Etter å ha stått stille i over eit år, har det vore store endringar ved fronten i Libya-konflikten dei siste vekene. Mens generalen frå aust, Khalifa Heftar lenge omringa hovudstaden og, iallfall på kartet, såg ut til å stå nær ved å ta over heile landet, er vi nå tilbake til at Libya er delt i to omlag på midten. Egypt har foreslått våpenkvile, og er fortørna over at regjeringa i Tripoli har avslått det. Men når ein går forslaget litt etter i sømmane, var ikkje det så rart - det var eigentlig eit forslag om at Tripoli, som var i framgang, skulle kapitulere til dei som var på retrett. Det var nok lite realistisk. Spørsmålet nå er om dei internasjonale partane i konflikten ønsker å tvinge fram ei våpenkvile, og om dei i så fall vil vere i stand til det.
Aktørane
Vi har jo skrive ein del om Libya på denne bloggen, men for nye lesarar, la oss berre liste opp kven som er aktørar:
- Vi har to maktsenter i landet som er i krig med kvarandre. Det eine er ei regjering i hovudstaden Tripoli i vest, som er den mest folkerike delen av landet. Regjeringa der vart oppretta gjennom FN-styrte forhandlingar, og har Fayyez Sarraj som leiar. Den har ingen eigentlig hær, men er halde oppe av mange ulike militsar, i all hovudsak lokale grupper som ofte er rivalar seg i mellom. Internasjonalt er Tyrkia den fremste støttespillaren, i tillegg til FN, men også noen EU-land som Italia ser med velvilje på denne regjeringa, ikkje minst avdi migrantane over Middelhavet i stor grad kjem frå denne delen av Libya, så det er Tripoli-regjeringa, om noen, som har muligheit til å stanse den straumen.
- Det andre senteret er i aust, først og fremst i småbyen Tobruk. Det bygger på fleirtalet frå siste parlamentsval i 2014, som også var internasjonalt anerkjent. Den politiske leiaren her er parlamentspresidenten Aguila Saleh, men den sentrale personen er den militære leiaren Khalifa Heftar. Mye av striden i Libya dreier seg om Heftar. Formelt er han berre hærsjef for "Libyas nasjonale hær", som er namnet på den militsen han i si tid oppretta, men som nå er anerkjent av Tobruk-regjeringa. Men han har ikkje tidd stille med at hans målsetting er å bli Libyas leiar, den sterke mann som kan styre landet.
Tobruk-regjeringa er støtta først og fremst av nabolandet Egypt og dei Foreinte Arabiske Emirata, og også av Saudi-Arabia. Desse Golf-landa har bidratt med store midlar, som ikkje minst er brukt til å hyre inn mange leigesoldatar frå Sudan og andre afrikanske land. Russland har uoffisielt også gått inn på Heftars side, og har sendt inn opp til eit par tusen "uformelle" russiske leigesoldatar.
Marsjen mot Tripoli
Slik var altså stoda fram i vinter: Heftar hadde full kontroll i den austlige delen av landet, og i april i fjor feia han utan særlig motstand gjennom ørkenområda i sør, fram mot Tripoli. Men her vart han stansa av dei lokale militsane som samla seg for å forsvare byen og regjeringa der. Dei russiske leigesoldatane som kom utpå hausten hjalp Heftars styrkar å halde stillinga, men fekk ikkje til noe definitivt gjennombrot. I januar 2020 meldte så Tyrkia si interesse, og stilte fleire tusen soldatar og materiell, ikkje minst avanserte dronar, til Tripoli-regjeringas disposisjon. Dei klarte å nøytralisere dei russiske soldatane, og presse Heftars styrkar tilbake frå forstadane i Tripoli.
I mai mista Heftar kontrollen over ein viktig luftbase nær Tripoli, og seinare den månaden trakk dei russiske leigesoldatane seg tilbake frå fronten. Få dagar seinare følgte resten av Heftars styrkar etter, etter å ha mista sitt viktigaste bruhode, byen Tarhuna søraust for hovudstaden. Tripoli sine styrker følgte etter dei, og frontlina står i dag midt i Libya ved byen Sirte som ligg inn i "bukta" som delar Libya i aust og vest. Byen er særlig viktig, for dei viktigaste utskipingshamnene for Libyas olje ligg noen kilometer aust for Sirte, og er altså fortsatt i dag under Heftars kontroll.
Denne utviklinga ser ut til å ha ført til ein viss desperasjon for Heftar. Det har tidligare vore antyda at fjorårets ilmarsj mot Tripoli var "Heftars siste sjanse". Han er ein eldre mann, han er først og fremst militær og bygger sin autoritet på styrke og seiersevne. Det var tvil om han ville overleve politisk om han leid nederlag ved Tripoli-fronten - som han altså nå har gjort. Dette kan forklare eit av hans plutselige omskifte i slutten av april, da han sa seg fri frå Tobruk-regjeringa som hadde utnemnt han til hærsjef og erklærte seg sjøl som Libyas herskar. Dette vart tatt ille opp av hans formelle overordna i Tobruk, spesielt parlamentspresidenten Aguila Saleh som Heftar dermed hadde skove til sides, men spesielt av Russland og andre av Heftars støttespillarar i Egypt og UAE, som alle fordømte utspillet og erklærte at Saleh og Tobruk var deira partnarar. Ikkje minst kan dette ha overbevist leiinga i Moskva at Heftar ikkje var ein stabil partnar å spille på, mye tydar på at Russland aldri var heilt trygg på si støtte til Heftar, i større grad enn t.d. Egypts militærregjering. Heftar bøygde iallfall av, og gjekk tilbake på si erklæring (nok ein gong, det er ikkje første gong han har hatt slike uovervegde utspill).
Våpenkvile-forslag: Frå venstre Aguila Saleh, Egypts al-Sisi, Khalifa Heftar |
Nå spørs det likevel om Tripoli kan - eller bør - komme så mye lenger austover enn dei har. Sirte er nemlig meir enn berre ei oljehavn. Det er også byen Qadhafi søkte tilflukt i, og der motstanden mot heile revolusjonen i 2011 er sterkast. Spesielt er dei fiendtlige til Misrata-militsen - Misrata er den største byen vest for Sirte, og kjernen i Tripoli-regjeringas styrkar. Denne motsetninga var så sterk at da Qadhafi-lojalistane var nedkjempa i 2011, trakk Misrata-militsen seg ut av Sirte for ikkje å lage unødig splid, noe som opna rom for at IS ei kort tid tok seg inn og oppretta eit regime i byen. Igjen måtte Misrata inn for å kaste ut IS, men trakk seg av samme grunn tilbake og overlot byen til ein lokal milits. Som så vart nedkjempa av Heftar, som deretter har kontrollert Sirte. Det er ingen grunn til å tru at Sirte vil bli noe stabilt område for Misrata-gruppa nå heller, om dei skulle igjen klare å ta byen.
Kva vil Tyrkia og Russland?
Trass i desse omkastingane lokalt i Libya, er likevel kanskje den tydeligaste endringa det siste året at borgarkrigen er blitt internasjonalissert. Nå er dette ein vanlig stereotypi i borgarkrigar: Dei som er utsatt for slik indre strid vil ofte si: "det er utlendingane som lagar alle problema, om berre vi hadde fått vere i fred, ville alle problema vore løyst". Som oftast er dette mest fromme ønsker, dei fleste borgarkrigar har solid lokal basis og bygger på lokale konfliktar, sjøl om stormakter eller naboar blandar seg inn. Så også i Libya, både opprøret i 2011 og borgarkrigen etter 2014 var runnen av lokal rot, og libyarane må ta mye av skulda på eigne skuldrar for at det gjekk slik det gjekk. Men i det siste året begynner dette likevel å bli meir sant enn det var.
Rett nok er kaoset både inne i Tripoli og Benghazi med kjempande militsar fortsatt mye lokalt fundert. Men i dei store kampane mellom Heftar og Tripoli-regjeringa har leigesoldatar fått større og større betydning, på begge sider, og dei er også finansiert utanfrå. Ikkje minst er næraste nabo, Egypt, investert i konflikten på Heftars side, og ser med stor uvilje på at eit fiendtlig styre i Tripoli skulle nå heilt fram til Egypts grenser. Dei har også "kjøpt" Heftars beskrivelse av Tripoli-styret som eit islamistisk styre dominert av Sisis hovudfiende, Det muslimske brorskapet. Det er nok sterkt overdrive, Brorskapet deltar i Tripoli-styret, men har neppe noen dominerande innverknad, sidan dei ikkje har noen særlig stammebasis og ingen eigen milits. Men det er i det bildet vi må sjå Egypts trussel om å gripe direkte inn og sende inn styrkar dersom Sirte skulle falle i Tipoli-regjeringas hender.
Russlands bidrag var lite i antal, men trulig godt trente og utrusta soldatar som gjorde ein reell forskjell ved fronten. At det var Tyrkia som så gjorde forskjell på motsett side, er heva over einkvar tvil (og deira soldatar er også i stor grad arabiske leigesoldatar, frå Syria, ikkje tyrkisk-talande "heimefrå"). Så om det opplagt er ei forenkling å sjå krigen som ein krig mellom Russland + Egypt på ei side og Tyrkia på den andre, er det klart eit viktig element, langt meir viktig i dag enn for eit år sidan.
Egypt trugar med å blande seg |
Men kva er deira interesser her? Dette minner jo om stoda i Syria, der det også var Tyrkia mot Russland, rett nok med motsett fortegn: der var det Russland som støtta regimet i hovudstaden, og Tyrkia som støtta opprørarar. Men det vi såg og ser i Syria er at dei to maktene bak framfor alt vil unngå å komme i konflikt med kvarandre, og ikkje (berre) fordi Tyrkia er med i NATO. Både Tyrkia og Russland hadde heilt klare ambisjonar der om å vere "arkitektar" bak ei forhandlingsløysing som sikra interessene deira, meir kanskje enn hensyn til dei lokale partane som dei i prinsippet stod til teneste for. Ser vi det samme i Libya? Det var tydelig ved fronten at både Russland og Tyrkia prøvde å unngå å komme i direkte kamp med kvarandre - og dekte seg jo også bak leigesoldatar på kvar side. Kan det vere at Tyrkia og Russland har planar om å vere fredsmeklarar og prøve å bestemme ei løysing for Libyas framtid som dei vil tre ned over hovudet på dei lokale?
Det er ikkje utenkelig. Men vi har ikkje sett så mye til det. Fredsforslaget til Sisi var altså nepppe seriøst meint, og sjøl om både FN og andre oppmoda alle om å komme fram til ei forhandlingsløysing, deltok Russland ikkje i seansen i Kairo, og hadde tydeligvis ikkje noen prestisje i forslaget. Ei slik russisk-tyrkisk megling vil naturligvis ha dei to partane i fremste line. Og om dette er på gang, så er det for tidlig å gå opent ut med det. Men det kan også vere at dette ikkje er sett på som realistisk. Situasjonen i Libya er så labil, at det er godt mulig at begge partar innser at dei ikkje kan styre kvar si side. På Tobruk-sida er Heftar heilt openbart ein laus kanon; han har trassa Russland mange gonger før, og også underskrive på våpenkviler han opent har sagt er verdilause. På Tripoli-sida, har nok Tyrkia i dag stor innverknad på regjeringa, men det betyr ikkje at dei kan ha noe håp om å dirigere dei dusinvis eller fleire lokale militsane som er den faktiske fysiske makta i denne regionen. Dei stod samla mot Heftar når han truga byen, men nå som dette presset er letta, vil det ikkje overraske om dei gjekk tilbake til vanlig kjekling og lokal rivalisering. Og det vil vere hasardiøst for Tyrkia å forhandle fram ei løysing med Russland, dersom denne vart ignorert av dei lokale kreftene på bakken.
Derfor er det godt tenkelig at, i den grad dei to utanlandske maktene har planar om ei framtid for Libya, er det på lenger sikt, etter at ting har roa seg ned etter noen år, og at dei kanskje like mye er til stades i Libya for å hindre ei utvikling som dei ikkje er tent med, heller enn å nå å prøve å gjennomføre noe som det ennå ikkje er grunnlag for.