere mulig for Israel, dersom dei seier at Vestbreidda er integrert del av Israel, å unngå å gi dei som bur der tilbod om statsborgarskap. Dette gjorde dei i Jersusalem da dei annekterte Aust-Jerusalem, men nesten alle palestinarane takka nei, så israelarane "dodged the bullet". I dag, når "ein-stats-løysinga" (ein felles stat med like rettar for alle) blir seriøst diskutert på palestinsk side, så kan dei ikkje vere sikre på at det samme vil skje igjen. Og om ein snunad gjer at alle eller stordelen av palestinarane på Vestbreidda takkar ja til eit slikt tilbod, så står dei (sammen med "israelske palestinarar") i fare for enten å bli fleirtal i Israel, eller iallfall bli ein så stor del av folket at Israels jødiske karakter blir grunnleggande endra. Det kan nok ingen israelsk politikar godta.

Derfor er den nåverande uavklarte situasjonen trulig til Israels fordel. Skal det komme ei avklaring på den, så må det vere med ein eller annan statsrettslig "oppbevaringsplass" for palestinarane. Israel, om dei vil annektere Vestbreidda eller mest mulig av den, er derfor avhengig av at det finnes ein palestinsk stat, som har som einaste oppgåve å gi statsborgarskap til palestinarane, slik at dei ikkje har rett på eller nokon gong kan kreve israelsk statsborgarskap. For øvrig så kan denne palestinske staten vere så liten den vil, den treng knapt noe territorium i det heile og kan vere ein "virtuell stat", så lenge den berre kan vere lynavleiar for evt. krav om at palestinarane kan få rettar i den staten som da faktisk styrer området dei bur i.

Forslaget om Palestinas hovudstad er altså området Shu'fat i utkanten av Jerusalem. Det er ein palestinsk flyktningeleir, så det er forsåvidt da passande, sidan dette Palestina etter Trump-Netanyahu-planen vil vere ein nasjonalstat av flyktningar.

Tillegg 31. januar
Vel, eg sa eg skulle korrigere i ettertid. Sidan eg skreiv det over, har vi altså sett kartet som følgte planen. Det var rett som eg sa, at utgangspunktet var område A + B, og det er trulig det Trump meinte med "minst dobbelt så stort". Men planen er noe meir "generøs" enn dette, også område som nå er C (under full israelsk kontroll) ser på det store kartet ut til å vere inkludert for å skape større sammenheng, spesielt at Jeriko, som i dag er omslutta av område C, skal henge sammen med dei sjølstyrte områda. (Og den foreslåtte hovudstaden er ikkje Shu'fat, nord for gamlebyen, slik noen medier skreiv; Netanyahu har presisert at det er Abu Dis i sør-aust, som jo også tidligare har vore omtalt som kandidat.)

Noen av desse tillegga er merkelige, og noen direkte oppsiktsvekkande. Det eine gjeld to isolerte "øyar" i ørkenen sør for Gaza, skilt av ørken frå Gaza og frå kvarandre, men opp mot den egyptiske grensa, der Trump har skrive "næringsutvikling". Ingen veit heilt kva som er meint her, så langt eg fortsatt veit er dette folketomme ørkenområder. Hensikta ser ut til å vere å kompensere for Jordandalen, som altså heilt skal gis til Israel - km2 for km2, ørken mot jordbruksområder.

Meir problematisk er at noen områder vest for Jerusalem skal gis til palestinarane. Desse har vore del av Israel sidan 1948 - men dei er befolka av arabarar, som altså har vore israelske statsborgarar sidan 1948, men nå skal overføras til kva slags status palestinarane nå skal få. Dette har, det eg veit, ikkje ein gong Netanyahu foreslått, men er forslag frå Avigdor Lieberman frå ytre høgre. Faren er at tanken ligg under at israelske palesitnarar ("arabarar") skal bort frå Israel "sidan dei jo kallar seg palestinarar", og at Israel dermed skal få ei reinare jødisk befolking. Desse landsbyane er små, og planen begrunnar det med "strategiske hensyn", men tanken er farlig, ytre høgre har jo også før snakka om å "kvitte seg" med større israelsk-arabiske områder i Galilea i eit "land-swap".

Spørsmålet om statsborgarskap vil komme opp snart, dersom Netanyahu gjer alvor av å annektere Jordan-dalen alt nå, sidan det bur palestinarar der. Vil dei, som i Jerusalem, bli tilbudt israelsk statsborgarskap, eller vil dei bli rekna som borgarar av den ennå ikkje oppretta palestinske staten, sjøl om dei faktisk ikkje bur i det området Israel meiner denne staten skal omfatte? Dette kan bli eit dilemma, både for Israel (om dei ikkje skal falle i "apartheid-fella") og for palestinarane i Jordan-dalen som kanskje kan bli gitt dette valget, enten akseptere å bli israelarar (fienden) eller å akseptere å vere mulige framtidige borgarar av ein stat som ikkje finnes ennå og på ein annan stad enn der dei bur, og dermed bli "utlendingar" på si eiga jord.

Her kjem også spørsmålet om jordansk statsborgarskap, som dei på Vestbreidda hadde før 1967, og mange etterpå, inn. Noen palestinarar i Jerusalem har bedt om at Jordan fortsatt må fornye desse, for å sikre deira rettar, mens andre meiner dette er farlig, å frivillig be om å (for-)bli borgarar av eit anna land enn Palestina, det kan komme til å bli brukt mot dei ("dei er jo jordanarar, dei ber om å bli verande det").

Men hovudpoenget er naturligvis at dette ikkje er ein stat, og ikkje berre av at den ikkje heng samman anna enn gjennom tunellar og vegkryss i fleire plan (Israel under og Palestina over eller omvendt). Netanyahu har sjøl sagt i ettertid til sine veljarar at det palestinarane skal få ikkje skal vere ein "stat" i vanlig forstand - og det er ei korrekt framstilling; den foreslåtte eininga skal jo vere heilt underlagt Israel og langt på veg fortsette som nå, ein lokal administrasjon av palestinarane under israelsk kontroll, men altså kanskje med tilbod om medlemskap i FN, statsborgarskap, eigne pass og noen andre symbol. Som vi veit, kjem jo dette ikkje til å skje sidan palestinarane ikkje kan godta det, men israelarane kan, som vi har hørt, likevel late som om "avtalen" er realitet og starte annektering. Noen meiner likevel at heller ikkje dette kjem dei til å gjere. Ikkje minst advarer sikkerheitsmyndigheitene om kva dei negative konsekvensane vil vere (PA vil f.eks. kunne bryte det omfattande samarbeidet dei i dag har med Israel når det gjeld politimyndigheit og kontroll, slik at israelske styrkar må "gjen-okkupere" dei palestinske områda). Men det får vi sjå vidare.

onsdag 1. januar 2020

2020: Status

Det er ikkje berre nyttår, men også nytt tiår, så vi burde kanskje oppsummere det som har skjedd i heile det siste tiåret i Midtausten. Men å gå tilbake til 2010 blir før den arabiske våren: Mubarak og Qadhafi sit trygt i sine palass, og Obama prøver fortsatt ut stolen i det ovale kontoret. Så det blir for voldsomt, det er alt skrive mange bøker om denne perioden. Vi får halde oss til det siste året og oppsummere det. (Dei som vil gå lenger bakover, kan jo kikke i arkivet til høgre, dette er niande året vi skriv ei slik statusoppdatering på nyttårsdagen.)

Stadfortredar
Det som nok har prega 2019 meir enn åra før, er kva rolle stormakter og regionale makter har spilt. Vestlige blikk på Midtausten har alltid vore først og fremst som ei slagmark for aust-vest eller andre globale, lett gripbare konfliktar. Vårt perspektiv i denne bloggen og elles har i staden vore å insistere på at hendingane i Midtausten nesten alltid er drive av lokale interesser som ikkje er ein refleks av ekstern rivalisering, men som bruker eksterne aktørar som ressursar i sin interne kamp, og som desse eksterne naturligvis i sin tur så godt dei kan prøver å dra nytte av. Konflikten i Syria dreide seg derfor først og fremst om korleis ulike syrarar meinte landet skal styras, ikkje om det er Russland eller USA som skal vere gudfar for regimet.

Men i det siste året virkar det som om det internasjonale faktisk har tatt overhand. Utviklinga i Syria det siste året har faktisk og reelt blitt styrt av det som skjer i hodet på ein mann i det kvite hus, nesten heilt lausrive frå hans eige lands interesser, og iallfall ikkje styrt av noen lokale hendingar i Syria. Det er mest som å sjå etter veret, blir det storm eller blir det stille, ein må prøve å innrette seg etter slik det blir, det er lite ein kan gjere med det, og det er begrensa i kor stor grad ein kan føreseie kva retning vinden snur.

Dermed blir begrepet "stadfortredarkrig" kanskje meir riktig enn det har vore. Konflikten i Syria var fram til nå altså slett ikkje ein slik; det var ei samling ulike lokale opprør der noen søkte finansiering utanfrå, andre ikkje eller i liten grad. Men i 2019 sat altså Russland, USA og Tyrkia heilt klart i førarsetet, og dei lokale vart tilskodarar.

Syria
Av dei tre store konfliktlinene i Syria-krigen - mellom regimet og 2011-opprørarane; mellom kurdarane og sentralmakta, og mellom IS og alle andre, så var altså IS-konflikten stort sett over i 2019. Gruppa prøver å konsolidere seg i små område i Irak, og gå tilbake til Qa'ida-liknande individuell terror elles, men det er fare for at vi kjem til å høre meir til dei seinare enn vi har i gjort det siste året - dei bruker tida til å konsolidere seg.

Dei eg kalte 2011-opprørarane, det som var hovudkonflikten etter 2011, har nå vore stengt inne i ein region, Idlib på grensa til Tyrkia i nordvest, og vi har hørt lite til dei siste året. Dei fleste er nok nedkjempa, men restane har delt seg i to: Ein del har søkt tyrkisk beskyttelse, og er i realiteten blitt syriske bakkesoldatar for dei tyrkisk-styrte områda, særlig Afrin nord for Idlib og austover. Det omfattar både restane av den "Frie Syriske Hæren", eller slike som brukar det namnet, og islamske grupper. Dei kjemper under tyrkisk kommando og tildels tyrkiske offiserar.
Den andre delen av opprørarane har derimot avvist tyrkisk kontroll, og kjempar vidare som sjølstendig gruppe. Dei står under leiing av gruppa Tahrir al-Sham, tidligarare kjent som Nusra-fronten, som blir rekna som al-Qa'idas avdeling i Syria. Dette er også ei relativt heterogen gruppe, noen meir "moderate" aksepterer Tyrkia som mellommann og vil respektere den våpenkvila Tyrkia forhandla fram med Assad-regimet (den historiske leiaren, Jawlani, skal vere mellom dei), mens andre vil kjempe kompromisslaust til siste slutt. Heilt på slutten av året har regimet med russisk støtte satt inn eit støt frå sør, og pressar opprørane nordover. Utan tyrkisk støtte, er det vanskelig å sjå kor lenge denne regionen kan halde ut.

Kurdarane og USA
Men det er altså kurdarane som har stått i fokus det siste året. Dei har hatt ein stor sjølstyrt region i nordaust, som var sammensatt av to viktige delar: På den eine sida dei kurdiske områda langs den tyrkiske grensa, det eigentlige "Rojava" (Vest-Kurdistan), som kurdarane kallar det, på den andre sida Eufrat-dalen mot aust, som har arabisk folkesetnad, men som kurdisk-amerikanske styrkar erobra frå IS. Det er den nordlige delen som Tyrkia er opptatt av, mens det er oljefelta lenger sør, mot Eufrat, regimet - og viser det seg, Trump - er mest interessert i. Som vi veit, så trua Trump alt i 2018 med å trekke seg ut av Syria, men vart overtalt av sine generalar til å la vere; så gjorde han det i fjor likevel og langt på veg inviterte Tyrkia inn til å ta over, men vart så på nytt overtalt til ikkje å dra seg heilt ut - "for å behalde olja", som Trump sa, noe juristane han prøver ivrig å benekte at han sa, sidan det jo er i strid med all folkerett. Resultatet er iallfall at USA er i hovudsak ute av dei nordlige kurdiske områda, men det står att kanskje rundt 500 soldatar (av opphavlig 1000) i eller ved Eufrat-dalen lenger sør. (I tillegg 200 soldatar ved basen al-Tanf i sør-aust, som ikkje har noe med olje, kurdarar eller IS å gjere, men for å hindre Iran i bruke landevegen mellom Bagdad og Damaskus.)
Folkegrupper i Syria (hovudinndeling)

Tyrkia følgte altså opp og invaderte, og med USA forvirra over kva dei meinte og skulle gjere, var det igjen Russland som greip inn og bestemte kvar skapet skulle stå - nå nesten utan å ta hensyn til kva deira allierte i Syria, Assad-regimet meinte; Putin bestemte på eiga hand. Her kan vi også gå tilbake til det vi skreiv for eit år sidan: Vi sa at, etter USAs uttrekking kunne dei tre gjenverande aktørane: regimet, Tyrkia og kurdarane kombinere seg på to måtar: regimet og Tyrkia mot kurdarane, eller regimet og kurdarane mot Tyrkia. Resultatet vart faktisk noe som kan sjå ut som ein kombinasjon av dei to. Kurdarane, openbart den svakaste parten - dei hadde ingen sjanse militært mot Tyrkia - søkte til regimet og godtok at regimets styrkar gjekk inn som buffer mellom seg og tyrkarane: Det var kurdarar og regimet mot Tyrkia, og det vart faktisk noen trefningar mellom syriske og tyrkiske styrkar (dei siste var, som før nemnt eigentlig tidligare syriske opprørarar som hadde stilt seg under tyrkisk kommando). Men Russland gjekk raskt inn og forhandla fram ein avtale med Tyrkia, der Russland og Tyrkia (ikkje Assads styrkar) skulle patruljere grensa, og fjerne kurdiske styrkar frå dette området. Dette var Tyrkias hovudmål, ein sanitær sone som hindra syriske kurdarar frå kontakt med sine frendar på tyrkisk side av grensa. Tyrkia var i hovudsak nøgd.

Regimet hadde nå fått kurdisk aksept for å sende inn regime-soldatar i det tidligare Rojava, eit steg mot Assads mål å få full kontroll over heile Syria. Kurdarane hevdar at avtalen var at dei kurdiske sjølstyret skulle bli bevart, soldatane skulle berre hjelpe dei mot Tyrkia. Men regimet har tidd heilt stille om noen slik del av avtalen, og har berre inntatt dei kurdiske byane med jublande syriske flagg. Det er uklart korleis dette vil spille seg ut framover. Kurdarane fryktar at dei er tilbake til regimets hardhendte styre frå før 2011, kanskje med eit tillegg av hemn, men det kan også komme nye kurdiske opprør for å bevare det dei har oppnådd. Inntil vidare er det uavklart. Langs grensa er det altså ein sone på "32 km" - det betyr i praksis frå grenselina ned til den viktige motorvegen M4 som går frå vest og held seg ca. tre mil sør for grensa heilt aust til den kurdiske byen Qimishli (nå regime-styrt). Tyrkarane trengte inn i denne sona fram til to byar, Tal Abyad og Ra's al-Ayn, og kontrollerer noen områder rundt desse. Men i resten av denne sona, størstedelen, er det nå russarane som (med tidvis bidrag frå tyrkiske patruljar) har militær kontroll. Korleis det området skal styras sivilt, er altså ikkje avklart, men det mest trulige er vel det syriske regimet overtar; det vil Tyrkia og Russland ha i sine interesser, og kurdarane vil ikkje vere i stand til å motsette seg. I dei kurdiske områda sør for M4-lina står kurdiske styrkar (med sine arabiske allierte, i fronten SDF) fortsatt.

Men det paradoksale er at så lenge USA fortsatt står i "olje-områda", altså i Eufrat-dalen, er desse lokalt styrt av SDF-fronten. Dermed blir det dette området, busett av arabarar, som blir omtalt som "dei kurdiske områda". SDF står her fram seg med dei arabiske delane sine - SDF er altså ein front dominert av det kurdiske PYD, men med innslag av allierte arabarar. Problemet er berre at det er ganske klart PYD og kurdarane som bestemmer i SDF, og dessutan at desse arabarane i fronten også kjem frå nord, dei er i stor grad noen arabiske stammar frå dei kurdiske områda som slutta seg til (Rojava var aldri reint kurdisk, det var heile tida ei blanding av arabiske og kurdiske folkegrupper der). Andre arabiske stammar og landsbyar i nord motsette seg det kurdiske styret, men i Eufrat-dalen vil dei uansett bli oppfatta som fremmede. Så det er liten grunn til å tenke seg at det autonome Rojava vil kunne overleve i dei områda SDF i dag fortsatt kontrollerer langs Eufrat mens dei faktisk kurdiske områda i nord går tilbake til det syriske regimet. Her er det altså lokalt sprengstoff, men inntil vidare ventar ein fortsatt på kva veg vinden vil snu i morgon, så mye heng i lause lufta. Det kan bli meir avklart utover 2020.

Gulfen
Det andre store internasjonale konfliktområdet det siste året har vore Gulfen, og den doble konflikten mellom Iran og Saudi-Arabia, og Iran og USA, der Saudi-Arabia har prøvd å spille opp USA - bruke USA som ressurs i sin lokale konflikt mot Iran - men berre delvis med hell, noe som kan ha fått Saudi til å revurdere sin strategi på slutten av året.

Om vi tar ein forenkla modell, som mange vil synes er banalisert, så kan vi beskrive aktørane slik: Saudi-Arabias nye leiar ville prøve å bruke Trumps lausmunna opptrapping mot Iran til å fremme Saudi i den regionale rivaliseringa. Iran, som utan tvil har styrka seg regionalt i Irak og Syria, svarte med samme mynt. Men, til Saudis store skuffelse, følgte ikkje Trump opp. Han gjekk nesten til krig med Iran, men snudde bombeflya i siste augneblink. Da eit kraftig angrep på saudiske oljeanlegg - langt på veg eit opplegg til krig - vart skulda på Iran, tidde USA nesten heilt og gjorde ingen ting for å beskytte Saudi, slik saudiane hadde venta. Iran hadde "called his bluff" og USA hadde "caved", for halde oss i Texas-språket. Dette ser ut til å ført til sjokk hos USAs allierte i Midtausten, både Saudi og tilmed Israel stilte spørsmål ved om Trumps USA var ein truverdig alliert. For Israel er nok svaret ja, men Saudi-Arabia ser ut til å ha reagert med å ville dempe ned konflikten i Golfen. Slik har det nylig vore forsiktige samtalar mellom saudiske og iranske utsendingar, som kanskje kan føre til avspenning i området - om ikkje vinden frå Det kvite hus da skifter igjen. Dei siste dagars hendingar i Irak vil nok bli følgt med argusauge i regionen.

Men i beste fall, i ein optimistisk tone, kan vi kanskje håpe på roligare forhold, og at samtalar erstattar dronar. Det gjeld Qatar, som har overlevd Saudis blokadeforsøk relativt greitt, men naturligvis ønsker å få meir ordna forhold. Og ikkje minst i Jemen, der det viktigaste som har skjedd det siste året er vel at Dei foreinte arabiske emirata, som er ein vel så viktig krigspartnar som saudiane der, har trappa ned styrkane sine i landet. Det har betydning både for muligheitene til reelle forhandlingar med houthi-rørsla i nord, men også for sør-jemenittanes håp om autonomi eller bedre, eit krav Emirata støttar men ikkje Saudi-Arabia. Akkurat nå snakkar ein om eit "vindu med muligheiter" for fred, og at saudiane har letta litt på blokaden av houthi-områda blir rekna som eit forsiktig men positivt steg.

Libya
Lenger vest er det mindre positivt, og her er det også fremmend påverknad som uroar. Men konflikten i Libya så absolutt ein konflikt som er generert innanfrå, der omverda prøver å hjelpe til ved å pøse inn våpen til begge partar og dermed skaffe seg innverknad - men der dei godt kan få ein over nasen dersom dei ikkje forstår kva som ligg under lokalt.

Det nye i fjor var altså at Khalifa Heftar, som media nå omtalar som "militsleiar" og "opprørsgeneral", mens dei tidligare like gjerne kalte han hærsjef (altså for ei av dei to konkurrerande regjeringane i landet), satsa alt i eit storstilt angrep på den halvdelen av Libya som ikkje var under hans kontroll. Tilsynelatande gjekk det som kniv gjennom varmt smør, på kartet har han styringa med minst 80, kanskje 90 prosent av landet. Problemet er altså berre at det er stort sett ørken, og når kniven først har passert, størknar kanskje smøret tilbake i samme fasong som før. Altså, at når Heftars hær marsjerte mot Tripoli i nordvest, er det ikkje sikkert at kontrollen hans i ørkenområda han erobra i sør er så sikker som det ser ut på kartet.
For Heftar betydde det lite, for han rekna med at han skulle erobre Tripolitania, det folkerike området i nordvest, like enkelt. Han hadde kanskje ikkje lest fjorårets status-blogg, men vi skreiv jo også der at forholda i og rundt Tripoli var kaotiske. Så dei venta jo kanskje på at general Heftar skulle komme og rydde opp, og så kunne han deretter konsolidere makta i heile landet.

Men dei venta altså ikkje på å bli berga, tvert mot samla dei stridane kreftene seg i ein felles front mot inntrengaren Heftar (dei fleste får vi si, noen mindre militsar slutta seg til Heftar, men da frammarsjen begynte å stanse opp, vart noen av dei meir i tvil). Offensiven til Heftar stansa, og han vart trengt ut av forstadane til Tripoli igjen. Det siste halvåret har dette dermed vorte ein stillingskrig med små endringar i frontlinene.

Dei internasjonale alliansane er her forvirrande. USA veit som vanlig ikkje kva dei meiner, ikkje berre Trump, men også "dei vaksne i rommet" er ikkje sikker på om dei heller vil ha den FN-støtta regjeringa i Tripoli, eller Heftar og hans kraftfulle hand. Heftars fremste støtter er Egypt og Emirata, som pumpar pengar, våpen og leigesoldatar til han. Men også Frankrike har eit godt auge til han - mens EU-partnar Italia, og altså FN, støttar Tripoli. Det viktige nye er at Russland ser ut til å ha sendt noen hundre "private" og godt utrusta leigesoldatar til Heftar. Eit eller to hundre soldatar gjer neppe forskjellen, men Russlands mest avanserte våpen, ikkje minst avanserte dronar, kan gjere det. Tyrkia, derimot, som elles samarbeider godt med Russland militært for tida og er kjølige til EU, støttar Tripoli og vil sende iallfall våpen til dei. Så på eit vis kan dette også bli ein stadfortredarkrig der våpentilførselen avgjer, om dei internasjonale berre klarar å stokke seg fram til kven som er alliert med kven.

Men det lokale problemet er altså såpass lokalt at det dreier seg om personen Heftar, men også om kvar folk bur i Libya. Over halvdelen bur i Tripolitania, og Heftar er unisont forhatt av stort sett alle der. Han blir rekna som, eller frykta å bli, ein militærdiktator av Qadhafis merke. Han er ikkje så ustabil som Qadhafi, men han forstår seg ikkje på politikk og har eigentlig inga klar linje - han meiner berre at for å få orden på kaoset i Libya, så må det styras av dei militære og med hard hand. Og det vil ikkje folket i Tripoli godta, ser det ut til. Mest trulig er det at sjøl om Russland skulle kaste seg fullt inn og klare å få plassert Heftar i presidentstolen, så vil motstanden mot han frå dei nå godt bevæpna og kamptrente militsane i området føre til at Russland vil måtte bli eit permanent stillas for å halde Heftar oppe (som i Syria). Dette ville vere "ein over nasen", og det er godt mulig at noen i Kreml ser det samme scenariet og avgrensar innsatsen sin i landet. Men det kan altså godt komme til å skje noe på frontlina i Libya utover vinteren eller til våren.

Den arabiske våren 2.0
I desse statusmeldingane vi har skrive ved kvart årsskifte, var det ein frase som lenge gjekk igjen: "Og dessutan kan vi få skifte av statssjef i to land, Oman og Algerie, der leiaren er svært sjuk / har kanskje ikkje lenge igjen." Vel, liv og død har vi desverre eller heldigvis ikkje vore så gode til å spå om, og eg måtte slutte å skrive dette kvart år sidan begge to halstarrig heldt seg i live - og er det fortsatt (sjøl om nå begynner også andre aviser å skrive om Omans evt. kommande tronskifte). Men Bouteflika i Algerie er iallfall ikkje lenger president. Og dette etter ei protestbølge, ei av mange vi har sett i Midtausten det siste året.

Dei er, i motsetning til det vi har skrive om over, konfliktar som er absolutt lokale utan internasjonalt tilsnitt, men som har prega, og vil prege regionen, og som vi derfor heller burde innleiia med. Vi nærmar oss altså tiårsjubileet for protestane som fekk namnet Den arabiske våren, og dei protestbølgene vi har sett i 2019 kan likne på dei i den grad at noen kallar dei samla for "Den arabiske våren 2.0".

Den opphavlige arabiske våren fekk namnet fordi den gjekk igjen i alle arabiske land, og ikkje i noen andre. Men det var ulik intensitet i ulike land, og det som er påfallande er at dei landa som i fjor hadde store folkelige protestar: Irak, Libanon, Sudan og Algerie (og nabolandet Iran) nettopp var dei som ikkje hadde store protestar i 2011-12, berre mindre demonstrasjonar som la seg fort. Dei kjem altså nå "etter", ni år etter første bølge. Men det er også påfallande at vi samtidig ser ganske like protestbølger i andre delar av verda, som i Chile og andre land i Latin-Amerika. Ja, kanskje ein kan trekke det til dei gule vestane i Frankrike også, sjøl om det da begynner å bli litt søkt, ei heilt anna politisk og økonomisk stode. Men generelle, uorganiserte, sosiale protestar "ras-de-bol" (vi er lei), er felles. Det kan altså vere ein global trend, og ikkje spesifikt for Midtausten.

Tar vi for oss dei fem i Midtausten, har mange peikt på at tre av dei er i land der Iran har innverknad, og at det derfor er reaksjon på Irans politikk (i Iran sjøl, mot at Iran brukar pengar på eventyr i utlandet i staden for på eiga befolking). Men om vi trekker inn Sudan og Algerie - og Chile, som liknar ennå meir på protestane i Libanon og Irak - så blir dette mindre påtakelig. Likevel er det klart forskjellar mellom dei fem. Protestane i Algerie og Sudan var tydelig politiske: bort med det sittande styret til hhv. Bouteflika og Bashir, som begge hadde sitte lenge og ikkje var til å rikke. Men alle fem har det altså til felles at dei er spontane, og ikkje eigentlig styrt av noen klar leiing, sjøl om ein prøvde å organisere komitéar til å koordinere krava i kvart land. Men for både Algerie og Sudan, der dei altså i begge tilfelle vann fram og fekk dei to militærleiarane til å gå av, så har ikkje opposisjonen hatt noen å sette i staden - nettopp fordi dei var leiarlause, og utan noen heilt samstemt politikk, utover at dei ville ha "ekte demokrati" og at livssituasjonen deira, altså økonomien skulle bli bedre. Derfor er det rimelig å gruppere dei med dei reine sosiale og økonomiske opptøyane i Iran, Irak og Libanon, som ikkje har hatt noen politiske krav utover generelt, "bort med dei korrupte, vi vil ha bedre levekår". I Algerie og Sudan er dermed faren at dei militære vil bli sittande med makta, slik dei i realiteten vart i Egypt, og naturligvis i Syria, der det gamle regimet har overlevd opprøret. I Algerie vart jo nettopp kravet til demonstrantane å utsette valga, sidan dei ikkje har noen kandidat å stille opp mot det gamle regiments menn, som dermed vann valet. I Sudan er den mest frykta militærleiaren, Muhammad "Hemedti" Dagalo, ein del av det nye styret. I det sivile Libanon og Irak er det også fare for at det blir nye gamle menn som trer inn, og i Iran er jo ayatollah-regimet så solid at det ikkje blir rokka politisk, men at det kanskje kan ramme handleevna til den sittande regjeringa.

Interessant i forhold til 2011, er jo også rolla til islamismen. For ni år sidan var den viktig overalt, og prega dei nye styra i Egypt og Tunisia, vart styrka i Marokko, og tok over opprøret i Syria. Men så skjedde det ikkje så mye - i Egypt vart dei knust, i Tunisia strevar dei det dei kan for å bli eit konservativt parti mellom alle dei andre, og i Syria forsvann dei med opprøret. I denne nye runden har vi så langt ikkje sett noe til islamistar, som jo nettopp ville kunne gitt struktur og leiarskap som desse oppreistane manglar (slik dei gjorde i 2011). Men i Sudan var det jo dei som hadde makta, der er det eit opprør mot islamistane, og deira fremste parti er oppløyst. I Algerie har dei etter borgarkrigen på 1990-talet spilt på regimets premiss, og dei moderate islamistiske partia som fins var så moderate at dei heldt seg langt borte frå protestane og held seg i skjørtekanten til dei militære. I Irak og Libanen er sunniar og shiaer sammen i protestane, og det vi måtte kalle islamistar i dei to landa, Hizballah i Libanon (utan tvil), og Da'wa (kanskje) i Irak, har heller stått på regimets side og i begge tilfeller vore med på å bekjempe protestane. Så islamismen ser ikkje ut til å kunne dra noe ut av desse folkelige protestane. Men kanskje problemet er at islamismen har vore den einaste organiserte og folkelige krafta i desse landa sidan kommunismen svann bort på 1970- og 1980-talet, og det som måtte vere av borgerlig-liberale krefter gjekk opp i dei regima som nå blir utfordra, og aldri fekk noen folkelig basis - det samme gjeld i stor grad sosialistiske og sosial-demokratiske rørsler; dei finnes, men dei har vore så marginale at dei har stort sett sklidd inn ei eller annan av dei andre retningane eg nemnte. Dette kan bli problemet for forsøka på å gi det folkelige opprøret noen varig innverknad - det kan fort bli at alt fell tilbake til gamle, sidan det var ikkje var noe klart alternativ veg å følge.