Mens det skjer dramatiske ting i landet, er det nok ennå for tidlig å si noe om langtrekkande konsekvensar for Midtausten av hendingane i Egypt. Men la oss sjå litt på noen land:
- Tunisia er openbart berørt, sidan deira revolusjon var så lik Egypts. Islamistpartiet der, al-Nahda, valde likevel ei samarbeidsline med dei liberale, presidenten kjem frå sosialistpartiet. Denne alliansen har halde så langt, men har knaka kraftig i sammenføyingane, og det er tydelige spenningar mellom dei. Dei andre liberale og sekulære partia - og i Tunisia er dei faktisk sekulære, ulikt i Egypt - er da også i kraftig opposisjon, og det er usikkert om alliansen vil overleve neste valg. Kuppet i Egypt er naturligvis nok eit skår, men om det blir omfattande uro nå i Egypt, kan det også brukas som eit argument for å halde alliansen gåande heller enn å løyse den opp med fare for ei "egyptisk" utvikling med aukande uro og kaos.
Tunisia skiller seg også frå Egypt på noen viktige områder: Det finnes ingen hær som kan ta makta (Tunisias hær er mindre enn politistyrken), og Nahda manglar, trass i at dei nok er største parti i landet, den etablerte posisjonen Brorskapet har i Egypt. Det er fordi Brorskapet - og salafistane, med sin misjon - reellt sett vart tolerert og kunne bygge opp sin organisasjon i Egypt, mens regimet i Tunisia var langt meir undertrykkande og klarte hindre Nahda i dette. Salafistar hadde Tunisia heller ikkje, noe som har den negative effekten nå at dei i Egypt altså deltar i det politiske spillet på ulik side, mens dei i Tunisia står utanfor og har utvikla seg langt i retning av jihadisme eller i det minste valdelig utanomparlamentarisk aksjon, som vender seg mot alle ved makta, Nahda som liberale.
Det er nok likevel i Palestina at effekten blir sterkast. Hamas, som er ein direkte avleggar av Brorskapet, skifta i fjor sin internasjonale allianse. Dei hadde vore nær knytt til Damaskus og til Hizbullah i Libanon, som dei hadde nær strategisk samarbeid med, og fekk støtte frå Iran. Da borgarkrigen i Syria starta opp, braut dei med dette triangelet, og stilte seg i staden side ved side med Assad-regimets verste motstandarar, Qatar (der dei nå har hovudkvarter) og tildels Saudi-Arabia. Sentralt for dette var jo at Hamas styrer i Gaza, og Gaza deler grense med Egypt. Når Brorskapet hadde makta i Kairo - og utvikla seg til bitter fiende av Assad og stod nær Qatar - så var det på den sida brødet var smurt. Nå vart nok ikkje effekten så stor som dei håpte, Mursi styrte ein ganske forsiktig politikk i forhold til Israel og gav ikkje store konsesjonar, tvert om gjekk han offensivt ut for å stenge smuglartunellane inn i Gaza og heldt sikkerheitssamarbeidet med israelarene uendra. Likevel var det eit politisk stemningsskifte, og Mursi hadde ein viss, begrensa, suksess med å få til samtalar mellom Hamas og rivalane deira, PLO.
Nå kan Hamas bli ståande der med skjegget i postkassa: Ikkje Syria og ikkje Egypt. Dei er rådville, og PLO har alt vore ute og ymta frampå at Hamas bør sjå realitetane i augene, les: godta PLOs vilkår. Men Hamas har nok likevel Qatar i ryggen, som kan ha betydning.
For vi har nå vent oss til å snakke om Qatar som ein eigen aktør på den regionale scena, trass i størrelsen på landet. Qatar er eit sheikhdømme og eit oljeland, med den samfunnsstrukturen det betyr, og slett ikkje noe islamistisk idealstyre, tvert om. Men dei har klart bestemt seg for å satse på islamistar, og da særlig Brorskaps-liknande parti, i regionen, både i Syria, Libya, og Egypt. Langt meir enn Saudi-Arabia, som er ganske skeptiske til Brorskapet, sidan dei oppfattar dei som ein trussel mot den indre roen i sitt eige land (det bryr Qatar, ein gammal rival til Saudi, seg mindre om). Qatar og Saudi-Arabia står ofte side ved side, men altså ikkje heilt sammen. Og kuppet i Egypt blir da også eit slag over nasen for den nyinnsatte unge emiren av Qatar, mens dei i Riyad trekker eit lettelsens sukk.
I Syria ler Assad. Nå var ikkje Egypt blitt noen sentral aktør i konflikten der, men Mursis stadig meir kraftige angrep på regimet er det sikkert lettande å bli kvitt. Meir hyggelig for Assad er likevel det retoriske: Her ser vi at Vestmaktene kjem i forlegenheit: I Egypt støttar dei [i realiteten] at dei militære brukar makt for å hindre islamistar som har kjørt landet i grøfta - men i Syria støtter dei islamistiske opprørarar, noen av dei frå Brorskapet, resten ennå meir radikale, mot det regimet som jo faktisk står for den samme lina som i Egypt (vil Assad seie), og som prøver å "berge" Syria frå denne islamismen.
Tyrkia er Assads motstandar, og hadde iallfall vennskaplige relasjonar til Mursi. Dei er nå kritiske til kuppet, men er relativt langt borte, og vil trulig ikkje vere vesentlig berørt. Naturligvis er det ein dårlig presedens for Tyrkias stadig meir upopulære (og meir eller mindre islamistiske) statsminister at militæret går inn og avsetter upopulære (og islamistiske) presidentar i andre land, men den ideen er jo det tyrkiske militæret velkjent med frå før, så han kan håpe det ikkje har noen umiddelbar smitteeffekt.
Israel er nok også nøgd med utviklinga, men voktar seg vel for å komme med noen kommentar, folkemeininga i Egypt er jo like anti-israelsk som før, så det er ingen hjelp for dei nye makthavarane om Israel skulle helse dei velkommen - Mursi var jo heller ingen katastrofe for Israel. Og dei har nok ikkje mye håp om at dei skal kunne komme tilbake til det relativt behagelige forholdet dei hadde til det gamle militærstyret under Mubarak.
Saudi-Arabia var altså moderat begeistra for det islamske styret i Egypt, og var raskt ute med gratulasjonar til dei nye makthavarane. Deira haldning framover vil for øvrig ha direkte betydning for det nye styrets politikk og muligheiter for suksess. For:
Retting: Brorskapet og økonomien
Vi prøver, så langt vi kan, å halde tunga nokolunde rett i munnen empirisk, sjøl om desse blogginnlegga jo gjerne er skrive i noe hast. Derfor får vi prøve å ta inn rettingar når eg har komme i skade for å skrive noe feil. Eg skreiv i ein tidligare blogg at "Mursi har i hovudsak lagt seg på samme IMF-vennlige line som styret før han", og det er berre halvvegs rett. Det korrekte er, slik ein artikkel i Foreign Affairs diskuterer meir grundig, at det vart starta forhandlingar mellom IMF og det første militære overgangsstyret i 2011, om eit lån på tre milliardar dollar. Vilkåret var, som vanlig, økonomiske reformar som jo ville bite kraftig i folks økonomi ved å kutte subsidiar. Militærrådet trakk seg derfor frå avtalen og la lånet på is; det var alt upopulært nok som det var utan å skulle bli sadla med å vere "verre enn Mubarak". I staden gjekk dei til nettopp Saudi-Arabia og Qatar, og fekk store tilskot derfrå, langt større enn dei $3 mill. IMF stilte med, og utan noen krav om reformar. Der har da denne avtalen ligge sidan, eit par seinare forsøk på å ta opp att forhandlingane (seinast i fjor haust) stansa begge gonger etter nye tilskott frå naboland. Mursi fortsatte slik forsåvidt forgjengarens økonomiske politikk, men altså utan IMF, ikkje med slik eg skreiv. Trulig vil det også vere sjølmord for både sivil og militær regjering framover å prøve å gjennomføre IMFs reformkrav, så urolige gatene er, spesielt i forhold til dagliglivets økonomi.
Spørsmålet for det nye styret nå blir da om endra politisk sympati vil få noen konsekvensar for dei tilskot og lån frå naboar som har halde Egypt nokolunde flytande dei siste to åra. Qatar og Saudi tilbaud omtrent like mye, $4-5 milliardar kvar, av dei vil sikkert Saudi halde fram uansett, om Qatar (og Tyrkia, som gav $2 mill.) vil la endra innstilling få konsekvensar økonomisk, er ikkje sikkert, å kutte støtten heilt av kjem neppe på tale, men dei kan bli meir tilbakehaldne, og vi veit at eit løfte om støtte slett ikkje betyr at pengane faktisk kjem i banken. Dette blir kanskje også ei hodepine for dei nye makthavarane, kven det no blir i lengda, for nå ligg forventningane til folk på deira skuldre.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar