fredag 1. januar 2021

2021: Status

Tida er kommen for dei uavlatelige oppsummeringane av året som er gått, mange fleire i år enn elles og alle om Den Store Tingen som vi ikkje skal snakke om i det heile i vår Midtausten-kavalkade (bortsett frå å nemne at den har berørt Iran særlig hardt). Litt avveksling må vel vere mulig.

Men vi har også i den seinare tida hatt oppsummeringar av tiårsminnet etter Den arabiske våren starta i Tunisia i desember 2010. Dei fleste har jo konkludert kor mislykka og fånyttes heile den serien med hendingar var, utan kanskje akkurat i Tunisia, nederlag overalt. Men da bør ein hugse på at den arabiske våren fekk namnet fordi den likna på bølgen av oppreister i Europa i 1848, "Demokrati-våren", for samme ideal og som også spreidde seg frå land til land. Men også dei fleste av desse leid jo nederlag. Hadde vi spurt ti år etter, i 1858, så hadde det heller vore nye autoritære regimer, "bonapartismen", som dei hadde sett som resultat av Demokrativåren. Det tok lenger tid før effekten vart merkande (for ikkje å snakke om den store franske revolusjonen av 1789, sett frå kaoset i 1799). I det perspektivet, så er lærdommen frå Den arabiske våren at det er mulig å felle autoritære militærstyrer med fredelige, langvarige demonstrasjonar. Slik bør vi sjå også regime-endringane i Algerie og Sudan i 2019 som eit resultat av den arabiske våren, og mønsteret kan bli brukt andre stader seinare. 

Stillstand

Sidan Den Store Tingen har tatt vår oppmerksomheit dette året, så har vi hørt mindre om andre konfliktar, slik som dei i Midtausten. Men det positive er at dette også er fordi det har vore mindre intensitet i dei fleste av dei hissigaste stridsområda i dette året. Ikkje fordi dei er løyst, men fordi det i dei fleste tilfella er status quo frå slik konflikten stod for eit år sidan (vi held krigen mellom Armenia og Azerbaijan utanom, fordi det teknisk sett er to europeiske land - jf. Melodi Grand Prix). 

I Syria står tyrkarar og kurdarar mot kvarandre i nord, med noen trefningar i blant, men i hovudsak held den russisk-dominerte delinga av grenseregionen stand. Vi venta på ein større offensiv frå regime-styrkane mot Idlib, der jihadistar held stand, men den er ikkje komme ennå. Russland held i taumane, og ser ut til å ha kontrollen og hindre større oppblussingar.

Noe liknande er i Jemen, der stillstand og kontinuitet jo betyr sult, sjukdom og elendigheit. Men noen politiske eller militære gjennombrot har ikkje komme der, forsøka på å få til forhandlingar mellom Houthi-styrkane som styrer nord-Jemen, og dei saudi- og emirati-støtta kreftene i sør, har ikkje ført fram. Dei to siste sponsorarne, Saudi-Arabia og Dei forente arabiske emirata, som støtter kvar sin fraksjon av sør-styrkane (hhv. dei som ønsker eit samla Jemen, og dei som ønsker eit sjølstendig Sør-Jemen), har heller ikkje komme i open konflikt, men rivaliseringa ligg under overflata, og gjer det ikkje lettare å finne ei overgripande diplomatisk løysing. 

Libya: Mot løysing eller deling?

Den konflikten der det har vore ei merkbar utvikling, og kanskje i positiv retning, er Libya. For eit år sida var stoda slik: "Opprørsgeneralen" Khalifa Heftar, militærsjef for regjeringa i aust, hadde mislykkas i forsøket på å erobre hovudstaden Tripoli, men stod utanfor byen i det som såg ut til å bli ein stillingskrig. I løpet av våren klarte Tripoli-styrkane å drive han tilbake, og ta over kontrollen igjen av det vestlige Libya (Tripolitania). Heftar satte seg fast i Syrte, omlag midt i landet (litt vest for aust/vest-grensa), og hans støttespillar Egypt erklærte Syrte som ein "raud strek", om Tripoli gjekk lenger ville Egypt invadere. Det gjorde dei ikkje, og den nye frontlina vart liggande ved Syrte. Det har deretter i hovudsak vore stillstand i kampane i Libya.

Frontliner 2020

Dette året viste tydelig at borgarkrigen i Libya nå er blitt ein internasjonal krig. Begge partar hadde lenge fått økonomisk og militær hjelp utanfrå, Heftar og Tobruk-styret spesielt frå Emirata, Saudi-Arabia og Russland forutan Egypt. På Tripolis side var det nå først og fremst Tyrkia som gjekk tungt inn, og det var dei som sørga for å bryte Heftars beleiring. Til dette brukte også Tripoli leigesoldatar (slik Heftar også hadde gjort), i hovudsak syriske soldatar som var henta frå tidligare opprørsgrupper (både den "Frie Syriske Hær" og meir islamistiske grupper) men som nå sloss for pengar. 

Russlands militære bidrag var begrensa, og altså ikkje tilstrekkelig til å skaffe Heftar seier. Fleire signal tyda på at Russland ikkje var like begeistra for sin uberegnelige allierte, og det viktigaste som har skjedd i haust er at Russland og Tyrkia har vore i samtalar og ser ut til å ville forhandle fram ei kompromiss-løysing på samme måte som dei gjorde i Syria. Russland held Egypt i sjakk, og Tyrkia gir opp forsøket på å drive Heftars styrkar ut av Syrte. FN og andre har også forsøk på løysingar, men det er nå Tyrkia og Russland som sit med nøklane. 

Samtidig har roa ved fronten opna for større spenning og motsetningar innanfor kvar av dei to gruppene. Khalifa Heftar, som altså er opprørar sett frå Tripolis side, men hærsjef sett frå Tobruk, står formelt under parlamentet der som er leia av veteranen Aguila Saleh. Men då det gjekk tregt i fronten, tok Heftar eit av sine brå omkast, erklærte at parlamentet og Saleh var avsatt, og at han hadde tatt makta i (sin del av) Libya. Det forsøket vart raskt stansa av Egypt og Emirata, som Heftar var avhengig av, men skapte ei viss misstemning i den leiren. Heftar er fortsatt sentral på den sida, men det er rimelig klart at både Russland og dei andre allierte med dei ser for seg ei framtid utan Heftar, og at Saleh er den personen dei vil satse på. 

Ny leiar-generasjon? Aguila Saleh, Fathi Bashagha,
Fayez el-Sarraj
Dette opnar for ei politisk avspenning mellom Tobruk og Tripoli, sidan det er personen Heftar og hans ambisjonar som heile tida har vore anstøtssteinen for alle løysingsforsøk mellom dei to, Tripoli vil ikkje akseptere Heftar på noen måte. Samtidig har indre konfliktar også ridd Tripoli-styret. Ein ting er at det har vore sosiale og økonomiske protestar både i Tripoli, og i Benghazi i aust. Begge stader protesterer folk mot dei økonomiske problema som krigen har ført til, og i realiteten er dette folkelige protestar for ei løysing, ikkje for at den eine eller andre parten skal vinne. I kjølvatnet av det har den evige rivaliseringa mellom dei to store byane i Tripolitania, hovudstaden Tripoli og handelsbyen Misrata, dukka opp. I Tripoli sit statsminister Fayez al-Sarraj, som FN i si tid innsatte som "kompromiss", og som bygger først og fremst på det at han er den faktiske statsministeren. Hans innanriksminister er Fathi Bashagha, som kjem frå Misrata og står fram som den byens leiar. Han har nå tydelig ambisjon om å bli Sarraj sin etterfølgar - Sarraj sa i oktober han ville gå av så snart ei løysing var klar, men har seinare ikkje gjort mye for å sette det i verk. Men Bashagha meiner tydelig at han står klar. Begge treng støtte frå Tyrkia for å realisere sine mål, og Tyrkia ser ut til å halde open døra for begge, utan å gi klare signal. Men, samtidig som utsendingar frå Tobruk nå besøker Tripoli for samtalar, utenkelig for berre eit år sidan, er det i dag ikkje umulig at Libyas framtid vil ligge mellom desse "nummer-to"-leiarane på kvar side, Aguila Saleh frå aust og Fathi Bashagha i vest.

Israel og Golfstatane

Det andre som har skjedd i regionen, er også malt i fredens farger, og er knytta til Den Andre Store Tingen i 2020, innanrikspolitikken i USA. Den har ført til at Israel har fått avtalar, eller erklæringar, om samarbeid med fleire arabiske land: Emirata og Bahrain i Golfen, Sudan og nå sist Marokko - i tillegg til Egypt og Jordan (og PLO) som underteikna fredsavtalar på 1970- og 1990-talet. Desse nyaste blir også kalla "fredsavtalar", men petimeter peiker på at ingen av desse landa har vore i krig med Israel noen gong, og følgelig ikkje treng eller kan lage fredsavtale (vel, teknisk sett deltok Marokko i oktoberkrigen i 1973). Men eit diplomatisk skifte er det jo, sjøl om alle desse (bortsett frå Sudan) jo har hatt reell politisk og økonomisk kontakt med Israel i fleire tiår, gjennom den nære alliansen dei alle har hatt med USA. Alle ventar at Saudi-Arabia vil følge, men det er eit større steg for "khadim al-Haramayn" (vaktar av dei to hellige byane), som er kongens favoritt-tittel, å gi opp Jerusalem. Meir trulige er Oman og Kuwait. Men det er påfallande at nettopp desse to held igjen (enn så lenge), sidan det er også dei to - begge nære allierte med USA - som ser seg som mulige mellommenn i konflikten mellom Saudi-Arabia og Iran. At dei derfor legg litt avstand til Emirata/Bahrain kan ha sammenheng med det - pro-Israel og sterkt anti-Iran heng sammen. 

Israel sjøl har for øvrig også fulgt ei line alle forutsåg: Etter tre val på rappen, kom motpolane Benjamin Netanyahu og Benny Ganz fram til ein avtale der Netanyahu skulle vere statsminister det først halvanna året, og så skulle Ganz ta over. Dermed var det ganske opplagt at Netanyahu ville sørge for at regjeringa fall og det måtte bli eit fjerde nyval før dette halvanna året var over, og det har da også programmessig skjedd, nyval til våren. Ganz er svekka fordi han lot seg manipulere (med opne auger?), og akkurat nå er det vanskelig å sjå kven som kan stå fram som alternativ til ein evigvarande Netanyahu. 

Irak

Mustafa al-Kadhimi, ny statsminister
i Irak
Også i Irak er det USAs politikk som har prega året, alt i januar da amerikanske bombar drap både Irans general Qasim Sulaymani, som hadde hatt stor innverknad i nabolanda, og Iraks eigen Abu Mahdi al-Muhandis, leiaren for den Iran-allierte shi'iske militsen i landet. Hovudmålet var nok Sulaymani, men Hashid al-Sha'bi-militsen, som Muhandis styrte, hadde også stor makt i landet. Dette illustrerte det kompliserte maktforholdet i Irak, der jo også hovudfiendane USA og Iran begge skal "samarbeide" med den ustabile regjeringa i landet, som gjer sitt beste for å balansere dei to maktene mot kvarandre. Slik er Hashid-militsen både ein støttespillar for regjeringa, men også ein brysom og sjølstendig opposisjon når det passar seg slik. Det er slett ikkje den einaste slike på-og-av-militsen i landet, meir kjent er kanskje Mahdi-militsen til Moqtada al-Sadr (formelt oppløyst, men meir eller mindre aktiv), også den shi'isk, men meir nasjonalistisk uavhengig og ofte motstandar av Iran. Det er ei rekke andre. 

Sammen med at også Irak har hatt store upolitiske, og tverr-religiøse sosiale protestar mot det svake styret, gjer dette det vanskelig å samle landet til gjenoppbygging. I mai fekk dei ei ny regjering, mindre bunden til dei etablerte politiske klikkane enn dei tidligare, men nettopp derfor er det spørsmål om kor mye den er i stand til å gjennomføre. Men også her ventar ein på maktskiftet i USA i januar, og kva konsekvensar det kan få for amerikansk politikk her, både i Irak sjøl (tilbaketrekking av soldatar, eller styrking av amerikansk nærvær?) og om det lykkas å redusere spenninga til Iran. 

Algerie og Sudan

Vi nemnde over Algerie og Sudan som positive langsiktige resultat av den arabiske våren. Revolusjonane i 2019 var ikkje fullførte ved siste årsskifte, og dei er det fortsatt ikkje. Også her har vel året 2020 først og fremst vore prega av status quo. 

I Algerie vart Abdelmajid Tebboune vald til president i desember 2019. Han er sivil, men tett knytta til det gamle regimet, og protestrørsla (kalla, som så mange andre arabiske folkerørsler, "Hirak", "rørsla") har møtt han med skepsis, det blir "meir av det samme". Men dei har ikkje komme opp med eit alternativ, og inntil vidare ser situasjonen ut til å vere avventande, med mindre nye hendingar kan få Hirak-rørsla til å mobilisere masseprotestar igjen.

Muhammad Hemedti, president Abdel Fattah
Burhan: kven styrar kven?

I Sudan er det også fortsatt eit interimstyre som fungerer (det var dei som underteikna avtalen med Israel, og betalte dei løysepengane Trump forlangte for å fjerne Sudan frå terror-lista si). President Abdel-Fattah Burhan og statsministeren, Abdallah Hamdok er begge militære og har fortsatt "slaktaren frå Darfur", Muhammad Hamdan "Hemedti", som medarbeider, nå medlem av Overgangsrådet, sammen med sivile leiarar frå den "profesjonelle rørsla" (FFC, "Styrken for fridom og endring") som leia an i protestane i 2019 og også deltar i regjeringa. I haust kom det til nye store protestar mot manglande økonomisk framgang, og det har også komme politiske protestar mot Israel-avtalen, som manglar stadfesting frå parlamentet, i og med at vala til dette først skal komme i 2022. Det er mulig avtalen aldri blir ratifisert. Iallfall så er politikken i Sudan langt på veg i ventemodus, til ein ser om vala kan bli haldne og kan sørge for overgang til fullt sivilt styre. Ein historisk epoke for sivil-styret i Sudan kom likevel til endes da Sadiq al-Mahdi, den "evige" statsministeren som kom tilbake og tilbake ved kvart sivilstyre heilt tilbake til 1966, døydde i november. 

Kva vil Biden bringe?

Det er altså ikkje berre Den Store Tingen, men også Den Andre Store Tingen som gjer at mye i Midtausten er satt på vent i år. Kva skjer etter den 20. januar, når Biden tar over? Han ønsker jo openbart å stenge parentesen Trump, men vil han - kan han, ønsker han - å reversere dei stadig meir ytterliggåande pro-israelske vedtaka som Trump gjorde? Det er vanskelig i USA å snu ein båt som har retning mot Tel Aviv. I det minste kan ein håpe at Biden gjenoppretter USAs støtte til FN og UNRWA, men om han kan "av-anerkjenne" Israels krav på Golan-høgdene og Jerusalem, er meir tvilsomt. Trumps "deal of the century" var jo uansett død ved avreise, så den vil vi neppe høre meir om. Men det er nok likevel mange i Gulf-regionen som ventar i beven på om Bidens utsegner om å være "hardare i klypa" mot menneskerettsbrot kjem til å bety noe. Men om vi reknar med at Biden først og fremst vil bety "tilbake til det velkjente", så treng dei kanskje ikkje vere overvettes bekymra korkje i Riyad eller Abu Dhabi.