Det utgåande året har ikkje vore mindre begivenheitsrikt enn dei foregåande, med krig i Ukraina, strøm og kriser. Mykje av dette har foregått i Europa, og har nok konsentrert merksemda hit meir enn tidligare. Men også i Midtausten har det vore utviklingar som har vore av interesse.
Iran
Mest merksemd har naturligvis opprøret i Iran fått. Bakgrunnen for dette er jo velkjent, og kan oppsummeras i tre punkt: For det første ein kvinneprotest, fokusert på kravet om å bære hijab, og retta mot "moralpolitiet" (eigentlig "rettleiings-patruljar", dei har ikkje politimakt, så det er det ordinære, eller ”sikkerheits”-politiet som faktisk står for avstraffingane).
For det andre ein protest frå utkantane, sidan den kvinna som først mista livet, Mahsa / Jina [Zhina] Amini var kurdisk, og hadde i grunnen kledd hijaben slik det var vanlig i dei kurdiske områda, styresmaktene der hadde vore meir lempelige med hijab-bruken. Det var da ho besøkte Tehran at ho vart arrestert. Samtidig var det uro i motsatt ende av Iran, i Baluchistan på grensa mot Pakistan, og den vart raskt kopla til dei i Kurdistan, og spreidde seg så over heile landet. Baluchane er ein etnisk minoritet som snakkar eit språk som (likt kurdisk) er i slekt med persisk, men dei har det særtrekket at fleirtalet i provinsen er sunni-muslimar. I Iran som i nabolanda har baluchane stridd for større sjølstyre, med eit oppsving etter 2012. I dei kurdiske områda går konflikten langt tilbake; iranske kurdarar arbeidde spesielt sammen med persiske ytre-venstregrupper under shahens regime. Etter eit mislykka opprør rundt 1979, har regimet likevel hatt relativt god kontroll i regionen, men det er stadig misnøye der, som fekk eit utløpet etter drapet på Jina Amini. Sjøl om dette opprøret spreidde seg til å bli felles-iransk, har også mange persarar erkjent den kurdiske sida ved å bruke den kurdiske varianten av slagordet ”kvinne, liv, friheit” (zhan, zhiyân, ’âzâdî) i staden for sin eigen persiske ordlyd, zan, zendegî, âzâdî (slagordet vart først brukt i Kurdistan).Protestane vart likevel snart til eit generelt oppgjer med, ikkje berre det nåverande konservative styret i Iran, men med sjølve statsforma i den islamske republikken, ved å gå til åtak direkte på ”leiaren”, aytollah Khamene’i, og føre fram krav om ein sekulær stat. Det er openbart at opprøret fekk næring av den økonomiske krisa i landet under den vestlige boikotten, den dårlige handteringa av covid-krisa som ramma Iran særlig hardt, og mangelen på håp om bedring i forholdet til omverda.
Opprøret har famna uvanlig breitt, både geografisk over heile Iran, og også sosialt. Det er normalt antatt at den islamske ideologien har brei støtte på landsbygda og provinsane, mens motstanden mot innskrenkinga av kvinnerettar er sterkast i Tehran og middelklassen i byane. I haust ser det ut til at protestane har slått rot også i distrikt og sosiale grupper som har vore støtter for regimet tidligare, noe som har gitt protestantane håp om at den skal utvikle seg til ein revolusjon og maktskifte. Men dette er ikkje første gongen regimet har stått overfor store og omfattande protestbølger, og med harde middel har dei tidligare klart å ri det av utan store problem. Heller ikkje denne gongen har vi sett teikn til sprekkar i regimets einheit, og dei undertrykkande apparata i rettsvesen og dei ulike politistyrkane ser ikkje ut til å vere svekka. Enn så lenge er det derfor, diverre for dei som ønsker ei liberal endring, liten grunn til å vente seg for mye. Mange ser mot kva som skjer når ayatollah Khamene’i ein gong går bort - det har i fleire år vore rapportar om hans helseproblem - men det er nok diverre også her grunn til å tru at maktskiftet til ein yngre ”øvste leiar” med samme konservative grunnhaldning er både planlagt og vil kunne gå utan at protestane får ha stor innverknad på det. Skal regimet ein gong falle, vil det mest trulig skje ved at det oppstår splitting inne i regimet, og presset frå gatene ser nå heller ut til å ha ført til samling på barrikadane enn fragmentering - så langt vi ser utanfrå.
Tunisia
To land i Nord-Afrika som vi har følgt i desse statusrapportane, er Tunisia og Libya. Sist nyttår spekulerte vi om den nye presidenten i Tunisia, Kais Saied, som hadde oppløyst parlamentet og annonsert ei ny grunnlov og valg, ville gå i autoritær retning, bakover mot det som var stoda før den arabiske våren, eller gjeninnføre eit meir demokratisk styre. Utviklinga i 2022 har ikkje vore lovande. I september vart ei ny grunnlov vedtatt, med 97 prosent ”ja” - opposisjonen hadde boikotta avstemminga. Lova samla nesten all makt i hendene til presidenten, han utnemner og kan avsette regjeringa, og kan sjøl i praksis ikkje avsettas av noen. Lova gir lite rom for opposisjon eller politiske parti i det heile, som Saied har uttrykt liten tillit til. Sidan parlamentet slik ikkje har noen særlig makt, er det da heller ikkje noen overrasking at det var lite spenning rundt det første valget til eit nytt parlament under den nye grunnlova. Men det kom nok som ein liten kalddusj for presidenten at berre 8,8 prosent av velgarane gadd delta i valet. Ein heimesittarprosent på over 91 er trass alt relativt sjeldant.
Kaïs Saïed i einsom majestet |
Det har vore sosiale protestar over svekka levevilkår i Tunisia, men enn så lenge har den politiske utviklinga leidd til apati heller enn opprør. Det gamle systemet var ikkje populært, partia var der meir opptatt med å krangle seg imellom enn i å prøve å løyse problema i landet, og derfor var Saied ganske populær da han eigenhendig gjorde slutt på kranglinga ved å sende alle heim. Men hans eige styre, nå i sitt fjerde år, har heller ikkje ført til noen større forbedringar i levekåra til folk flest. Etter grunnlova skal neste presidentvalg vere i 2024, og blir da ei prøve på om han kan halde på den folkelige støtta, eller om opposisjonen klarer å skaffe nok tillit til å kunne stille eit truverdig alternativ. Eit viktig signal som ikkje går i presidentens lei, er at fagrørsla UGTT har skifta side. UGTT er eit både mektig og stabilt apparat i den tunisiske historia, frå sjølstendekampen til i dag. Dei var ein av ”kvartetten” som fekk Nobels fredspris i 2015 for å ha løyst førre store politiske krise, og dei støtta Saieds maktovertaking i 2021. Men nå har dei opna eit frontalangrep på Saieds ”økonomiske imperialisme”, på grunn av avtalar med IMF. Dersom UGTT gir si støtte til opposisjonen mot Saied, kan han få problem til neste år.
Er Saied så maktsjuk at han vil, som så mange autoritære statsleiarar, prøve å hindre valga å finne stad og forlenge sin eiga makt? Det veit ein jo aldri, men mest trulig ikkje. Saied er kjent som grunnlovsjurist, han er ikkje militærleiar (noe slikt finnas knapt i Tunisia), og har ikkje noe personlig maktapparat rundt seg. Heile hans legitimitet ligg i at han har halde seg innanfor formal-jussens reglar, og at han ikkje blir oppfatta som å mele si eiga kake. Skulle han prøve på eit sivil-kupp for å bli "livsvarig president" eller liknande, vil denne støtta falle, og han vil neppe klare å overleve politisk. Derfor kan den politiske utviklinga både nå i 2023 og kommande år bli interessant å følge, om Tunisia klarer å halde seg innanfor grensene av dei demokratiske rammene som vart trukke opp i den arabiske våren.
Libya
Vi har også følgt utviklinga i nabolandet Libya, som jo fleire i Norge er interesserte i, som tidligare norsk bombemål. Ved sist nyttår venta vi på eit presidentvalg, ettersom dei konkurrerande maktsentera i aust og vest såg ut til å samle seg om det. Vel, eitt år etter ventar vi fortsatt. Det er ikkje skjedd noen dramatiske endringar; den "foreløpige" statsministeren i Tripoli, Abd al-Hamid Dbeibeh, er fortsatt foreløpig statsminister, og den sterke mann i Benghazi i aust, Khalifa Heftar er fortsatt sterk mann i aust. Det mest interessante er ein tredje person, som nok var ukjent for dei fleste i Norge, tidligare utanriksminister Fathi Bashagha - vi hadde tilmed bilde av han, sidan vi rekna med at han ville bli "vest-Libya" - Tripoli - sin kandidat og ta over frå Dbeibeh. Det skjedde ikkje, han overspilte handa si. Han rekna med å ha så solid støtte i vest, spesielt i sin heimby Misrata, at han i februar overraskande reiste til Benghazi i eit fredsforsøk ved å alliere seg med ”fanden”, den evige rival og fiende Heftar. Parlamentet i aust, styrt av Heftar, utnemnde Bashagha til statsminister - tanken var vel kanskje at Heftar da skulle bli president i valget som aldri kom. Men Dbeibeh nekta å gå, og klarte å skaffe seg støtte frå noen militsar i Tripoli, som frykta Heftar meir enn dei støtta Bashagha. Da Bashagha og hans eigen milits frå Misrata prøvde å dra tilbake til Tripoli og bli innsatt der, vart dei slått tilbake av dei som nå - nok ganske opportunistisk - støtta Dbeibeh, og Bashagha måtte dra tilbake til Benghazi. Resultatet av det heile ”samlingsforsøket” vart at han sjøl hadde skifta side frå vest til aust, utan å få noe igjen for det.
Nye venner: Khalifa Heftar, Fathi Bashagha |
Der står situasjonen, det ser ikkje ut til å vere noen vidare utvikling fram mot valga. Fronten er heldigvis i ro, våpenkvila har i hovudsak halde året gjennom, bortsett frå Bashaghas mislykka framstøt mot Tripoli, men landet delt som før. Sivile protestar både i vest og aust mot delinga av landet og for at ”noe må gjeras”, også her på grunn av aukande økonomiske og sosiale problem som jo ikkje blir løyst av at landet ikkje har ei samla regjering, har ikkje ført til noen endring i den politiske splittinga.
Qatar
Så har store delar av folket i Norge oppdaga at det fins eit Golf-land som heiter Qatar, og at det har noen sosiale problem der. Media har sendt nedover to sett journalistar, dei som ser på problema på banen, og dei som ser på problema utanfor banen. Dette har ført til reaksjonar både i Midtausten, og her heime: Er denne dekninga av, og fokuset på, Qatars svakheiter uttrykk for dobbeltmoral - andre tvilsomme land får ikkje samme negative dekning eller boikottkrav når dei arrangerer VM eller OL - eller er det uttrykk for at folk bryr seg med svake grupper i fjerne land? Dette er eigentlig eit politisk spørsmål, som vi ikkje skal ta stilling til her, og slett ikkje fotballen. Men vi kan kanskje antyde at det kan vere lurt å gruppere kritikkane i tre: for det første, det reint fotball-interne om FIFA o.l., som ikkje er vårt bord her.
For det andre, forholda til arbeidsmigrantar og kafala-systemet med “sponsorar” som begrensar rettane til arbeidarane. Slike system har alle Golf-landa og dei er korkje spesielle eller verre i Qatar enn i dei andre. Men dei er resultat av olje-økonomien der og har ingen ting med Midtaustens kultur eller religion eller slikt; vi kan heller kalle det ei universell motsetning mellom arbeid og kapital, om ein vil bruke slike ord, ein kamp arbeidarar både i muslimske land og andre stader kan kjenne seg att i.
Og så er det motsetningar og ulikheiter på det sosiale området, slik som stillinga til kvinner og seksuelle minoritetar, som i området blir knytta til verdiar, religion eller “slik gjer vi det her”, og fører til protestar mot at kritikken er “vestlig misjonering av umoralske verdiar”, og så vidare, mens kritikarane seier dette også er forsvar av universelle verdiar. Vi skal ikkje gå vidare inn på korleis handtere desse motsetningane her, utover at det neppe er noen dårlig ting at alle desse problema får søkelys på seg, så lenge dei ikkje blir blanda saman til ei samla fortelling om at “Qatar er eit fælt land”, slik det kanskje var tendens til for dei som aldri hadde hørt om landet før. For det fortener nok Qatar ikkje, og skal ein gi støtte til undertrykte grupper der, bør det gjeras slik at det har best mulig reell verknad for dei ein vil støtte.
Israel
Netanyahu og hans lag |
Men fleirtalet i Israel har talt, demokratisk, og dette er det har komme fram til. Venstresida og dei liberale i landet er klar over at det er opp til dei sjølve å samle seg og prøve skape eit truverdig alternativ, om dei vil få tilbake det liberale og opne Israel dei meiner dei er i ferd med å tape. Pro-palestinske aktivistar har sagt at Israel må, i forhold til dei okkuperte områda, velge mellom å vere ein jødisk stat eller å vere ein demokratisk stat. Nå er også dei som bryr seg mindre om det palestinske problemet som spør seg om ikkje det samme valget gjelder også innanfor det jødiske majoritetssamfunnet.
Året som gjekk, har vore eit annuus horribilis for Europa. I Midtausten har det vore eit år for håp for forbedring i Iran, eit år for frykt for forverring for liberale i Israel, og eit år med spenning for det som kanskje kjem i Tunisia og Libya. I mange andre land med problem - Syria, Jemen, Libanon, Irak - har ikkje endringane vore dramatiske dette året, men også her ser ein med blanding av håp og uro på kva veg utviklinga vil gå i året som kjem.