lørdag 28. juni 2014

Om ISIS og korantolking

Eit lite islamologisk sidespor, forresten, sidan vi snakkar om ISIS og den slags. Lars Gule skreiv om dei i Klassekampen nylig (26.6), at dei islamske lovene [han meiner vel openbaringsteksta, lovene blir jo tolka i domstolen] har ”alltid blitt tolket, og Isil [ISIS] mener deres tolking er den eneste rette”. Dette er ikkje feil, men litt upresist, og kan gi grunnlag for ein liten kommentar.

Det er rett at vi, som står utanfor, ser at Openbaringa, også Koranen, nødvendigvis må gjennomgå ei tolking, og ikkje minst ei lesing, altså å gi orda og setningane ei meining. Dette er ikkje uvesentlig i Koranen, sidan språket som den er skriven på, arabisk, i stor grad er skapt gjennom Koranen, og Koranen på sett og vis kom før språket, og ikkje språket før teksta. Naturligvis hadde Muhammad og folket i Arabia eit talespråk før Koranen, men knapt noe skriftspråk, og når Koranen vart nedskriven og teologien rundt utvikla eit hundreår seinare, var mange av orda i Koran-teksten blitt ukjente for den tidas arabarar. Dei måtte derfor bestemme (teologisk) kva ordet betydde i Koranens sammenheng først, og så vart ordet deretter tatt inn i standard arabisk skriftspråk i den betydninga deretter.

Eit godt døme på dette er ordet riba. Det blir omtalt som noe negativt i Koranen, ei form for salg som Gud har forbudt. Men ordet var elles ukjent for 700-talets arabarar, så kva var det som Gud hadde forbudt? Vel, ordet kan henge sammen med ein ordstamme, raba, som betydde ”å vekse” eller ”å bli meire”. Samtidig var det ein vanlig skepsis mot at noen krevde ågerrenter, altså nytta lånarens pengebehov til å forlange urimelig høg rente for eit pengelån. Det var derfor rimelig å knytte dei to sammen, å meine at i Mekka-dialekta (slik Gud brukte arabisk) måtte riba ha vore eit lokalt begrep for ågerrente. Derfor måtte ordet bety dette, og slik har det gått inn i det arabiske språket til denne dag, riba betyr ågerrente. Juridisk har dette seinare blitt utvida til å omfatte all slags rente, uavhengig av størrelsen på renta, men det er ei anna historie, poenget her er at ei slik lesing av teksten, og å gi orda ei meiningsfull betydning, er logisk uomgjengelig for å begripe ein tekst - anten ein nå vil bruke tolking til å la bodordet mot riba bety at eikvar rente på lån er forbudt eller berre den umoralsk høge ågerrenta.

Så det meiner vi logisk. Men salafistar, som ISIS men også mange i den fredelige varianten, er ikkje samd. Dei meiner ikkje at ”vår tolking er den einaste rette”, men at ”det trengs inga tolking”. Koranen er heva over menneskelig tolking, den har ei openbar meining som er klar for alle som berre les teksten utan ”teologiske skylappar”. Det er grunnlaget deira for å seie at deira tru er den einaste rette, fordi det er berre dei som les teksten slik Gud har gitt den, alle andre les den gjennom sine ”tolkingar” som forvrir teksten i andre retningar enn Gud openbart ville. Dette høres jo ut som ein openbar tilsnikelse av rettru, men det er opplagt at eit slikt argument slår godt: Ikkje hør på oss, ikkje hør på dei andre: berre les teksten, så ser de jo sjøl at dette vi gjer er det som står der og som Gud har sagt.

Nå er ikkje salafistane dei einaste som har hevda dette for sitt syn opp gjennom tidene. I middelalderen fantes det ei retning innan islamsk lov, Zahiriyya, som sa det samme: ”zahir” betyr Koranens og sunnaens utvendige (altså ikkje-fortolka) tekst, som dei meinte måtte komme i staden for tolkingane juristane i dei ulike ”lovskulane” hadde utvikla da dei gjorde openbaringsteksten om til ei handterbar og systematisk lov. Men zahiriyya var meir ein ideologisk ståstad enn praktisk jus, når deira største jurist Ibn Hazm (d. 1064) utvikla praktiske lovreglar var dei til forveksling lik den vanlige jusen, han berre argumenterte annleis for reglane.

Også i sufismen, den mystikken salafiane hatar (sidan han ikkje er omtalt i Koranen, men er ein folkelig truspraksis), fins liknande idear: Den som har eit ”opent hjarte” treng ikkje utvendig fortolking, men vil av Gud bli inspirert til å forstå den eigentlige meininga av orda ved berre å lese teksta (slik sufien Ahmad b. Idris, d. 1837). Interessant finn vi noe liknande hos han som jihadistane (men ikkje alle andre salafistar) verkelig setter høgt, Sayyid Qutb (d. 1966). Han hadde også ei oppfatning om at det var berre éi rett tyding, den som ein fekk ved å lese koran-teksten direkte, og at tolking var unødvendig - det er her ISIS og liknande har henta den oppfatninga. Men når ein les Qutb, ser ein at heller ikkje han seier noe om korleis lesaren faktisk kjem fram til denne ”openbare tydinga” i ei motsetningsfull tekst, det skal ikkje vere gjennom feilbarlige menneskelige mellommenn. Også han virkar som å ha ein nær mystisk ide om at den ekte og reine truande vil komme fram til den eigentlige meininga spontant, kanskje inspirert av Gud. Dette er noe av det som fekk Qutb-historikaren Olivier Carré kalle han for ”islamistisk mystikar”, og også at meir skriftnære salafistar seinare avviste ideane til Qutb, som jo ikkje var spesielt lærd i islamsk teologi og jus.

Slik dekker jihadistane og ISIS si oppfatning om at ”det er berre å lese den reine teksta” over eit problem som meir reflekterte teologar raskt oppdagar. I realiteten blir det, som Gule litt vel kortfatta oppsummerer, at ”vår tolking” er den einaste, men altså under eit dekke av at ”vår tolking” ikkje er vår tolking i det heile, men Guds uforfalska ord. Derfor blir den teologiske debatten om tafsir (koran-tolking) er nødvendig eller ikkje viktig i andre muslimars møte med jihadistisk islam-teori.

onsdag 25. juni 2014

Syria og Irak: Nye grenser, gamle grenser

Store endringar i Midtausten for tida, noen presenterer det som historisk: nye grenser er på veg, dei gamle linene som Sykes og Picot trakk opp i 1916 hører snart fortida til! Nå, dei gjer nok kanskje ikkje det så fort, men at både Syria og Irak står oppe i ei krise der samhaldet innan landa blir satt på prøve, er nok klart.

Nå som sommaren elles legg seg, kan det kanskje vere eit pusterom for å komme tilbake litt til noe av dette etter kvart. Men la oss først legge ut på ein liten historisk ekspedisjon til regionen. Og la problemstillinga vere konkret og enkel: Denne gruppa som har tatt pusten frå alle ved å storme fram nedover Eufrat, kva skal vi kalle den på norsk: ISIL, som norske aviser ser ut til å ha vedtatt, eller ISIS, som nå er mest vanlig på engelsk? Og kva har det med historia å gjere?

La oss ta det punktvis, for dette kan bli komplisert. Denne avleggaren av al-Qa'ida kalte seg først for al-Dawla al-islamiyya fi'l-Iraq, Den islamske staten i Irak. Da dei rykka inn i det syriske opprøret for to år sidan, utvida dei følgelig namnet sitt til al-Dawla al-islamiyya fi'l-Iraq wa'l-Sham. På arabisk blir det forkorta til Da'ish, etter forbokstavane - for øvrig ganske uvanlig for arabisk, dette å lage slike forkortingar.

Problemet var når ein skulle omsette dette til europeisk. Den første versjonen var grei, ISI. Men då dei la til tillegget, vart det forvirrande: For kva er dette al-Sham, som dei nå inkluderte i sin "stat"? Her må vi inn med litt historisk geografi, for sjøl om Sham (ofte stava Cham med latinske bokstavar, som i det kjente turisthotellet Cham Palace) er fortsatt i bruk i Syria, er det først og fremst eit eldre arabisk namn på regionen.

Vi må heilt tilbake til dei gamle grekarane, som var dei som byrja kalle området inst i Middelhavet for "Suria". Dette namnet går trulig ennå lenger tilbake, til oldtidsbyen Ashshur og riket Assyria i det øvre Mesopotamia, som rett nok ligg i nord-vest-Irak i dag. Då Romarriket erobra området inst i Middelhavet, gav dei provinsen dette namnet Syria. Slik kom det også inn i Bibelen og Juleevangeliet, der vi hugsar at Kvirinius var "landshovding i Syria" (Luk. 2:1). Han var dermed også overhode for Nasaret og Jerusalem, som altså begge hørte inn under provinsen Syria.

For arabarane var denne regionen i nord, og dei kalte det derfor "landet i nord", al-Shimal, som over tid vart forkorta til al-Sham (mens det i sør var al-Yaman, vårt Jemen. Dei to orda blir elles også brukt om hhv. venstre og høgre, altså nord og sør når ein står med ansiktet mot soloppgangen).

Hos romarane var provinsen "Syria" i hovudsak det som romarane styrte mellom Egypt og Anatolia (dagens Tyrkia). Arabarane overtok dette omgrepet, men prøvde å definere det betre. Slik var det klassisk avgrensa til å vere området om lag frå Taurus-fjella (heilt sør i Tyrkia) i nord til Gaza i sør, og frå Middelhavet i vest til ørkenen i sør-aust, og til Eufrat i nordvest. Som ein ser av kartet, er dette området altså både større og mindre enn dagens republikk Syria: Det går lenger sørover, men inkluderer ikkje den øvre delen av Mesopotamia (Eufrat-dalen) som er med i dagens republikk. Dét området hadde sitt eige namn, al-Jazira (eitt av mange område med det namnet, det betyr "øya", altså med elve-vatn på begge sider. TV-stasjonen har namnet sitt frå ei anna "øy", den arabiske halvøya).

Dette var eit geografisk namn, ikkje eit politisk eller adminstrativt, av og til var det samla, av og til delt i fleire små sultandømmer eller bystatar. På vestlige språk bruker vi "Syria" om det, og snakkar om Egypt, Syria og Irak som dei tre store regionane i det arabiske aust.

Kjem vi til det osmanske riket som styrte her frå 1516 til 1918, så snudde dei om på dei administrative einingane sine mange gonger. Som oftast var likevel heile Syria / al-Sham rekna som ein større region eller provins, velayet, som tok namn sitt frå hovudstaden, Damaskus.

Så kjem da det som skapar forvirringa: Oppdelinga av Midtausten etter det osmanske rikets fall. Der delte altså dei to diplomatane Sykes og Picot området langs ein bestemt breddegrad, fransk i nord og britisk i sør. Dette var ei heilt ny inndeling, ukjent tidligare. Etter litt forvirring arva da den biten som hadde storbyen Damaskus i seg, namnet til den gamle provinsen, men nå i europeisk / fransk avtapning, Syria (eller Syrie, på fransk). Libanon vart også skilt ut, men mange arabistar der motsette seg dette, dei såg seg som syrarar, og stifta det syriske nasjonalistpartiet som altså ville gjenforeine det historiske Syria. Skiftande regime i Damaskus hadde og har også ein særlig omtanke for Libanon av samme grunn. Sør for grensa, i det britiske området, var det likevel mindre slike tendensar, ein eigen palestinsk nasjonalisme vaks fram i staden.

Men etter kvart så har altså dette festa seg, og "Syria" kom etter kvart til å bety området til republikken Syria slik det vart. Slik vart også det gamle namnet al-Sham, som fortsatt vart brukt både i turist- og andre sammenhengar, knytta til "Syria" i moderne forstand, det referer i dag til republikken Syria slik vi kjenner den.

Det vil si - eg sa jo at dette var komplisert - i daglig, folkelig arabisk betyr det oftast hovudstaden i Syria. Når ein i Aleppo eller Homs seier at ein "reise til al-Sham", så meiner ein at ein skal til Damaskus. Land og hovudstad er ofte synonyme i arabisk ("Misr" betyr både Kairo og Egypt, og Alger/Algerie og Tunis/Tunisia har jo også formelt samme namn på arabisk). Men når al-Sham blir brukt for turistar og som malerisk namn på eit større land, er det (dagens) Syria som normalt er meint - at det før omfatta dagens Palestina, Jordan og Israel er gløymt.

Og for å gjere forvirringa total: Snakkar dei syrisk i Syria? På engelsk, kanskje (syrisk dialekt iallfall), men ikkje på norsk. Iallfall ikkje for folk med klassisk filologisk bakgrunn. For, mens folket i  oldtidas Assyria snakka akkadisk, så utvikla det seg seinare (frå arameisk) eit oldtidsspråk som blir kalla Syriac på engelsk, men syrisch på tysk, og derfor også syrisk på norsk. Men dette vart altså aldri brukt i Syria, men i delar av det som i dag er Irak, der også assyriske kristne er eit eige kyrkjesamfunn, mange av dei flyktningar i Sverige, og dei brukar dette som sitt liturgiske språk. Og det har da ingen ting å gjere med talespråket i Syria, som er den syriske dialekta av arabisk...

Ja, og så var det altså Levanten, da. Det er openbart eit reint europeisk namn ("soloppgangens land") og vart normalt brukt synonymt med Syria i orientalismens tid frå 1600-talet og framover. Kanskje er det lånt frå det arabiske Mashreq, landet der sola går opp, som er heile det aust-arabiske området - av det er det litt forvirring om "Levanten" også omfattar Irak. Det var alltid eit meir malerisk, aldri noe presist begrep. I vår tid blir det mest brukt arkeologisk, men det har hatt ein spesiell funksjon: ein måte å omtale eit område som omfattar både Israel, Palestina og Jordan utan å trå noen politisk på tærne (særlig "The Southern Levant" har openbart den funksjonen). Men før i dag har det ikkje vore i vanlig bruk om dei moderne statane. Når noen vil snakke om "det gamle Syria" før 1918, så bruker noen "Stor-Syria", men dette antyder ein ambisjon om å gjere Syria "større" enn i dag, som kanskje er rett når det gjeld Libanon, men ikkje Palestina/Jordan, her er det liten revansjisme på historia å spore.

Så kvifor "ISIL", som avisene seier? Noen journalistar har openbart ikkje forstått denne historia, som jo også er ganske komplisert. Dei har meint at ISIx's "al-Sham" må bety noe anna enn Syria, og så har dei gravd fram det gamle franske namnet, som dei så må forklare kvar gong. Nå er jo ISIS ein ganske ytterliggåande jihadistisk organisasjon, og det kan godt vere at dei faktisk vil utvide aksjonane sine til både Jordan og Libanon, og for den del andre delar av verda også, om dei vil arve al-Qa'idas globale ambisjonar (i dag er dei nok opptatt med Irak og Syria). Men når dei valde namnet al-Sham, så er det rett og slett fordi dei ikkje ville godta eit fransk-opphavlig namn på landet. Slik dei omtalar sitt nåverande aksjonsområde, er det tydelig at dei snakkar om Syria og Irak, i dagens betydning av namna. At dei er mest aktive i det området av Syria som faktisk ikkje var del av middelalderens al-Sham, altså Eufrat-dalen (al-Jazira den gong), blir derfor ikkje noe paradoks. Det franske namnet "Levanten" ville dei iallfall ikkje ta i med ei tang.

Så norske medier bør nok følge det som er blitt standard også på engelsk, det er ganske enkelt og rett fram "Irak og Syria", og vi treng ikkje noen lange historiske forklaringar på orda: ISIS.