mandag 16. april 2018

Syria: Kjemi og bomber

Eg har i desse bloggane prøvd å unngå å skrive det samme som de finn i "siste sekund"-nyheitsmeldingar i andre aviser og medier, og heller oppsummere (og ja, det har blitt mindre tid til blogging i dei siste par åra, diverre). Derfor burde eg også halde tann for tunge i det siste i Syria, ikkje minst fordi eg ikkje "veit" meir enn andre om det som faktisk har skjedd. Men likevel, det er jo dramatisk, så la oss sjå litt på hendingane.

Kva veit vi, og kva trur vi?

Vi har altså liten heilt sikker kunnskap om angrepa i Douma sist veke, som førte til bombeåktaka frå tre NATO-land. Kanskje får vi heller aldri sikker kunnskap. Men la oss snakke om "sannsyneligheitsovervekt", kva er det mest rimelig å tru har hendt?

1. Det er overvegande trulig at det vart brukt kjemiske midlar i bombeåtaket i Douma (Aust-Ghouta) 7. april. Det er komme så mange vitneutsagn frå ulike kjelder at det ikkje er rimelig å tru at dei er falske eller del av noen konspirasjon.

2. Det som virkar mest tydelig er at det vart brukt klorgass i dette angrepet. Noen observasjonar peiker også på bruk av ein eller annan type nervegass, sarin eller noe anna, men desse er ikkje sikre, og heller ikkje USA seier dei har bevis på bruk av nervegass (ulikt klor). Dette kan vise seg å vere tilfelle, men vi veit det ikkje. Dette er eit sentralt punkt, så derfor to ord om skillet mellom klor og nervegass.

All bruk av kjemiske våpen (gass) som stridsmiddel i krig er forbudt etter konvensjonen om kjemiske våpen som Syria underteikna i 2014, altså både klor, sarin og anna. Men klorgass er eit "fattigmannsvåpen", som i utgangspunktet ikkje er (særlig) dødelig. Det kan, som all gass, drepe når det er brukt i store mengder eller konsentrasjonar, eller under bestemte forhold, men dødstalla i eit klorgass-angrep vil normalt vere låge. Dette er grunnen til mistanken om sarin-bruk her, sidan fleire titall (over 30-40) vart drept, som er svært mye for eit klorangrep. Men noen kjelder peiker på at mange av dei drepne var på ein bestemt plass, og det kan derfor vere ein svært sterk konsentrasjon klor utløyst der som førte til så mange døde. Andre kjelder har observert symptom (stive pupillar) som tyder på nervegass, så dette er ikkje avklart. Men vi kan altså si at bruk av klorgass er svært trulig, nervegass er berre ein muligheit etter det vi nå veit.

Klorgass er laga av klor, det samme som vi brukar i hushaldninga, og svært vanlig i Midtausten, der det brukas til å reinske drikkevatn. Det er altså ikkje forbudt å oppbevare klor, og det er rimelig lett å lage gass av det, ein treng ikkje avanserte "produksjonsanlegg". Derfor var ikkje klorgass omfatta av avtalen i 2014 om å uttransportere kjemiske våpen frå Syria. Vart det nå berre brukt klorgass, har det altså ingen ting med denne avtalen å gjere, og kan på ingen måte tyde på at det ein den gong kom fram til var verdilaust eller mislykka. Store mengder sarin og annan nervegass vart då fjerna frå Syria, og er ikkje vore i bruk i krigen seinare.

Etter den tid gjekk ein i staden altså over til å bruke det ein da "hadde for handa", meir eller mindre "heimelaga" gass basert på klor, og dette ser ut til å vore relativt banalt i bruk, det er over tretti rapporterte klorgass-angrep dei siste to åra (naturligvis omstridt, men at det har vore i bruk, har "sannsyneligheitsovervekt"). Det siste i Douma kan altså berre ha vore eit nytt i samme kjeden, der det enten ved eit tilfelle har ført til større dødstall enn vanlig, eller i større konsentrasjon eller mengder enn før. (Men, for å ta det opp att: også bruk av klorgass, uansett kor banalisert, er ulovlig etter krigens folkerett som også Syria har skrive under). Sarin og annan nervegass er i ein heilt annan klasse, det er svært dødelig (ca. "2-3000 gonger så dødelig som klor", seier kjelder), og er fullstendig forbudt også å produsere og oppbevare.

Det er også etter 2013 at vi har fått mange rapportar om bruk av klorgass i Syria, men åtaket i Khan Sheikhoun i fjor, som førte til førre amerikanske bomberaid, var med sarin, ifølge undersøkingar frå utanlandske laboratorier. I så fall finnes det altså også sarin igjen i Syria. Rapportar har hevda at både opprørarar og regimet har lager med sarin, men trulig i mindre mengder, og det er også få påstandar om sarin-bruk utanom Khan Sheikhoun. Sarin er heller ikkje spesielt vanskelig å produsere, og å ødelegge "produksjonsanlegg" vil trulig ikkje gi noen særlig langvarig begrensing på produksjonsevna.

Klor og sarin kan ikkje brukas sammen (i samme bombe), men det er naturligvis mulig å bruke begge type våpen i samme åtak.

3. Det er ingen grunn til å tru anna enn at regime-styrkar stod bak åtaket. Dette er naturligvis ein antakelse, vi har ingen klare bevis, men noen foto frå åtaket viser ein ueksplodert klortank som har gått gjennom ein tak/vegg, altså ser ut til å ha blitt droppa frå lufta (og ja, naturligvis kan det vere eit konstruert foto, men kor trulig det er, er noe anna). Vi er likevel her henvist til bruk av logikk, og det er ein farlig metode. "Kven tener på det", det kan brukas på alle mulige måtar og til å "forklare" alt og ingenting, og i krig bygger på det på ein grunnleggande falsk forutsetning: at krigen er logisk. Eller, for å si det meir akademisk: Det er altfor mange ukjente variablar. Kven er det som har bestemt f.eks. eit åtak? Er det "Assad" personlig? Neppe. Er det "regimet"? Kven er det? Er det ulike fraksjonar eller enkeltpersonar som har sin eigen agenda? Eller er det rett og slett slik at også i krig så er byråkratisk inkompetanse og "vi gjer det vi pleier å gjere" det som faktisk fører til handlingar? Så før "logisk" må vi iallfall spørre "kven sin logikk"?

Derfor bør vi ikkje ta slike vurderingar for meir enn gjetningar. Likevel: Om ein var opprørar, og hadde ei lita mengde med eit svært farlig våpen, korleis ville ein da bruke det? Mot fienden, for å prøve f.eks. å bryte ein blokade? Eller mot sine eigne sivile (som i dette tilfellet trulig omfattar eins eigne naboar og slektningar, sidan opprørsgruppa her var sterkt lokalt basert), berre i håpet om at dette skulle føre til internasjonal sympati? Når ein eigentlig ikkje trur på at slik sympati skal føre med seg noe som helst? To dagar før ein uansett har tenkt å kapitulere og gi opp kampen, slik at ein evt. utanlandsk inngriping ikkje ville føre til noen betring for eins eigen situasjon? Er dette trulig, eller er denne tanken eit halmstrå for å unngå å akseptere at den andre parten faktisk har mest interesse av angrepet?

Så kva med regimet, kva skulle dei tene på det, når dei stod på nippet til å vinne? Problemet for dei var at seieren trakk i langdrag. Ein del av opprørsguppa Jaysh al-islam som heldt Douma hadde overgitt seg og blitt bussa ut, men ein stor del av fortsatt godt utrusta soldatar nekta å gi opp og å reise. Dei ville slåss til det siste. Eit kraftig angrep kunne overbevise om at dette var nyttelaust, og ville føre til store tap av sivile liv (og, altså, Jaysh al-islam var og er primært ei lokal gruppe for Doma og Ghouta-området, med ganske djupe lokale røtter). I så fall lykkas strategien, dei siste kapitulerte eit par dagar etter åtaket.

4. USA og alliertes bombeåtak var nok politisk og diplomatisk uunngåelig, etter Trumps tvitring og behovet for å "vise styrke", men vil trulig ha liten og ingen betydning for krigen i Syria. Ingen veit om det faktisk var "lager og produksjonsanlegg" som vart bomba, eller tomme lagerbygningar. Og om vi går ut frå at regimet stod bak, vil dei om dei ønskar det lett kunne ta opp att produksjon av klorgass, og for den del (med noe større vanskar) nervegass. Vil dei det? Vel, ikkje til bruk i Ghouta, iallfall, for der er kampane over. Men dei vil jo halde fram på neste front, som er i Idlib-provinsen i nord. Men her møter dei altså gruppa Tahrir al-Sham, som blir rekna som al-Qa'idas avdeling i Syria (det er litt uklart, men dei blir uansett oppfatta slik i Vesten). Og kan vi tenke oss at USA igjen vil gripe inn mot regimet i noe som kan oppfattas som ei handsrekning til al-Qa'ida?

Hensikta var nok heller ikkje å ha noen effekt på denne borgarkrigen, nettopp fordi USA ikkje har noen dei støttar der, det er ingen som USA kan "sette i staden" for Assad. Tidligare gav dei halvhjerta støtte til Frie Syriske Hær (FSA), som fortsatt finnes. Men dei er nå blitt meir og meir innlemma i den tyrkiske invasjonen av dei kurdiske områda, FSA er i stor grad Tyrkias fotsoldatar i Afrin-provinsen, og dei ser ut til å ha lite sjølstende frå tyrkarane. Så lenge Tyrkia og USA altså har motsatte interesser i den kurdisk-tyrkiske konflikten, er vel FSA dermed ikkje lenger noe USA kjenner seg komfortabel med. Så, med mindre dei går "all in" og prøver å sette inn ei heilt ny kraft (i krig mot Russland, som støttar Assad!), noe som er heilt utenkelig så lenge Russland står der, så har ikkje USA noen strategi og noe mål i denne konflikten for og imot Assad-regimet. Så angrepet kan knapt bli noe anna enn ein "one-off", ei markering av eit standpunkt om at kjemiske våpen ikkje tålas sånn generelt utan noe sluttmål utover det.