torsdag 24. november 2011

Er dei ute, eller er dei ikkje?

I går signerte president Ali Abdallah Salih avtalen om at han med øyeblikkelig virkning går av som president i Jemen. Dermed har den fjerde leiaren falle i det arabiske opprøret dette året falle. Eller har dei det? Sammen med hendingane i Egypt den siste veka kaster det søkelys på spørsmålet: Har det gamle styret falle, eller har det det ikkje?

Her er det openbart store forskjellar, både mellom dei fire og til dei andre landa i regionen. Mest "falle" har jo det gamle regimet i Libya, sjøl om mange, kanskje dei fleste av dei nye leiarane der også har bakgrunn i Qadhafi-styret, også den nye statsministeren 'Abd al-Rahim al-Kib hadde noen mindre verv under han, og leiaren for overgangsrådet, 'Abd al-Jalil var altså justisminister. Men likevel må vi si at i og med krigen er det gamle statsapparatet, basert på Qadhafis ulike innfall, borte og det nye styret må bygge nytt med meir og meir nytt mannskap. Her kan det tilmed bli eit problem, men det kan vi diskutere i eit anna innlegg.

I Tunisia er det meir av det, og dei, gamle som sit att, interim-presidenten fram til nå var minister under tidligare styrer, og det er kontinuitet i styresettet. Men i politikken er det relativt klart omskifte; alle dei større partia er "nye" og dei fleste leiarane som vart valt inn i parlamentet nylig kom frå langvarig opposisjon og tildels fengselsopphald. Det gamle regjeringspartiet RCD og deira folk er forbode, og det mest pussige resultatet var partiet til akademikaren Hashimi Hamdi, eit tidligare medlem i det islamistiske Nahda-partiet som da han var med der skreiv den einaste større studien av partileiaren Ghannouchi (han har også skrive om Sudans Hasan al-Turabi). Seinare braut dei kontakten, og han har frå eksil oppretta eit liberalt parti som vart det tredje største i valet. Men korkje Nahda eller noen andre vil samarbeide med han, fordi han haddde i mellomtida hatt møter med Ben Ali, og prøvd å vere noen slags mellommann. I dag gjer det han besmitta.


Så strenge kan dei ikkje vere i Egypt, ein så leiande politikar som den aktuelle presidentkandidaten Amr Moussa var jo minister under Mubarak, men noen parti vil gjerne halde ei like stram line, ut med alle som hadde funksjonar under det gamle styret. I forhold til valet er nå dette eit stort debattspørsmål; kor langt skal ein gå for å nekte politikarar som var medlem i det gamle styret å stille til val? "Eg har jo stor støtte hos folk i min landsby", seier mange av dei, "er det demokratisk at deira ønsker ikkje skal få komme til uttrykk?" Debatten liknar mye synet på kommunistane etter austblokkens fall i 1989, skal dei som hadde posisjonar i det gamle styret utestengas, og på livstid? I noen grad kan vi også sjå ei lik utvikling i at noen av dei meir spiselige frå det gamle systemet "gjen-oppdagar" seg sjøl og søker velgerstøtte igjen (i Aust-Europa som "sosialdemokratar", mange av dei vann frie val på den måten med nytt program og etterkvart med nye personar). I Egypt har det likevel mest blitt at slike "nyomvendte" parti er blitt nekta godkjenning, og medlemmer av Mubaraks NDP nekta å stille på andre partis lister.

Men det store stridsemnet er altså sjølve regimet i Egypt: Er dette berre det gamle opp att, er revolusjonen mislykka? Vel, vi sa jo alt på denne plassen i februar at "det er jo det militære som fortsetter, og kvifor skulle dei avskaffe seg sjøl?" Det som nå skjer er på ein måte berre ein bekreftelse av dette: Dei militære har økonomiske og sosiale interesser, og alle som har slike gir ikkje slepp på dei før dei må. Når våre medier og observatørar nå blir overraska over at "ting er jo heilt annleis enn vi trudde", så er det fordi dei nok lot seg rive med av demonstrantanes eufori om at "hæren er med folket" i vår. Frå demonstrantanes side var nok det litt av "om vi seier det slik, så blir det slik". Men når det er sagt, så er utan tvil regimet meir forandra enn det først såg ut som. Det politiske livet er opna (nesten) heilt opp, nye politiske krefter dominerer, og sjøl om det fortsatt heng igjen angrep på kritiske journalistar og andre gufs frå fortida, så er det ingen tvil om at endringane her er reelle og grunnleggande. Dei har berre ikkje nådd den utøvande makta ennå. Men det som pregar bildet er ein fram-og-tilbake-kamp mellom det gamle (dei militære) og det nye (dei sivile). Det militære styringsrådet legg fram forslag som går i konservativ retning, så kjem det protestar frå partia eller frå gata, og så går styringsådet tilbake på forslaget eller tilpassar det. Så kjem dei med eit nytt konservativt forslag på eit anna områda, men etter protestar blir det igjen endra. Det er altså ikkje monolittar og absoluttar, men ein politisk kamp som foregår. Dei militære prøver å forsvare sine interesser, og tildels er dei også fastlåst i gamle tankebanar (valordninga er fortsatt uhyre komplisert, og har røtter heilt tilbake til Nassers politikk på 1950-tallet). Men dei er klar over at dei må rette seg etter ei politisk tyngdekraft, og at dei må gi etter så mye som denne tyngden tilseier.

Dei nye opptøyane er slik i og for seg ein del av denne maktkampen, sjøl om demonstrantane nå seier dei ikkje gir seg før militærstyret går fullstendig av med ein gong. Er det mulig at rådet faktisk vil høre på det? Ja, det er absolutt mulig. Men det er ikkje gitt at dei vil gjere det. Det første problemet er likevel vala over helga. Her skiller partia seg, dei store partia (som kjem til å gjere det bra) vil ikkje ha dei utsatt: Det er jo nettopp det som er ein del av maktoverføringa frå militære til sivile, det er det som demonstrantane ber om! Mens mange av dei mindre partia seier dei vil boikotte vala, og dermed frata det legitimitet (og dermed også legitimiteten til dei som uansett ville ha vunne, Brorskapet først og fremst). Det kan altså vere heilt vanlig partitaktikk. Mens "Tahrir", dei som er ute i gatene, ikkje tenker taktisk, dei er berre utålmodige og vil ha endringar nå, med ein gong. Spørsmålet er likevel om vala kan starte på måndag. Nå er dette berre den første av fire runder - dei ulike provinsane skal stemme kvar for seg, heile valet skal vere over først i starten av januar. Så det er godt mulig berre å forskyve denne første runden (som omfattar m.a. Kairo og Alexandria) til det evt. har roa seg. Men om det ikkje gjer det, og resultatet blir at vala blir utsatt i lengre tid, fører det jo berre til at dei militære blir sittande lengre. Om dei altså ikkje må gi seg heilt, og la ei sivil regjering (t.d. under ElBaradei) arrangere vala. Men kor mye som er vunne ved det, er ikkje heilt openbart, dersom valordninga er den samme og arrangementet uansett ville gått under sivilt (og internasjonalt?) overoppsyn.


Så Jemen: Saleh smilte i skjegget i går da han "gjekk av", og ingenting er egentlig endra, bortsett frå at dei mange ulike opprøra og demonstrasjonane i landet må skifte slagord. Hovudstaden er fortsatt delt mellom dei som støtter general Ali Mohsin i nord (som også står rundt "Taghyir"-studentane), og dei som støtter regimet under leiing av Salehs sønn Ahmed i sør. Dei andre konfliktlinene i landet er som før. Saleh er fortsatt "formelt" president, mens visepresidenten Abd Rabbu skal "styre" - dette blir akkurat slik det var da Saleh var i sjukeopphald i Saudi Arabia i sommar. Det einaste nye er altså ein tidsfrist for å halde val, 60 dagar. Men blir desse vala halde, eller kan "sikkerheitssituasjonen" el.l. gi grunn for å skyve dei ut i ubestemt tid? Og kven skal delta? Og dersom dei blir halde, kven av dei sju eller åtte ulike opprøra i Jemen kjem til å bry seg om resultatet?