Meldinga for noen dagar sidan om at USA droppar støtte til opprørane mot Assad-regimet i Syria, kan føre til noe forvirring når vi veit at USA er meir aktive i å støtte opprørarar, og sjøl har vore i direkte konflikt med regimets styrkar i lufta. Det er fortsatt uklart akkurat kven som støtter kven her, men for å få ei oversikt over situasjonen, må vi trulig prøve dele den innvikla konflikten opp i dei ulike delane av landet. Dei ser ut til å ha kvar sin logikk, og kvar sine aktørar.
Damaskus-området: Islamistar mot regimet
Regimet har heile tida hatt kontroll over hovudstaden, men like aust for byen ligg forstadsområdet Ghouta. Det har vore dominert av ulike islamistiske opprørsgrupper, og spesielt gruppa Jaysh al-Islam, som blir kalla "moderate salafistar", altså at dei ikkje har samarbeidd med jihadistane i Qa'ida eller er del av Frie Syriske Hær. Her har regimet hatt klar framgang, og dei har nå forhandla fram ein våpenkvile. Den er ikkje ein direkte kapitulasjon av opprørarane, men avtalen er klart på regimets vilkår, og er eit tydelig teikn på at opprørarane er utslitt og begynner å mangle ressursar til å halde oppe kampen. Det er likevel grupper der som ikkje er omfatta av avtalen, og kan halde fram.
Dar'a og sørfronten: Frie Syriske Hær / USA mot regimet
Som i dei andre regionane er det fleire opprørsgrupper aktive i sør, men dette er einaste staden der grupper støtta av USA har hatt vesentlig betydning i kampen mot regimet. Dette er grenseområdet mot Jordan, og mange av dei blir trena av jordanske og amerikanske offiserar. Dette skiller denne fronten klart frå opprøret i nord. Dei dominerande gruppene er del av Frie Syriske Hær. Her i sør var det lenge ganske stille, mens kampane var konsentrert i nord rundt Aleppo. Men i dei siste månadene har kampane blussa opp igjen, rundt Dar'a og andre stader i regionen. Dette har uroa Israel, som elles har halde seg borte frå konflikten i Syria, sidan det kunne trekke Hizballah (som støttar regimet) til områda nær den israelske grensa. Det er trulig ein grunn til USA har komme fram til ein avtale med Russland om ei våpenkvile, mot at USA trekker støtten til opprørarane her.
Aust-fronten og grensa Syria-Irak: USA mot Iran
USA (og Norge) har til gjengjeld vore mye meir aktive litt lenger aust, og her må vi sjå på kartet for å forstå situasjonen. Der ser vi Syrias grense som ein rett skrå strek, først mot Jordan og så mot Irak, før den svinger rett nordover og går over elva Eufrat og nordover. IS kontrollerer for tida denne delen av Eufrat-dalen, som er rimelig fruktbar og folkerik. Heile grensestrekninga sør for Eufrat er ørkenlandskap. Det går berre éin asfaltert veg frå Syria til Irak gjennom ørkenen, og ved grensa har den ein grensepost som heiter al-Tanf. Så lenge IS styrer Eufrat-området, og kurdarane har grensekontrollen lenger nord, vil den som held al-Tanf også styre sambandet mellom Syria og Irak. Og bak Irak ligg Iran: Dersom Assad-regimet tar al-Tanf, vil det vere direkte landsamband, og dermed forsyningsveg, frå Iran gjennom Bagdad og Irak til Damaskus og derfrå også vidare til Libanon og Hizballah. Derfor er al-Tanf nå kontrollert av USA - ikkje eingong USA-støtta grupper, men amerikanske soldatar sjøl, og visstnok også norske soldatar, og det er derfor Syria desperat prøver å nærme seg al-Tanf, men blir altså skote ned av amerikanarane. Her er det altså storpolitikken, å hindre iransk innflytelse, som ligg til grunn.
Eufrat-dalen og Deir ez-Zour: Kven kjem først?
Om regimet ikkje klarer å ta al-Tanf, er neste muligheit nordover Eufrat, der grensebyen heiter Boukamal (Abu Kamal). Den blir altså halde av IS. Regionen er dominert av byen Deir ez-Zour litt lenger oppover elva. I denne byen har ein liten kontingent regimesoldatar halde ut dei siste åra, omringa av IS. Regimet prøver derfor nå å komme dei til unnsetning, ved å gå frå Palmyra i retning Eufrat. Men her er dei altså i eit kappløp: Mottrekket frå amerikanarane er å prøve å avansere gjennom ørkenen frå al-Tanf nordover til Boukamal. Dei første forsøka, gjort av USA-støtta stammar, var mislykka, men vi kan komme til å sjå fleire forsøk her. Den andre muligheita er for kurdiske PYD-styrkar å rykke nedover Eufrat for å nå Deir ez-Zour den vegen. Men først må dei ta Raqqa, lenger oppe.
Raqqa: IS mot kurdararar
Kampane om Raqqa er altså i full gang, og den Syriske Demokratiske Fronten (SDF), som består av PYD-kurdarane og allierte arabarar, med eit vesentlig bidrag amerikanske soldatar, melder optimistisk om framgang. Som vi har sett før, bør vi ta seiersmeldingane med ei klype salt når det gjeld at "seieren er nær", men som i Mosul er det nok likevel berre eit tidsspørsmål før Raqqa faktisk er i SDFs hender. IS har også innsett dette, og leiarskapen er trukke sørover mot Deir ez-Zour eller småbyar rundt. Spørsmålet her blir kva som da skal skje med Raqqa etterpå. Kven skal ta over? Det er klart at det er kurdarane som leiar kampen og vil kunne halde byen etterpå. Men Raqqa er langt, langt utanfor det kurdiske området, dei er også fremmende her. Dei seier derfor sjøl (og USA forlangar) at dei vil gi over makta til lokale leiarar (som ikkje har noen militærmakt), eller til sine arabiske allierte troppar.
Slike finnes, SDF har fått fleire arabiske rekruttar, men neppe nok til å forsvare Raqqa mot rivalar (f.eks. regime-styrkar). Vi har også sett det samme i dei byane SDF erobra i nord, som i Manbij: USA forlangte, etter tyrkisk påtrykk, at kurdarane skulle trekke seg ut etter å ha vunne byen. Kurdarane vart verande, men overlot lokalstyret til arabarar frå området. Men observatørar har rapportert at desse arabarane ikkje har noen reell makt. Alle faktiske avgjerder blir gjort av PYD-leiarane, og ganske utilslørt. Militært har dei også ikkje noe særlig valg, for kven skulle dei gi byen over til? Regimet, som dei har kjempa mot? Dei arabiske opprørsgruppene, som er allierte med den tyrkiske fienden og som har vore jamnlig i kamp med PYD? IS, som kunne komme tilbake? At kurdarane skulle gi dette området, som dei har ofra mange liv på å ta, til fiendtlige styrkar som alle ønsker å bekjempe kurdarane, er lite realistisk.
Idlib: Indre strid mellom islamistar
Det siste store området for opprøret mot Assad-regimet, er provinsen Idlib i nordvest. Det som har dominert denne provinsen i dei siste månadene, er ei indre omstrukturering mellom opprørsgruppene. For å forenkle grovt, kan vi snakke om tre hovudtypar opprørar her: For det første, dei "moderate" i Frie Syriske Hær (FSA). Så "salafistane", altså uavhengige men ganske konservative islamistar, i hovudsak i gruppa Ahrar al-Sham. Og til sist jihadistane, allierte med al-Qa'ida i Nusrafronten. Dei to siste gruppene, Ahrar og Nusrafronten har i fleire år samarbeidd taktisk, og i praksis styrt Idlib sammen. FSA har også sine områder, men er svakare og er også ytterligare svekka etter Aleppos fall. I fjor gjorde Nusrafronten eit grep som alle, også denne bloggen, rekna som reint kosmetisk: Dei braut offisielt med al-Qa'ida og sa dei nå var ei sjølstendig syrisk gruppe. Det er forstatt uklart om Qa'ida var innforstått med dette, men seinare har faktisk Qa'ida-leiinga markert avstand til Nusra, og insistert på at syrarane ikkje må gløyme dei "globale måla" om å bekjempe USA og Vesten. Det kan vere dei er litt bekymra.
Viktigare er nok likevel at Ahrar har bevega seg bort frå Nusrafronten, og alliansen mellom dei to er nå over. Det førte til ei splitting i Ahrar, dei meir radikale slutta seg til Nusra, som nå går under namnet "Syrias Frigjeringsorganisasjon" (Hay'at Tahrir al-Sham). Fleire andre radikale har også slutta seg til Tahrir al-Sham-alliansen, mens andre har gått inn under Ahrars leiing. I dei siste vekene har det ført til relativt harde kampar mellom Ahrar og Tahrir al-Sham, og det er Tahrir som trakk det lengste strået. Ahrar er pressa ut av Idlib by, og har ikkje minst mista den viktige grenseovergangen til Tyrkia (som dermed stengte grensa på si side). Tahrir, enten dei er med i Qa'ida eller ei, er altså nå blitt den dominerande aktøren mellom opprørane i Idlib - slik som regimet heile tida (men tidligare med urette) har påstått. Det er altså gått litt troll i ord. Dette kan vere kortvarig, Tahrir er nok meir ekstreme og meir upopulære enn Ahrar, som ikkje er knust ennå. Men dette kan bli eit viktig poeng om IS mistar fotfestet i Eufrat-dalen. Vil dei to da kunne finne sammen att, slik at Tahrir kan opprette eit mini-emirat for forlatte IS-sympatisørar i Idlib? Det er nok mye vondt blod mellom Tahrir/Nusrafronten og IS, det var i mange år ganske harde kampar dei i mellom, men vi ser jo at terroristar i Europa oftast ikkje gjer noen forskjell på dei, og seier seg å kjempe for både IS og Qa'ida / Nusra samtidig.
I sum: Vinn regimet?
Det er regimet, med sine russiske, iranske og libanesiske støttar som openbart har styrka seg det siste året, og ikkje berre i Aleppo. Dei har for nå langt på veg nøytralisert opprøret i sørvest og i Damaskus-området, dei kan lene seg tilbake og la islamistane i Idlib slåss seg imellom, og dei kan la USA og kurdarane løyse IS-problemet i nordaust. Kivinga mellom Qatar og Saudi-Arabia er også ein rein bonus for Assad, sidan det svekker den støtten kvar av dei gir opprørarane i Syria. Men storpolitikken er likevel problemet Assad vil stå tydeligare overfor. USA er langt meir opent til stades i Syria enn før, med eigne soldatar i kamp på bakken både i søraust og ved Raqqa. Målet deira er både å knuse IS og å svekke Syrias allierte Iran, og når IS eventuelt er borte, så er det Iran som kan motivere USA til å bli ståande. Men når USA er involvert, så har også Russland sine eigne interesser å ta vare på. Så langt kan Russland sjå sine interesser i å styrke Assad mot alle farar. Men blir det utilslørt konflikt mellom Russland og USA i regionen, vil naturligvis Russland bli styrt av sine eigne globale interesser, ikkje av nødvendigvis å finne beste løysinga for Assad og hans styre.