onsdag 29. januar 2020

Deal of the century

På denne bloggen har eg stort sett unngått "siste nytt" og prøvd på analysar over litt lengre perspektiv. Men i dag kunne eg ikkje dy meg - farlig, for eg har ikkje all bakgrunn, slik at dette er meir spekulativt enn vanlig. Men pytt sann, eg får heller redigere det i ettertid.

Eit sjølstendig sammenhengande Palestina
Det Trump og Netanyahu lover, etter det vi hørte siste døgnet er at palestinarane, om dei "play ball" kan få ein gong i framtida ein "sammenhengande stat" som er "minst dobbelt så stort som dei har i dag", samtidig som busettingane skal vere som dei er. Korleis kan dette henge sammen, når busettingane jo ligg midt inne i og mellom dei palestinske områda?

Dette er altså teorien min: Når Trump snakker om "som dei har i dag", meiner han ikkje Vestbreidda, ei dobling av det ville jo ta ein stor bit av Israel. Han tenker på Område A. Som vi veit, er Vestbreidda etter Oslo-avtalen delt i tre, eit område A der palestinarane har både sivil og politi-kontroll; Område B som er delt, sivilt palestinsk styre men israelsk militær kontroll, og C som er under full israelsk kontroll.

Område A utgjer ca. 18 prosent av Vestbreidda, først og fremst byar som Ramallah, Nablus og Jenin m.fl., område B er ytterligare 22 prosent, C - med busettingane - resten.

Tanken er i så fall at heile eller ein del av område B skal gis full palestinsk kontroll (A utvidas), mens resten, område C, skal annekteras til Israel, slik Netanyahu tidligare har lova sine veljarar. "Minst dobbelt" kan da passe, sidan B er litt større enn A idag. I så fall er det dei to lovar altså rundt 40 prosent av Vestbreidda. Ut frå dette er det kanskje ikkje så vanskelig å konstruere eit sammenhengande område, sjøl om det fortsatt kan bli ei utfordring å legge vegar etc. mellom byane slik at dei heng sammen, samtidig som dei israelske områda også skal henge sammen.

Kvifor annekterer ikkje Israel alt?
Om Israel i så fall skal få mestedelen av Vestbreidda, kvifor gjer dei da ikkje som ytre høgre ber om, og berre annekterer heile greia? Problemet med det er statusen til palestinarane. I dag har Vestbreidda ein uavklart statsrettslig status: Det er ifølge internasjonal lov / FN okkupert frå Jordan i 1967, men Jordan har oppgitt kravet og seier det skal bli del av eit Palestina som ikkje er oppretta ennå. Israel kallar det "administrert", som også betyr uavklart. Det gjer at palestinarane som bur der også har uavklart status.

Om Israel annekterer heile Vestbreidda, vil denne uavklarte statusen bli oppheva. Det vil trulig ikkje vere mulig for Israel, dersom dei seier at Vestbreidda er integrert del av Israel, å unngå å gi dei som bur der tilbod om statsborgarskap. Dette gjorde dei i Jersusalem da dei annekterte Aust-Jerusalem, men nesten alle palestinarane takka nei, så israelarane "dodged the bullet". I dag, når "ein-stats-løysinga" (ein felles stat med like rettar for alle) blir seriøst diskutert på palestinsk side, så kan dei ikkje vere sikre på at det samme vil skje igjen. Og om ein snunad gjer at alle eller stordelen av palestinarane på Vestbreidda takkar ja til eit slikt tilbod, så står dei (sammen med "israelske palestinarar") i fare for enten å bli fleirtal i Israel, eller iallfall bli ein så stor del av folket at Israels jødiske karakter blir grunnleggande endra. Det kan nok ingen israelsk politikar godta.

Derfor er den nåverande uavklarte situasjonen trulig til Israels fordel. Skal det komme ei avklaring på den, så må det vere med ein eller annan statsrettslig "oppbevaringsplass" for palestinarane. Israel, om dei vil annektere Vestbreidda eller mest mulig av den, er derfor avhengig av at det finnes ein palestinsk stat, som har som einaste oppgåve å gi statsborgarskap til palestinarane, slik at dei ikkje har rett på eller nokon gong kan kreve israelsk statsborgarskap. For øvrig så kan denne palestinske staten vere så liten den vil, den treng knapt noe territorium i det heile og kan vere ein "virtuell stat", så lenge den berre kan vere lynavleiar for evt. krav om at palestinarane kan få rettar i den staten som da faktisk styrer området dei bur i.

Forslaget om Palestinas hovudstad er altså området Shu'fat i utkanten av Jerusalem. Det er ein palestinsk flyktningeleir, så det er forsåvidt da passande, sidan dette Palestina etter Trump-Netanyahu-planen vil vere ein nasjonalstat av flyktningar.

Tillegg 31. januar
Vel, eg sa eg skulle korrigere i ettertid. Sidan eg skreiv det over, har vi altså sett kartet som følgte planen. Det var rett som eg sa, at utgangspunktet var område A + B, og det er trulig det Trump meinte med "minst dobbelt så stort". Men planen er noe meir "generøs" enn dette, også område som nå er C (under full israelsk kontroll) ser på det store kartet ut til å vere inkludert for å skape større sammenheng, spesielt at Jeriko, som i dag er omslutta av område C, skal henge sammen med dei sjølstyrte områda. (Og den foreslåtte hovudstaden er ikkje Shu'fat, nord for gamlebyen, slik noen medier skreiv; Netanyahu har presisert at det er Abu Dis i sør-aust, som jo også tidligare har vore omtalt som kandidat.)

Noen av desse tillegga er merkelige, og noen direkte oppsiktsvekkande. Det eine gjeld to isolerte "øyar" i ørkenen sør for Gaza, skilt av ørken frå Gaza og frå kvarandre, men opp mot den egyptiske grensa, der Trump har skrive "næringsutvikling". Ingen veit heilt kva som er meint her, så langt eg fortsatt veit er dette folketomme ørkenområder. Hensikta ser ut til å vere å kompensere for Jordandalen, som altså heilt skal gis til Israel - km2 for km2, ørken mot jordbruksområder.

Meir problematisk er at noen områder vest for Jerusalem skal gis til palestinarane. Desse har vore del av Israel sidan 1948 - men dei er befolka av arabarar, som altså har vore israelske statsborgarar sidan 1948, men nå skal overføras til kva slags status palestinarane nå skal få. Dette har, det eg veit, ikkje ein gong Netanyahu foreslått, men er forslag frå Avigdor Lieberman frå ytre høgre. Faren er at tanken ligg under at israelske palesitnarar ("arabarar") skal bort frå Israel "sidan dei jo kallar seg palestinarar", og at Israel dermed skal få ei reinare jødisk befolking. Desse landsbyane er små, og planen begrunnar det med "strategiske hensyn", men tanken er farlig, ytre høgre har jo også før snakka om å "kvitte seg" med større israelsk-arabiske områder i Galilea i eit "land-swap".

Spørsmålet om statsborgarskap vil komme opp snart, dersom Netanyahu gjer alvor av å annektere Jordan-dalen alt nå, sidan det bur palestinarar der. Vil dei, som i Jerusalem, bli tilbudt israelsk statsborgarskap, eller vil dei bli rekna som borgarar av den ennå ikkje oppretta palestinske staten, sjøl om dei faktisk ikkje bur i det området Israel meiner denne staten skal omfatte? Dette kan bli eit dilemma, både for Israel (om dei ikkje skal falle i "apartheid-fella") og for palestinarane i Jordan-dalen som kanskje kan bli gitt dette valget, enten akseptere å bli israelarar (fienden) eller å akseptere å vere mulige framtidige borgarar av ein stat som ikkje finnes ennå og på ein annan stad enn der dei bur, og dermed bli "utlendingar" på si eiga jord.

Her kjem også spørsmålet om jordansk statsborgarskap, som dei på Vestbreidda hadde før 1967, og mange etterpå, inn. Noen palestinarar i Jerusalem har bedt om at Jordan fortsatt må fornye desse, for å sikre deira rettar, mens andre meiner dette er farlig, å frivillig be om å (for-)bli borgarar av eit anna land enn Palestina, det kan komme til å bli brukt mot dei ("dei er jo jordanarar, dei ber om å bli verande det").

Men hovudpoenget er naturligvis at dette ikkje er ein stat, og ikkje berre av at den ikkje heng samman anna enn gjennom tunellar og vegkryss i fleire plan (Israel under og Palestina over eller omvendt). Netanyahu har sjøl sagt i ettertid til sine veljarar at det palestinarane skal få ikkje skal vere ein "stat" i vanlig forstand - og det er ei korrekt framstilling; den foreslåtte eininga skal jo vere heilt underlagt Israel og langt på veg fortsette som nå, ein lokal administrasjon av palestinarane under israelsk kontroll, men altså kanskje med tilbod om medlemskap i FN, statsborgarskap, eigne pass og noen andre symbol. Som vi veit, kjem jo dette ikkje til å skje sidan palestinarane ikkje kan godta det, men israelarane kan, som vi har hørt, likevel late som om "avtalen" er realitet og starte annektering. Noen meiner likevel at heller ikkje dette kjem dei til å gjere. Ikkje minst advarer sikkerheitsmyndigheitene om kva dei negative konsekvensane vil vere (PA vil f.eks. kunne bryte det omfattande samarbeidet dei i dag har med Israel når det gjeld politimyndigheit og kontroll, slik at israelske styrkar må "gjen-okkupere" dei palestinske områda). Men det får vi sjå vidare.

Ingen kommentarer: