søndag 17. mars 2024

Antisionisme, antisemittisme og det jødiske

Den sørafrikanske juristen John Dugard sa på ein Gaza-konferanse i Bergen nylig  at vi i Norge var gått fri for noe som har prega Israel-debatten i mange andre land: At ein kan sperre all samtale og dialog med å brennmerke kritikk av Israel som "anti-semittisme". Vi er vel kanskje ikkje heilt fri for det, men det er nok rett at slike tendensar til hysteri som vi har sett i USA og andre land, der også jødar blir angripe som "anti-semittar" er vi langt meir forskåna for her.  

Så spørsmålet er derfor om vi kan ha ein kjølig og avdempa debatt om noen av dei temaene som elles har lett for å sette sinna i kok, på alle kantar, for eksempel begrepet "anti-sionisme". Er det den moderne formen for antisemittisme, eller er den påstanden heller den moderne maccarthyismen? Og det kjølige akademiske svaret blir jo som det gjerne blir: Det kjem heilt an på. Altså, på kva ein legg i begrepet ”anti-sionisme”.  Det kan vere det, men det ikkje vere det. Vi må altså må lenger ned i kva vi legg i orda. 

Antisemittisme

Det kan jo bli eit bokmanus, så vi får nøye oss med kortversjonen, og seie at vi reknar med at begrepet ”antisemittisme” er kjent: det er jødehat; ei form for rasisme, å diskriminere eller forskjellsbehandle jødar fordi dei er jødar. (Og i parentes: ikkje fordi dei er semittar, for slike fins ikkje: ”semittisk” er ikkje eit folkeslag, men ein språkfamilie i Midtausten og på Afrikas horn: dei største språka i Eritrea og Etiopia er også semittiske.)

Sionismens mange tydingar

I ”anti-sionisme”, derimot, ligg innhaldet i ordet: det er å vere mot sionisme. Men sionisme er eit begrep som er brukt i mange ulike tydingar, så da må ein komme til klarheit i kva ein i så fall er ”anti”. Det kan også bli ei avhandling å drøfte det, så vi får her prøve å vere litt avkorta og forenkla, og peike på fem forskjellige tydingar av sionisme, og korleis nokon kan kritisere dei. 

(1) Jødar er sionistar

Det første er berre å sette likheitsteikn, og bruke ”sionist” i staden for ”jøde”. Da er jo konsekvensen klar, da blir antisionisme og antisemttisme synonymt. Og det er jo ingen tvil om at begrepet blir brukt slik, t.d. frå nazistar og andre høgreekstreme, som hatar jødane som folk, men i dag føretrekk å kalle seg ”anti-zionistar” (gjerne med z, av ein eller annan grunn). Også i Aust-Europa under den kalde krigen er det klart at det var vide antisemittiske haldningar både mellom folk og frå styresmaktane (jf. Slansky-prosessane og Stalins utreinskingar etter krigen) som maskerte seg som anti-sionisme. 


(2) Sionisme som jødisk nasjonalisme

Theodor Herzl
Meir interessant er kanskje dei som tar utgangspunkt i ei faktisk forståing av sionisme som ei idéretning. Sionismen er jo i utgangspunktet ein jødisk nasjonalisme som vaks fram sist på 1800-talet, med ønske om ein eigen nasjonalstat. Den som nektar den jødiske nasjonen ein slik rett fordi det er noe negativt ved jødane som folk, altså at andre nasjonar har rett til ein stat, men jødane ikkje kan ha det fordi dei er jødar, er igjen over i antisemittisme, ein behandlar jødane annleis enn andre. Eg veit ikkje om noen faktisk hevdar dette, derimot er det noen som avviser at jødane er ein nasjon, fordi dei i motsetning til t.d. polakkar og slovakar budde spreidd og ikkje hadde noe felles territorium: dei mangla noen objektive kriterier på ein nasjon. 

Det kan jo i praksis gå ut på det samme, men har ein viss sammenheng med nasjonsteoriar på 1800-talet, der den ”tyske” nasjonstanken var nettopp at ein nasjon kunne bestemmas ut frå objektive kriterier: felles språk, felles land, felles økonomi og felles ”skjebne” (Schicksal). Den ”franske” forståinga var derimot at nasjonen er ei subjektiv oppslutning rundt eit felles ideal (der: republikanismen): ei tilstrekkelig stor gruppe som meiner at dei er ein nasjon, blir det dermed gjennom si overbevising om det. I teorien kan ein altså, ut frå den tyske forståinga, argumentere for at jødane mangla dei påkravde objektive kriteria for sjølstende - t.d. felles språk og land - og i staden hørte til nasjonen i det landet dei budde. Men det var jo nettopp Herzls poeng: Dreyfuss-saka og pogromane i aust viste jo at jødane vart ekskluderte frå dei nasjonane dei budde i, og måtte derfor vere ein eigen, separat nasjon. Ikkje alle jødar var samde med Herzl, men tilstrekkelig mange til at det altså vart ei større rørsle. Dermed må det vere rimelig å godta deira påstand: ved at dei som meiner dette ser seg sjøl som ein nasjon, oppstår nasjonen med det: Det jødiske folket og den jødiske nasjonen eksisterer i kraft av seg sjøl. 

Det ligg i nasjonstanken at ein nasjon har ambisjon om å opprette ein nasjonalstat. Dette er også ganske opplagt ein rett som dei har: Alle nasjonar har rett til å kreve ein eigen stat. Men dei har ikkje dermed automatisk rett til å det. Det er fordi ingen rettar er absolutte, alle rettar må prøvas mot andres rettar. Dette gjeld alle grupper: Ut frå samme tankegang er det ingen tvil om at katalanarar, baskarar, tsjetsjenar og så vidare er nasjonar fordi dei ser seg sjøl som det. Men ingen av dei har fått eigne statar, fordi deira statskrav kolliderer med andres rettar, t.d. spanjonales oppfatning om at heile Spania, inkludert Katalonia og Baskarland, utgjer ein felles nasjon og ikkje kan delas opp. Alle slike krav blir derfor politiske og må vegas mot andre interesser. 

For sionistane gjaldt det naturligvis det som skulle bli deira parole for busetting i Palestina: ”eit folk utan land til eit land utan folk”. Det første var jo da rett, ved at jødane var eit folk. Men det andre, at Palestina var folketomt var altså feil. Nå vart nok dette forstått litt annleis: det budde jo mennesker i Palestina. Men dei var ikkje noe eige folk, eller nasjon: dei hadde ikkje definert seg som ei sjølstendig nasjonal eining, og kunne derfor gjerne bu ein annan stad i sitt land, arabarverda. Derav altså det seinare ordtaket: ”det fins ikkje noe palestinsk folk”. Då Golda Meir sa dette i 1969, var jo det klart feil også i den snevre betydninga, for på den tid hadde den palestinske nasjonalismen vokse fram og dermed oppnådd den samme subjektive sjølforståinga av å vere ein nasjon som den jødiske nasjonalismen var bygd på. Men uansett: Den som vil avvise jødanes prinsipielle rett til nasjonalt sjølstende vil ha problem med å forklare kvifor jødane ikkje skal ha ein slik subjektiv rett, mens andre nasjonar skal ha det.  


(3) Sionisme som Israels legitimitet

Frå 1948 fekk vi ein ny realitet, ved at jødane fekk sin nasjonalstat, Israel. Dermed var sionismens nasjonale mål, ein eigen stat for jødane, oppnådd. Sionisme, pro- og anti- blir deretter kopla ikkje til jødedommens teoretiske håp, men til den faktiske staten Israel. Sionisme blir derfor gjerne forstått som idéen om og forsvaret for Israel, og debatten om anti-sionisme blir kopla til spørsmålet om Israel er ein legitim stat. Anti-sionisme kan altså vere å benekte Israels legitimitet som stat. 

Eit grunnlag for å nekte for det kan vere Israels historie: At Israel ikkje er legitim fordi den bygger eit brotsverk: al-nakba, fordrivinga av palestinarane i 1948, som vi etter dei ”nye historikarane” i Israel sitt arbeid veit involverte etnisk reinsing, ei illegitim handling. Dette er nok ei vanlig oppfatning mellom dei palestinske flyktningane som vart fordrivne (og deira barn), dei vil ikkje anerkjenne Israels eksistens og legitimitet på grunn av forbrytelsen dei vart utsett for, dei vil tilbake til der dei budde før 1948. Dette kan ikkje kallas antisemittisme, for det har ikkje noe med den jødiske identiteten å gjere: Ein slik reaksjon ville ha komme på akkurat samme måte om det var engelskmenn eller russarar som fordreiv dei: det er fordrivinga, og ikkje den etniske identiteten til fordrivarane som dei ligg bak deira avvising av den staten som vart bygd på deira fedrane grunn. 

Det er ikkje vanskelig å forstå og sympatisere med denne reaksjonen som eit emosjonelt og politisk traume. Palestinarane eig si historie, og har rett til å sette denne åleine og isolert i fokus. Men meir allmennt, altså for oss andre, må ein slik påstand at Israel er illegitim fordi den er bygd på eit brotsverk, også kunne forsvaras som ein generell regel: Statar som er oppretta på eit brotsverk, på etnisk reinsing, er illegitime. Det må da gjelde USA, som fordreiv dei opphavlige innbyggarane (“amerindarane”), Australia, og mange andre land, kanskje dei fleste. Dei gruppene som vart forviste eller undertrykt, kan også her på samme måte benekte dei moderne statanes historiske legitimitet. Men da kan begrepet ”legitim stat” miste si meining. Vi må altså sjå meir spesifikt på sionismen som basis for den israelske statsdanninga. 

Og her møter vi ei anna problemstilling, som går på sionismen som nasjonal ideologi: Om vi aksepterer at Israel er ein legitim stat - som vel er det heilt dominerande synet i Norge (og som eg sjøl deler), kvifor er den det? Her har ulike greiner av sionismen gitt ulike svar, og noen er det ikkje antisemittisk å avvise: Noen argumenterer religiøst, med Guds lovnad om eit land frå “Nilens breidder til Eufrat” (utan å presisere kvar i Eufrat, Syria eller Irak). Meir vanlig, og viktigare, er dei som argumenterer historisk: Kanaan eller Palestina er jødanes heimland, som dei måtte forlate. Sionismen er fortellinga om deira tilbakekomst til sin heim. 

Dette er svært problematisk. Ein ting er det reint historiske innhaldet: Det ser ut som ein ikkje her knytter seg til antikkens Israel (ca. 900-722 f.Kr), som heller ikkje etter Bibelen omfatta Gaza og det øvrige sørvestlige Palestina (“Philistia”), men den kortvarige perioden frå ca. 100-64 f.Kr. då det hashmoneiske kongedømmet Juda for første og siste gong kontrollerte heile regionen Palestina, altså om lag tre-fire tiår. Det er eit tynt grunnlag. Men bortsett frå det er det naturligvis fullstendig umulig å bygge ein moderne stats legitimitet på ei to tusen år gammal historie. Da skulle jo keltarane i Wales forlange at “angel-saksarane” reiste tilbake dit dei kom frå og gi Britiannia tilbake til sine opphavlige druidar. Meir aktuelt: Det er ingen logisk forskjell mellom jødanes krav på sitt heimland to tusen år tilbake, og dei palestinske flyktninganes krav om å komme tilbake til sitt heimland for berre søtti år sidan. Begge er folkegruppar som vart tvungne bort frå sine heimar og måtte leve i utlegd med ønske om å komme heim. 

Nei, Israels legitimitet må byggas på eit anna grunnlag. Utover det reint formelle, medlemskap i FN og diplomatisk anerkjenning, er det ikkje historia, men nåtida som gir grunnlaget: Israel er legitim fordi det er ein faktisk eksisterande nasjon her og nå. Med all mulig sympati for det palestinske traumet: dei som gjer dette til einaste kriterium for framtidas løysing, må gi svar på spørsmålet: Kva så med det jødiske samfunnet i Israel? Kvar skal det bli av? Palestinarane kan kanskje seie at “det er ikkje vårt problem, det er de i Vesten som skapte problemet, så løys det”, men for oss andre - også vi i Vesten - vil eit svar som at “dei må berre reise tilbake dit dei kom frå” vekke minnet om Krystallnatta og det som følgde. Ein antisionisme som skiller seg frå antisemittisme kan ikkje i dag avvise Israels eksistens og med det legitimitet, sjøl om ein historisk meiner at sionistanes krigshandlingar i 1948-49 var forbryterske. Også uakseptabel historie skaper fakta som vi må forholde oss til. 


(4) Israel som jødisk stat 

Ved at staten Israel vart oppretta, så fekk vi altså ei ny nasjonsdanning. Vi hadde det jødiske folket (verda over) som eksisterer, som vi sa, i kraft av at det kjenner seg som eit folk, subjektivt. Nå fekk vi også ein israelsk nasjon som i tillegg har alle objektive kjennemerke på ein nasjon: eit territorium, eit felles og sereige språk, ei skapingshistorie tilbake til aliya frå 1880-talet, økonomi og så vidare. Dei to er openbart forbundne ved at det jødiske folket har eit emosjonelt og ofte reellt band til Israel, og at Israel ser seg som realiseringa av det jødiske folkets draumar. Dette gjer Israel til eit jødisk land. Men er det også jødisk på ein djupare måte? Dette blir sentralt, for mange antisionistar vil seie at seie at den sionismen dei avviser, er den som gir ei etnisk gruppe, jødane, særlige rettar som dei ikkje vil gi andre etniske grupper, altså palestinarane. Israel må ha samme rettar som alle andre statar, men dei kan ikkje ha etnisk eller religiøst baserte rettar som ikkje ville bli akseptert om noen andre land hadde innført dei. Altså, antisionisme er for dei nettopp at Israel og jødane der skal behandlas som alle andre. Og grunnen til at dei bryr seg om stoda i Israel, som ikkje er deira land, er at det går ut over eit folk dei solidariserer seg med, det palestinske.  

Det går altså på sionisme som basis for Israels jødiske karakter. Det kan omfatte fleire ting, som slike antisionistar kritiserer. Det gjeld forholdet mellom dei to nasjonane, den universelle jødiske og den lokale israelske, Israel som alle jødars heimland, også dei som aldri har budd der. Og det gjeld forholdet mellom den jødiske staten og sine ikkje-jødiske innbyggarar, og naturligvis også sine naboar eller undersåtter i dei okkuperte områda, sionismen som ei territoriell ekspansiv rørsle.  

At jødar over heile verda har eit følelsesmessig band til Israel og kjenner samkjensle med den jødiske staten, kan ikkje vere grunnlag for kritikk. Slike emosjonelle band finn vi overalt. Dei “norske” i USA kan ha sterke følelsar til lefse og lutefisk, “the Swedes” til Sverige. Men for dei har det ikkje noen institusjonelle følger: Ein får ikkje særlige rettar i Norge fordi om ein et lutefisk i Midtvesten. Rett til statsborgarskap i Norge arvas berre i ein generasjon. Slik er det også i alle andre land, med noen variasjonar. Israel skiller seg her ved at alle jødar verda over har ubegrensa rett til innvandring (”Law of return”), mens lovgivinga altså stenger for at dei ikkje-jødane som forlot landet i 1948 kan få ein slik rett. Det er heilt klart ein etnisk basert særrett for jødar framfor ikkje-jødar. 

Om du er norsk statsborgar, er det vidare ulovlig å forskjellsbehandle deg fordi du ikkje “et svin og drikk alkohol slik vi gjer i Norge”. Kampropet frå siste krig, “Norge for nordmenn”, er i dag ei rasistisk utsegn, fordi “nordmenn” i slagordet nå blir oppfatta som etniske nordmenn. Å vere anti ei slikt utsegn, er ikkje å vere “anti-norsk”, det er å vere inkluderande norsk. 

Kva så i Israel? Da staten vart oppretta i 1948 var det sammenfall mellom “jøde” og “israelar”. Men ikkje alle ikkje-jødar flykta: Rundt 700 000 reiste eller vart drivne bort, men omlag 150 000 vart verande att. Kva rolle skulle dei få i den nye jødiske staten? Det førte til litt hodebry, men etter noe tid fekk dei israelsk statsborgarskap, om enn lenge under militær unntakstilstand (rundt 45 000 var “internt fordrivne” og fekk færre rettar). Etter kvart har desse fått like formelle rettar med dei jødiske innbyggarane, og har mellom anna eigne parti i nasjonalforsamlinga Knesset og også eigne familielovar (bygd på Shariaen!) og domstolar. Dei meiner seg likevel diskriminert i praksis, men diskriminering av etniske minoritetar er diverre ikkje noe som er uvanlig her i verda. Noe av det kan vere systematisk, knytta t.d. til at dei er fritatt frå militærteneste - som ein da kan kreve av ein arbeidssøker - men også ortodokse jødar har samme fritaket, og kan møte samme kravet ved jobbsøknad. 

For dei ”israelske arabarane” er likevel ikkje landet deira stat, og særlig på høgresida er det stadig krav om meir diskriminering, og helst ta frå ikkje-jødane (spesielt muslimane) statsborgarskapet eller utvise dei. I Knesset er det vore målsetting å halde dei arabiske partia borte frå all reell innverknad. Dette er de facto heller enn de jure diskriminering, men i den grad det er grunna i ei oppfatning av sionismen som Israels jødiske grunnlag, er det knapt antisemittisme å forlange fullt ut like rettar også for ikkje-jødiske innbyggarar i landet. 

Dette kom da i forsterka form i 2018, da den nye nasjonalitetslova (”Israel som det jødiske folkets nasjonalstat”) vart vedtatt. Denne understreka Israel som ”det historiske heimlandet til det jødiske folk”, og at det nasjonale sjølråderetten i Israel er ”unikt for det jødiske folket”. Sjøl om det nemner rolla til arabisk språk, vart formuleringane, som var svært omstridt både i Israel og utanfor, sett på som eit angrep på Israels demokratiske karakter, sidan det ganske eksplisitt seier at staten er til for etniske jødar, og altså ikkje for den femtedelen av statsborgarane som ikkje er det. Ikkje minst var dette eit poeng da Israel forlangte at dei palestinske myndigheitene, som jo i Oslo-avtalen hadde anerkjent Israel, nå måtte anerkjenne Israel som jødisk stat i denne forståinga. Her var også ”det historiske heimlandet” sentralt, sidan dette vart oppfatta som erkjenning av det historiske grunnlaget for sionismen: Når Israel var jødanes heimland, så var jo dei som budde der inntrengarar. Om PA anerkjente dette ville dei også akseptere at nakba berre var at jødane tok tilbake sitt eige land (og dei dermed gav opp all tanke om israelsk ansvar for flyktningeproblemet). 

Dette var altså ei spesiell oppfatning av sionismen, som særlig høgresida pressa fram, men det vart godkjent av Høgsterett og er nå Israels grunnlov. Kva rolle det vil spille for Israels arabiske statsborgarar, vil vise seg. Men ennå viktigare er kva rolle det spiller i dei okkuperte områda, Vestbreidda og Gaza. Her er det nemlig ei aggressiv og ekspansiv forståing av sionismen som ligg til grunn for busettarrørsla. Sidan Israel, heile Israel frå Middelhavet til elva Jordan (om ikkje lenger) er det jødiske heimlandet - antikkens Israel hadde jo kjerneområdet sitt i dagens Vestbreidd - så er det deira plikt som sionistar å sikre også desse landområda for Israel. Det må gjeras ved å legge så mye av jorda som mulig under (etnisk, religiøs) jødisk kontroll, og så langt råd presse palestinarane til ”frivillig” å forlate Palestina, med våpenmakt om nødvendig.

Denne busettarrrøsla hører jo til på høgresida i Israel, og dess meir høglytt, dess meir høgreorientert. Men alle israelske regjeringar, frå venstre og høgre, har kontinuerlig sidan 1967 utvida busettingane, så dei må reknas som israelsk, og dermed sionistisk fellesgods. Tanken om jødanes særrettar i Israel står også sterkt, mest tydelig er kanskje utsagnet frå tidligare justisminister Ayelet Shaked (nå vel nærmast i det politiske sentrum): ”Israels verste fiende er tanken om at Israel er ein stat for sine innbyggarar”, altså også dei ikkje-jødiske. Klarare kan vel ikkje ein tanke om forskjell langs etniske liner seias, heilt ulikt ein demokratisk idé om at staten nettopp er til for sine innbyggarar. Ein motstand mot denne typen tankegang, basert på den sionistiske grunntanken, er openbart ikkje rasistisk, det er heller ein motstand mot rasisme. 


(5) Sionismen som jødisk sikkerheit

Men ein slik reint teoretisk begrepsdebatt tar ikkje inn i seg jødanes spesielle historie, vil noen meine: Jødane levde i hundreår som undertrykt minoritet forfølgd av antisemittismens svøpe, med pogromar og massakrar som toppa seg sivilisasjonsbrotet i Holocaust. Å seie at jødane må vere ”som alle andre” dekker over, og kanskje trivialiserer det som det jødiske folket har gjennomlevd. Berre eit sterkt og sjølstendig Israel, eit land der jødane kan rette ryggen og ikkje frykte for sin eksistens gir sikkerheit for jødane verda over. Sionismen gir grunnlaget for dette, ved å gi den jødiske nasjonen eit israelsk ankerfeste.  

Eit slikt synspunkt er lett å forstå og sympatisere med. Men her må ein som med palestinaranes historiebevisstheit, seie at i verda må alle ting vegas mot kvarandre, og det blir derfor eit politisk, og ikkje eit begrepsmessig spørsmål korleis desse ulike og forståelige ønska og behova kan balanseras og innpassas i kvarandre. Er jødane sikrare med eit isolert Israel som ein festning bak ein mur? Det er eit politisk spørsmål som vi ikkje kan svare på her. Kvar vekta blir lagt, avheng også av kor ein står sjøl. I Tyskland veit vi at dei, ut frå si eiga historiske rolle, legg avgjerande og nesten eksklusiv vekt på det jødiske og israelske perspektivet, mens ein i Afrika og Asia ofte vektar det palestinske utgangspunktet tyngre. Slike politiske spørsmål får vi ta andre stader, her blir spørsmålet kva som er antisemittisme i denne avveginga. Å benekte at Holocaust har noen betydning for jødanes historie er eit klart tegn på antisemittisme. Å meine at dette ikkje kan vere det einaste avgjerande faktoren for det palestinske folkets skjebne, kan ikkje vere antisemittisme. 


Oppsummert, så kan ikkje spørsmålet om antisionisme er antisemittisme besvaras utan å forklare kva ein legg i ”sionisme”:

  • Dersom ”sionist” og ”jøde” er det samme, så er svaret ja; antisionisme er antisemittisme. 
  • Å hevde at Israel vart oppretta gjennom etnisk reinsing i 1948, og at det var ein forbrytelse kan ikkje vere antisemittisme.
  • Å forlange at det jødiske samfunnet i Israel i dag må opphøre å eksistere og at jødane må ”reise tilbake” er ganske klart anti-jødisk, og dermed antisemittisk, enten det bygger på gamle antisemittiske stereotypiar eller ikkje. 
  • Å gå inn for at jødar og palestinarar skal kunne leve sammen i ein stat, den såkalla ”einstatsløysinga”, er nok utopisk, men ikkje antisemittisk. Dette var jo, som nemnt i ein tidligare blogg, framført av ei liberal jødisk retning før 1948. Dei kalte seg sjøl sionistar da, men i dag blir ei einstatsløysing, som medfører at Israel blir ein felles jødisk-arabisk og ikkje reint jødisk stat, rekna som avviklinga av sionismen og dermed eit antisionistisk standpunkt. 
  • Å motarbeide den ekspansive sionismen som ser det å ta kontrollen over heile det historiske Palestina, altså Vestbreidda, som realisering av den sionistiske draumen, er ikkje anti-semittisme. 
  • Å kjempe mot etnisk segregering i Israel, at Israel berre er ein stat for ei etnisk gruppe når ei anna gruppe har like lang og lengre historie i området, er ikkje antisemittisme. 

Den som kallar seg anti-sionist må altså vere klar til å forklare og avgrense kva det er ein er mot, og kva ein ikkje er imot. Dei som påstår at antisionisme er antisemittisme må gjere det samme, men dei har i tillegg eit forklaringsproblem om kvifor det ikkje er tilstrekkelig berre å fordømme antisemittisme i seg sjøl. Å blande inn begrepet antisionisme virkar som det har bevisst eller ubevisst som mål å brennmerke ein kritikk av Israel som ”uakseptabel”. 

****

Ein liten fotnote til ein debatt som har oppstått dei siste dagane, rundt slagordet ”ingen sionister i våre gater”. Som ein forstår, er dette eit problematisk slagord fordi det blir oppfatta som ”ingen jødar”, og bør derfor unngåas. 

Debatten blir også knytta til ei utsegn av Ervin Kohn, tidligare leiar i Det mosaiske trussamfunnet, referert til over, at ”alle norske jøder er sionister” og at distinksjonen dermed er irrelevant. Dette er ein empirisk påstand: det kan vere rett eller feil at alle jødar har den oppfatninga, det kan ein telle opp. Men det kan også oppfattas som eit spørsmål om begrepa: Det å vere jøde er også å vere sionist. Da har ein anten utvida begrepet sionist til å vere meir enn berre den politiske ideologien, det blir eit aspekt av jødedommen (anten ein meiner det religiøst eller etnisk); eller ein har innskrenka begrepet jøde: berre den som støtter sionismen og dermed Israel er ein ”ekte” jøde. Grupper som ”Jews against Zionism” (dei fins, særlig på venstresida i USA og Storbritannia) blir da begrepsmessig umulige, dei er ikkje lenger jødar. Dette er, som ein forstår, problematisk, ikkje minst i forhold til punkt (1) over. 

Ingen kommentarer: