torsdag 20. oktober 2011

Libya: Etterkrigstid

Ein historisk dag for Libya. Utover dagen er det vel klart at vi kan feste lit til meldingane (og bilda) om at Qadhafi er død, sjøl om detaljane i omstenda rundt er uklare. I kveld er det også motstridande meldingar om dei to gjenverande sønnene Sayf al-Islam og Mu'tasim, dei som stod faren nærmast, er tatt, såra, drept eller omringa. Det får vi vel klarheit i løpet av morgondagen. Men enten dei er fri og prøver å samle dei siste restane av lojale rundt seg, eller ikkje, så er det berre snakk om oppreinskingsaksjonar, kortvarig eller langvarig. Mye av det sørlige Libya, ørkenområda, er nok fortsatt utanfor det nye styrets kontroll, og det kan oppstå gerilja eller små utbrudd som i Triopoli for noen dagar sidan. Men Krigen i Libya med stor K, dei store krigshandlingane, er over.

Kven vann? Ja, al-thuwar, opprørarne, naturligvis. Men kven er dei / kven av dei? Det veit kanskje dei like lite som oss. La oss berre ta noen problemstillingar:

- Den beste måten å sjå skillelinene på akkurat nå er kanskje geografisk. Vi kan snakke om fire distinkte geografiske sentra for opprøret:
     - Benghazi og det øvrige Cyrenaica, det vi vart vant til å kalle "Aust-Libya". Her starta demonstrasjonane, her vart dei til eit væpna opprør da avdelingar av soldatar deserterte, her var det "frigjorte Libya" gjennom heile våren. Her sat overgangsrådet, og byar og administrasjon fungerte rimelig greitt gjennom våren. Dei har hatt erfaring med å administrere. Men, dei klarte ikkje å komme seg ut av sitt innesperra område. Det var ikkje derifrå seieren kom. Overgangsrådet sit i hovudsak fortsatt i Benghazi, sjøl om noen av dei er flytta til Tripoli nå.
      - Misurata, den tapre byen som heldt ut åleine mot overmakta i månadsvis, under voldsomt press og stadig bombardement. Åleine og isolert, først på forsommaren kom det ein opning via havet, så dei fekk forsyningar inn. Men dei heldt opprøret i gang utan hjelp frå andre. Det veit dei også å gi beskjed om i dag, dei klarte seg sjøl, og vil ikkje ta imot ordre frå noen, takk skal du ha. Dei organiserte sitt sjøstendige opprørsråd som framleis styrer byen. Overgangsrådet i Benghazi kan få styre på med sitt, men her i Misurata bestemmer vi sjøl. Sjølbevisstheita er stor, og forakta for dei som hadde det hyggelig borte i Cyrenaica mens vi blødde og sloss ligg knapt under overflata.
    - Jabal Nafusa, eller "fjella i vest". Dei beit seg fast, sjøl om Qadhafi var nær på å overkjøre dei. Men det var frå desse gruppene oppe i fjella at omskiftet i krigen kom. Da dei klarte å erobre ein grensepost mot Tunisia og dermed fekk kontakt med omverda, fekk dei inn våpen, og ikkje minst erfarne offiserar (også utanlandske) som trente deira hobby-rebellar opp (iallfall litt). Her oppe frå rykka dei raskt ned mot kysten og feia Qadhafis frykta milits til sides, og rykka som vi hugsar inn i Tripoli så raskt at journalistane knapt klarte å hoppe ut av vegen. Det var dei som vann krigen, gløym ikkje det. Jabal Nafusa er området til berberane, den språklige og etniske minoriteten (10-12 prosent av innbyggarane), det har ikkje vore så viktig i forhold til dei andre - det var også arabarar med i deira front - men det er iallfall med i deira sjølkjensle.
    - Tripoli, hovudstaden som var målet. Her var det alltid opprørarar i skjul, og dei steig med ein gong fram og frigjorde byen når kampen kom dit, seier dei sjøl. Nei, seier dei frå fjella, det var vi som gjorde det, de andre er berre gratispassasjerar som ikkje leid vondt da Qadhafi sat her - og kven var det som gjekk ut i gatene på hans kommando forresten? - så kom ikkje her. Ta denne Belhaj, islamisten som var "leiar for opprørsgruppa i Tripoli" og er blitt sikkerheitssjef i byen nå, kvar var han da kampen stod? - Nei, verken eller, seier soldatane frå Misrata, det var vi som gjorde forskjellen, da vi rykka inn mot Tripoli frå aust, korkje Nafusa eller dei lokale var det som fekk regimet til å tippe over, men oss.

Denne kampen om historia er naturligvis også ei rivalisering om kven som skal mest ha si nå. Misurata ser seg som det nye senteret i Libya - urealistisk, for både Tripoli og Benghazi er mange gonger større i folketal. Men innverknad skal fordelas ut frå kven som har lidd mest, og kven meir enn Misratarane? Benghazi-folket skal iallfall passe seg for å tru dei skal få bestemme.

Slik rivalisering vil nok bli på det verbale, får vi håpe, det er ingen tegn til at det bli voldelig mellom seierherrane. Men det skaper problem for å ordne eit nytt politisk system, fordi det finnes ikkje noen mekanismar for å løyse slike balanseproblem, det er knapt nok noen fora der dei kan lufte sine forhåpningar og diskutere dei på ein målretta måte. Overgangsrådet er klar over dette, og tar representantar frå alle grupper inn i sine organ, men det sit altså fortsatt for det meste i Benghazi og har ennå ikkje vist evner til å skape den fellesskapsfølelsen som er må skapas, og spesielt nå når den felles fienden er tatt.

Tribalisme, stamme-motsetningar, er jo også ein ting alle snakkar om. Er det viktig? Kanskje, og kanskje ikkje: Det  ikkje bli eit hovudproblem, men det kan  bli det, dersom dette er den måten dei uungåelige konfliktane blir "fortalt" på. Altså, at libyarar som er usamde med andre, eller kanskje berre fryktar at noen andre skal få bedre tilgang på ressursar enn seg sjøl, set på seg "stamme-briller" og seier at den og den der står på feil side, fordi han er med i den og den stammen, og så må derfor alle andre i stammen også vere medskuldig. Vi har sett det i jakta på "Qadahfi-lojale stammer", som kanskje ikkje tenker på seg sjøl som stammemedlemmer i det heile (eller legg vekt på dette), men blir plutselig svært opptatt av den identiteten når noen andre peiker på dei som "ein slik ein". Stammar som var noe "gammeldags" og ubetydelig før, kan dermed bli eit mønster for nye skilleliner.

Noe av det samme kan gjelde motsetninga mellom islamistar og sekulære. Det kan bli eit problem, spesielt om det også blir ein "måte å fortelle" (oppfatte) underliggande politiske og personlige motsetningar. Som oppfatninga hos fjell-folka om at (Tripoli-mannen) Belhaj har begynt å albue andre til sides - og han er jo kjent som islamist. Så blir "islamisme" plutselig aktuelt. Men, sidan dei fleste libyarar nok er "midt på treet" når det gjeld islam og politikk - Libya skal ha ein islamisk identitet, men på ein nasjonalistisk meir enn på ein strengt religiøs / islamistisk måte - og sidan organisert islamisme og salafisme er svak i landet etter Qadhafis undertrykking, er det kanskje ikkje der dei farligaste motsetningane oppstår, iallfall ikkje i første omgang.

Roper ein på ulv stadig vekk, peiker ein berre på alle farar som kan oppstå, går kanskje lesaren trøtt. Og Libya  ikkje gå i oppløysing eller få ulivssår. Det er ein patriotisk einskap nå rundt revolusjonen (mellom dei som deltok!), og dei har ein stor felles ressurs i oljen som dei kanskje ser må styras i fellesskap om noen skal få nytte av den - ingen oljeutvinning, ingen rikdom. Det kan vere sporar til å finne måtar å løyse slike øydeleggande indre strider. Det kan gå bra, når vi ser i eit perspektiv på noen få år fram i tid; såpass trengs nok for å skape eit modent politisk system. Men det finnes skjær i sjøen, og det er lurt både for observatørar og dei som skal ha med landet å gjere i framtida, å gjere seg kjent med dei for å unngå lumske farvatn.

Ingen kommentarer: