mandag 1. januar 2018

2018: Status

Kvart år i Midtausten er begivenheitsrikt for tida, men ein må nesten kunne seie at 2017 har ført med seg endringar vi ikkje har sett maken til sidan 2011. Ein del av endringane er så grunnleggande at dei kan komme til å henge med oss i mange år framover. 

Saudi-Arabias nye rolle - opp som ei løve, ned som ein skinnfell?

Det som kanskje vil ha lengst effekt, er hamskiftet i Saudi-Arabia, som nå verkelig vil tre opent fram som ei regional stormakt i Midtausten. Eigentlig kom skiftet alt for to år sidan, da kong Abdallah døydde og vart erstatta av den siste av Ibn Sa'ud-brørne som kjem til å bli konge. Bror har tatt over for bror heilt sidan faren døydde for sekstifem år sidan i 1953, men kong Salman blir den siste, nå er det ikkje fleire igjen (vel, det er ein til, men han er ikkje "kongemateriale"). Den neste kongen kjem frå neste generasjon, og sjøl om Salman fortsatt er blant oss, er dette generasjonsskiftet langt på veg alt komme.

Vi såg det nye på veg alt tidligare, då Saudi Arabia offisielt sendte fly til kampar i Syria (dei sa iallfall dei skulle gjere det), og for fullt da dei opna krig mot Houthi-opprørarane i Jemen i 2015. Men full fart kom først i år, då kongen i juni sette kronprinsen, nevøen Muhammad ibn Nayif til sides (han vart i praksis sett i husarrest) og erstatta han med sin eigen son Muhammad ibn Salman. Kong Salman stiller seg bak sønnen, men det er tydelig at det i praksis er kronprinsen som nå leiar landet og formar det etter sine ønsker.
Ibn Salman
      (Og ei lita oppklaring til journalistane, som har tendens til å gå seg vill i namna: Kongen heiter Salman (Salman ibn Abd al-Aziz), mens sønnen heiter Ibn Salman - "Salmans son", eller Salomonsen på norsk. Det har vore tendens til å blande sammen far og son under namnet Salman, og i eleverte kretsar prøver noen å unngå det problemet ved å bruke forkortingar: MBS for Muhammad bin [ibn] Salman. Som da rett nok lett kan forvirras med ein annan ung Gulf-herskar, Muhammad ibn Zayid, forkorta MBZ, i Dei Sameinte Emirata UAE. La oss her kalle kronprinsen for Ibn Salman.)
 
Kva slags planar Ibn Salman har for kongedømmet, er ennå litt uklart. Det er to ulike fortellingar om dette nå. Det eine er at han er ein modernist og reformator, som vil riste opp det tilstivna styret, gi Saudi-Arabia fleire bein å stå på økonomisk, bekjempe korrupsjon, tilpasse seg verdsmarknaden, fri seg frå den tyngande wahhabistiske ideologien av konservativ islam (salafisme) og fremme rettane til kvinner og andre undertrykte.

Det andre er at dette er rein maktkamp: Under dei mange brødre-kongane var kongefamilien delt opp i fleire greiner, i hovudsak etter mødrene: Dei fleste var naturligvis halvbrødre, samme far men ulik mor. Slik var det også da Salman tok over i 2015, den første kronprinsen kom frå ei anna grein av familien, og hadde han tatt over som konge etter Salman, ville arvefølga fortsatt vore "horisontal" mellom dei ulike greinene. Ved å ta sin eigen son (om ikkje den eldste, Sultan), markerte kongen ein overgang til ei meir normal "vertikal" arvefølge frå far til son.

Det som likevel markerer det nye styret er ønsket om å styrke Saudi-Arabias plass som den leiande krafta i Midtausten. Det har Ibn Salman vist ved ei rekke dramatiske utspill sidan han rykka opp, som stort sett alle har vore mislykka. Berre Trump har vel kunne vise til ei lengre rekke fiaskoar det siste året. Begge er impulsive og aggressive, men til Trumps forsvar burde Ibn Salman ha hatt betre tid til å førebu seg på herskarrolla.

Det første gjeld krigen i Jemen, som alt har gått i over to år, der dei står i ei hengemyr. Vi skal sjå meir på den under, men i tillegg til ein katastrofe for folket i Jemen, er den også blitt ein diplomatisk katastrofe for Saudi Arabia, regionalt og internasjonalt.

Så trappa han opp rivaliseringa med Qatar, ved å organisere ein boikott som ingen forstod. Qatar kjempa sammen med Saudi i Jemen, men fekk ikkje lenger lov! Fordi Saudi påstår at Qatar støtta Iran (bombemålet i Jemen, i følge Saudi). Qatar har ikkje vore spesielt pro-iransk, forutan Jemen-krigen deltok dei også med liv og lyst i å slå ned shi'a-protestane i Bahrain i 2011, sammen med Saudi. Men det er nok rett at både Qatar og Kuwait, som begge har oljeøkonomisk samkvem med Iran i Gulfen, har vore meir avslappa enn Saudi, som nå har Iran som ein nærmast fiks ide. Vidare vart Qatar anklaga for å støtte Hamas og al-Qa'ida. Men Saudi tok sjøl imot Hamas-leiaren i fjor, og kva gjeld Qa'ida er det vanskelig å sjå forskjell på Saudi og Qatar - ingen av dei støttar dei offisielt, men det går nok private pengar frå begge land til iallfall Nusrafronten i Syria.

Saudi-Arabias nære allierte i Gulfen, Emirata og Bahrain støtta straks opp under boikotten, og dei fekk også demonstrert nye allierte som følgte deira line, ikkje minst den gamle kjempa Egypt som her ser ut til å la seg styre av Saudi-Arabia. Men resten av Midtausten følgte ikkje opp, og internasjonalt vart Saudis krav til Qatar møtt med hoderysting, ikkje minst kravet om dei skulle stenge ned den for uavhengige TV-stasjonen al-Jazeera. Mange godtok Qatars syn om at det Saudi forlangte var at Qatar skulle underlegge seg Saudi-Arabias vilje. Saudi fekk vel helst fram ei usemje i Midtausten. Ja, dei klarte tilmed å få til ei splittelse mellom Det kvite huset og utanriksdepartementet i USA - utspillet var tydelig ikkje klarert med Washington. Status nå er at boikotten varer ved. Den var problematisk for Qatar i starten, men dei har funne vegar rundt, og lever rimelig bra med den, ikkje minst ved å ha (måtte) nærma seg Iran. Resultat: 1-0 til Iran. 

Hariri i Paris
Så kom turen til Libanon. Da Saudis nære allierte, statsminister Said Hariri, kom på besøk vart han (i følge ein artikkel i New York Times), henta av væpna vakter og ført til eit fjernsysstudio der han måtte lese opp eit manus om at han gjekk av som statsminister i Libanon, fordi Hizballah hadde for stor innflytelse der. Full forvirring, dette var heller ikkje klarert med noen korkje i Beirut eller andre stader, og Hariris eigne partifeller kunne ikkje gjere anna enn å be han komme heim. Hizballahs leiar Nasrallah kunne framstå som landsfader, "vi støttar Hariri, gi oss statsministeren vår tilbake". Etter ein diplomatisk redningsaksjon frå Frankrike måtte Saudi la han reise, og han tok opp igjen arbeidet som før. Vinnar: Hizballah.

Utanriks er det altså fiasko på fiasko. Saudi har absolutt markert seg som ein ny viktig aktør, tydeligare enn før, og har klart å gjere Iran til busemann i arabarverda. Men dei har også vist at dei ikkje kan berre ture fram og tru at resten av området følger pengeboka. Noen gjer det, som Egypt som nå er nær alliert, men Iran har også vunne uventa diplomatiske seirar etter framferda til det nye Saudi-styret.

Innanriks er det meir uklart. Kuppet der Ibn Salman arresterte dusinvis av prinsar og annan elite for "korrupsjon" ser ut til å vere vellykka. Også her er det tvil om motiva, noen av desse var nok meir opent korrupte enn andre (sjøl om det vanskelig å si akkurat kva "korrupt" betyr når kongedømmet langt på veg er privat eigedom). Men openbart også maktkonsentrasjon, og kanskje først og fremst ein advarsel til mulige rivalar. Den mest kjente av dei arresterte, al-Walid ibn Talal, er ein vestlig-orientert finansfyrste som eig "halve Hollywood" (Fox, Citigroup, AOL, Apple, Disney, på ulike tidspunkt). Han er ikkje kjent som spesielt korrupt (meir enn andre?), og heller ikkje i opposisjon til Ibn Salman, tvert om støtta han den økonomiske nyorienteringa. Men han hører til feil slektsgrein. Noen av hans slektningar skal ha protestert mot at Ibn Salman vart kronprins, og al-Walid kunne bli ein mektig motstandar om han hadde ønska det. Så, nå veit han og hans likar kva det ville medføre. Er dette vellykka for det nye styret? Det er det umulig å seie, så ugjennomsiktelig som saudisk innanrikspolitikk er. Først nå noe skjer, får vi vite om det.

Men ein ting vi kan observere, er at Ibn Salman, i sin maktiver, også vil forrykke den historiske balansen mellom religion og politikk - iallfall litt. Saudi Arabia er basert på at dei religiøse leiarane, Al Shaykh, styrer moral og tru, mens kongefamilien, Al Sa'ud styrer økonomi og politikk. Sidan kongedømmet oppstod i 1932 har Al Sa'ud nok hatt overtaket, men berre ved å gi dei religiøse eit godt spillerom. Ibn Salman vil redusere dette noe, og det viktigaste er at "moral-politiet" (al-mutawwia), som ligg under dei religiøse og ikkje staten, ikkje lenger har rett til å arrestere syndarar. Dei må varsle det ordinære politiet, som åleine kan ta affære. Kor stor betydning dette har, og om Ibn Salman vil gå vidare med å flytte balansen meir over til si side, kan bli viktig for å sjå korleis utviklinga i landet vil bli.

Syria: Ein ny fase i krigen

Det andre store som har hendt i Midtausten er openbart utviklinga i Syria. Sidan protestane i 2011-12 gjekk over til væpna opprør og borgarkrig, har konfliktlina vore mellom regimets styrkar, og opprørsmilitsar der islamistar meir og meir kom til å dominere. For eit år sidan fall Aleppo til regimet, og i året som følgte ser det ut til å ha vore tippepunktet. Krigen går fortsatt, men det er nå rimelig tydelig at regimet har fått eit overtak dei aldri har hatt før. Ein kan godt tru at innan neste nyttår vil dei siste områda som opprørarane held, først og fremst Idlib i nordvest (nå dominert av den tidligare Nusra-fronten), og Ghouta aust for Damaskus, vere oppgitt. Nusrafronten held altså stand, men tyrkiske styrkar er også nå gått inn i provinsen med regimets aksept (for å bekjempe kurdarane som held regionen nord for Idlib). Vi har tidligare snakka mye om dei uavhengige salafistane i Ahrar al-Sham som ein viktig aktør, men dei - sammen med det meste av den Frie Syriske Hæren - ser nå ut til å vere nesten heilt spilt ut av banen.

Eit litt gammalt kart, dei svarte strekane er nå gule (kurdiske)
 på nordsida og raude (regimet) på sørsida av Raqqa-
Deir al-Zur. Idlib er lysegrønt i nordvest.
Men det er naturligvis meir enn éin krig i Syria, og meir enn ein seierherre. Den andre er kurdarane i PYD i nordaust, som har ført sin krig mot IS, og også her ser ut til å vinne over dei. IS er ikkje historie, men staten deira er nok det nå. Det er også eit markert skifte i jihadismen, IS står nå i langt på veg samme posisjon som al-Qa'ida: kontroll over noen små område, men primært ein terrororganiasjon på fremmend jord. Deira tap er kurdaranes seier, desse har nå langt på veg styring med Syria nord og aust for Eufrat, mens regimets styrkar har kontrollen på sørsida av elva (og også over grensa mot Irak, som vi før har skrive om). Spørsmålet blir da kva skjer langs denne lina når fienden IS er endelig borte. USA står bak kurdarane - men vil dei gjere det fortsatt når IS er borte? Russland står bak regimet, begynner dei å få nok? Vil USA og spesielt Russland tvinge fram ei forhandlingsløysing der regimet de facto godkjenner kurdisk autonomi i "Rojava", og vil kurdarane prøve å halde på dei store arabisk-befolka områda dei har erobra? Akkurat nå er det ingen som blunkar, kurdarane har det ikkje travelt med å trekke seg tilbake, men regimet har heller ikkje utfordra dei. Her vil det trulig måtte skje noe, fredelig eller ikkje fredelig, i året som kjem.

Jemen: Ny utvkling, eller meir av det samme?

I Jemen er frontlinene omtrent som for ei år sidan: Houthi-opprørert held stand i nord, dei som støttar president Hadi i sør (blått og del av det mørkegrønne på kartet), mens områda i aust (det tynt folkesette Hadramawt) i all hovudsak har klart å halde seg utanom krigen. Men innanfor frontane har det skjedd ting.

I nord styrte ein allianse mellom to tidligare fiendar: Houthi-militsen, med basis i ein provins heilt nord i Jemen, og styrkane som var lojale til avsatte president Ali Abdallah Salih. Dei såg ut til å vere omlag jamnstore, sjøl om vi kalte alliansen for "Houthi-opprøret". Men Salih var aldri noen Houthi, han var ein opportunist som allierte seg med kven det skulle vere. Sidan krigen trakk i langdrag, gjorde han i desember eit av sine uforutsigbare hopp, braut med Houthiane og gjekk over på motparten, altså Saudi-Arabias side. Vi klarte knapt å registere det før Houthiane hadde tatt livet av han, to dagar etter. Deretter reinska dei ut styrkane hans og jaga dei ut av nord-Jemen. Igjen har altså Houthiane overraska med sin styrke, det viste seg at det var dei, og ikkje Salih-armeen som hadde kontrollen i landet, og nå styrer dei åleine. Det vi ikkje ennå veit, er kva slags allierte dei evt. har nå. Det er mange og slagkraftige stammar i regionen, som er zaydiar som dei fleste i nord-Jemen, men ikkje Houthi-tilhengarar. Er dei nøytrale, har dei gravd ned våpna sine, eller støtter dei opp under dagens makthavarar i nord? Det veit vi lite om ennå, men vil ha stor betydning.

Kva med dei før Salih-lojale styrkane? Dei er blitt jaga over til motpartens side, der dei er tatt i mot, men vi veit ikkje kva dei vil gjere og kven dei vil samle seg rundt. Salih hadde tydelig plan om at sønnen Ahmad skulle ta over, men han sit fast i eksil eller husarrest i Abu Dhabi. Han vil nok gjerne, men om vertane hans nå vil la han sleppe fri - nå som faren lenger ikkje er deira fiende - har vi ikkje sett noe til ennå.

Likevel: Mange trur nok at den "legitime presidenten", Hadi, frontfigur for den saudi-støtta sida ikkje kjem til å spille noen rolle. Han er eksil i Saudi, får knapt noe spillerom av dei, og har liten støtte frå noen. Det er godt mulig Saudi-koalisjonen vil "bytte han ut" med Ahmad ibn Salih, om dei trur han kunne samle støtte i Jemen.

Problemet er her berre at sjølve denne koalisjonen ristar litt i fugane. Saudi og Ibn Salman meiner openbart at det er dei som bestemmer. Men krigføringa deira har vore ein fullstendig fiasko. Ikkje berre har dei fått heile verda mot seg ved uvettig bombing av sivile mål og ein boikott som har fått kolera til å spreie seg i Jemen. Men dei har også vist seg som miliært utrente og svake. Det er Emiratas fly og styrkar som har halde denne sida oppe, og Emirata har i Jemen-krigen funne ny sjøltillit overfor storebror. Dei tillet seg dermed å ha ein annan politikk for Sør-Jemen, området som dei to kontrollerer sammen, men som i praksis står under Emiratas einekontroll. Og mens Saudi-Arabia står, som president Hadi, på at Jemen må forbli ein einskaplig stat når krigen er over, støtter Emirata separatistane som ønsker at Sør-Jemen skal bli ein eigen stat, slik det var fram til 1990. Og det er altså dette området alliansen faktisk kontrollerer. 

Vi veit ikkje om eller kor mye som vil skje i Jemen kommande år, men det er altså nok med sprengkraft på begge sider av grenselina (og da har vi ikkje nemnt al-Qa'ida, som USA nå prøver å bombe - dei står utanfor denne nord-sør-konflikten).

Libya. Palestina, Iran

Det har skjedd så mye i desse tre landa, at vi må fare med harelabb over resten av regionen. I Libya er situasjonen som før: Heftar styrer i aust (og også ein del i sør) og trugar stadig med å invadere det mest folkerike området i vest, Tripoli-området. Men han har neppe militær kraft til det. I landsbyar og småbyar prøver folk å styre seg sjølve, med eller utan hjelp av lokale eller fremmede militsar. Noe av det som har markert det siste året, er at EU har akseptert denne situasjonen, og inngått avtaler med ulike lokale militsar om å halde flyktningar på veg til Europa tilbake. Det har fungert, men med stor menneskelig kostnad, og etter reportasjar om regulære slavemarknader hos militsane, enten dei EU har finansiert, eller andre av stort sett samme slag, har det komme sterke reaksjonar på dette. Noterbart er også at gamle Qadhafi-tilhengarar har begynt å stikke hodet litt fram att, ikkje minst etter at Qadhafis son Sayf al-Islam vart sluppe ut av fangenskap i sommar. Han er "arveprinsen" deira. Men Libya er neppe moden for ein ny Qadhafi, iallfall ikkje ennå. Noen politisk løysing er nok korkje nærmare eller fjernare enn i fjor.

Palestina: Protestane mot USAs flytting av ambassaden til Jerusalem har ikkje ført til så mye. Vikigare er dei små rørslene mot avspenning mellom PLO og Hamas, i hovudsak ved at Hamas aksepterer at PLO / styresmaktene på Vestbreidda også må få innpass i deira region Gaza. Vi får sjå kor langt dette kan gå.

I årets siste dagar har vi også sett ei sosial protestbølge i mange byar i Iran. Sjøl om dei rettar parolane mot "systemet", ser det ikkje ut til at dette har ei leiing og styring at det kan true styret på noe vis, mange ser jo at årsaken til dei økonomiske problema ligg utanfor landet, i USAs mangel på vilje til å lette sanksjonane. Dette kan lett det religiøse høgre, like gjerne som dei regimekritiske, spille på: Rouhanis avspenningspolitikk har ikkje gitt fruktar, så kvifor halde fram med dei? Uansett viser det at det fortsatt er ein understraum av politisk og sosial motstand i Iran, som ikkje vil forsvinne.