mandag 4. februar 2019

Libya, al-Qa'ida og Raudt

I samband med at eit utvalg har vurdert Norges innsats i Libya-krigen i 2011, har det oppstått ein breiare debatt om denne konflikten. Som vi tidligare har vore inne på i denne bloggen, delte og deler eg fortsatt den oppfatninga at Norge ikkje burde ha deltatt i denne krigen. Sjøl om resultatet, eit sammenbrot i landet, ikkje var gitt,  så var det noe ein burde forvente. Det var dermed eit ansvar som berre låg på libyarane sjøl, å velge enten å ta sjansen på eit opprør og leve med resultatet om det slo feil, eller fortsatt vere under Qadhafis eineveldige styre. Det var ikkje opp til omverda, NATO eller Norge å drive fram prosessen som leidde fram til der vi er i dag.

Men i denne debatten om Norge gjorde "rett" eller "feil" den gongen, har debattantar diverre latt seg drive ned i grøfter på kvar side, der det på eine sida er snakk om "folkemord" frå Qadhafis side (som det aldri var tale om), på den andre at det var al-Qa'ida som stod i bresjen for opprøret. Slik formulerte t.d. Raudts leiar Brynjar Moxnes seg i grunngivinga til eit spørsmål til utanriksministeren 2. januar:

"En av de viktigste aktørene på bakken i Libya i 2011 var Abdelhakim Belhadj fra Libyan Islamic Fighting Group (LIFG). I 2001 ble LIFG definert som terrorgruppe av FN, og i 2007 erklærte al-Qaidas daværende nestleder, Ayman al-Zawahri, at LIFG offisielt var blitt en del av selve al-Qaida. Al-Qaida holdes ansvarlig for terrorangrepet mot USA i 2011 og en rekke andre terrorangrep mot sivile i Midtøsten og Europa. Likevel ble Belhadj fra den libyske al-Qaida-organisasjonen LIFT utpekt som hovedstaden Tripolis øverste militære leder da opprørsgruppene han ledet erobret Tripoli i samarbeid med NATO." 

Liknande framstillingar er gitt av representantar frå Raudt tidligare, og også av fredsforskar Ola Tunander i Ny Tid for februar. Utanriksministeren svarar unnvikande, men imøtegår ikkje framstillinga. Men sidan dette blir gjengitt fleire gonger, og er med å underbygge at "nordmennene visste ikkje kva dei dreiv med", så kan det komme til å bli eit slags "etablert faktum". Men det er ein myte. Al-Qa'ida var ikkje i det heile involvert i krigen i Libya i 2011 (men kom på banen året etter, i ein kamp mot dei nye styresmaktene).

Den Libyiske Islamske Kampgruppa
Abd al-Hakim Bilhajj (Belhadj)
Sentralt i denne framstillinga står altså gruppa LIFG. Det var ganske riktig ei radikal islamistisk gruppe, som ville føre jihad mot Qadhafi, og hadde som mål å innføre eit islamsk styre i Libya. Det var på 1990-talet, gruppa var sammensett av libyarar som hadde slåss i Afghanistan tiåret før. Dei var aktive i perioden frå ca. 1996 til 1998, då dei vart nedkjempa av regjeringsstyrkane. Ein stor del vart fengsla, resten rømte, mange tilbake til Afghanistan. Og desse fekk ganske riktig kontakt med Osama bin Laden. Men da Bin Laden ville bygge opp al-Qa'ida som ei "global" jihadist-rørsle, sa folka frå LIFG nei takk. Alle leiarane, derimellom Belhadj, nemnt over, og andre som var i Afghanistan, braut med Bin Laden, fordi deira mål var å kaste Qadhafi, ikkje å kjempe mot USA eller andre. Dei fleste ex-LIFG-folka forlot derfor Afghanistan. Belhadj reiste i eksil i Asia, men vart i 2004 kidnappa av britisk etterretning og overlevert til Qadhafi-regimet.

Men eit mindretal av libyarane var usamde, og slutta seg til Bin Laden, og to av dei, begge med dekknamnet "al-Libi" (Abu Yahya og Abu Layth), kom høgt på strå i al-Qa'ida. Dei erklærte derfor i 2007 at "LIFG har slutta seg til al-Qa'ida". Men alle leiarane i denne nå oppløyste gruppa, både dei som sat i fengsel (mellom dei Belhadj) og dei som var på frifot i andre land, avviste dette og kritiserte al-Qa'idas terror-strategi. Det var altså berre mindretalet som alt var med i al-Qa'ida som "vart med" i 2007.

I Libya foregjekk ei heilt motsett utvikling. Andre ekstreme islamistgrupper hadde på 2000-talet stilt spørsmål med ein valdelig strategi som hadde slått feil. Rundt 2007-2008 kom også turen til ex-LIFG. Dei hadde blitt kontakta av "fredsmeglaren" Sayf al-Islam al-Qadhafi, og etter ein lang intern prosess publiserte dei, med Belhadj som ein av fire forfattarar, eit fleire hundre siders dokument, der dei tok avstand frå valdsbruk som aksjonsform, og ville arbeide for ein islamsk agenda med fredelige midlar.
Etter dette vart mange av dei, mellom dei Belhadj, sett fri seint i 2010, kort tid før opprøret.
På dette tidspunktet var altså Belhadj og restane av LIFG altså iallfall offisielt på ei heilt anna line enn al-Qa'ida, men dei var jo fortsatt islamistar. Når opprøret starta i februar 2011, var det derfor først spørsmål om dei skulle delta - opprør er jo valdsbruk - men det vart det klar semje om. Deretter om dei skulle delta på ein "jihadistisk" plattform, med avstand til dei liberale. Det gjorde dei heller ikkje, men det var først i april-mai, altså godt etter NATO-vedtaket, at ex-LIFG (og også det Muslimske Brorskapet, som førte sin eigen politikk) nærma seg Overgangsrådet i Benghazi, fram til da var dette i all hovudsak sammensatt av liberale akademikarar og noen stammeleiarar. Brorskapet vart med i Rådet, mens ex-LIFG støtta det utanfrå.

Desse hadde jo kamperfaring frå Afghanistan, og kom til å spille ei merkbar rolle i kampen, men var på ingen måte dominerande, det var det militsar som dei upolitiske Zintan og Misrata-militsane som trulig var. Men sidan Belhadj klarte å mobilisere folk frå Tripoli i oppreisten der 20. august (ikkje minst fordi dei to andre militsane kom frå andre byar), vart han, under protest frå dei andre militsane, utpeikt av Overgangsrådet til militærleiar for Tripoli. Men det viste seg at det i realiteten var dei to andre som hadde overtaket, og ex-LIFG-militsen (der også mange ikkje-islamistar deltok) løyste seg opp.
I staden delte dei tidligare leiarane i denne før så radikale gruppa seg opp i fleire små politiske parti, eit av dei fekk eitpar representantar i nasjonalforsamlinga, Belhadj sitt parti vart ikkje representert, og han trakk seg tilbake og vart forretningsmann.

I alt dette spilte altså al-Qa'ida ingen rolle, og dei som i 1996 hadde stått for jihad var nå blitt mislykka parlamentarikarar som så mange i Libya på den tida. Men året etter kom faktisk al-Qa'ida på banen. Noen av dei frå det gamle mindretalet, dei som hadde valt Bin Ladens side, vendte tilbake, noen til Benghazi og noen til byen Derna. Dei første oppretta jihadist-gruppa Ansar al-Shari'a, som i 2012 tok til å angripe dei nye makthavarane i landet, fordi dei hadde "godtatt demokratiet" ved å opprette ei vald nasjonalforsamling. Denne nye gruppa var også knytt til drapet på den amerikanske ambassadøren i oktober 2012. Det kom til kampar mellom dei og andre militsar, og i 2017 var Ansar i praksis nedkjempa, samtidig som IS jo også hadde etablert seg (men også dei seinare kasta ut frå sitt territorium). Ansar hadde fortsatt band til al-Qa'ida. Men det har altså ikkje noe med dei som i 2011 kjempa sammen med opprørarane mot Qadhafi å gjere.

Derimot har ein av dei som i dag kjemper om makta i Libya, den aust-libyiske milits-leiaren Khalifa Heftar, med støtte frå Saudi-Arabia og Egypt, gjort denne påståtte islamismen til Tripoli-regjeringa, og det at Belhadj fortsatt bur i Tripoli, til ein måte å prøve brennmerke Tripoli i verdsopinionen. Denne mytologien frå Raudt er dermed på line med denne ganske tvilsomme strategien.

I politisk debatt er det desverre tendens til å styrke sine argument ved å opprette "heltar" og "djevlar". Skinnande heltar er få, djevlane kanskje fleire, men den politiske debatten hadde vore ryddigare om ein klarte å markere standpunkta sine på ein faktabasis som er faktisk, og ikkje basert på laust funderte rykter og mytar.

Ingen kommentarer: