mandag 1. januar 2024

2024: Status

I dette året, og særlig dei siste tre månadane er Midtausten igjen i fokus, på verste måte. Det vil også prege alle årskavalkadar i ulike media, så det blir kanskje for mye med endå ein her på Shubbak. Men det er jo skilsettande at vi også må markere det. Spørsmålet vi kan stille her, er: kvifor vart denne krigen i Gaza så annleis enn dei vi har sett før med jamne mellomrom, omlag kvart femte år, mellom Hamas og Israel? 
 
Men krigen i Gaza må heller ikkje dekke for ein annan fæl krig som oppstod i 2023, borgarkrigen i Sudan. Igjen må vi stille spørsmålet: Det har jo også i Sudan vore borgarkrigar store, ja kanskje størstedelen av tida landet har eksistert. Men denne krigen i år virkar å ha ramma så mye hardare. Kva er det som er så spesielt med den? 
 
Med desse to fokusa, er det kanskje ein lette å slå fast at for resten av Midtausten har dette vore eit ganske rolig år. Fortsatte protestar i Iran, stadig tilstramming i Tunisia, men ikkje drama på samme måten. Det har vore president- eller parlamentsval i Egypt, Irak og Tyrkia. Berre det siste fatta noe interesse, men mest for å slå fast at president Erdoğan faktisk har kontroll over valprosessen. Det har også vore eit fælt år for naturkatastrofar: store og dødbringande jordskjelv i Tyrkia / Syria i februar og Marokko i september, og flodbølge i Libya. Den siste delvis menneskeskapt, dei to andre ikkje. Økonomiske og politiske kriser er det i mange land, men dei "gamle" borgarkrigane i Syria, Libya og Jemen har - heldigvis - vore på lågbluss eller med fungerande våpenkviler det siste året, mens ein kunna fokusere på dei to nye, i Gaza og Sudan. 

Gaza-krigen: Grenseoverskridande? 

Nyttårsmeldinga frå Jerusalem i år var at "krigen kan komme til å vare i heile 2024". Er dette seriøst meint? I ein krig må ein skille mellom krigens retorikk, og krigens rasjonalitet. Så lenge kampane varar, vil naturligvis alle partar retorisk ta ein maksimal posisjon, for å halde motivasjon og moral oppe: "seier eller død!" "Vi skal kaste aggressoren på sjøen!". Noen krigar endar også med full siger for ein part, men det normale er at når begge partar har nådd så langt dei kan for sine realistiske mål, så stilnar våpna. Det har vore tilfelle i krigane i Midtausten før, også mellom Hamas og Israel i tidligare Gaza-krigar. Etter det mønsteret skulle Israel ha erklært seg tilfreds, og forhandla fram løslating av gjenverande gislar etter å ha svekka Hamas, f.eks. etter erobringa av Gaza by for noen veker sidan.  

Men nå ser det ut som om Netanyahu faktisk vil kjempe militært til han oppnår sitt retoriske og maksimalistiske mål om å "fjerne Hamas" frå jordas overflate. Dei fleste ser at dette ikkje er mulig, Israel sjøl meiner at Hamas fortsatt har tre firedelar av sine aktive styrkar intakt. Rett eller feil, så lenge rein fordrivelse av Gazas innbyggarar ut av Gaza ikkje lar seg gjennomføre - og det er Egypt som er sperra for dette, mest trulig - vil det fortsatt vere Hamas-folk der, og for kvar som fell i Gaza veks det trulig nye fram på Vestbreidda. Målet er retorisk, og burde ikkje vere eit realistisk krigsmål (i motsetning til å svekke Hamas, som er godt mulig og sikkert langt på veg gjennomført.) 
 
Fortsatt krigføring virkar derfor ikkje rasjonell, frå Israels synsstad; dei vil tape meir enn dei kan vinne, og fortsatte kampar vil neppe kunne få gislane fri i live. Men her må ein sjå på ordet "rasjonalitet". Eg skal villig vedgå eg var mellom dei mange som meinte Russland ikkje ville invadere Ukraina, sidan det var irrasjonelt; eit evt. okkupert Ukraina ville permanent binde opp fleire russiske okkupasjonsstyrkar enn dei hadde råd til. Ukraina ville ligne meir på Vestbreidda enn på Belarus. Men eg tok feil, fordi det er mange typar rasjonalitet, og mange element i det, og for Putin var invasjon (med rask erobring av Kyiv og Zelenskys fall) rasjonell ut frå andre målsettingar enn dei overordna vi utanfor la til grunn: Det ville bli ein pris, men det ville vere verdt prisen. 
 
Det samme må vi trulig si om Netanyahus og Israels motivasjon i Gaza-krigen. Igjen er det hasardiøst å prøve, mens krigen pågår og på lang avstand, å analysere motivasjonar og tenkemåtar hos dei stridande, men noen element virkar påfallande: 
 
- For det første det grenseoverskridande i Hamas sitt terrorangrep 7. oktober, bokstavlig og metaforisk. At ein bygger fredelige busettingar berre noen kilometer frå ei heit grense, med dødelige fiendar på andre sida, viser kor absolutt israelarane stolte på sine grenser og si sikkerheit. Rakettar som stort sett datt ned i ørkenen og enkelte håpløse knivangrep på open gate var ille, men rokka ikkje ved sikkerheita; Israels militærmakt heldt dei trygge. At Hamas ikkje berre kom seg lett gjennom grensa men klarte å halde israelske byar i fleire dagar, var så utenkelig at det opna opp det store traumet: Israel er i seg sjøl usikker, "dei" kan faktisk kaste oss på sjøen og drepe oss alle, dersom vi ikkje viser tilstrekkelig styrke. Vi utanfor ser ikkje kor reellt dette traumet opplevas av dei som bur i Israel. 

Nå er det ikkje folkemeininga som styrer krigen, og det er motstemmer - ikkje minst mellom gislas pårørande som ser at fortsatt krig heller kan gi døde gislar enn frigitte gislar - men generelt er ønsket om berre å bli kvitt heile problemet, det er dei eller oss, noe som ikkje setter grenser for dei som fører krigen. 
 
Israels krigskabinett

- Det andre er det som ville vore oppslaget i årskavalkaden om ikkje krigen hadde komme: dei store protestane mot Netanyahu og hans høgre-ekstreme regjering gjennom 2023, fram til krigen. Israel var da nesten like delt som USA er det nå. Den vanlige meininga var at Netanyahu nok ikkje var pådrivaren i "talibaniseringa" av landet, men at han ville gjere alt for å hindre å komme i fengsel for korrupsjon, og det å selge sjela si til dei høgre-ekstreme var nå det minste. Dette ønsket om klamre seg til statsministerstolen gjeld fortsatt. Det blir nok nyval når krigen er over, men det kan jo altså da ta si tid. Den politiske delinga av landet gjer at Israel nå har to regjeringar: Den høgre-ekstreme sit fortsatt, men hæren og offiserane vil ikkje la fusentastane komme i nærheita av krigføringa, så Netanyahu har i tillegg utnemnd ei eiga krigsregjering, som går over midten og er dominert av sentrums-krefter. Dei skal berre drive med Gaza-krigen; dei høgre-ekstreme skal ikkje ta i den, men har fått fritt leide på Vestbreidda i staden, og - som vi har sett - brukt det til å drive opp spenninga slik at eit fullt opprør der også er ganske mulig å sjå for seg i 2024. Men dette vil da bli ein krig med ein annan, og meir ekstrem israelsk motpart enn i Gaza. 
 
Men det er altså krigsregjeringa, med basis i det politiske sentrum, som fører krigen i Gaza nå. Dei er neppe opptatt av å berge Netanyahus skinn - mange av dei har jo kjempa for hans avgang i årevis. Dei ser også ut til å stille seg bak det maksimalistiske målet om å "utrydde" Hamas. Kva er deira rasjonale? Det kan naturligvis vere dei militæres "ære", truverdet til det israelske forsvaret vart jo kraftig svekka 7. oktober, og dei kan trulig ikkje skyve alt ansvar over på Netanyahu og regjeringas politikk. Å vise at dei faktisk er absolutte overmenn i ein konflikt med fienden kan gjenopprette noe av det, men da kan dei ikkje slutte for tidlig. På den andre sida, å styre rett inn i ein evigvarande og uvinnelig konflikt bidrar ikkje til det. Derfor er det trulig at denne hærleiinga har eit eller anna meir begrensa mål som dei meiner dei kan oppnå, og vil tilby våpenkvile når det er oppnådd. Men kva det er, er vanskelig å sjå. Det kan ha å gjere med å ødelegge tunellane, som er Hamas sin viktigaste strategiske fordel; eller antall drepte Hamas-krigarar. Men det er trulig her, i dei lukka vurderingane til den militære leiinga og krigsregjeringa, at vi vil på eit tidspunkt sjå slutten på denne krigen. Utanfrå er det vanskelig eller umulig å sjå kva dette målet er, og når det vil bli oppnådd. 
 

Sudan: Statens sammenbrudd?

Den andre store og nye krigen det siste året, ramma eit land som vi i Bergen har nære samband med, Sudan. I haust skulle vi hatt konferanse i Khartoum for tretti års samarbeid med UiB, men den måtte da haldas i Bergen, det var nærast eit "virtuelt akademisk Sudan" i eksil som representerte landet. 


Men også Sudan har jo hatt krigar i det meste av desse tretti åra, utan at det har affisert det akademiske samarbeidet i stor grad. Kva er så spesielt med akkurat denne konflikten? For å svare på det, må vi sjå på landet. Sudan vart samla under kolonistyret av fire ulike delar: det sørlige Sudan (dei tidligare slave-markane), som fekk sitt sjølstende i 2006 som Sør-Sudan; det gamle kongedømmet Darfur i vest, som ligg nær opp til Tsjad i kultur, og kystområdet i aust (Beja-området) med grense mot Etiopia. Men midt i dette ligg Nilen og Nildalen, som er det sentrale, og mange vil kanskje si det "eigentlige" Sudan, med sterk nasjonalkjensle og sterk arabisk identitet, langt større enn i dei tre andre delane. Politisk og sosialt er det dette, det "nilotiske Sudan" som har dominert landet, og som både elite og mellomklasse kjenner seg mest heime i. 
 
Og alle borgarkrigane som Sudan har vore involvert i, har foregått i dei tre utkantane, først fremst i sør og i Darfur. Nildalen har naturligvis vore berørt av desse, ikkje minst den store mengda flyktningar som strømte til Khartoum. Men, trass i fleire statskupp, protestar og eit fleire tiår langt islamistisk styre, har dei aldri vore direkte krigsarena. Frå mars i år vart dei nettopp det, kampane raste intenst i det sentrale Khartoum, og store delar av byen vart ubebuelig. Statsadministrasjon - og med det også universitet, og ambassadar, som den norske - måtte rømme byen. Eit forsøk på halde ved like noen statlige funksjonar frå provinsbyar var det beste ein kunne klare, men Sudan som stat har langt på veg brote sammen det siste året. Dei som kunne, flykta landet. Alt dette var heilt nytt og eit stort sjokk på dei til synes krigsvante sudanesarane. Landet har fungert gjennom det meste, nå gjer det ikkje det lenger. 
 
Det hjalp ikkje at det ikkje ser ut til å vere mulig å ta stilling politisk eller ideologisk til noen av partane i konflikten. Det er ikkje ein etnisk eller regional konflikt, og så langt synes heller ikkje noen ideologisk motsetning, men ein rein maktkamp mellom to militære leiarar som kjem frå samme bakgrunn. Dei to er altså hærsjefen, Abd al-Fattah al-Burhan som har dei regulære militære styrkane bak seg; og Muhammad Dagalo, kalla "Hemetti", som leiar ein spesialstyrke, RSF (Rapid Support Forces, "Quds" på arabisk), som vart oppretta av det gamle regimet for å kjempe i Darfur. Hemetti og RSF har ein basis i Darfur, men borgarkrigen ser ikkje ut til å vere mellom Darfur og sentrum, berre mellom dei to militærstyrkane. Burhan og hæren blir av til mistenkt for å stå nær islamistane i det gamle regimet, men også Hemetti og RSF har altså basis i det, og både Burhan og Hemetti stod bak kuppet som avsette regimet i 2019. Hemetti har nok prøvd å spille "islamist-kortet" mot sin motstandar, men det har ikkje vore heilt tiltruvekkande. Kynikarane som seier det dreier seg om pengar har kanskje meir rett. 
 
Kampane starta altså midt i april, og ser ut til å fortsette med uforminska styrke inn i det nye året. Sidan det var ein maktkamp, var altså hovudstaden Khartoum sentral i kampane i den første tida, men det blussa også opp igjen i Darfur, RSFs kjerneområde, dels som eit framhald av den gamle striden der. Noen fraksjonar av den gamle anti-Janjawid-alliansen i Darfur har slutta seg til Burhan og hæren si side, mens andre har angripe dei. Dei siste vekene er også Sudans nest største by, Wad Madani sør for Khartoum, som var spart direkte strid, nå blitt ein krigsskueplass. 
 
Det er altså ingen å heie på i denne konflikten, utan altså å få slutt på den. Ein skulle tru at i ein strid mellom ein hær og ein milits, så burde hæren trekke det lengste strået, men det ser ikkje ut til å vere tilfelle, det er heller Hemettis RSF som har styrka seg etter som kampane har spreidd seg, det var dei som tok kontroll over Wad Madani, og dei ser ut også til å ha overtaket i Khartoum. Hemetti har ikkje noe godt renommé, kjent som "slaktaren frå Darfur" og leiar for dei berykta Janjawid-styrkane. Han skal ha hatt kontaktar både med aust-Libyas Khalifa Heftar og den tidligare Wagner-gruppa, men også med Dei foreinte arabiske emirata. Det er likevel uklart om Hemetti vil kunne klare å vinne over (det som var) regjeringshæren og etablere seg som Sudans nye leiar. Like uklart er det kva slags styre det ville vere kunne leie, men tanken ville vel helst gå til eit ustabilt og avgrensa militærstyre slik vi har sett i Tsjad og andre land i Sahel-regionen. Men Sudan er i utgangspunktet både meir ressursrikt og har ei meir etablert politisk og sosial historie enn desse, så nå åtte månader inn i borgarkrigen er det vanskelig å sjå kva som vil komme ut av den. 
 
Trass det eg skreiv i starten, at dei fleste landa i Midtausten har i 2023 bore preg av stillstand og kontinuitet, både i politisk sammenheng og i dei mange "frosne" konfliktane, så er desse to krigane i Gaza og Sudan ulykkelige døme på sammenbrudd som det nå ved årsskiftet er vanskelig å sjå utgangen på. Begge er initiert innanfrå, i begge prøver utanlandske krefter å få slutt på kampane (sidan ingen utanlandske krefter ser til å tene på konfliktane), men så langt utan hell: dei lokale motsetningane er for store til at utanlandske meklingar blir lytta til av noen. Men før eller seinare vil også desse kampane måtte stilne, det er vel det håpet ein kan dra ut av det.