Kong Salman |
Politisk rivalisering: Ringen rundt Saudi-Arabia
Likevel virkar det som om det nye styret har gjort noen ganske klare endringar i kursen. Saudi-Arabia har dei siste åra forkusert på to hovudfiendar som dei har bekjempa på alle måtar dei kunne. Den eine er Iran. Motviljen mot Iran blir begrunna religiøst - sunni mot shi'a - og kan også vere kopla til at Saudi-Arabia sjøl har ein merkbart stor shi'isk minoritet aust på halvøya, altså i dei områda som har størst økonomisk olje-aktivitet. Men styresmaktene har god kontroll over denne minoriteten, og det har aldri blitt til meir enn spreidde protestar mellom shi'iane i landet. Det er liten grunn til å tru at den shi'iske minoriteten er stor nok, eller har nok gjennomslagskraft mellom andre saudiar, til å vere noen alvorlig trussel mot regimet i Saudi-Arabia.
Motsetninga mot Iran er nok heller ei regional rivalisering mellom to stormakter i regionen. Iran er i folketal og økonomisk utvikling i ein klasse for seg mellom landa i dette området, og Saudi-Arabia, stort og rikt, men langt mindre i folketal og med ein smalare økonomisk basis, fryktar for at deira petro-makt skal komme i skyggen av rivalen. Når Iran så har funne seg strategiske allierte i Irak, i Syria, i Libanon der deira allierte Hizballah har stor påverknad, og så i tillegg gjer sine hoser grønne hos opprørarane i Jemen, begynte saudiane å kjenne seg omringa. Dei ser ein shi'isk ring rundt seg (sjøl om Syria og Jemen knapt er shi'iske i iransk forstand), men det er innringa og alliansen av rivalar som er problemet, meir enn kva som er grunnlaget for denne alliansen.
Ideologisk rivalisering: Det muslimske brorskapet
Det andre konfliktlina er derimot religiøs og ideologisk: Saudi-Arabias til tider voldsomme motstand mot Det muslimske brorskapet i Egypt og overalt elles. Det har ført til undring, sidan begge to må reknas til islamismen eller "politisk islam", om enn til ulike tradisjonar under denne paraplyen. Tradisjonelt har Saudi-Arabia også vore sympatiske til Brorskapet, det var her dei egyptiske Brorskapsmedlemmene kunne søke asyl under Nassers undertrykking på 1950- og 1960-talet, og dei kunne arbeide og spreie sine tankar i fred her.
Men desse gjesteopphalda førte til at det fall noen skall frå ulike auger. Brorskapsfolka som budde i Saudi-Arabia i denne perioden vart meir og meir kritiske til den olje-rike og tradisjonalistisk konservative ideologien til saudiane. Dei meinte at styresmaktene ofra islamistiske ideal på alteret til olje-borgarskapets økonomiske og politiske interesser. Saudiane vart på si side meir irritert over at Brorskapsfolka ikkje hadde nok vørdnad for grunnleggaren av deira ideologi, Muhammad ibn Abd al-Wahhab (d. 1792) som rettesnor for rett islam. Men det verste var at unge saudiarar, spesielt slike som hadde hatt opphald i utlandet, i Egypt eller lenger bort, fekk meir og meir sympati for Brorskapets noe meir moderne variant av islamismen og tok til å kritisere kongefamilien og wahhabismen. Denne kritikk-rørsla fekk på 1980-talet namnet "sahwa-rørsla", oppvakninga, og vart ein intellektuell torn i sida på styresmaktene. Ikkje alle i rørsla følgte Brorskapets line, og dei fleste av dei var heller ikkje påtrengande revolusjonære. Utover tiåret fekk styresmaktene da også rimelig kontroll over kritikarane, ikkje minst ved å tilby mange av dei godt betalte jobbar i administrasjonen. Dermed roa også dette seg, men styresmaktene kom likevel til å sjå Brorskapet som ei mulig farlig kraft på det ideologiske området, ei retning som var i stand til å reise kritikk mot styret frå ein islamsk synsstad og slik true stabiliteten i landet.
Då den arabiske våren kom i 2011 med nettopp uro og ustabilitet, det verste saudiane visste, og Brorskapet kom til makta i Egypt, Tunisia og andre land, gjekk det derfor for langt. Brorskapet vart ein farlig rival. Saudiane satsa alt på å bekjempe deira stilling i den arabiske verda. I Palestina slo dei handa av Hamas, som var utgått frå Brorskapet der. I Egypt avslo dei å gi økonomisk hjelp til landet under Brorskaps-president Morsi, men støtta i staden opp under, og dytta det dei kunne på, militærkuppet til Sisi i 2013. I Libya greip dei inn med støtte til anti-Brorskaps-general Heftar. Då Brorskaps-parti frå 2013 fall frå makta i dei fleste landa der dei hadde komme opp året før, var Saudi-Arabia ein viktig og ofte avgjerande faktor for dette. Nesten alt var til synes bedre enn Brorskapet, ei gruppe som dei følgde Sisi i å kalle for "terroristar" (utan spesiell grunngiving). Regionalt følgte Bahrain og Emirata lojalt opp om saudianes anti-Brorskapspolitikk, mens Qatar, som lenge hadde leikt seg med å slå den store naboen over snuten, vart til Brorskapets siste forsvararar i området.
Men så: omskiftet
To konfliktar, altså, mot det som i 2012 var dei største maktene i regionen, Iran og Morsis Egypt, og med seier mot den siste året etter. Det var rett nok litt meir problematisk å halde styr på dette i Syria. Saudiane støtta naturligvis opprøret mot Iran-allierte Assad. Men i dette opprøret stod det syriske Brorskapet sterkt, spesielt i det eksil-baserte Syriske Nasjonalrådet (som Vesten anerkjente), noe mindre også i deira Frie Syriske Hær. Saudiane var derfor lunkne til desse gruppene, og støtta heller uavhengige islamistiske militsar, gjerne kalla "salafistar", slik som Dei frie syrarane og andre, men saudisk støtte til den syriske motstanden har alltid vore litt vanskelig å få oversikt over, og Saudi og Qatar støtta gjerne konkurrerande rivalar innanfor motstanden.
Men nå dei siste månadane, er det mange tegn på at den nye kongen og hans leiargruppe har ombestemt seg. Dei har nå sortert fiendebilda sine, og komme fram til at nå, etter Morsis fall og Brorskapets nederlag i Egypt, er ikkje lenger desse noen viktig fiende og rival. Iran gjenstår og nå skal fokus vere på Iran og "omringinga". Brorskapet kan kanskje vere til nytte her, for dei er heller ikkje noe spesielt glade i Iran, Morsi gav jo kraftig støtte til opprøret mot Assad.
Nye venner: Salman og Meshal, juli 2015 |
Samtidig har Saudi-Arabia altså tatt ei mye meir opent aggressiv haldning i den regionale politikken enn før. Det ser ein spesielt i Jemen, der saudiane har kasta inn eigne soldatar og fly mot opprørarane. Det er ein kamp mot "iransk innverknad" (sjøl om Iran nok berre er ein flyktig alliert for houthiane). Men også i Syria har saudiane brukt eigne fly mot IS, i allianse med USA. Begge desse er relativt uvanlig, Saudi plar vere meir komfortabel med å sitte i kulissane og signere sjekkar enn å delta aktivt og opent i militær konflikt, spesielt utanfor den arabiske halvøya. Dette viser nok at Saudi spiller med meir opne kort som kandidat til å vere regional stormakt på eigne vegner, og ikkje berre gjennom å støtte allierte rundt om. Og det er kanskje også det som gjer at dei tillet seg å vere meir avslappa mot den slagne fienden Brorskapet, som dei ikkje ser som noen vesentlig rival lenger, og som det er viktig å halde borte frå noe vennskap med Iran (slik Hamas tidligare hadde, til Syria-konflikten skilte dei).
Den som kanskje der blir sittande med skjegget i postkassa er Sisi, som ikkje følger med på dette lineskiftet og fortsatt har hatet mot Brorskapet og kampen for å knuse dei som si politiske hovudline. Han kan nok fortsatt rekne med økonomisk støtte frå saudiane - for det fortsatt i deira interesse at Brorskapet er kua i sitt heimland - men det blir kanskje likevel ikkje så lett for aktørar i regionen å vifte med kampen mot Brorskapet som pass og inngangsbillett til dei indre gemakkar i Riyad.