tirsdag 1. januar 2019

2019: Status

Året som gjekk førte til utviklingar som kan føre to av dei mest bloldige krigane i Midtausten inn i ein ny fase, og om vi er uvanlig optimistiske, kanskje gi ein slutt på iallfall ein av dei. Men det er kanskje meir optimisme enn vi er vant med, så la oss nøye oss med “ny fase” i første omgang.

Syria: Kven rakar kastanjane ut av elden?

Den første er openbart Syria. For eit år sidan skreiv eg, "Ein kan godt tru at innan neste nyttår vil dei siste områda som opprørarane held, først og fremst Idlib i nordvest og Ghouta aust for Damaskus, vere oppgitt”. Det heldt nesten: I Ghouta vart opprørarane nedkjempa, i Idlib er det ei våpenkvile under tyrkisk dominans, men “opprørarane” er der fortsatt, og kan ta opp igjen kampen.

Vi har jo hørt i mange respektable nyheitsmedier at “Idlib er det siste opprørskontrollerte området i Syria". Tilmed Le Monde skreiv dette, men det er jo så openbart ikkje sant; naturligvis er det store område som opprørarar kontrollerer, regimet har faktisk styrking berre med omlag tre firedeler av landet, og ingen del av Syrias nordgrense står under regimekontroll. Det som media trulig meiner  (iallfall det som er rett) er at Idlib var siste området styrt av uavhengige opprørarar, altså slike som ikke var under dominans av eller alliert med ei framand makt. Her må vi altså sjå på kartet:

Det raude er område kontrollert av regimet, altså alt i sør og vest for elva Eufrat (det er eit litt for stort grønt område nede til høgre, det er berre ein grensepost, al-Tanf, som er kontrollert av amerikanarane - ikkje av opprørarar slik fargen skulle tyde på. Trulig vil regimet ta det over når/hvis amerikanarane trekker seg ut).

Idlib er det blanda grønne og kvite i nordvest. Nord for der, opp mot den tyrkiske grensa, ligg Afrin, som før var dominert av kurdarane - som har det store gule området i nordaust. Nå er Afrin altså grønt på kartet. Kva betyr det?

Det betyr, at når vi ser bort frå den vesle feilen Tanf i sør, så betyr grønt på kartet faktisk områder dominert av tyrkiske styrkar, i allianse med “opprørsgrupper” - med eller utan hermeteikn. Det kvite eller grå kan da stå for sjølstendige syriske opprørsgrupper.

Idlib

Situasjonen i Idlib var altså at ei gruppe, normalt rekna som Qa’ida-alliert (Hay'at Tahrir al-Sham, gjerne forkorta til Tahrir eller HTS), lenge hadde kontroll over provinsen. Men i 2017 begynte andre grupper, som den islamske Ahrar al-Sham, og restane av den “Frie Syriske Hær” å gjere motstand og tvinge HTS tilbake. Dei fekk støtte frå Tyrkia, som samtidig gjekk inn i Afrin og kasta ut kurdarane (som reiste austover). Tyrkia kontrollerer nå Afrin, men bruker Frie Syriske Hær, og alle andre dei kan få tak i, som lokale troppar på bakken. Ahrar deltar her, og også soldatar som har rømt frå HTS, og kanskje tilmed IS, er det påstått, men under strikt tyrkisk kommando. Tyrkarane styrer.

I Idlib har desse tyrkisk-dominerte syriske gruppene gjort ei våpenkvile med regimet, der Tyrkia skal garantere ein våpenfri buffer mellom dei. HTS er ikkje del av denne avtalen, men har de facto respektert den. HTS er for øvrig nå splitta i ei meir moderat retning som innser at dei må prøve berge stumpane, og hard-liners som vil kjempe til siste mann. Men pr i dag er konfliktnivået sterkt redusert, og Tyrkia har kontrollen i dette området.

Kurdarane

Kurdarane sit altså med den langt største delen av Syria, ved sida av regimet, sjøl om mye av det er ørken - det viktige er Eufrat-dalen og grenseområda i nord. Den kurdiske befolkinga er mest i grenseområda, dei tynt befolka områda lenger sør og det meste av Eufrat-dalen er bebudd av arabarar, og her er kurdarane fremmende. Men dette er også område med ein del olje-verksemd.

Kurdarane har vore i spissen i kampen mot IS, som nå har noen bitte små ørkenområde heilt sør i syrisk Eufrat-dal, og USA har støtta kurdarane i dette, men også vore garant mot tyrkisk innmarsj. Tyrkia har heile tida sagt at eit kurdisk sjølstendig - eller sjølstyrt - område langs den tyrkiske grensa er uakseptabelt for dei, og at dei vil erobre dette området for å sikre si grense. Men USA har hindra dei i dette, så lenge kurdarane var nødvendige i anti-IS-kampen.

Som vi har hørt, ønsker dei amerikanske militære å fortsette denne politikken, men er blitt overkjørt av Trump, som har beordra alle amerikanske styrkar ut av Syria innan 60-100 dagar, altså godt før påske.

Spørsmålet er da kven som kjem til å tene på dette. Vi har nå tre partar som alle meiner dei har “vunne” krigen så langt, og som er skeptiske eller meir til dei andre to: Regimet, som primært vil vinne tilbake kontrollen over heile landet sitt og fullføre “oppdraget” med å slå ned opprøret frå 2011 - med støtte frå Russland og Iran. Tyrkia, som framfor og over alt vil hindre kurdisk sjølstyre i Syria, det er deira einaste mål i landet. Og kurdarane, som vil det motsette, dei har vunne store sigrar og vil ha det respektert. Dei innser nok at fullt kurdisk sjølstende er urealistisk, men vil i det minste kunne behalde mest mulig av det kurdiske samfunnssystemet dei har oppretta i “Rojava”, deira namn på syrisk Kurdistan.

Kven kjem etter amerikanarane?

Vi kunne tenkt oss tre mulige scenarier ut frå dette, når USAs konfliktdempande rolle (ja, dei har faktisk det) forsvinn. Eitt er alles kamp mot alle mellom dei tre, med ny oppblomstring av IS, kan hende. Det andre er ein avtale mellom Syria  (regimet) og Tyrkia mot kurdarane: Syria tillet Tyrkia å knekke kurdarane langs grensa, mot at regimet da får tilbake kontrollen over resten av det gule området. Tyrkia vil berre ha ein garanti mot infiltrasjon inn i Tyrkia, som dei kan få om regimet vinn tilbake det som tyrkarane sjøl ikkje tar og utsletter “Rojava”-staten. Eller, motsatt, at kurdarane og regimet finn sammen til ein avtale “mellom syrarar”, mot den tyrkiske invasjonen. Da vil nok også kurdarane godta å gi opp dei arabiske området (og oljefelta) som dei kontrollerer, men vil kunne forhandle seg til eit varig internt sjølstyre og eit fortsatt “Rojava” under den syriske statens overstyre.

Alle tre er mulig, men i førre veke sidan kom ei melding som tyder i retning av den siste løysinga: Tyrkias første angrepsmål ville vere byen Manbij, heilt vest i det kurdiske (gule) området. Amerikanarane har stått der og hindra tyrkiske angrep. Nå har syriske regjeringsstyrker tatt stilling rundt og vest for byen, etter ein avtale med kurdarane. Dette tydar altså på samarbeid regimet + kurdarane mot Tyrkia. Men vi veit enno ikkje om dette berre er ein lokal avtale, eller om det peiker på noe meir langsiktig. Vi veit ikkje ein gong om Trump ikkje vil skifte meining - ting han har sagt kan tyde på at han helst såg at Tyrkia tok over den rolla USA har hatt, og om regimet (med Russland og ikkje minst Iran bak) er dei som tar gevinsten av at USA trekker seg ut, er det eit uventa resultat som kanskje kan få han til å snu på femøringen att.



Saudi Arabia og Jemen

Elles er det jo Saudi Arabia som har vore i fokus i det siste. Kronprinsen, Ibn Salman, har ikkje mye igjen av den helteglorien som “reformist” han hadde i ein del vestlige medier for eit år sidan, Og det kom naturligvis av drapet på denne journalisten med namnet som er så vanskelig å uttale (det mest korrekte er trulig “kháshog-ji” - det er ikkje ein dobbel g, men to ulike konsonantar, anten q-j [skriftforma], '-g [egyptisk dialekt] eller g-j [arabiske halvøy - der han kom frå, så det nok den beste. Familien stammar openbart frå Tyrkia]. Det har utløyst ein langvarig debatt om Vestens støtte til Saudi-regimet, ikkje minst når Trump opent seier at verdiar ikkje betyr noe i dette, med mindre dei er pengeverdiar. Saudis plass på verdsarenaen, eller regionalt for den del, er ikkje umiddelbart truga av dette, men det er ubehagelig og svekker dei diplomatisk.

Det kan ha hatt betydning for at Saudi-Arabia lot seg presse til forhandlingsbordet i Jemen-konflikten, og Houthi-geriljaen såg seg også tent med dette. Houthiane (raude på kartet) kan ikkje tåle å miste havnebyen Hodeida, som våpenkvila dreier seg om, og som alle forsyningar til nord nå går gjennom. Byen skal etter avtalen stå under nøytralt, internasjonalt bevokta, styre. Dersom det betyr at Houthiar og andre fortsatt kan handle gjennom byen, er det trulig nok til dei vil akseptere avtalen - som jo for første gong gir Houthiane status som ein anerkjent part av konflikten i Jemen, og ikkje berre nomadiske opprørarar. Men det samme kan nettopp vere ein grunn for Saudi til å sabotere våpenkvila og prøve å vinne fram att militært.

Konflikten i Jemen har jo mange partar. Saudi-Arabia og Emirata er på samme side, men har ulike målsettingar, og ulike oppfatning om f.eks. Jemen skal vere eitt land (Saudi) eller at Sør-Jemen igjen bør bli sjølstendig, slik dei var til 1990 (Emirata). Dei har også problemet at dei strengt tatt ikkje kjempar for noen spesifikk leiar: Offisielt støtter dei den avsatte presidenten al-Hadi, men han sit enten i husarrest i Saudi, eller på sjukehus i USA, og ingen trur han vil komme tilbake. Men ein god kandidat for kven skal styre landet dersom Saudi-koalisjonen vinn, har dei ikkje. Men akkurat nå ser ikkje det ut til å vere noen overhengande fare for det, så dei kan tillate seg å utsette det problemet.



Libya

Det har også vore noen diplomatiske manvørar i Libya, men her er det stort sett snakk om fektningar mellom europeiske makter; Italia (Libyas beste venn, i eigne auge) og det meste av FN til fordel for den FN-innsatte regjeringa i Tripoli, mens Frankrike nå meir og meir tydelig står fram som støttespillar for krigsherren Khalifa Heftar og regjeringa i aust, sammen med Egypt, Saudi-Arabia og muligens Russland.

På bakken har det skjedd lite det siste året, bortsett frå at sammenbruddet i Tripoli og områda rundt blir ennå meir tydelig, byen er nå fragmentert mellom ulike bydels-militsar, eller gjengar får vi vel kalle det, som ikkje respekterer noen andre enn seg sjøl. Journalistar seier at før, under Qadhafi, måtte dei ha skriftlig tillagtelse for å kunne bevege seg noen plass som helst, nå må dei ha mange sett med slike, ein for kvar kontrollpost / gjeng sitt område dei skulle bevege seg inn i. Så å snakke om “regjeringa i Tripoli” er på mange vis ein eufemisme. Men det er noen store militsar i regionen som har styring med ulike delar av vest-Libya, men altså med liten koordinasjon.



Irak

Meir på det fredelige området, har vi hatt eit val i Irak som har styrka makta til éin part, nemlig “sadristane”, det vil si tilhengarane til den tidligare militsleiaren Muqtada al-Sadr. Militsen hans, “Mahdi-hæren”, som var frykta under borgarkrigen for sin basis i den fattigare delane av Bagdad, er oppløyst, eller heller omforma, Sadr har omgjort henne til ei politisk rørsle som nå har stor innverknad på regjeringa i landet.

Muqtada Sadr på besøk hos Ibn Salman
Denne Sadr er dermed blitt ein litt vanskelig mann å bli klok på, eller ein kameleon, kanskje. Han går alltid i kappe og turban som ein ayatollah - det lar han vise at han har rett, som ætling av Profeten, til å bære svart turban - men han har eigentlig liten og ingen religiøs utdanning. Derimot er han fremste talsmann for Sadr-familien, ein av dei to tre dominerande religiøse familiane i irakisk shi’isme (med slekt i Libanon, fetter av den “forsvunne” shia-leiaren Musa al-Sadr); med fullt av stor-ayatollaher og anna i slekta, derimellom fleire martyrar til Saddams undertrykking.

Muqtada bygde seg opp som militsleiar, og retta først og fremst våpna mot USA og det amerikanske nærværet i Irak. Nå kan han visst samarbeide med dei. Han har til tider vore sett som talsmann for iranske interesser i Irak, men har seinare markert sjølstendigheit for storebror i aust. Våren 2018 leia han økonomiske protestar mot det dåverande Abadi-styret i Bagdad og det han kalte deira korrupsjon. Påfallande har vore hans besøk i Gulfen, både i Emirata og hos Ibn Salman i Saudi-Arabia. Det kan vere “konfliktdempande” besøk, “de har ingen ting å fryke frå meg”, men det kan også vere netopp for å prøve å gi Irak (gjennom hans eige parti) meir rolla som uavhengig balansepunkt mellom Iran og Saudi-Arabia, framfor å bli sett på som ein del av den “shiiske halvmånen” som omringar Saudi.



Iran

Og til sist Iran, der USAs hammar mot atomavtalen til slutt fall. Dette har jo nesten like mye vorte ein konflikt mellom USA og Europa som mellom USA og Iran, fordi dei separate amerikanske sanksjonane mot Iran vart jo aldri løfta, så der var det ikkje mye å ta tilbake. Det som vart gjeninnført var amerikansk straff mot europeiske (og andre) selskap som handla med Iran - det var altså først og fremst eit forsøk av USA til å presse Europa og resten av verda til å følge USA utanrikspolitikk.

EU har snakka om å bruke ulike fiffige påfunn (betaling gjennom mellommenn osv.) for å unngå desse sanksjonane, men det har ikkje blitt til noe særlig. Fleire og fleire internasjonale selskap har derfor begynt å trekke seg ut av Iran, og diverre, dei amerikanske sanksjonane bit faktisk; dagliglivet for iranarar har blitt verre av Trumps politikk. Men politisk har det ikkje skjedd store endringar ennå. For eit år sidan var det sosiale og økonomiske protestar i Iran, protestar som korkje var knytt til dei konservative (som gir den sentrums-orienterte presidenten Rouhani skulda) eller dei liberale (som legg skulda på dei konservative), men nye grupper som ikkje bryr seg om politikken, berre i at deira økonomi og dagligliv er blitt verre. Litt som vi seinare såg i dei “gule vestane” i Paris. USA har ikkje fått det politiske opprøret dei nok rosenraudt håpa skulle komme. Vi har altså ikkje sett noe avgjerande resultat av at atomavtalen vart brutt ennå, mest trulig er det nok at dei fleste iranarar legg skulda på Trump, sidan dei vel registrerer at resten av verda også gjer det. Den frykta opptrappinga av spenning mellom Iran og Vesten / USA har heller ikkje slått til ennå, dels sidan resten av verda så klart har fordømt USA (her må vi seie "USA", for kongressopposisjonen støttar Trump i dette). Dels at dei ser rival Saudi-Arabias problem, og vil la dei steike litt i eige fett først. Men dette kan vere berre ein ventefase, Iran etter atomavtalen kan bli ei av dei negative utviklingane i året som kjem.



Utviklinga i Syria kan altså vere positiv, i Jemen er det meir usikkert, og i ei rekke av dei andre konfliktområda i Midtausten står vi kanskje helst i ein ventesituasjon der det kan komme gjennomrbudd av noe slag - eller at det som bygde seg opp i 2018 fører til endring - men der det også kan vere at situasjonen fortsetter som nå ei tid til. Vi kan ikkje vente oss at kronprins Ibn Salman blir fjerna i 2019 (han sit for trygt). Vi kan ikkje  vente oss at parlamentsvalet i Israel i april fører til fredssamtalar med palestinarane - og kanskje heller ikkje til noen annan vesentlig endring i Israel. Iran kan føre til ny spenning. Men det går likevel an å vere optimistisk og håpe at nyttår 2020 vil bli litt lysere enn nyttår 2018 og 2019 i delar av regionen.