mandag 22. august 2011

Libya: Frå stillstand til kollaps

I skrivande stund (dvs. pr. måndag formiddag), har opprøret kontroll over det meste av Tripoli, men regimestyrkar kjemper fortsatt, både rundt Qadhafis hovudkvarter Bab al-Aziziya og andre bydelar. Det er også viktige delar av Libya som var Qadhafi-lojale, og som ikkje er erobra, slik som Sirte og andre i sør. Borgarkrigen er derfor ikkje ennå over, men utfallet er nå klart: Regimet har, eller på veg til å, falle, og vi må begynne å sjå framover mot eit nytt Libya.

I tillegg til opprøraranes jubel, har også NATO grunn til å vere nøgd. Dei satsa på ei arbeidsdeling for å få Qadhafi til å falle, der dei tok seg av luftkrigen, og dei libyiske opprørane gjorde jobben på bakken. Det såg ut til å gå heilt feil, ikkje fordi luftkrigen var mislykka - den ser ut til å gått etter planen - men fordi opprørane viste seg ute av stand til å følge opp på bakken. Men nå, relativt plutselig, så har det slått om. Ikkje berre klarte opprørsgruppene å slå gjennom, men dei har både gått framover med stor fart, og klart å halde det dei tok. Mange observatørar rekna med at kampen om Tripoli ville gå frå gatehjørne til gatehjørne med store tap, men i staden marsjerte - eller råkjørte - opprørane heilt inn til sentrum i går kveld og natt nesten utan å møte motstand. Berre i noen bydelar har det vore kampar, som rett nok ser ut til å vere relativt harde utover dagen i dag. Kva kom dette omskiftet av?

Det er kanskje litt tidlig å analysere, men eit svar må jo vere ein kollaps: På eit tidspunkt har regimestyrkane, det vere seg kommandantar eller enkeltsoldatar, innsett at nå var kampen avgjort, og nå var det på tide å komme seg ut av vegen. Det ser ut til å vere tilfellet når basen til den frykta Khamis-brigaden vart inntatt utan motstand i går. Kanskje kjempa noen av dei med geværløp i ryggen, og når vaktarane (offiserane?) forsvann, forsvann også soldatane.

Men det er klart at NATOs rolle har vore heilt avgjerande. Fleire tusen bombar har hatt alle mulige militære mål, og har i hovudsak truffe måla. Det må ha vore ødeleggande for regimestyrkane som ikkje hadde muligheit til å skaffe nye ressursar. Veke etter veke, månad etter månad, må det har slitt ned den militære kapasiteten til regimet, men altså fram til nå ikkje så mye at opprørane klarte å dra nytte av det.

Men nå altså. Også her har NATO spilt er rolle. New York Times melder i dag at England, Frankrike og "andre land" (Norge?) har aktivt støtta opprørane med våpen, og har også hatt instruktørar inne i Libya som har trent og organisert opprørsstyrkane. Så til slutt vart det "boots on the ground" likevel, sjøl om det var i det skjulte og begrensa til trening. Vi veit ikkje kvar dei var (aust eller vest), men det er i vest det store skiftet kom. Berberane oppe i fjella var i utgangspunktet svake, og heldt opprøret sitt først og fremst fordi Qadhafi var opptatt i aust, alle venta på når regimet skulle sette inn støtet og gjere slutt på det. Men så snudde det, i førre månad begynte dei å gjere raid ned mot låglandet, og i førre veke klarte dei altså å nå fram til kysten og avskjære Tripoli, mot godt væpna og trente regimesoldatar. Wall Street Journal meldte nylig om at meir profesjonelle libyiske militære i denne perioden samla, trente og organiserte opprørane til å ta ordre, kommunisere og kjempe systematisk. Dette er også tydelig i det siste framstøtet: Opprørarane hadde ein plan, og følgte den, i motsetning til før. Dei hadde kommunikasjonsutstyr, dei samarbeidde med NATO-fly og kunne dirigere deira bombemål slik at flya kunne rydde vegen frå Zawiya til Tripoli. Og dei hadde tunge våpen som endelig var på høgd med regimet sine. Noen erobra, noen kjøpt for oljepengar, men også donert av NATO. Det tyder på at tippe-punktet var tidligare i vår, da opprørane i Jabal Nafusa klarte å erobre ein grensepost, og dermed fekk kontakt med omverda slik at ressursar, soldatar og våpen kunne komme inn og førebu den offensiven vi når ser.

Kva nå?

Det er jo spørsmålet alle stiller seg. Opprørsrådet vil flytte fysisk til Tripoli nå, men klarer dei flytte seg mentalt til hovudstaden? Trass "hemmelige medlemmer" frå vest, har dette vore eit råd dominert av Benghazi-folk, og det har langt på veg vore handlingslamma av indre rivalisering og personkonfliktar, dei har t.d. ikkje klart å opprette ei ny interimregjering etter at den førre vart kasta for noen veker sidan. Nå må dei prøve å integrere dei nye kreftene frå vest, Nafusa, Misrata og Tripoli, ja kanskje la dei få dei leiande rollene i styret. Klarer dei det?

Mange advarer om stammekrig, islamistar mot sekulære og annan indre stridar, og det er reell fare for alt det, men kanskje på litt sikt. Det første problemet er kanskje rein handlingslammelse, at Overgangsrådet ikkje klarer å starte arbeidet med å bygge opp den nye staten, og dermed at alt går i stå (bortsett frå oljeutvinninga, som ser ut til å leve sitt eige liv, og gir dei både ein ressurs å bruke, men også ein premie å slåss om).

Men det får vi jo sjå i tida framover. Er Qadhafis fall ein god eller ein dårlig ting? Trass i våre advarslar om skjær i sjøen, og at vi kanskje ikkje liker at NATO har vore så mye innblanda, må vi likevel slå fast at det er grunn til å glede seg over at eit heilt klart undertrykkande og blodig regime er falt. Ikkje alt Qadhafi gjorde var galt (bruken av oljepengar var klart bedre enn sjeikane i Gulfen), men det meste var ganske vilt. Hans politiske idear om "massestat", hans undertrykking av opposisjon, tortur og drap, var ikkje bevaringsverdige. Så vi må kunne ta to tankar i hodet samtidig; glede oss over at regimet er falt, men også vere bekymra over kva som kan komme i staden, iallfall på kort sikt.

mandag 8. august 2011

Libya, Syria og R2P

Sist veke kom dei norske flygarane tilbake frå Libya-tokta, og med det spørsmåla om "kva var resultatet?" Samtidig har kampane i Syria tatt seg opp att, med sammenhengande angrep på Hama gjennom den første veka av Ramadan, og også i andre byar i landet, mens FN berre har vedtatt ein ganske tannlaus uttale.

Dette har til sammen reist spørsmålet, "kvifor grip ein inn i Libya og ikkje i Syria?" med betimelige hentydningar til dobbeltmoral. Det er jo mye som er likt, i begge land har militæret "skutt på folket", med store tap. Sjøl om talla også i Syria er usikre, er anslaga på rundt 1500 drept så langt heilt sammenlignbare med dei som var i Libya før NATO gjekk inn, og bruken av tanks mot - så langt vi veit - i hovudsak ubevæpna sivile minst like brutal.

Kvifor Libya heller enn Syria?
Det er fleire spørsmål i dette. Eit er reint historisk og nøytralt: Kva førte FN til aksjon i Libya og ikkje Syria? Det er interessant for studiet av internasjonale beslutningsprosessar. Det kan vere fleire element her: Eit er strategiske hensyn, både stormaktenes eigeninteresser (olje/ikkje-olje), geografisk plassering (nærheita til Israel, forholdet til Libanon) som gjer dei meir tolerante overfor uro i Syria. Det kan vere vurdering av regimet: Qadhafi vart rekna som utilnærmelig for ytre påverknad, mens Assad var oppfatta som meir rasjonell - sjøl om han til nå har vore like upåvirka av omverdas kritikk. Sjøl vil eg nok legge mye vekt på dynamikken i hendingane: Dei gjekk mye raskare i Libya, og demonstrantane vart nesten med ein gong til opprørarar i ein nær klassisk militær borgarkrig med frontlinjer og frigjorte områder. Det gjorde det mye lettare å tenke i militær retning, med "flyforbud" som eit "begrensa" inngrep, enn i Syria. Det var altså "mulig" å "gjere noko" i Libya, mens det ikkje er det i Syria på samme måte, samtidig som situasjonen i Benghazi utan tvil virka dramatisk på ein annan måte enn den meir langdryge utpininga i Syria (og i Jemen).

Nasjonal sjølråderett mot plikt til å beskytte
Men spørsmålet reiser seg også, "kvifor intervenering?", altså kva grunnlag har omverda for å blande seg inn. Her står to prinsipp mot kvarandre, og har fått ulik vekt i dei to landa. Det eine er det gamle prinsippet om "nasjonenes sjølråderett", som nå blir formulert som "ikkje-inngripen i indre affærer", i dag primært forsvart av Russland og Kina. Det andre er nytt, formulert av spesielt vestlige stormakter i 2005 som "plikt til å beskytte" eit lands sivilbefolking mot overgrep av eigne herskarar, forkorta R2P (frå "responsibility to protect"). Dette blir sterkt forsvart av Norge, både frå høgre- og venstresida politisk, med erfaringar frå Rwanda, Srebrenica og andre udådar der omverda stod passivt og såg på massedrap utan å reagere. Aldri meir, var målsettinga.

Dette er da også moralsk upåklagelig, når vi ser noen blir utsatt for overgrep, har vi plikt til å gjere det vi kan for å stanse overgrepet. Men den viktige reservasjonen her er "det vi kan". Har vi ingen slik muligheit, gir det ingen meining å snakke om "plikt". Responsibility to protect må derfor henge sammen med Ability to protect. Det moralske imperativ må derfor sjåas innanfor rammen av den realistiske vurderinga. Dette gjeld naturligvis spesielt når det er snakk om å gripe inn med våpen, som nødvendigvis medfører skade på noen. Den skaden vi risikerer å, eller vil måtte, påføre tredjepart, dei sivile, må vurderas mot den skaden som vi skal beskytte mot. Og her må kvar konflikt vurderas for seg. Det treng altså ikkje vere dobbeltmoral å gripe inn i Libya og ikkje i Syria, dersom ein meiner at denne risikoen for å påføre skade (gjere vondt verre) er større i Syria enn i Libya. Nå meinte altså mange at denne risikoen faktisk var større også i Libya, og at det derfor var feil å gå inn der, men det prinsippielle ligg i at den intervenerande part gjer denne vurderinga og ikkje berre blindt agerer ut frå eit overordna hensyn til "responsibility". Naturligvis gjorde både FN og NATO reellt sett ei slik vurdering, det er derfor dei faktisk gjekk inn i ein konflikt og ikkje andre, men dei kunne altså sagt dette høgt. Det gjorde dei ikkje, dei dekker seg i staden under ganske tamme bortforklaringar som at "den arabiske liga har ikkje bedt om Syria" eller "ingen har foreslått det".

Men dermed skiller da også verdssamfunnet seg frå nasjonssamfunnet. Det er prinsippielt uakseptabelt at ein stat kan gjere ei slik vurdering innanfor sitt område: Politiet kan ikkje seie at "forbrytaren har for tunge våpen, han må få halde på for vi kan ikkje svare". Politiet (samfunnsmakta) skal ha absolutt autoritet til å gjennomføre normene (lovene) i samfunnet. Men verdssamfunnet har ennå ikkje noe verdspoliti, og R2P, FN og NATO kan ikkje utan vidare ta på seg ei slik rolle. Og her kjem vi tilbake til det gamle prinsippet, som venstresida forsvarte så sterkt tidligare: einkvar nasjon har rett til sjøl å bestemme sin veg. Innanfor "nasjonen" (samfunnet, staten) vil det vere ulike interesser, og den som er undertrykt har rett til å reise seg mot den som undertrykkar. Men denne kampen må føras innanfor rammen av nasjonen, ikkje mellom ulike nasjonar, det er uakseptabelt at ei fremmed makt griper inn.

Anti-imperialismen da og nå
Denne tankegangen knytter seg naturligvis til det som var verdsstoda den gongen: Ein maktkamp mellom to store blokkar, Vest og Aust, der dei fleste lokale strider vart del av den store kampen mellom dei to. Når fremmede makter intervenerte, sjøl om det var begrunna med høgverdige mål som å forsvare friheit og demokrati eller støtte dei arbeidende klasser, var det tydelig for alle at dei gjekk inn for å fremme eigne stormaktsinteresser i den store tvekampen. Dette vart kalla "imperialisme", og det var venstresidas mål å kjempe mot slik imperialisme, som utfrå deira analyse også var grunna på økonomiske interesser i utviklingslanda.

Kva er så forskjellig frå da til nå? Den kalde krigen er over, og Russland og Kina, dei to store den gongen - litt mindre nå - har tatt over samme økonomiske system som i vest. Men dei har tydeligvis fortsatt sine stormaktsinteresser, meir politiske enn militære denne gongen. Stormaktsspillet er der fortsatt, og det økonomiske systemet også. Og mistanken om at R2P fortsatt kan dekke over stormaktsinteresser er høgst til stades. Nå var jo ikkje "ekte" humanitære intervensjonar ukjente før 2005 heller, og venstresida aksepterte jo fleire av dei. Etter den andre verdskrigen (som jo absolutt passar inn her), så var både Tanzanias innmarsj i Uganda for å fjerne Idi Amins regime og Vietnams intervensjon i Kambodsja mot Røde Khmer, støtta av venstresida (og her meiner eg da SV og området rundt, høgresida av ulik farge protesterte, og det vart også ulma om lokale stormaktstendensar hos dei som gjekk inn).

Det betyr altså ikkje at vi skal legge til sides "ansvaret for å beskytte", men at dette ikkje kan settas til den einaste og overordna doktrinen slik at det er opp til "verdenssamfunnet" å løyse alle problem og hindre alle overgrep. Dersom omverda har muligheiter til å hindre overgrep (på ein slik måte at ikkje nye og verre overgrep blir resultatet) så skal vi gjere det. Men vi må skille mellom verdssamfunn og nasjonssamfunn. Berre dei siste er "statar" med statens plikter og muligheiter. Verdssamfunnet har inga lov, utover noen prinispp for allmenne menneskerettar, som er viktige å halde i hevd men ofte vanskelig å definere i praksis, fordi dei er bakt inn i så mange måtar å realiseras på, ulike frå land til land. Vi kan kjempe for demokrati, men kva form skal demokratiet ha? Kven skal bestemme det? Det er ein menneskerett å vere fri frå svolt og det er ein rett å ha eit arbeid å gå til, men korleis skal det realiseras, gjennom statlig økonomi eller marknadsøkonomi? Vi kan ikkje oppfylle denne retten utan å vite korleis. Alt dette er det opp til nasjonane, nasjonalstaten å bestemme sjøl, ikkje verdssamfunnet. Men den som intervenerer i ein stat blir gjerne sittande med ansvaret også for å styre. Det forstod dei gamle kolonimaktene, sjøl om dei nok også prøvde å gjere det så billig som mulig for seg sjøl. I dag er denne ansvarsfordelinga om "korleis og kva som kjem etterpå" langt meir uklar, og det kjem mye av at forholdet mellom "verdssamfunn" og nasjonale samfunn, både i det landet som intervenerer, og det som blir intervenert, er såpass begrepsmessig uklart. Det er blitt påstått at Norge ikkje ein gong meiner det er vi som har bestemt å gå inn i Libya eller at vi har ei politisk rolle der, men at vi berre er eit blindt instrument for FN. Men det er jo openbart meiningslaust, for FN la ingen slagplan og har ingen strategi. Det er det dei intervenerande som hadde, mellom dei Norge.

Tenkninga rundt "ansvaret for å beskytte" må derfor utviklas langt klarare enn i dag, sett i forhold til andre prinsipp og der resultatet av verdssamfunnets aksjon får ein langt tydeligare plass enn i dag. Vurderinga må både ta forholdet mellom stormaktenes og andres eigeninteresser alvorlig, slik den anti-imperalistiske kritikken gjorde i førre generasjon, og det nasjonale ansvaret ("folkas eigen kamp for frigjering") må få stor plass, slik at "sivilbefolkinga" ikkje berre blir ein passiv masse og eit objekt for verdssamfunnets aksjonar, men er den avgjerande aktøren som skal ta ansvaret for nasjonen og landet når verdssamfunnet har spilt si rolle. Dersom vi hadde hatt ein slik større strategi bak begrepet, ville det vore lettare å unngå spørsmål som vi hører nå, "kvifor der og ikkje der?"

lørdag 6. august 2011

Kunnskap, fakta og forvillingar

Da er det bekrefta. I følge eit intervju publisert i Sunnmørsposten i 2000, har "Fjordman", Peder Nøstvold Jensen, studert Midtaustens historie (delfag) og arabisk (mellomfag) i Bergen sist på 1990-tallet, med opphald i Kairo og Hebron (TIPH). Intervjuet viser ein heilt ordinær og interessert Midtausten-student med positive inntrykk frå gjestfrie egyptarar, og så langt eg har hørt så langt har ingen medstudentar merka seg noe negativt (sjøl har eg nok da forelest for han i historie, men har ikkje noe minne om det, tolv år etter).

Anten har han vore meir beskjeden med sine idear enn han vart seinare, eller så har han utvikla det som nærast framstår som tvangstankar etter (lenge etter, får vi håpe) han studerte hos oss i Bergen. Kanskje litt av begge, det vil kanskje komme fram seinare etter som spesialistane saumfarer bloggarens utvikling.

Men det reiser altså spørsmålet: Er kunnskap svaret på islam-hetsen? Det har jo vore vår påstand heile tida: Ein må møte fordommar og vrangforestillingar med kunnskap. Dess meir ein har av faktabakgrunn, dess vanskeligare blir det å bevare ei paranoid frykt. Men her har vi altså ein som faktisk har, ikkje berre allmennkunnskap, men som tilmed har følgt nær sagt det beste vi har av spesialist-undervisning på Midtausten. Rett nok berre på bachelor-nivå, der studenten ennå i stor grad mottar og skal fordøye informasjon, mens ein først på høgare nivå skal begynne å formulere denne i større sjølstendige arbeider. Men likevel, med fleire opphald i Midtausten. Vaksinen ser ikkje ut til å ha virka.

Vel, skal vi halde oss til den medisinske metaforen, så er det jo rett at vaksine ikkje alltid virkar: noen blir sjuke likevel; vaksinen berre reduserer faren for smitte. Kanskje, og det får vi håpe, er dette berre eit enkelttilfelle i forhold til dei mange som faktisk går ut av studiet med eit nokolunde normalt forhold til virkeligheita. Vi veit jo at noen er "resistente", dei har si faste forestilling om verda før dei kjem til oss, og ingenting vi seier kan rokke ved det, da er det berre vi lærarane som ikkje veit bedre, evt. nektar å innsjå den opplagte sanninga som dei kjenner.

Det reiser kanskje spørsmål om vi treng ta det normative i vår undervisning opp til meir debatt. Vi har jo ikkje lange tida til å introdusere store tema og lange tidsspenn, og vi (eller iallfall eg, for berre å snakke for meg sjøl) prøver i den vesle tida å fokusere på å formidle fakta (empiri), heller enn å snakke om normer - kva som er "rett" og "feil". I eit felt som islam og islamsk historie, som jo er heilt eller delvis ukjent for dei fleste studentar når dei begynner, må ein nesten plassere noen grunnsteinar av udiskutable fakta: Det århundret skjedde det, i islam har vi dei og dei retningane. Slike reine fakta må være "autoritære", ein kan ikkje drøfte om det er riktig eller feil at 1814 skjedde i 1814. I andre områder som er meir heimlige, kan ein gå ut frå at studentane har slik faktabasis (tja, seier kanskje dei som underviser i norsk historie, men det er nok ein forskjell), men på Midtausten går det meste av tida med til slike ting der vi berre må håpe studenten aksepterer pensums og vår framstilling.

Men sidan vi har så kort tid, kjem vi kanskje aldri forbi dette "elementærstadiet". Og da er spørsmålet om vi blir i stand til å møte og ta opp til debatt dei meir normative forestillingane som studentane har eller får, der noen problemstillingar er rimelige (det vi kan vere usamde om, men der begge er innanfor ein empirisk prøvbar virkeligheit) og andre problemstillingar ikkje er rimelige (ligg utanfor virkeligheitas rammer). Vi har kanskje trudd at den basiskunnskapen vi gir er nok til å få dei siste til å fordampe. Men dersom det ikkje er tilfellet, er det spørsmålet om den kunnskapen vi formidlar kan snus opp ned, eller selektivt forkastas og brukas til å beskrive ein virkeligheit som ikkje stemmer med den vi lever i.

For å gi eit døme som ikkje kjem frå Fjordman, la oss ta det betente spørsmålet om Banu Qurayza, som nylig var oppe i ein debattrunde (jf. den nye BBC-serien om Muhammad, som kanskje kjem til Norge også). Det var ein jødisk stamme som budde i Medina da profeten Muhammad kom dit i 622. Under krigen som følgte mellom Muhammad og folket i Mekka, vart desse jødane oppfatta som fiendar eller femtekolonne, og Muhammad ga ordre om alle menn skulle bli drept. Dette er eit dramatisk skifte i historia om Muhammad, og det er viktig at det er mange ulike måtar å forstå både hendinga, og konsekvensane av ho.
      - Det som er faktagrunnlaget (det som vi formidlar på grunn-nivået, vi nemner det vel såvidt), er at massakren fann stad, kva som kildene forteller, og sammenhengen rundt, Mekka-krigen. Slike fakta bør det ikkje vere akseptabelt å trekke i tvil berre fordi om ein ikkje liker dei.
     - Det som er rimelig normativt å drøfte, er kva dette fortel oss om Muhammads politikk, hans haldning til drap og massakrar, korleis han oppfatta jødane i Medina, kva konsekvensar det fekk for islams syn på "bokfolka", og om denne hendinga kan forsvaras eller ikkje. Her vil eg ha mine meiningar, og mange studentar og andre ha andre meiningar, som alle er rimelige å trekke fram, så lenge dei er grunnlagt i fakta og tar opp i seg dei relevante historiske og idemessige sammenhengane.
      - Det som det ikkje er rimelig normativt å dra fram, er tolkingar som går på tvers av det kjente faktagrunnlaget, eller som benekter dei. T.d. at dette beviser at jødar alltid blir drept under muslimsk styre (det vart dei jo ikkje elles), eller at det betyr at muslimane må utvisas frå Norge i dag fordi Banu Qurayza-massakren viser at dei "egentlig" er anti-semittar alle saman. Eller at denne massakren aldri fann stad, fordi "Muhammad ville aldri gjort noe slikt", når alle kjelder viser at den faktisk skjedde.

Det går altså ut på, ikkje å lage ein absolutt autoritet der "alt det som står i pensum" og blir sagt frå kateteret er hellig, men å sette studentane i stand til å skille mellom det som er udiskutable fakta og det som er diskutabelt, og når det siste må grunnleggas i det første. Har vi ein slik felles ramme for det vi snakkar om, så vil paranoia og konspirasjonsteoriar få lite rom. Så det er kanskje det vi snakkar om, når vi seier "meir kunnskap bryter opp tankespinnets tåke". Om vi med våre små halvsemester-kurs klarer å nå så langt, er ei anna sak, men det må vere målet å ta noen steg på den vegen for dei fleste av dei som følger dei. Så får vi vel berre akseptere at vi ikkje har klart å nå fram til alle som har sitte under våre kateter.

onsdag 3. august 2011

Egypt: islamistar av ulikt slag

Nå begynner dagliglivet å komme tilbake, og vi kan igjen rette blikket mot Midtausten og kva som skjer der. Det har jo vore store sammenstøytar i Syria, spesielt Hama, og norsk tilbaketrekking frå Libya. Ein del merksemd er også retta mot Egypt, der ulike grupper har demonstrert på Tahrir og andre stader i Kairo, før Ramadan satte inn.

Spesielt har mange lagt merke til den store demonstrasjonen sist fredag på Tahrir, då islamistar av ulikt slag samla seg. Ingen klare tall, men "fleire titusnar" er sagt. Det var ulike "tribunar" på plassen, og det var også sekulære og liberale demonstrantar, men det var klart islamistar av ulik valør som prega dagen, både salafistar og Brorskapet. Dei har jo demonstrert før også (men også til tider halde seg borte), men det som har fått stor merksemd er parolar og krav om at "Egypt må bli ein islamsk stat" og "Vi må sette Sharia ut i livet". Den gamle parolen, "Islam huwa al-hall", Islam er løysinga, som var så tydelig fråverande tidligare i revolusjonen, runga igjen høgt på plassen. Dette har fått kommentatorar til å trekke fram igjen frykta om at islamistane er "bedre organisert enn andre politiske grupper, og kan fort profittere på det i et valg. Innflytelsen kan, frykter mange, bli brukt til å gjøre Egypt til en islamsk stat, uten demokrati og mindretallsrettigheter", slik BT uttrykte det i ein leiar.

Dette er nok litt ei kortslutning ut frå samlebegrepet "islamistar", som dekker dei to store rivaliserande straumdraga Det muslimske brorskapet og dei ulike salafistgruppene. Brorskapet er bedre organisert enn andre, og vil heilt sikkert dra nytte av det i kommande valg. Men det var salafistane som kjørte fram desse parolane, dels mot Brorskapets "moderate" line. Brorskapets øvste leiar, Muhammad Badi' var da også raskt ute dagen etter og fordømte det som hadde skjedd og bruken av slike provoserande parolar. Det er fortsatt ingen særlig grunn til å tvile på Brorskapets oppslutning om det representative demokratiet.

Mellom salafistane, derimot, er det jo meir skepsis til demokratiet som prinsipp. Kva oppslutning desse vil få i eit kommande val nå i haust, er fortsatt i det blå, men dei er heilt klart ikkje spesielt godt organisert. Dei har ingen erfaring i politisk arbeid eller i å søke massoppslutning, fordi dei var jo heilt fram til i vinter prinsippielle mostandarar av slik verksemd, og istaden ville drive da'wa, moralsk misjonering i mindre grupper. Dei har ingen samla organisasjon; dei er delt opp i mange små parti (sjøl om partiet Nur kanskje kan bli det største) og har i dag heller ingen karismatisk leiarfigur, men mange "preikarar". Om ein av desse vil kunne heve seg over dei andre og samle salafistane vil vise seg, men i dag ser det vel så trulig ut at salafistane vil oppnå ein del prosent i valet, men fordelt på mange ulike parti, og kanskje ikkje med noen spesielt stor representasjon i det kommande parlamentet. Det finnes elles også ei meir konservativ, salafistisk eller salafist-nær retning innan Brorskapet, som kan bli vel så interessant som smågruppene, men da under Brorskapets paraply og leiing.

Sharia og grunnlovas paragraf 2
Når det gjeld Sharia, så er det sentrale spørsmålet paragraf 2 i den egyptiske grunnlova, som seier at "Islam er statens religion, det arabiske språket er dens offisielle språk, og Shariaens prinsipp er hovudkilda for lovgivinga" (wa-mabādiʾ al-sharīʿa al-islāmīya al-maṣdar al-raʾīsī lil-tashrīʿ).[*] Når Egypt nå skal få ny grunnlov, så kan ein grovt sett seie det er tre hovudstandpunkt, slik oppsummert i avisa al-Masri al-yawm:

- Ei gruppe, spesielt kristne men også sekulære av anna slag vil fjerne heile paragrafen for at Egypt skal bli ein sekulær stat utan religiøse særrettar.

- Ei gruppe på motsatt side, spesielt salafistane vil bytte ut "Shariaens prinsipp" med "Shariaens reglar", og dermed endre Shariaen frå å vere ein vag "inspirasjon" for lovverket til å bli sjølve lova, eller iallfall at den formelle kodifiserte lova skal direkte gjenfortelle Sharia-reglane (i dag har denne paragrafen liten innverknad på lovsystemet, utanom familielovene som alltid har vore basert på sharia).

- Ei gruppe i midten ønsker inga endring. Dette er nok den langt største gruppa, og blir nok også resultatet. Brorskapet hører til her, dei ønsker ikkje å skjerpe paragrafen eller bytte ut "prinsipp" med "reglar": Lovene er i hovudsak bra nok som dei er. Det er viktig for Brorskapet at paragraf 2 står der, for det gir dei støtte for synet deira at Egypt alt i dag er ein islamsk stat, og dei derfor ikkje treng innføre noen revolusjon for at parolen om "islam, både religion og stat" skal vere oppfylt. Så lenge para 2 seier at islam er statsreligionen, så kan Brorskapet og andre islamistar arbeide fredelig for å reformere innhaldet i landet i moralsk retning, men utan dramatiske endringar i statsstyret. -- Masri al-yawm meiner elles at også mange sekulære godtar at para 2 blir ståande slik den står, sidan dette er det som er realistisk å få til i dag.

Korleis vil folk velge sine kandidatar? 
Kva vil så skje i parlamentsvalet, når det nå kjem i haust eller vinter? Det er det store spørsmålet, og nesten uråd å vite, for det er så mange ukjente variablar. Kven vil faktisk møte fram ved urnene? Kva vil dei legge vekt på? Kva slags kandidatar vil dei ha å velge mellom? Det som skjer akkurat nå ser ut til å vere ein voldsom vokster, men også fragmentering av parti på alle hald. Ved sidan av dei "gamle" opposisjonspartia under Mubarak, som er svekka, så har det vokse opp ein stor underskog av liberale og sentrumsorienterte parti, mange av dei berre grupper rundt ambisiøse enkeltpersonar. Vi har dei ulike salaftistpartia eg nemnde (mange ser på Gama'at Islamiya, som har ei fortid som terroristisk jihad-gruppe, men er nå på den parlamentariske veg og kanskje kan bli samlande for noen salafistar, men vil støte andre av dei frå seg). Også frå Brorskapet er oppstått ei rekke meir liberale utbrytarparti ved sidan av det "offisielle", der Wasat er det som har lengst fartstid og er mest kjent i utlandet.

Viktig er også valordninga som er vedtatt, der halvdelen av parlamentet skal velgas på partilister utrekna proporsjonalt (nasjonalt, ser det ut for, med sperregrense på 2 prosent) og halvdelen i einmannskretsar der også partilause enkeltpersonar kan stille. Her blir det sentralt korleis dei mange på landsbygda og utanfor det politiske sirkuset vil stemme. Den store demokratibølgen er eit byfenomen, og i hovudsak eit middelklassefenomen. Utanfor har det vore "partiapparata" som betydde noe, og dei var det to av: regjeringspartiet NDP, og Brorskapet. Det første er nå oppløyst, men dei liberale fryktar at NDPs lokale leiarar skal kunne komme tilbake som "partilause" i enkeltkretsar, fordi det er dei folk er vant til å støtte. Alternativt, naturligvis, at Brorskapet skal ta desse stemmene, sidan dei er einaste gjenverande nasjonalt organiserte parti.

Omverda frykter mest det siste, at Brorskapet skal ta alt. Men det er viktig å hugse på at nettopp fordi Brorskapet har vore tilstades i lang tid, er dei kjent og både sym- og antipatiar har fått tid til å bygge seg opp, og vil kanskje ikkje endre seg dramatisk. Dei har sine støttar, men også motstandarar lokalt. Mange stader har skillet gått mellom ulike islam-tolkingar, Brorskapet på ei side, og lokale sufiar - som Brorskapet er skarpt mot - på den andre. Dei siste vil ikkje hoppe over på Brorskapets side berre fordi NDP er oppløyst, dersom det vil finnes truverdige lokale motkandidatar. Det er også mulig at lokal stemmegiving, enten det er på person- eller partilistene, vil gi grunnlag for "patron-klient"-røysting: Den som lover ein vegstubb eller bedre elektrisitet, får stemmene uansett kva partifarge han har. Dersom velgarane trur han kan innfri. Før var det jo statspartiet NDP som kunne innfri løfter. Men nå veit alle at dei ikkje har tilgang til makta lenger. Kven vil folk tru kan hjelpe akkurat deira landsby fram?

Trulig vil korkje Gama'at eller andre salafistgrupper, og heller ikkje dei små liberale partia, klare å vekke denne typen tiltru, med mindre dei klarer å kople seg til store nasjonale personligheiter som folk kan feste forventningane til. Amr Moussa er kanskje den einaste som kan bli eit slikt fokus nå, men han har ikkje klart å bli den dominerande personen, og har heller ikkje kopla seg tydelig til noe parti som har nasjonal oppslutning. Vi kan dermed kanskje ende opp med eit parlament der noen dusin småparti får noen få representantar kvar, i tillegg til svært mange kanskje meir eller mindre upolitiske lokale enkeltrepresentantar. Så vil det vere opp til dei å lage alliansar og prøve å skape orden i kaoset og lage styringsdyktige alternativ, der Brorskapet blir den største enkeltgruppa, men må forholde seg til underskogen.

Eller det kan gå heilt annleis, at det faktisk nå og fram til valet utkrystalliserer seg noen få samlande alternativ som får gjennomslag i media og klarer på den måten å lage ein "moderne" valkamp utan å ha noe stort apparat utover landet. Det er fleire månader igjen, så ting kan endre seg.

          [* Fotnote: Eg ser forresten at på Egypt.gov er det tydelig forskjell på arabisk og engelsk tekst: På den arabiske sida står den opprinnelige lovteksten frå 1971, "mabādiʾ al-sharīʿa maṣdar raʾīsī...", ... er ei hovudkjelde....", ikkje "hovudkjelda," slik det vart endra til i 1980. På den engelske, derimot, står den "offisielle omsettinga" som vi også oftast ser i engelsk omtale, "and the principal source of legislation is Islamic Jurisprudence (Sharia)", der altså mabādiʾ, prinsippa, er forsvunne slik at den her refererte debatten om prinsippa vs. reglane dermed blir uforståelig.]