Libya-utvalget har lagt fram ei innstilling om den norske krigen i landet i 2011. Denne er jo mest opptatt av kva regjeringa og politikarane gjorde i det høvet, men virkeligheita har jo også blitt involvert der, i meir eller mindre marginal grad.
Det kan jo gi grunn til eit lite tilbakeblikk, også sidan det - ikkje minst på venstresida - er i ferd med å feste seg noe som etter kvart blir mytar både om krigen og haldningane til den. Mellom anna har ein kollega nylig fått store oppslag med ei historie om at norske "ekspertar" og "intellektuelle" slutta entusiastisk opp om krigen. Det er rett og slett feil, og eg er den beste til å avgjere det, sidan, med all respekt å melde, så er eg ein av kanskje to "ekspertar" med kompetanse på Libya som uttalte meg om stoda, og eg var mot. Bergens Tidende utnemnte meg tilmed som "SV-veteran" som var mot partiets line i saka. Den andre var statsvitar Målfrid Braut Hegghammar, som det eg minnes aldri uttalte seg normativt for eller mot den norske krigsdeltakinga, men noen entusiasme kan eg ikkje erindre korkje frå henne eller frå andre Midtausten-spesialistar som var mobilisert opp i media.
Det først når ein utvidar begrepet "ekspert" (eller "intellektuell", eit like vagt begrep - det får vere opp til media kven dei gir ein slik tittel) til å omfatte generalistar som ikkje har noen kompetanse på regionen at ein finn dei politiserte utsegna Terje Tvedt refererer til, slik som Janne Haaland Matlary, som jo nettopp påstod eit illusorisk "folkemord". Men å kaste dei opp til autoritetar på konfliktar i Midtausten er for å si det mildt å tilpasse empirien til teorien.
Blod på hendene uansett
Berre så det er sagt. Men - for å vere historisk redelig, så erkjente eg også eit mulig moralsk dilemma her. Eg var i kontakt med partiet mitt før noe vedtak om norsk deltaking vart gjort, dette var vel omtrent da FN var i ferd med å gjere sitt vedtak midt i mars. Situasjonen då var at regjeringsstyrkane hadde tatt Ajdabiya, og opprørarane var openbart ikkje i stand til å stanse frammarsjen deira; Benghazi ville falle trulig innan ei veke eller to. Det var fullt kaos i byen, alt som fantes av bilar og transport var på vill flukt austover mot den egyptiske grensa, det var dei som ikkje kunne anna som var att i byen. Spørsmålet var derfor kva som ville skje den dagen Benghazi var på regimets hender.
Her var det, sa eg, ein situasjon der omverda ville bli ståande att med blod på hendene enten ein gjorde det eine eller det andre. Å gripe inn ville nok kunne stanse regimestyrkane men ikkje stabilisere Libya, landet ville mest trulig falle frå kvarandre i kaos, og når opprørane ikkje klarte å dra nytte av flystøtten (noe eg var rimelig sikker på dei ikkje var i stand til), så var det stor fare for at NATO-maktene ville sjå seg nødt til å sende inn bakkestyrkar, med hengemyra som resultatet. Altså modell Irak og Afghanistan. Dette siste tok eg altså feil i, NATO hadde klart å dra lærdom av Irak og heldt seg til luftkrigen (stort sett, iallfall) og trente heller i det stille rebellane opp til å ta makta sjøl. Men kaoset, knapt nok noen stor profeti, slo jo til. Og alle dei som da vart drept i dette kaoset ville vere omverdas ansvar.
Om dei derimot ikkje greip inn, så var modellen Srebrenica reell. Snakket om "folkemord" var og er naturligvis tøv, noe eg også gjorde klart, men "massemord" er noe anna. At det ville bli noen tusen, kanskje 5-10.000 som i Srebrenica, var ikkje urimelig. Og dette ville også kunne bli "blod på omverdas hender", slik som i Bosnia og Rwanda. Så det var eit moralsk dilemma: Enten ein gjorde det eine eller andre, så ville mange miste livet, og omverda ville i begge tilfelle bli tilskrive eit ansvar sidan det alltid kunne sias at dei kunne ha redda desse liva ved å gjere "det andre". Mitt svar var altså at det langsiktige kaoset trulig ville bli verre, forutan det prinsippielle: At "folkenes frigjering [altså opprøret] må vere deira eige verk" og ansvar, og ikkje ligge til fremmende makter, enten dei nå har egoistiske eller idealistiske motiv.
Qadhafis hevn - eller?
Men var Srebrenica ein relevant modell? Kritikarane av invasjonen har også konstrurert opp ei virkeligheit som langt på veg er ein myte: At Qadhafi var ein romslig og rasjonell leiar som ein godt kunne ha laga fred med - om ikkje berre NATO hadde bestemt seg for å "ta" han - og at alt snakket om massedrap var konstruert opp av perfide opprørarar og løgnaktige medier.
Dette må vi analysere på to nivå: Kva vi visste den gong, i mars 2011, og kva vidare kunnskap vi har i dag. Det er klart at opprørarane dramatiserte og media generaliserte meldingane frå Libya. Det vart ikkje skote med jagerfly mot demonstantar - men det vart skote mot dei frå regimevennlige soldatar. Det flaug helikopter over demonstrantane, og mange meinte å høre skudd frå dei - noe som i sammenhengen ikkje var usannsynelig, og langt meir realistisk enn at ein skulle ha brukt jagerfly. Det var represjon, og sivile demonstrantar vart drepne. Ein kvar middels oppgåande kildekritikk burde vere (og var) i stand til å slå av for kjente og avdramatisere meldingane ned til det som vi kunne si mest trulig faktisk forekom.
Så var det om "Qadhafi" (regimet) ville faktisk ha gjennomført massemord på sivile i Benghazi om dei hadde vunne. Der måtte ein altså analysere på ståande fot ut frå det vi visste om situasjonen og regimet. For det første var dette eit opprør, og i aust i stor grad eit folkelig opprør (opprøret hadde stor støtte i aust og i Benghazi). I den stoda var det ikkje noen stor forskjell på "sivil" og "opprørar" - ein kvar våpenfør mann var potensiell opprørar, anten han hadde gravd ned eit gevær i hagen eller ikkje. Ein kunne ikkje vente at det vart gjort noen forskjell her: Alle som kunne vere rebellar ville bli behandla som det.
Det andre var regimets eller Qadhafis eventuelle hevntørst. Og her blir det meir ein analyse av kva slags regime dette var. Vi kan t.d. skille mellom eit autoritært og eit diktatorisk regime, i kva vi forventar dei vil gjere etter å vunne over eit opprør. Ein strategi vil vere å prøve å inkorporere tidligare opprørarar, t.d. ved å gi dei noen konsesjonar, "kjøpe dei opp" med plassar i regimet, eller prøve spille dei mot kvarandre, så lenge dei aksepterer at herskaren herskar. Slike strategiar kunne vi vente t.d. frå Salih i Jemen, Assad (far) i Syria, Nasser, og saudiske kongar. Ein diktator vil derimot ikkje tåle andre maktsentra enn seg sjøl, og vil i staden staturere eit eksempel med total represjon av tidligare opprørarar, tvinge dei i eksil, eller altså drepe dei - Saddam er eit døme, sjøl om han også skifta mellom ulike linjer alt etter som kor sterk han kjente seg.
Kva med Qadhafi? Han var eksentrisk, men ikkje "gal", han reagerte rasjonelt, men han var også ideologi-styrt meir enn ein balanserande maktpolitikar. Han skifta derfor også frå det eine til det andre - t.d. prøvde han ein periode å utrydde stammevesenet, av ideologiske grunnar, for seinare å lage alliansar med dei samme stammeleiarane. Likevel var styret hans først og fremst personlig diktatorisk heller enn ein autoritær balanse mellom ulike maktgrupper. Hadde opprøret vore eit stammeopprør, kunne vi kanskje tenke at han kunne ha satsa på avspenning og integrering - stammene vil jo alltid vere der også i framtida. Men dette var eit ideologisk, demokratisk opprør leia av personar frå eliten som fram til nylig hadde stått han nær. For å gjenopprette den personlige autoriteteten sin, er det derfor mest trulig han ville slått fryktelig ned på dei som hadde gjort opprør, og spesielt på den delen av landet som han alltid mistrudde, Cyrenaica (der Benghazi er hovudstaden). Ut frå ein slik umiddelbar analyse av regimet, rekna eg (og andre) med at ein blodig represjon for å statuere eit eksempel var meir å vente enn eit begrensa oppgjer og forhandlingar med opprørarane.
Sayf al-Islam og opprørsleiarane
Det vi har fått vite seinare, stadfester også at opprørarane kom til å sjå det slik. Demonstrasjonane kravde frå starten "regimet må bort", men leiarane var langt meir moderate. Den sentrale personen for dei var Qadhafis son Sayf al-Islam. Sayf hadde lenge vore forhandlar og mellom-mann for regimet både internasjonalt og nasjonalt; han hadde forhandla fram løysingar på langvarige problem, han hadde fått løslatt politiske fangar, og hadde gode kontaktar med opposisjonen (som jo hadde hatt høge posisjonar i regimet). Far Qadhafi var også mye sjuk, og hadde overlatt mye av det daglige styret til sønnene, der Sayf var ein av dei mest aktuelle arvingane. Opprørsleiinga forventa derfor at Sayf ville bruke høvet til å parkere faren inn i ein formell posisjon, og gjennom forhandlingar med opposisjonen ta over som Libyas leiar. Dette kunne opprørsleiinga godt leve med. Det var da også hektisk kontakt mellom Sayf og andre regime-toppar og opprørarane, tilmed frå Gulfen vart opposisjonelle floge inn til Tripoli for samtalar om vegen vidare.
Derfor kom Sayfs TV-tale den 20 februar som ei overrasking og kalddusj. Det var første reaksjonen frå regimet, og Sayf stilte seg heilt på farens side, og fordømte opprøret fullstendig - eit skarpt brot. To dagar seinare kom farens "zanga-zanga"-tale om å reinske landet gate for gate. Sayfs tale var vendepunktet i opprøret, sidan Sayf var porten til gradvis overgang, og han hadde stengt den ettertrykkelig. Frå det tidspunktet var det klart at opprørane måtte faktisk fjerne regimet eller ta den straffa som vil følge eit nederlag. Dermed vart kravet om at Qadhafi skulle forlate landet det sentrale for dei. Dei kunne ikkje lenger godta ein formell "avgang", for ein må hugse på at Qadhafi aldri var president av Libya; han kunne ikkje "gå av" frå ein posisjon han ikkje hadde (noe han også hevda). Qadhafi hadde jo til tider tilmed "knust staten", det var "folket" som styrte direkte (han var berre "leiar" for den libyiske revolusjonen). Når Sayf ikkje var villig eller evna å sette faren til sides, måtte dei derfor rekne med at Qadhafi ville fortsatt vere den reelle leiaren av Libya så lenge han var i landet. Og sidan opprørarne satte fram så ufråvikelige krav - dei såg ingen mellomveg; enten var regimet heilt borte, elles så ville Qadhafi vere "leiar" som før - var det lettare for Qadhafi å godta fredsforslag som ikkje hadde noen sjanse om å bli gjennomført.
Dermed blir, for øvrig, også debatten om NATOs mål var "regimeendring" eller ikkje meir eller mindre akademisk. Resultatet av krigen måtte bli enten at regimet (og Qadhafi) forsvann, eller at opprørarane forsvann. Få eller ingen i Libya såg nokon annan utveg. Spørmålet var berre om omverda (NATO, Norge) skulle spille ein rolle i dette eller ikkje.
Opprøret som trojansk hest for islamismen
Ein annan myte som ser ut til å festne seg i SV og Raudt, er at opprørarne var fæle islamistar og jihadistar. Det var dei ikkje, jihadismen dukka først opp etter Qadhafis fall, i første omgang i form av gruppa Ansar al-Shari'a, som kjempa mot dei nye leiarane i landet frå sommaren 2012. Igjen heilt kort: Islamismen i opprøret 2011 var i to former. Det eine var det Muslimske Brorskapet, ein liten organisasjon intellektuelle (primært frå Tripoli) som hadde vore i eksil i Egypt, og som slutta seg opprørsleiinga (Det nasjonale overgangsrådet) i Benghazi. Dei var, som Brorskapsfolk generelt, parlamentarisk innretta.
Det andre var restane av ei gruppe kalla (på engelsk) LIFG, den "islamske kampgruppa". Dei hadde prøvd eit opprør på 1990-talet, men feila; mange vart fengsla (og vart sluppe fri etter avtale med Sayf al-Islam), andre flykta i eksil til Afghanistan, der noen av dei ganske riktig tok kontakt med Usama bin Laden. Men dei fleste av dei forlot bin Laden ganske raskt, fordi dei ville slåss mot Qadhafi, ikkje USA - USA var som kjent motstandar av Qadhafi. Berre ein handfull vart verande i Qa'ida, derimellom "Abu Yahya al-Libi" som var aktiv i 11. september-aksjonen. Men dei som kom tilbake til Libya i 2011, hadde brukt åra i mellomtida i eksil i andre land, eller i fengsel. Dei var nok fortsatt islamistar av ulik valør, men ikkje jihadistar i al-Qaida-meininga, og fleire kjempa sammen med sekulære opprørarar. Dei slutta seg også til det felles overgangsrådet, og vart blanda inn i rivaliseringane der. Leiaren i gruppa, Abdelhakim Belhajj, tapte i ein maktkamp om ein regjeringspost i 2011, og er nå blitt businessmann og leiar eit lite borgarlig-konservativt parti som får eit par prosent stemmer.
Seinare kom jo kaoset, og gav rom både for Ansar al-Shari'a (alliert med al-Qa'ida) i Benghazi, og IS i Syrte. Både ex-LIFG og Brorskapet er derimot del av det politiske livet i Tripoli, alliert med dei militsane (Misrata-militsen) som kasta IS ut av Syrte. Byen Derna i aust har hatt ei eiga historie, der andre konservative islamistar vart angripe av IS, men klarte også der å kaste IS ut og ta styring med byen på eiga hand. Men alt dette er altså del av det generelle kaoset. Dei dominerande motsetningane i Libya i dag kjem av rivalisering mellom personar, stammar og byar; religiøs og annan ideologi spiller ei heller underordna rolla. IS og Qa'ida kjører sine eigne løp på sida av det andre rotet. Under den tida NATO-krigen pågjekk, var ikkje dette ei sentral problemstilling.