mandag 5. juni 2017

Storm i Golfen

Dagens store nyheit frå Golfstatane er at ein gammal krangel har brutt ut i full diplomatisk strid: Fire andre Golfstatar pluss Egypt, har brote alle samband med Qatar, som dei skuldar for å "finansiere terrorisme". Dei har tilmed kasta Qatar ut av den alliansen som kjempar mot dei Iran-støtta opprørarane i Jemen, der Qatar heilt fram til går deltok med fynd og klem - fordi Qatar skal sjøl ha støtta Iran! Her er det stort potensiale for forvirring, så vi får prøve å skille dei ulike konfliktane frå kvarandre.

Bakgrunn: Er dei ikkje like ille, desse shaykh-dømma?
Sett frå eit allmennt, liberalt norsk utgangspunkt er det vanskelig å sjå forskjell på desse Golf-statane. Dei praktiserer alle ein svært konservativ islam, og er eineveldig styrt av kvar sin konge, shaykh eller emir. Ser vi nøyare på dei, er likevel eitt av dei meir konservativt og kvinneundertrykkande enn dei andre - men det er nok ikkje Qatar, men Saudi-Arabia. Qatar, Emirata, Bahrain er tradisjonalistiske, ting skal vere slik det alltid har vore, og shaykhens makt skal ikkje rokkas. I Saudi-Arabia har vi eit tillegg, ein religiøs-politisk ideologi, wahhabismen, som vi kallar ei form for "salafisme", og som legg ekstra religiøse reglar inn statsstyret. Derfor står Saudi noe lenger ute på denne lina enn Qatar og dei andre. (Faktisk følger også Qatar wahhabismen, men som teologi, ikkje som politisk ideologi slik Saudi gjer. Emirata, Bahrain og andre dei gjer det ikkje.)
          Derfor ligg det mest regional makt-politikk, ikkje forskjellar i religiøs ideologi bak her i dag. La oss sjå på noen av dei påstandane dei andre enten kjem med, eller antydar i dagens brudd:

Påstand 1: Qatar finansierer IS og Qa'ida. 
Kvar desse terrorgruppene får pengane sine frå, er i det skjulte. Lite tyder på at noen av statane i Golfen gir pengar til dei, ikkje minst fordi dei sjølve blir sett på som fråfalne og mulige terrormål av jihadistane. Derimot er det meir enn trulig at styrtrike enkeltpersonar i desse landa sympatiserer med jihadistane, og gir private pengar til dei. Dette gjeld trulig i alle desse landa, og kanskje vel så mye i Saudi som i dei andre, sidan Saudi-Arabia har i tiår hatt ein islamistisk opposisjon mot kongedømmets dobbeltmoral, og noen av desse kan ha gått i retning Qa'ida. Både Qatar og dei andre golfstatane er også blitt skulda for å ha sett gjennom fingrane med dette, på grunn av korrupsjon, eller at det gjeld medlemmer av aristokratiske familiar som staten ikkje vil legge seg ut med. Men uansett er det nok "gryta som kaller kjelen svart" når Saudi skuldar Qatar for noe som nok like trulig gjeld for deira eige land.

Påstand 2: Qatar støtter Det muslimske brorskapet
Derimot er det opplagt ein reell forskjell når det gjeld kva andre islamistiske grupper Saudi og Qatar støttar. Saudi-Arabia gir omfattande støtte til konservative, salafistiske grupper rundt om i verda som fremmer deira wahhabistiske salafisme (i all hovudsak på fredelig, ikkje-jihadistisk måte). Qatar gir like mye støtte til grupper i den andre hovudretninga av politisk islam, tradisjonen etter Egypts Muslimske brorskap, dei som blir kallla "ikhwani" mellom fagfolka. Forskjellen mellom dei to er at salafismen er meir tilbakeskodande, dei vil bygge ein kopi av Profetens samfunn, mens Brorskaps-tradisjonen i større grad er politiske og arbeider som parti innanfor dei moderne statanes rammer for å fremme meir islamsk moralisme i dei muslimske landa. 

Saudis problem med Brorskapet ligg i at dei har hatt kontakt med opposisjonen i Saudi, nettopp ved å peike på dobbeltmoralen mellom ekstrem "utvendig" moralisme i kontrast til rikmannsveldet og den sosiale undertrykkinga i landet. Saudi-leiarane ser på Brorskapet som ein ideologisk og moralsk langt meir farlig utfordrar enn dei vestlige liberale, fordi islamistane kan bruke regimets eigne ideologiske våpen mot dei: Var det slik luksus Profeten arbeidde for? Derfor har Saudi-Arabia frenetisk motarbeidd alle som kan ha noen tilknytting til Brorskapet, og her ligg grunnen for den tette alliansen med Egypts leiarar i dag, som også ser Brorskapet som sin viktigaste utfordrar, knust og undertrykt som det likevel er i Egypt.

Qatars eige samfunn følger heller ikkje noen Brorskapsmodell, også der er det jo gedigen luksus på toppen. Men den førre emiren gav støtte til Brorskapet for å tirre sin storebror Saudi, som han prøvde å frigjere seg frå, han ville gjere Qatar til ein sjølstendig spiller (på samme måte som støtta til TV-stasjonen al-Jazeera, som også sparka både Saudi og dei andre arabiske leiarane på skinnleggen). Son hans, den nåverande emiren, tona ned dette og har prøvd å nærme seg Saudi dei siste par åra, ikkje minst ved heilhjerta å delta på saudisk side i krigen i Jemen, men altså ikkje nok.

Påstand 3: Qatar støtter Hamas i Palestina
Denne påstanden følger av den førre. Hamas har rett nok (også av opportunistiske grunnar) offisielt brutt med Det muslimske brorskapet i Egypt, men reellt er dei klart eit ikhwani parti, og har derfor problem med Saudi. Qatar har vore og er ein viktig støtte for Hamas, leiarskapen sit også delvis i Qatar. Men i arabarverda blir Hamas sett på først og fremst som ei rørsle mot Israel, og har dermed vid sympati, dei er også blitt mottatt velvillig i Riyad. Det er derfor pussig at det er blir støtte til "terrorisme" når Qatar støttar dei. Når dette blir antyda er det nok derfor først og fremst på grunn av USA og Trumps besøk, for frå israelsk - og dermed amerikansk - synsvinkel er Hamas like ille som IS eller verre, sidan Hamas jo er ein fiende av Israel som jamnlig kjempar mot dei. Dermed kan det tene Saudi i Washington å slenge Hamas-støtten oppi gryta, sjøl om det kan forvirre dei andre arabarlanda noe.

Påstand 4: Qatar støtter Iran 
Nå blir det meir forvirrande, for Iran og IS er jo dei bitraste fiendane, IS er bygd opp på hatet mot shi'iane og Iran, dei "vantru". Så korleis kan Qatar støtte både IS og Iran? Vel, svaret ligg nok tildels i Trumps hode, sidan han i sin tale til arabarane og i sin politikk ikkje ser ut til å sjå forskjell på IS og Iran, som jo begge fiendar av Israel og USA. I Riyad har dei ei litt annleis kopling, her er det Brorskapet og Iran som begge er oppfatta som fiendar av Saudi. Heller ikkje Brorskapet har noe vennlig forhold til Iran (mens Hamas faktisk prøver å ha det, for å få pengestøtte), men sidan Saudi er mot begge, så må alle våre fiendar jo vere vennar seg imellom, det er jo logisk.

Kva med Qatar? Ideologisk har dei ingenting felles med Iran, og dei har brukt like hard språkbruk mot shi'iane som Saudi har gjort, og altså slåss mot opprørarane i Jemen (som kanskje ikkje har så mye med Iran å gjere, men Irans påståtte støtte er uansett grunngivinga for at Qatar deltok der). Men det er rett at Qatar, som ulikt Saudi og nabolandet Bahrain ikkje har noen shi'isk folkegruppe i sitt eige land, har i det siste vore mindre entusiastisk enn dei to i å brennmerke Iran, og har tatt til orde for å dempe konflikten over Persia-golfen. Også Oman, som ikkje er sunnisk (eller shi'isk, dei er ibadiar), har tatt noe avstand frå Saudi-Arabias intense fokus på Iran, og har ikkje brutt banda til Qatar nå. 

Kor alvorlig er dette? Det har vore konflikt før, men ikkje så dramatisk som dette. Qatars aksjer har tapt seg på børsen, les vi, men Qatar er neppe i pengeproblem. Det viktigaste er at Qatar har den største amerikanske basen i Golfen. Er Saudi ute etter å lokke Trump til å flytte denne basen, ved å la Qatar framstå som "ein venn av USAs fiendar"? Etter Golf-krigen var det lite aktuelt å ha ein amerikansk kjempebase på saudisk jord, og det kan vere vanskelig - og dyrt - å prøve finne eit meir eigna plass mellom dei små shaykhdømma i golfen. Men det vil vise seg om dette vil skje, eller om det blir eit storm i eit vannglass i regional politikk i Golfen.

søndag 1. januar 2017

2017: Status

Det er nyttår, og tid for den årlige oppsummeringa av stoda i regionen. Men nettopp i dag er det vanskelig, for akkurat i dei siste dagane har det opna seg muligheiter der ein enten kan seie pessimistisk: Det går nok over, og så vil det fortsette som før, eller optimistisk: Nå kan det komme ei endring som setter punktum for den verste konflikten i Midtausten dei siste åra.

Men la oss vente litt med det, og først notere korleis oppsummeringa ville vore før utviklinga den siste veka i året.

Syria: Aleppo
Uansett korleis ein ser det, så var nok 2016 Aleppos år, på vondt meir enn på godt. Det vart ein styrkeprøve, der det lenge såg ut til at utfallet ikkje var gitt. Først klarte regimet å omringe det opprørskontrollerte aust-Aleppo, så slo opprørsgrupper tilbake, og klarte tvert om å avskjære kontakten til vest-Aleppo, som var regime-dominert - før regimet slo tilbake og tilslutt altså klarte å bombe opprørarane i senk. Aleppo er nå på regimets hender, og det var ein stor både symbolsk og strategisk siger - sjøl om det nok ikkje er så mye meir enn ruinar dei har vunne.

Assad: løysinga trass alt? Elller?
Politisk er det likevel påfallande at denne utviklinga også har ført til meir tydelige skiller i oppfatninga av Syria-konflikten. Fram til i år, har det både i norsk og internasjonal (iallfall vestlig) politikk vore ein ganske tydelig sympati for opprøret mot Assad-regimet - sjøl om ein i større eller mindre grad har begrensa sympatien til noen opprørsgrupper og ekskludert andre. I det siste halvåret har det komme tydeligare stemmer som utfordrar dette og peiker på Assad som den mulige løysinga, og fokuserer på at opprøret er dominert av konservativ islamisme, eller "salafist-jihadistar og terroristar", som Klassekampens utanriksredaktør omtalar dei med ganske brei penn. Hos noen begynner dette å falle inn i eit pro/anti-USA-mønster, der Russland står fram som ei motkraft mot USA, mens amerikanarane har blamert seg ved de facto å stille seg på samme side som reaksjonære salafistar.

Det er jo interessant at Syria-konflikten dermed kan bli diskutert politisk, og ikkje berre humanitært, men det er jo naturligvis fare for å falle ned i ferdig oppgravde grøfter frå gamle dagar. Om det er noe ein kan oppsummere politisk frå Syria-konflikten i 2016, er det jo at USA ikkje spiller noen vesentlig rolle, korkje positiv eller negativ, i den hovudkonflikten som går mellom Assad og opprørarane (altså, separat frå kampen mot IS, der USA har sitt fokus). Dei forsøka på våpenkvile som vart gjort mellom USA og Russland fall til jorda, fordi USA ikkje kunne "levere" opprørarane til avtalen, dei hadde ikkje noen innflytelse på den sida. Og det som er interessant med "romjuls-avtalen" nå, er at med USA ute av bildet, og Tyrkia inn i staden, så ser det ut som opprørsgrupper som USA ikkje kunne snakke med, faktisk har vore i forhandlingar med Tyrkia og har akseptert avtalen. Om denne våpenkvila verkelig held meir enn desse tre dagane, så er det ein viktig årsak til endringa.

Det er vel så langt ein kan seie det, i dag 1. januar. Pessimisten har vel overtaket, det er for mange ting som kan gå gale - ex-Nusra-fronten, som ikkje er omfatta av våpenkvila men har respektert den dei første dagane, kan igjen komme i kampar og trekke med seg sine allierte i Ahrar og dei andre gruppene som har underteikna, slik at desse trekk seg ut. Går Ahrar og dei andre islamist-gruppene ut av våpenkvila, er den død. Men, kan optimisten si, at det i det heile finnes underskriftar på ein avtale frå begge sider er noe nytt og kan - berre kan - vere eit signal på at krigstrøttheita breier seg på begge sider. Før eller seinare må jo konflikten ta slutt.

Men så var det IS, så var det kurdarane mot Tyrkia, og så var det militsane på Assad-sida, så var det så mange andre variablar som også spiller inn.

Trump
Ja, og så er det Trump, da. Det er jo den andre store hendinga i 2016. Med Clinton hadde vi visst kva vi fekk. Men med Trump veit vi altså overhodet ingen ting, bortsett frå at han konsistent vil dempe konflikten med Russland, og at han konsistent støtter Israel og høgresida i det landet. Men kva kan det komme til å bety for dei mange konfliktane i regionen?

Da må vi nesten over i amerikansk politikk, som ikkje er denne bloggens tema, og det blir mye gjetning der vi kanskje foretrekker fakta. Men om vi kan ta ein liten parentes og legge hodet på hoggestabben med gjetningar om korleis dette kan bli, så får vi sjå i 2018 kor mye feil vi har tatt. 

Trump er jo ikkje åleine. Han er vald som republikanar, og må i innanrikspolitikk samarbeide med ein republikansk Kongress fortsatt dominert av høgre-orienterte Tea Party-liberalistar. Men i mangt er jo Trump slett ingen republikanar og heller ikkje liberalist, men står for ei forvirra og skiftande blanding av ekstrem-høgre og sentrums-orientert politikk. Hans sympati for Israel, visstnok styrt av hans nærmaste rådgivarar, er i tråd med republikansk høgreside, men slett ikkje hans sympati for Russland og Putin. Også innanriks må han trulig velge om han skal kjøre rein "Trumpisme" med t.d. store offentlige investeringar, eller "Tea Partyisme" som vil bygge ned staten så langt at "den kan druknas i eit badekar". Mange i kongressen har lojalitet til Trump fordi hans seier fekk dei valde, men kor mange kompromiss vil og må han gjere med dei tradisjonelle republikanarane?

I utanrikspolitikken går jo det på dilemmaet mellom "Trumpismens" realpolitiske skepsis mot å "eksportere demokrati" ved militære intervensjonar (som kostar pengar utan å gi USA noe tilbake) og "Bushismens" idealistiske ønske om nettopp å vere Den Frie Verdas Leiar. Ingen i USA vil ha ein ny Irak-krig, men straks det dukkar opp ein ny dramatisk konflikt der vestlige verdiar blir trua,  vil denne motsetninga komme opp med krav om at USA må forsvare sine venner. Og så får vi sjå. Enn så lenge begrenser det seg til Trumps triumfalske "vi skal bombe IS i stykker", men så får dei militære fortelle han at dei alt bombar IS så godt som dei maktar. Men i Syria avviste han klart både sin eigen og demokratanes visepresident-kandidatar, da dei begge snakka om "sikre soner", som Trump korrekt fastslo ville føre USA i krig med Russland.

Det samme gjeld Iran-avtalen. Kongressen ønsker vel at Trump skal "rive i stykker" avtalen, og Israel vil jo helst at USA skal bombe dei iranske atomanlegga på Israels vegner, eller iallfall tillate at dei gjer det sjøl. Men om ein lyttar til det Trump har sagt, så er det ikkje snakk om å ikkje ha noen avtale med Iran, men å få "a better deal", å lage ein ny avtale der USA kan få meir ut av det. Dette ville korkje Kongressen eller Israel bli blide over, for dei er den raude kluten at det i det heile finnes ein avtale med Iran - ikkje detaljane i kva som står i avtalen. Så her får vi også sjå kvar Trump landar - om han kjører sitt eige løp (kva det nå blir, det kan jo bli etter innfallsmetoden) eller om han fell inn i det som er Kongress-republikanaranes vante handlingsmønster.

Irak: Kampen om Mosul og IS si framtid
Ved sida av Aleppo er Mosul den byen som har vore på avisforsidene dette året. Langt om lenge kom den bebuda offensiven mot IS sin største by i gang. Så langt har offensiven gått som forventa: rimelig rask framrykking i utkantane, men så meir ein stillingskrig når ein nærmar seg sentrum, IS har hatt god tid til å førebu seg og biter seg, som venta, fast. Det er uråd å gi noen spådom om kor lenge offensiven vil ta, men det er rimelig å snakke om månader. Det er godt mulig at kampen om Mosul også kjem til å bli tema ved neste nyttårs-oversikt.

Eit (kanskje ikkje rettvis) tegn på det, er den langt mindre omfattande kampen om IS sitt senter i Libya, Syrte. Dette er ein langt mindre by, og etter at tallmessig overlegne styrkar, med omfattande amerikansk luftstøtte, gjekk til åtak på byen tidlig på året, gjekk det ikkje lenge før dei erklærte byen erobra. Oops, vel nesten erobra. Å ja, noen veker seinare, vi manglar berre ein kvartal eller to. Ein månad seinare: Nå har vi snart tatt dei siste bygningane. Først nå, heilt på tampen av 2016 skal endelig IS vere heilt ute av Syrte - dersom vi nå kan tru på det erorbrarane seier. Men IS heldt seg innbitt fast i mange månadar etter at dei "skulle" vore nedkjempa. Det samme kan skje i Mosul, sjøl om vi snakkar naturligvis om heilt andre militærkrefter der enn den militsen som kjempa mot dei i Libya.

Ikkje desto mindre: IS har heilt openbart mista landområde i 2016, i Irak, Syria og Libya. Dei blir pressa sørover og har nå trulig mista all direkte tilgang til den tyrkiske grensa i Syria. Dette gjer det vanskeligare for dei å skaffe ressursar til staten sin, sjøl om dei nok har sine metodar fortsatt. Raqqa er ikkje direkte truga ennå, og det er ikkje minst eit diplomatisk spørsmål om noen offensiv direkte mot Raqqa vil komme i 2017: Først må partane på den andre sida klargjere kven som skal delta i ein slik offensiv. Russland og USA sammen? Tyrkia utan kurdarane - og at kurdarane får svarteper og må dra seg unna? Vil dei godta det? Og kva med Assad - skal han delta i koalisjonen mot IS? Klarar dei nye vennene i Washington (etter 20. januar), Ankara og Moskva å bli enige om det, så kan ting skje. Men det får vi altså avvente.

Enn så lenge er altså IS på ingen måte slått til bakken - dei klarte å ta tilbake Palmyra, da Assad samla sine styrkar til offensiven i Aleppo og lot Palmyra ligge ubeskytta. Dei kan komme til å slå tilbake i andre områder i Syria, og kanskje også i Irak: IS har vore litt som ein ballong, slår du inn ein stad, tyter den ut ein annan. Men, ingen tvil: totalt sett har IS tapt terreng. Og derfor har vi også sett større aktivitet frå IS utanfor kjerneområda, i terrorangrep både i Midtausten (Egypt, Jemen, Tyrkia) og Europa. Vi veit ikkje kor direkte "IS sentralt" har vore i desse terroranslaga, og kor mye som er sympatisørar på eiga hand, men vi må gå ut frå at i all fall i noen av angrepa har IS sin organisasjon vore direkte involvert. Og det må vi rekne med det kan bli meir av, dersom "staten" i Irak og Syria skulle bli knust. Det vil neppe skje fullt ut i 2017, men vi vil kunne sjå ei utvikling i den retning.

Libya: Plus ça change, plus c'est la même chose
Det betyr: Ting endrar seg, og dei er det samme. For eit år sidan skreiv eg om forsøka frå FN på å skape ei fellesregjering mellom dei to rivaliserande regjeringane i Tripoli (vest) og Tobruq (aust). Dette vil ikkje bli noen realitet, skreiv eg pessimistisk. Vel, jo, eg tok feil der: Fellesregjeringa kom på plass, den kallas nå "GNA", Government of National Accord. Men eg hadde også rett: Det vart ingen "national accord": Den gamle Tripoli-regjeringa trakk seg til fordel for GNA (vel, meir eller mindre, den gamle statsministeren prøvde seinare å påstå at han ikkje hadde gått av, men militsane der har stilt seg bak den nye GNA-regjeringa). Men rival-regjeringa i aust og deira parlament (som før hadde internasjonal støtte) ville ikkje vere med, og nektar å anerkjenne GNA. Dermed er vi like langt, ei regjering i aust og ei i vest, berre at mens FN før støtta parlamentet i aust, støttar dei nå "samlings-regjeringa" i vest.
Khalifa Heftar

Ankepunktet er det samme som før: Rolla til Tobruqs sterke mann, general - nå marskalk - Khalifa Heftar. Han har i løpet av året endelig vunne over islamist-militsen i Benghazi og styrer nå denne byen, eitt skritt vidare i hans ambisjon om å bli heile Libyas nye leiar. Då IS var (nesten) borte frå Syrte, gjekk han derfor til åtak på ein Tripoli-lojal milits som hadde kjempa mot IS og erobra fleire byar i dette oljerike området inst i Syrte-bukta (blå sirkel på kartet). Nå i desember har han lansert tanken om å "frigjere Tripoli", altså gå til open krig mot den FN-støtta Tripoli-regjeringa og militsane som støtter den. Det er ikkje skjedd ennå, men i så fall vil både Egypt (som støttar Heftar) og Frankrike (som har samarbeidd med han) måtte bestemme seg for kva side dei vil støtte.

Jemen: Saudisk nederlag i sikte
Saudi-Arabia har også støtta Heftar i Libya, sidan han har proklamert seg som "fiende av islamismen", som også Saudi vil vere. Men Saudi har større problem i nærområda. I tiår har Saudi-Arabia helst vore bakspillar og finansiert krigar heller enn å delta i dei. Men under den aktive unge arveprinsen Muhammad ibn Salman, har Saudi nå gått aktivt militært inn i fleire land, og spesielt i borgarkrigen i Jemen, mot Houthi-opprørane nord i landet, som på si side har fått støtte frå den tidligare presidenten Ali Abdullah Saleh og hans før dette regjeringsstyrkar. Saudi burde her vore heilt militært overlegen, ikkje minst med kontroll over luftrommet. Ikkje desto mindre har dei mislykkas i sine mål. Dei klarte rett nok å hindre Houthiane i å erobre Aden, sør-Jemens største by, og trenge dei eit stykke nordover. Men ikkje meir - Houthiane og Salih har fortsatt kontroll over nesten heile det gamle Nord-Jemen, som er den største delen av landet.

Landet er nå de facto delt (nesten) etter den gamle inndelinga frå før samlinga i 1990, eit Nord-Jemen med hovudstaden San'a under styre frå zaydi-stammar av ulikt slag, og eit Sør-Jemen med Aden som hovudstad, og tilfeldigvis også ein president (støtta av Saudi) som kjem frå sør, Abd Rabbuh Hadi. Men det er altså fortsatt krig, store lidingar for folket der, og ikkje ein situasjon som kan vare ved. Spørsmålet er korleis Saudi-Arabia kan klare å komme seg ut av dette utan å måtte erkjenne nederlaget og akseptere eit fiendtlig Houthi-Salih-styre i det folkerike Nord-Jemen.

Islamisme ikkje meir?
Men det har jo ikkje berre vore krig. Mye av Midtausten er jo faktisk ganske fredelig, sjøl om ein ikkje skulle tru det frå media. Eit interessant fenomen, også ei etterdønning etter den arabiske våren, er korleis det har gått med islamismen, som jo vart "stuerein" politisk i mange land etter 2011. Ikkje så i Egypt, naturligvis - like hardt trykk som før der, både mot islamistar og andre kritikarar. Men islamistar "av Brorskaps-typen" kom jo fredelig i regjeringsposisjon både i Marokko og Tunisia. I Marokko vart islamistpartiet til statsminister Benkirane attvald i 2016, og han fortsett som statsminister i ei koalisjonsregjering dominert av kongen (som slett ikkje er islamist). I Tunisia sit dei som juniorpartnar med eitpar ministrar. Her er det interessante at partiet, El-Nahda, på kongressen i vår vedtok at dei "ikkje lenger er islamistar". Politisk islam er forelda, sa dei: Vårt mål var berre at islamske idear også skulle få lov til å delta i debatten. Det er oppnådd nå, så vi legg bort tanken om "politisk islam" og blir eit vanlig konservativt, ikkje-religiøst parti. Forskarar har gitt dette namnet "post-islamisme", og El-Nahda har nå sjøl offisielt omfavna dette begrepet for seg sjøl. Så vil det vise seg kva konsekvensar, om noen, det får i praktisk politikk.

Tyrkia kan vi jo ikkje komme utanom i oppsummeringa. Kuppforsøket i juli var eit jordskjelv, sjøl om ristingane var merka også før. Storpolitisk og innanriks har ting endra seg. Vi kan ikkje drøfte alt her - nasjonalisme, autoritært styre, atatyrkisme, krig mot kurdarane fortener meir plass. Men la oss berre, i Midtausten-kontekst, spørre: Er Tyrkia også eit post-islamistisk land? Begrepet vart dels mynta på dei, sidan partiet AKP insisterte på at dei ikkje var islamistar (noe som vel også er forbudt i Tyrkia) men berre sosial-konservative, som Nahda i Tunisia nå seier. Men er det autoritære hos Erdoğan lånt frå islamistisk tenking (kalif, sultan)? Eller er det uavhengig av islamsk arv? Det vanskelige her er betydninga av Gülen-rørsla - før AKPs nære allierte, nå syndebukk for alt som er gale. Gülen er openbart ei religiøs rørsle, men var den islamistisk? Når AKP nå har brutt med, og vendt seg bort frå Gülen, betyr det også at dei har brutt med ein islamistisk arv og eit program for å "re-islamisere" Tyrkia? Ja, seier dei sjøl, iallfall på ein måte. Hm, seier forskarane, dette må vi undersøke nærmare. Her er det mye ukjent både når det gjeld korleis vi skal forstå Gülen og korleis vi skal forstå AKP. Kanskje vi kjem til å vite meir om eit år, kanskje tåketeppet kjem til bli ennå tjukkare. Men følg med, følg med. Mye interessant, på godt og vondt, vil nok fortsatt komme til skje i 2017.