mandag 16. august 2021

Taliban vann - kva nå?

Dramatisk døgn i Kabul - scener som minner om Saigon 1975. Men kva skjer framover i landet? Afghanistan er litt utanfor det området eg følger tettast, så svara må komme frå dei som kjenner landet. Her kan vi berre prøve å stille noen spørsmål, ting eg trur det kan vere interessant å fokusere på framover.


Tilbake til kva?

Kommentarane så langt har jo fokusert på tvekampen mellom regimet i Kabul (Ashraf Ghani, og før han Hamid Karzai) med amerikansk støtte sidan 2001, og Taliban, som styrte før dette, i 1996-2001. Men Afghanistan har jo ei historie før dette også. Etter at Sovjet trakk sine styrkar ut, og deira klient Najibullah vart kasta ut i 1992, var det ein periode da mange ulike militsar eller styrker som vart kalla "mujahidin" (Motstanden) då dei kjempa mot Sovjet, og "krigsherrar" da dei tok over makta, prøvde å skape eit nytt, post-sovjetisk Afghanistan. Men det gjekk ille, det vart til stadig kamp mellom desse krigsherrane, meir og meir som ein borgarkrig, med skiftande alliansar og kampar i ulike regionar. Taliban var ikkje mellom desse, den islamistiske rørsla oppstod tvert om i reaksjon på krigsherrane, og lovde å skape fred og stabilitet - noe dei også i eit visst mon klarte. Det var mye av grunnen til at dei også da, i 1995-96, avanserte lynraskt og tok over provins etter provins, ganske likt i dag.

Desse krigsherrene som da vart skove til sides var likevel ikkje berre skurkar, dei representerete ulike folkegrupper og stammar i ulike delar av landet. Og - dei er der fortsatt. Både stammane og folkegruppene, men også mange av dei samme personane som skjøve ut av Talibian på 1990-talet. Etter 1996 samla dei seg i nord, kalla "Nord-alliansen", og stod samla [med vestlig støtte] og klarte å halde dei nordlige delane av landet ute av Talibans hender. Derfor er det interessant at Taliban i dag har nettopp gått kjapt inn og tatt kontroll over "skaftet" på kartet i nord, Panjshir-dalen, og dei andre områda som dei ikkje styrte da. Taliban styrte altså aldri heile Afghanistan den gongen, men kan gjere det nå.

Ismail Khan

Kva gjer desse, Talibans gamle fiendar nå? Den fremste av dei, Ahmed Shah Massoud, tajik-leiaren, vart drepen den gongen, men son hans har tatt over som ein leiar for tajikane. Ismail Khan, "løva frå Herat" i vest har etter det vi hører overgitt seg eller blitt fanga av Taliban og kan derfor ikkje reise motstand, mens Abdul Rashid Dostom, den brutale leiaren av uzbekane i nordvest (Mazar-e sharif) har flykta til Uzbekistan, ikkje for første gong, og kan kanskje bygge opp ein motstand derfrå.

Abdul Rashid Dostom
At Taliban nå har tatt over provins etter provins, betyr derfor ikkje nødvendigvis at det blir fred og ro. Sjøl om Ashraf Ghani-perioden nok er over - det regimet hadde nok ingen stor stammebasis, så det kan vere at "tilbake til" kan bli tilbake til 1992-1996, altså stadig borgarkrig mellom dei gamle kjempane, som rett nok er blitt tjue år eldre, som at det blir tibake til 1996-2001. 


Kva er Taliban i dag?

Det andre spørsmålet er kva Taliban nå er. Også her har det skjedd ei endring, Mulla Omar var den store emiren, leiaren i 2001, men han er død, og ikkje fått noen openbar etterfølgar med samme autoritet. At Taliban i ideologi og styresett til synes tar over der dei slapp, er ikkje overraskande - når vi sammenligner med det meir liberale styret som vi hadde i Kabul og storbyane seinare. Men berre å kalle Taliban "islamistisk" eller "fundamentalistisk", seier ikkje så mye, det er store variasjonar også innanfor det. Det som prega styresettet til Taliban den gong var at det ikkje var noe styresett, eller iallfall minst mulig. Idealet deira var at kvar stamme - innanfor Talibans sirklar - styrte for seg. Dei fordelte ministerpostane seg imellom, men så reiste "ministrane" kvar heim til sin dal, og lot administrasjonen, slik han nå var, stelle på eiga hand. I den grad Afghanistan hadde eit sentralstyre, låg det hos Mulla Omar i Kandahar i sør. 

Vil det fortsatt vere tilfellet? På den eine sida har Taliban fått eit "ansvarlig ansikt", talsmenn som forhandlar i Qatar med USA, og som kjem med beroligande uttalar. Det hadde dei ikkje sist. Er det berre staffasje, eller representerer dei ei form for sentral-leiing i rørsla? I kva grad er dei ulike gruppene som nå kjemper under Talibans flagg faktisk sameinte? Dei har openbart hatt ei militær samordning og leiing, dei har oprerert ganske likt over landet. Men nå er kampen vunnen, og dermed også det som samlar dei. Vil ulike grupperingar nå ha ulike ønske om kva nå skal skje? 

Har vi på den eine sida stammar og stammeleiarar som først og fremst vil vere i fred i sine områder, som ønsker slutt på krigen som har herja, og også innblanding, det vere seg i liberal eller streng retning, frå sentralmakta? ("Her er det eg som bestmmer rett og gale, og ingen frå Kabul, kva enn dei nå seier") Mange seier at Taliban er blitt meir jihadistiske, meir Qa'ida-påverka nå enn dei faktisk var da Qa'ida satt der. Kanskje det gjeld spesielt noen grupper som det berømte, og slagkraftige Haqqani-nettverket, som tildels har vore som eigen organisasjon for seg sjøl i aust, og over i Pakistan. 

På den andre sida har jo ikkje berre soldatar, men dermed også mange stammar skifta side dei siste vekene og slutta seg til Taliban. Kva rolle skal dei få spille i det nye styret? Dei er neppe på Qa'ida-lina, men på tradisjonalismen. Vil dei bli sett på som seine overløparar utan innverknad, eller vil styret (slik profeten Muhammad gjorde i si krigføring) tvert om sjå på dei som verdifulle representantar for det "djupe Afghanistan" som gjer at dei kan halde landet mot dei utfordringane som vil komme? Vil Taliban rett og slett halde sammen, nå som dei for første gong (om ikkje krigsherrane kjem tilbake) faktisk ikkje har noen indre fiendar?


Kva med terrorismen?

Og kva med Qa'ida? Vestmaktene seier at noe som faktisk vart oppnådd ved invasjonen i 2001 var at Qa'ida vart kasta ut frå Afghistan. Og det er rett, sjøl om dei vel hadde ein fot innanfor, så var det ikkje så opent som før 2001. Men Qa'ida-leiinga har jo halde til i Taliban-nære områder i Pakistan seinare. Dei vil sikkert vere interessert i flyte tilbake inn i Afghanistan og etablere seg (ennå meir) nå. Vil det nye styret tillate det? Det kan jo tilmed bli noe dei kan bli internt ueinige om, sidan det vil hindre normaliseringa med omverda. "Talsmennene" ønsker nok ei slik normalisering, det er vanskelig å sjå at Haqqani-nettverket har noen slik interesse. 

IS-krigarar i Afghanistan

Dessutan eksisterer jo også IS i Afghanistan, deira "wilayat Khorasan". Dei har vore fiendar av Taliban, og er det trulig fortsatt. Om dei ikkje har fått allierte innanfor noen Taliban-grupper - det er mulig - så vil dei vere kjelde til uro. Vil dei starte angrep på Taliban, som "ikkje ekte muslimar"? Eller vil dei prøve, som Qa'ida, og skaffe seg ein base med eller utan Taliban-støtte i dette islamske emiratet (som altså ikkje blir det kalifatet IS meiner er det rette).


Kva med det regionale?

Og til slutt: Kva med Pakistan? I amerikanske spionfilmar kan ein få inntrykk av at Taliban berre eit instrument for Pakistans sikkerheitspoliti, ISI. Dét er nok overdrive, men det er klart at Pakistan (eller iallfall fraksjonar innan sikkerheitsapparatet) har hatt kontaktar med Taliban og kanskje støtta dei. Ikkje på grunn av ideologi, men regionalt maktspill. Pakistans hovudinteresse er å hindre nære forbindelsar mellom India og Afghanistan, som kan omkranse Pakistan med fiendar. At Taliban skulle finne vennar i Delhi er lite trulig, så kanskje dei berre slapper av, og bidrar til at det nye styret i Kabul kan bli del av det organiserte verdssamfunnet, medlem i FN og mottakar av humanitær hjelp. Dette er eit vanskelig steg for Taliban, men Pakistan kan vere brubyggar. Men dei kan også - som Russland - ha ei line på at ustabilitet hos potensielle fiendar er ein god ting, og slik heller trekke støtten til dei som  har makta, og destabilisere det ved å tillate mulige fiendar av det nye styret å undergrave stabiliten i landet. 

Alt dette er berre spekulasjonar, naturligvis. Men det kan kanskje peike på noen felt som det kan vere interessant å halde fokus på, for å sjå kva hendingane i Kabul i dag vil ha på litt lengre sikt.

16.8.21