Eit lite islamologisk sidespor, forresten, sidan vi snakkar om ISIS og den slags. Lars Gule skreiv om dei i Klassekampen nylig (26.6), at dei islamske lovene [han meiner vel openbaringsteksta, lovene blir jo tolka i domstolen] har ”alltid blitt tolket, og Isil [ISIS] mener deres tolking er den eneste rette”. Dette er ikkje feil, men litt upresist, og kan gi grunnlag for ein liten kommentar.
Det er rett at vi, som står utanfor, ser at Openbaringa, også Koranen, nødvendigvis må gjennomgå ei tolking, og ikkje minst ei lesing, altså å gi orda og setningane ei meining. Dette er ikkje uvesentlig i Koranen, sidan språket som den er skriven på, arabisk, i stor grad er skapt gjennom Koranen, og Koranen på sett og vis kom før språket, og ikkje språket før teksta. Naturligvis hadde Muhammad og folket i Arabia eit talespråk før Koranen, men knapt noe skriftspråk, og når Koranen vart nedskriven og teologien rundt utvikla eit hundreår seinare, var mange av orda i Koran-teksten blitt ukjente for den tidas arabarar. Dei måtte derfor bestemme (teologisk) kva ordet betydde i Koranens sammenheng først, og så vart ordet deretter tatt inn i standard arabisk skriftspråk i den betydninga deretter.
Eit godt døme på dette er ordet riba. Det blir omtalt som noe negativt i Koranen, ei form for salg som Gud har forbudt. Men ordet var elles ukjent for 700-talets arabarar, så kva var det som Gud hadde forbudt? Vel, ordet kan henge sammen med ein ordstamme, raba, som betydde ”å vekse” eller ”å bli meire”. Samtidig var det ein vanlig skepsis mot at noen krevde ågerrenter, altså nytta lånarens pengebehov til å forlange urimelig høg rente for eit pengelån. Det var derfor rimelig å knytte dei to sammen, å meine at i Mekka-dialekta (slik Gud brukte arabisk) måtte riba ha vore eit lokalt begrep for ågerrente. Derfor måtte ordet bety dette, og slik har det gått inn i det arabiske språket til denne dag, riba betyr ågerrente. Juridisk har dette seinare blitt utvida til å omfatte all slags rente, uavhengig av størrelsen på renta, men det er ei anna historie, poenget her er at ei slik lesing av teksten, og å gi orda ei meiningsfull betydning, er logisk uomgjengelig for å begripe ein tekst - anten ein nå vil bruke tolking til å la bodordet mot riba bety at eikvar rente på lån er forbudt eller berre den umoralsk høge ågerrenta.
Så det meiner vi logisk. Men salafistar, som ISIS men også mange i den fredelige varianten, er ikkje samd. Dei meiner ikkje at ”vår tolking er den einaste rette”, men at ”det trengs inga tolking”. Koranen er heva over menneskelig tolking, den har ei openbar meining som er klar for alle som berre les teksten utan ”teologiske skylappar”. Det er grunnlaget deira for å seie at deira tru er den einaste rette, fordi det er berre dei som les teksten slik Gud har gitt den, alle andre les den gjennom sine ”tolkingar” som forvrir teksten i andre retningar enn Gud openbart ville. Dette høres jo ut som ein openbar tilsnikelse av rettru, men det er opplagt at eit slikt argument slår godt: Ikkje hør på oss, ikkje hør på dei andre: berre les teksten, så ser de jo sjøl at dette vi gjer er det som står der og som Gud har sagt.
Nå er ikkje salafistane dei einaste som har hevda dette for sitt syn opp gjennom tidene. I middelalderen fantes det ei retning innan islamsk lov, Zahiriyya, som sa det samme: ”zahir” betyr Koranens og sunnaens utvendige (altså ikkje-fortolka) tekst, som dei meinte måtte komme i staden for tolkingane juristane i dei ulike ”lovskulane” hadde utvikla da dei gjorde openbaringsteksten om til ei handterbar og systematisk lov. Men zahiriyya var meir ein ideologisk ståstad enn praktisk jus, når deira største jurist Ibn Hazm (d. 1064) utvikla praktiske lovreglar var dei til forveksling lik den vanlige jusen, han berre argumenterte annleis for reglane.
Også i sufismen, den mystikken salafiane hatar (sidan han ikkje er omtalt i Koranen, men er ein folkelig truspraksis), fins liknande idear: Den som har eit ”opent hjarte” treng ikkje utvendig fortolking, men vil av Gud bli inspirert til å forstå den eigentlige meininga av orda ved berre å lese teksta (slik sufien Ahmad b. Idris, d. 1837). Interessant finn vi noe liknande hos han som jihadistane (men ikkje alle andre salafistar) verkelig setter høgt, Sayyid Qutb (d. 1966). Han hadde også ei oppfatning om at det var berre éi rett tyding, den som ein fekk ved å lese koran-teksten direkte, og at tolking var unødvendig - det er her ISIS og liknande har henta den oppfatninga. Men når ein les Qutb, ser ein at heller ikkje han seier noe om korleis lesaren faktisk kjem fram til denne ”openbare tydinga” i ei motsetningsfull tekst, det skal ikkje vere gjennom feilbarlige menneskelige mellommenn. Også han virkar som å ha ein nær mystisk ide om at den ekte og reine truande vil komme fram til den eigentlige meininga spontant, kanskje inspirert av Gud. Dette er noe av det som fekk Qutb-historikaren Olivier Carré kalle han for ”islamistisk mystikar”, og også at meir skriftnære salafistar seinare avviste ideane til Qutb, som jo ikkje var spesielt lærd i islamsk teologi og jus.
Slik dekker jihadistane og ISIS si oppfatning om at ”det er berre å lese den reine teksta” over eit problem som meir reflekterte teologar raskt oppdagar. I realiteten blir det, som Gule litt vel kortfatta oppsummerer, at ”vår tolking” er den einaste, men altså under eit dekke av at ”vår tolking” ikkje er vår tolking i det heile, men Guds uforfalska ord. Derfor blir den teologiske debatten om tafsir (koran-tolking) er nødvendig eller ikkje viktig i andre muslimars møte med jihadistisk islam-teori.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar