Kva er ein arabar?
Det eine gjeld dei som vart verande att og ikkje flykta da Israel vart oppretta i 1948, dei "israelske arabarane". Men er dei det, altså arabarar? Tre grupper vart i løpet av 1950-åra skilt ut frå dei andre, med eigne rettar: drusarane, tsjerkessarane og beduinane. Tsjerkessarane er ei relativt lita gruppe som hadde flykta frå Russland i tsar-tida, dei snakkar sitt eige språk. Men dei to andre er arabisk-talande; beduinane vart skilt ut fordi dei ikkje var bufaste, mens drusarane kan oppfattast som ei meir eller mindre isolert etnisk gruppe - sjøl om det i prinsippet berre er religionen som skiller dei frå (andre) arabarar.
Men nå har Knesset nettopp gjort religionen til ein definisjons-faktor, ved også å skille ut den langt større gruppa av arabiske kristne som ein eigen kategori på line med drusarar og beduinar. "Dei er jo ikkje arabarar, slike som motarbeider Israel", sa forslagstillaren frå det høgreorienterte regjeringspartiet Yisrael Beitunu. "Arabar" blir altså reservert for dei som korkje er drusarar, beduinar, eller kristne: muslimane. Dette er jo ein ny språkbruk. Det vel kanskje heller ikkje opplagt at det er i israelaranes interesser slik nær sagt å påtvinge ein religiøs identitet på denne langt større gruppa av arabisk-talande statsborgarar.
I første omgang har ikkje denne definisjonen så stor konkret betydning, men mange ser det i sammenheng med ei anna stor sak dei siste vekene: verneplikta. Det har vore hard strid om dei ortodokse jødane (haredim) skal få behalde det fritaket dei i dag har frå militær verneplikt. Arabarne er også fritatt frå verneplikt, altså dei som var definert som arabarar: drusarar, tsjerkessarar og beduinar har hatt verneplikt sidan 1950-talet, og "arabarar" av anna slag har også hatt muligheit til å verve seg frivillig - det opnar mange dører i Israel å ha kort på at ein har avtent verneplikt. Men det har ikkje vore noen plikt for arabarane. Det blir det heller ikkje nå for desse nye "av-arabiserte" kristne - vedtaket gir dei berre eigen identitet og separat representasjon i valde organ - men mange fryktar at det er det som er på trappene, at som omdefinerte ikkje-arabarar vil også dei måtte ta del i det dei oppfattar som ein okkupasjonshær overfor sine landsmenn på Vestbreidda.
Kva er ein jødisk stat?
Meir blest har det israelske kravet om at palestinarane skal anerkjenne Israel som jødisk stat fått. Dette har også forvirra mange, NRK har omtalt det som eit krav om at palestinarane "skal anerkjenne Israel", men det gjorde dei jo i Oslo-avtalen i 1993? USAs John Kerry har også irritert seg over at israelarane insisterer så mye på det, uttrykket "jødisk stat", eller "ein stat for jødane" har jo vore brukt mange gonger om Israel, kvifor vere så sta på denne ordlyden?
Svaret ligg altså i kva ein legg i det. Ein ting går nettopp på statusen til dei ikkje-jødiske gruppene i landet, arabarar i ulik betydning og andre minoritetar. Ved å erkjenne ein særlig jødisk natur ved Israel, vil PLO da akseptere at desse ikkje er del av den nasjonale fellesskapen, at det er noe spesielt jødisk ved staten som desse israelske, men ikkje-jødiske statsborgararne står utanom.
Men det kunne nok Abbas ha akseptert, om det var berre det. Kjernen ligg nok ein annan stad. Vi kan trulig sjå det i eit utsagn frå Israels forsvarsminister Ya'alon. Han er pessimist for fredsløysing, men seier det er opp til palestinarane å "anerkjenne Israels rett til å eksistere som ein nasjonalstat for det jødiske folket, da er det slutt på konflikten og slutt på krava". Det er dei siste tre orda som er det sentrale: Ved å anerkjenne Israel som nasjonalstaten til det jødiske folket, heile det jødiske folket, erkjenner ein også at dette landet heile tida har vore jødanes heim, og at dei alltid hadde rett til landet. Det dei gjorde i 1948 var berre å ta sitt eige land tilbake. Palestinarane var fremmede som måtte reise. Med andre ord, ein må anerkjenne Israels standpunkt i konflikten. Alle krav om erstatning for dei tapa palestinarane har lidd fell bort, og alt israelsk ansvar for å finne løysingar for konflikten. Det er "krava" som det blir slutt på. Ein aksept av Israel som "jødisk stat", utlagt som "nasjonalstat for det jødiske folket", avsluttar konflikten ved at palestinarane seier seg einig i at Israel har hatt rett heile tida - det markerer slutten på forhandlingane (det er ikkje meir å forhandle om), ikkje starten på dei.
I dette dukkar stadig palestinske tankar om ei ny "einstatsløysing", ein felles stat for jødar og palestinarar opp. Det siste er at Tareq Abbas, sonen til den palestinske presidenten, har gått inn for dette og faren har fortalt som sine diskusjonar om dette. Nå er nok ei slik løysing berre ein draum, iallfall om ein meiner ein stat med like rettar for israelarar og palestinarar, der dei siste ville snart vere i fleirtal. Nesten ingen israelarar vil godta å dele landet sitt med folk som dei knapt tør snakke med på gata, og den palestinske nasjonale leiarskapen står også milevidt frå slike draumar. Men i alle fall er dette fokuset på "Israel som jødisk stat" og inndelinga av innbyggarane etter religiøse skiller tydelige tegn på at ei slik statsbygging basert på inviduell likheit utan omsyn til etnisk og religiøs bakgrunn ikkje er det som ligg i den synlige horisonten.