lørdag 1. januar 2022

2022: Status

Også i det siste året har oppmerksomheita vore fokusert på andre ting enn Midtausten. Det mest dramatiske der var vel det som skjedde litt i utkanten av regionen, den amerikanske tilbaketrekkinga frå Afghanistan og Talibans maktovertaking. Der er vel situasjonen fortsatt avventande, Taliban har gjeninnført ein del av sin gamle politikk, men gir også litt ulike signal. Det kan vere taktikk, dei ser at Afghanistan treng internasjonal støtte, men kanskje vel så mye at det er uklart kvar dei ulike retningane innan rørsla eigentlig vil gå, og kven som er sterkast av dei. 

Innanfor sjølve Midtausten er det vel to land som hadde tydeligaste endringar siste år, og i begge tilfeller kanskje som tilbakeskritt for demokratiske vinningar: Tunisia og Sudan, i begge land med noe som kanskje var "interne statskupp", kanskje ikkje. 


Tunisia: Korrektivt kupp eller kriseløysing?

Tunisia var jo "poster boy" for vellykka demokratisering etter den arabiske våren for ti år sidan. Rett nok med noen krisar og økonomisk stillstand, men det måtte ein jo forvente etter tiår med stillstand. Det oppstod rett nok ei oppfatning om at islamistane (som ikkje lenger vedkjenner seg namnet) i partiet El-Nahda (Ennahda) hadde tatt makta i landet. Strengt tatt skjedde det aldri, det som var problemet var at motkreftene, dei "liberale" eller "sekulære" ikkje klarte å ta den makta velgarane gav dei i 2014. I det valet vant anti-islamist-alliansen "Nida Tunis" (Tunis sitt rop) ein klar siger, med Beji Caid Essebsi som president. Men alliansen hadde lite anna til felles enn at dei var mot El-Nahda, og fall raskt sammen i personstrid, spesielt rundt kva rolle presidentens familie skulle ha: hans son Hafedh vart utpeikt til partileiar og mange allierte var redd vi her fekk eit nytt familiedynasti, slik som dei kasta i 2011. Partiet braut i stor grad sammen og klarte ikkje å samarbeide, og parlamentet - der El-Nahda var største parti, men berre med 52 av 217 representantar - fekk større betydning enn valresultatet tilsa. Etter kvart som økonomien i landet vart dårligare, og folk flest oppfatta at El-Nahda hadde den politiske tyngdekrafta, fekk dei også ansvaret - eller "skulda" - for at det ikkje gjekk så bra i landet som dei håpte, og folk vendte seg mot dei. 

Kaïs Saïed

I denne situasjonen vart det halde presidentval i 2019. Overraskande var det ein eldre, upolitisk, professor i rettsvitskap, Kais Saied som vann. I den grad han hadde ein profil, var det at han var religiøst og moralsk konservativ, men klar motstandar av El-Nahda og politisk islam. Han kom raskt på kant med parlamentet, som han meinte både var tiltakslaust og for mye dominert av El-Nahda. Etter ei serie med regjeringskriser, der El-Nahda hadde ein vaklande politikk, greip så presidenten inn og tok makta direkte. Han avsatte regjeringa, og "fraus" parlamentet. Ei ny regjering av teknokratar, med for første gong ei kvinne i leiinga, vart innsatt på presidentens autoritet, og han erklærte å inntil vidare styre på dekret. Reaksjonane var blanda, mange såg Said som ein utanforståande redningsmann som skulle rydde opp i rotet, andre hevda dette var eit statskupp der presidenten hadde satt til sides dei demokratiske spillereglane. El-Nahda var spesielt i ekse, men har seinare prøvd å komme presidenten i møte. Han sjøl hevdar at hans handlingar var i fullt samsvar med grunnlova, og sidan han faktisk er professor i grunnlovsrett, ville mange gi han ein sjanse til å bevise det han sa, at dette berre var ei kortvarig kriseløysing sidan den parlamentariske politikken hadde kjørt seg fast. At han både er religiøs, konservativ og motstandar av islamisme gjer at han kunne finne støtte i mange politiske retningar, men dei meir liberale er redd for at hans politiske instinkt ofte faktisk kan vere meir sosialt konservativt enn det islamistiske El-Nahda. 

Svaret på om dette var eit "korrektivt kupp" for å føre revolusjonen av 2011 tilbake på sporet, eller om det er starten på eit nytt einmannsstyre vil kanskje komme i den folkerøystinga som Saied har annonsert skal finne stad i juli 2022. Da skal det først vedtas ei ny grunnlov, som så skal legge grunnen for nye parlamentsval. Kva slags grunnlov som vil bli foreslått, er ikkje kjent, men det er klart at Saied er sterkt kritisk til den dominerande rolla parlamentet har i den nåverande systemet, og ønsker seg ei sterkare og meir dominerande rolle for presidenten. Så vil det vise seg om det han vil foreslå går så langt at det går utover dei demokratiske måla frå 2011, eller om dei har tilstrekkelig balanse for at ein folkelig kontroll med makta er sikra. I det siste har også fleire opposisjonspolitikarar blitt rettsforfølgt, derimellom både den tidligare presidenten Marzouki frå Sosialistpartiet, og ein av leiarane til El-Nahda, noe som kan vere faresignal. 


Sudan: To steg fram, eit tilbake?

For to år sidan var Sudan eitt av landa som på mange måtar slutta seg til den arabiske vår-bølga, åtte år på etterskott. Etter store og langvarige fredelige protestar, gjekk militær-regimet av og vart erstatta av eit felles sivilt/militært styre i 2019. I oktober 2021 tok den militære delen av det nye regimet makta, og fjerna den sivile statsministeren. Ein månad seinare vart statsministeren gjeninnsatt, men på nye vilkår. Mange ser det derfor slik at vi nå er tilbake til eit de facto reint militærregime i Sudan. 

På mange måtar minner utviklinga i Sudan dei to siste åra på det som skjedde i Egypt frå 2011 til 2013, berre med motsatt fortegn når det gjeld islamisme: I Egypt hadde vi eit militært sterkt anti-islamistisk styre som måtte gå etter folkelige protestar, ikkje minst frå islamistar, og vart erstatta først av ei slags forståing mellom dei sivile og dei militære, men der dei militære tok makta tilbake etter to år. I Sudan hadde vi eit militært islamistisk styre som måtte gå etter folkelige protestar, ikkje minst mot islamismen, og vart erstatta av eit sivilt-militært styre, men der også her dei militære har tatt makta tilbake to år etter. Dette skulle tyde på at dei militære var den dominerande maktfaktoren i begge land gjennom overgangsperioden, og tillot sivilt styre berre så lenge det tente deira interesser. 

Sudan er likevel spesielt på noen måtar i den arabiske verda. For det første ved at ikkje noe arabisk land har hatt så langvarig aktiv krigføring som Sudan: Borgarkrigen i sør-Sudan i store delar av sjølstendeperioden frå 1956, og uavbrutt aktiv krig i tretti år frå 1976 til 2005, og så aktiv krig i Darfur i mange år etter 2003. Dette har openbart gitt dei militære ei særlig rolle i politikken i landet. Det andre er at ikkje noe arabisk land har hatt eit så langvarig islamistisk styre som Sudan, delvis sidan Nimeiri innførte Sharia-lover i 1985, og fullstendig under Omar al-Bashir frå 1989 til 2019; også det tretti år. Dette har ført til endringar som vi trulig ennå ikkje har full oversikt over, om dei vil vise seg permanente eller vil bli vaska bort relativt kort. 

I dei fleste militærstyrte landa i Midtausten er det militære ein institusjon frå koloni- og den første uavhengige perioden, og var om noe dominert av ein statsorientert, nasjonalistisk og til tider sosialistisk ideologi: Irak, Syria, Egypt, Libya og Algerie var alle slike. Det sosialistiske preget forsvann utover 1980- og 90-åra for dei fleste av dei, men den sekulære skepsisen mot den veksande islamismen vart verande, dei var alle strengt sekulære regimer. Sudan har her vore unntaket, der det militære og det islamistiske partiet langt på veg smelta sammen. Sudan er jo eitt av landa (som Egypt, Marokko og Tunisia) med eit relativt sterkt sivilsamfunn uavhengig av staten: både med ein utdanna middelklasse og med sterke band til folkelige lag gjennom dei dominerande politiske familiane og religiøs-politiske rørslene i landet. I Bashir-perioden vart dette sivilsamfunnet, som i utgangspunktet ikkje var særlig berørt av islamismen, stadig meir gjennomsyra av ideologien til det islamistiske militærstyret, og deira veksande sivile medspillarar. 

Hamdok t.v., Burhan t.h.
Så i 2019, drive fram som i andre land av økonomiske problem og regiments manglande evne til å løyse dei, braut dette sammen. Den delen av sivilsamfunnet som ikkje delte islamismens ideologi, og leia av den liberale middelklassen ("dei profesjonelle", det vil seie dei med sjølstendige liberale yrke) klarte å sprenge ein kile inn i det militære regimet, slik at dei som stod al-Bashir nærast vart fjerna frå makta. Men dei militære som tok over hadde alle vore sentrale i Bashirs styre, og ikkje minst betenkelig var det at "slaktaren frå Darfur", Muhammad "Hemetti" Dagalo, slutta seg til dei nye herskarane. På sivil side var det ein laus koalisjon basert på "profesjonelles foreningar", Kreftene for fridom og forandring, som gjekk i dialog og inn i regjering med dei militære. President vart general Abd al-Fattah Burhan, statsminister økonomen Abd Allah Hamdok [som altså ikkje hadde militær bakgrunn, slik eg ved ein feil skreiv i fjor]. 

Det som skjedde i oktober var altså at general Burhan avsatte statsminister Hamdok og heile regjeringa. Etter protestar vart Hamdok gjeninnsatt som statsminister, men resten av regjeringa vart fortsatt utestengt, dei fleste sit fortsatt i arrest, og erstatta av upolitiske teknokratar. Trass i at Hamdok er tilbake, ligg altså makta nå heilt i Burhan og dei militæres hender. Dei sivile partia protesterer og fordømmer dette som eit statskupp, mens Burhan hevdar at dette er eit framhald av revolusjonen i 2019, og at avtalen som da vart satt opp fortsatt står ved lag. 

Dette er altså ennå såpass ferskt at vi må avvente vidare utvikling i 2022 for å sjå kor dette vil gå. Eit stort spørsmål er jo om dette er ein kontrarevolusjon frå islamistane og Bashirs menn. Dei som nå har makta var jo alle del av hans regime. Enn så lenge ser ikkje det ut til å vere tilfelle. Bashir sit fortsatt i fengsel, og det er dei som støtta kuppet i 2019 som styrer, dei som da vart skjøve ut ser ikkje ut til å vere på veg tilbake. Men det langsiktige er også interessant. Sudans politikk og samfunn vart djuptgripande forandra i den tretti år lange perioden med islamistisk styre. I dei første åra var islamist-partiet og deira ideologi nok fortsatt fremmed for mange i det sivile samfunnet. Men tiår etter tiår har forandra det. Samtidig vart det den opprinnelige motstanden mot konservativ islamisme som kom til uttrykk i revolusjonen i 2019. Kor djupt sit dette? Vil den islamistiske ideologien frå eit så langt styre la seg "vaske vekk" så fort som dei liberale, i Sudan som i Vesten, håpar og kanskje trur? Eller har islamistane lykkas, iallfall delvis, i sitt mål om å skape "det nye mennesket" der deira ideologi, som alle under førti år nå har vakse opp med, ligg bakt inn i deira verdssyn? Det vil det ta lang tid å gi svar på, men kanskje 2022 og forholdet mellom militærstyret og den sivile opposisjonen vil kunne gi noen tegn.


Libya: Demokrati på vent - men på kva?

Abd al-Hamid Dbeibeh

Eit tredje land der demokratiet kanskje står på vent - eller kanskje ikkje - er Libya. Etter at dei aktive krigshandlingane tok slutt hausten 2020, møttes representantar for dei stridande i eit "dialog-forum" i februar 2021. Dei utpeikte ein ny statsminister, som skulle ta over frå den førre, FN-innstatte, "nasjonale einskap"-regjeringa [i praksis ein av krigspartane] til Fayyaz al-Sarraj. Uventa nok valgte forumet ein nesten ukjend forretningsmann Abdul Hamid Dbeibeh. Det vart skumla ein del om at ulike pengesummar skifta hand for at han skulle få stillinga, og at hans interesse først og fremst var økonomisk for seg sjøl. Iallfall var han ikkje spesielt knytt til noen av dei stridande gruppene, sjøl om han var frå vest-Libya (fødd i Misrata) og hadde sin basis i den regionen. 

Dette skulle vere ei midlertidig stilling, før valg til president og parlament skulle finne stad 24. desember 2021. Ikkje overraskande, så skjedde ikkje det; vala vart utsatt til 2022, og det er vanskelig å forstå korleis ein kan halde røynelege valg i Libya. Landet har ikkje noen grunnlov, vallovene endras jamnlig, og det er i realiteten knapt nok noen statsstruktur til å halde vala. Makta ligg fortsatt hos lokale eller regionale militsar som enten samarbeider med kvarandre eller ikkje gjer det. Situasjonen er altså i stor grad lik den vi hadde ved siste val i 2014, som utløyste den borgarkrigen mellom aust og vest som tok slutt i 2020. Dei ulike partane frå den krigen held fortsatt sine posisjonar, landet er militært og politisk delt i to langs ei line ved Syrte midt i landet, og Dbeibehs regjering har like liten autoritet som "samlingsregjeringa" som gjekk før han.

Fathi Bashagha
Det viste seg da også ved førebuingane til vala nå i desember. Kandidatane til presidentvervet skulle først godkjennas av ein sentral valkommisjon. 73 kandidatar meldte seg, ein tredel vart avvist, mellom anna fordi dei var straffedømt. Mest kjent mellom desse var den tidligare diktatorens son, Sayf al-Islam al-Qadhafi, som teknisk sett fortsatt er ettersøkt av den internasjonale straffedomstolen og dømt in absentia av ein domstol i Tripoli, men har dukka opp som fri mann og søker å skaffe seg ein basis mellom dei som ser på Qadhafi-styret med eit nostalgisk blikk ("da var det ikkje ufred, og vi hadde mat nok"). Mellom dei godkjente kandidatane var dei mest kjende interim-statsministeren Dbeibeh; tidligare innanriksminister Fathi Bashagha som har god støtte i Misrata og i vest-Libya, Khalifa Heftar, generalen som har ført krig gjennom det siste tiåret mot Tripoli-styret og er "Egypts og Russlands mann", og Aguila Saleh (77 år), leiaren for parlamentet som sit i aust, og tidligare Heftars allierte. 

Men kommisjonens avgjerd kunne overprøvas - og kva som helst av dei mange lokale domstolane kunne gjere det. Sidan konflikten i Libya er mellom regionane i landet, så fekk dette openbare konsekvensar. Sayf al-Islam gjekk til domstolen i sitt heimeområde Sabha, og dei omgjorde vedtaket og tillot han å stille (rett nok etter at Heftars styrker hadde omringa domstolen i fleire dagar og hindra dei i å behandle saka). Domstolen i Zawiya, ein by vest i Libya som ser Heftar som sin fiende godtok ein protest mot Heftar [fordi han har amerikansk statsborgarskap frå si tid der], og vedtok at han ikkje fekk stille. Men ein annan domstol overprøvde det, så Heftar er fortsatt inne. Vallova sa at sittande statsminister, altså Dbeibeh, ikkje kunne stille som kandidat, men ein protest mot hans kandidatur vart omgjort av ein domstol i Tripoli. 


Sayf al-islam Qadhdhafi

Det er altså relativt kaotisk fortsatt kven som kan og ikkje kan stille til valet, men status per i dag, nyttårsdagen, er at alle dei nemnde er med i kappløpet. Av dei mest kjende kandidatane er det to kvinner. 

Kandidatane stiller for raskt sammensatte parti eller som uavhengige. Ingen av dei er kjent for å ha noen spesiell politisk eller ideologisk innstilling, bortsett frå dei kjende: at Qadhafi representerer arven frå faren, at Heftar står for sitt syn om at Libya må ha ein sterk leiar - han sjøl - og at Bashagha og Saleh står for interessene for sine respektive byar og regionar. Som i dei tidligare vala i 2012 og 2014, blir det neppe politikk og ideologi, men personlig og regional (kanskje stamme-)lojalitet, pluss kjøpslåing og avtalar som vil avgjere kven som får flest røyster. 

Sjølve valprosessen har gjort at kampane mellom dei ulike partane har stansa, mens ein ventar på om noen kan vinne, og om det er noe å vinne på å seire i valet. Faren er nok stor, både for at valet blir utsatt og utsatt på ubestemt tid, og om det blir gjennomført, så vil det enten utløse nytt opprør frå den - eller dei - tapande kandidatane som har styrke til å slåss, eller det vil bli eit nytt makteslaust papirstyre i eit land der det fortsatt er våpna som bestemmer. Våpen og personlige avtalar og utveksling av goder mellom dei som kontrollerer dei forskjellige bitane av landet. 


I desse tre landa er altså demokratiske prosessar i spill. Men for alle tre inngår det vi kallar demokratiske prosessar i større samfunnsmessige sammenhengar som kanskje er viktigare lokalt enn dei sidene som vi ser best utanfrå. Slik er det også i andre land som har politiske problem; Libanon som går gjennom sin verste økonomiske krise, og der det - som i Tunisia - ser ut til at skulda blir lagt til det partiet som er organisert og har politisk tyngde, men utan å ha "makta", Hizballah; i Irak der forholdet til Iran er sentralt for politiske val, og i Iran sjøl, der ei konservativ leiing nå igjen står ved roret, og ingen atomvåpen-avtale er i sikte. 

Og da har vi ikkje nemnt det internasjonale aspektet: presidentskiftet i USA. Og det er kanskje naturlig, for enn så lenge er det vanskelig å sjå at det har hatt noen særlig betydning i Midtausten. Trump gjorde USA ennå meir irrelevant i Midtausten enn det var frå før, og Biden har ikkje gjort så mye for å rette opp dette, inntrykket er vel han så langt meir fører vidare Trumps politikk i regionen - som i stor grad var å gjere ingen ting - enn står for ei markant endring. Men det er kanskje ei anna historie.