fredag 6. mars 2026

Regimeskifte i Iran?

Angrepet på Iran har fått mange til å klø seg i hovudet. Ikkje på det langsiktige, Israel har jo pressa USA for å trekke dei med i eit slikt angrep i mange årtier. Men kvifor akkurat nå? Og kva slags mål har dei? Og ordet ”regimeskifte” er på alles lepper. Ikkje minst er dei som har flykta frå Iran, og dei som har sett regimet drepe titusenar demonstrantar i dei siste månadane, optimistar om at den undertrykkande islamske republikkens dager er talte.


Men mange ekspertar seier at regimeskifte nok ikkje er på trappane, iallfall ikkje i betydninga av at republikken fell. Og det har dei nok rett i. Regimet blir openbart meir svekka for kvar dag krigen varar, men likevel er det ingen ting som peiker mot eit regimeskifte i overskuelig framtid. Kvifor ikkje?


Da må vi sjå på forholdet mellom intervensjon og regimeendring. For at krig og åtak utanfrå fører til regimeendring må trulig eitt eller fleire av noen vilkår vere på plass.


1. Regimet er så tynt og svakt at eit vindpust blåser det overende. Modellen er frå historia: Algerie 1830. Då ein handfull franske krigsskip viste seg på havna i Alger, flykta dei tyrkiske herrane utan sverdslag, og deira tid var over. Slik er det ikkje i Iran. Det er ikkje eit einmanns-diktatur, sjøl om Khamene’i hadde siste ord på alt. Det er breitt regime bygd over femti år, og har ein solid institusjonell basis. Khamene’i var meldt dødssjuk fleire gonger før, og prosessen med å peike ut ein etterfølgar var godt førebudd. Hans etterfølgar vil kunne tre inn i hans posisjon, i utgangspunktet med samme autoritet som han sjøl hadde. 


2. Krigen kan svekke ordensmakta - det repressive statsapparatet - så mye at det ikkje kan halde statens autoritet oppe. Regimet har altså vist vilje til å drepe opponentar i titusenvis. Dette apparatet må da bort, slik at ein ny stat kan ta over. Dømet er Tyskland 1945: Dei allierte knuste nazistanes stat, og det demokratiske Vest-Tyskland og det kommunistiske Aust vaks fram. Det var dei alliertes innsats åleine. Men det fins ikkje noe døme på at dette har skjedd berre gjennom luftkrig. Libya 2011 er ikkje eit døme, fordi borgarkrigen der alt var i gang. Bombekrigen her berre hjelpte det eksisterande opprøret fram til siger (og det gjekk heller ikkje lett). Slik er ikkje tilfellet i Iran, og det må også leggas til at Qaddafis regime i Libya nettopp var smalt, det var eit diktatur der berre Qaddafis eigen personlige vilje gjaldt. Det er altså ein heilt anna situasjon enn i Iran i dag. Så ”Iran kan bli eit nytt Libya” er ikkje tilfelle - iallfall ikkje som direkte modell for utviklinga. 


Som i Tyskland må krigen derfor foregå på bakken, by for by og kvartal for kvartal. Det kjem ikkje til å skje (heldigvis for alle). USA er ikkje villig - korkje president eller velgarmassen - til å sette inn fleire hundretusen soldatar, og Israel - om dei i dei i det heile har ledige styrkar å sette inn - kjem ikkje til å gjere det. Både kva gjeld bombing og bakkekamp kjem dette av dei styrkane Iran har å stille med: hær, politi, basij-milits og ikkje minst den ideologisk konsoliderte og godt utrusta revolusjonsgarden (Pasdaran) på fleire hundre tusen soldatar (frå 300-500 000 mann, reservestyrkar medrekna). Det må til ein massiv invasjon for å nedkjempe den. 



Det er i det siste komme meldingar om at USA/Israel planlegg å bruke kurdiske opposisjonelle her. Dei er ideologisk delte, hovudgruppene er PJAK, som er knytt til PKK i Tyrkia, KDPI, som kan sammenliknas med regjerande KDP i nord-Irak, og Komala, ei marxistisk gruppe som har hatt samband med persiske marxistar. Dei har danna eit felles råd, og er nok villige til innsats. Men ingen av dei har hatt omfattande kamp-aktivitet i dei siste tiåra, og er neppe aktuelle til å vere i stand til å nedkjempe Pasdaran. Det er også politiske problem her; Tyrkia har nå fått kontroll over PKK-allierte i Syria, og vil vere svært uroa over å sjå ei militant avdeling vekse fram i Iran; også det eit naboland til dei kurdiske delane av Tyrkia. Dei som arbeider for monarki i Iran under den tidligare kronprinsen Pahlavi vil også bli skuffa om USA skulle støtte kurdiske krav om autonomi, monarkistane er - etter kurdisk oppfatning - sterkt opptatt av eit samla, persisk-dominert Iran. Men trulig er kurdar-sporet meint som eit sidespor, som i beste fall skal kunne binde opp noen pasdaran-styrkar der oppe i grenselandet.


3. Eit væpna opprør, som kan bekjempe politi og ordensmakt og ta over ”kommandopostane”. Modell Syria 2012-2023. Det tok altså svært lang tid der, og at dei tapte i 2016 og vann i 2024 var nok begge delar resultat av internasjonale forhold, regimet i seg sjøl var militært svakt. Uansett, den iranske opposisjonen er stor, men den er ikkje væpna. Tvert om har regimets styrke opp gjennom åra nettopp vore at opposisjonen ikkje har vore villig til å risikere ein borgarkrig, som ville bli svært blodig, og derfor heller har oppløyst seg og trukke seg tilbake etter represjon. Det finnes neppe, utanom i grenseområda Kurdistan og Baluchistan, noen væpna grupper som vil kunne gjere opprør (mens det i Syria i 2011 hadde vore fleire opprør i åra før, og ei lang rekke islamistiske geriljagrupper). Det repressive apparatet har hatt kontroll, sjøl om det har kosta stadig fleire demonstrantar livet. 


4. Ei splitting av regimet. Modell: Egypt 2011, der det var dei militære som kom dei fredelige demonstrantane i møte, avsatte diktatoren og opna for frie val. Det er jo drømmescenariet, sjøl om det varte berre to år før dei tok tilbake makta. Men det er ingen ting som tyder i den retning i Iran. Sjøl om det klare ulikheiter og fraksjonar mellom dei religiøse og politiske leiarane, står dei nå alle samla, og ikkje minst: Ingen teikn til desertering eller ordrenekt frå militære avdelingar. Sjøl om noen liberale politikarar skulle trekke seg ut av regimet - og ingen ting til det er synlig nå - vil ikkje det vere nok til at regimet fell så lenge Pasdaran står samla. At ein del av leiarane blir drept kan svekke regimet, men med ein brei basis å bygge på, så vil dei kunne bli erstatta. Ei slik splitting kan skje, om krigen varer lenge, men det kan også ha motsatt effekt: ei patriotisk samling av ”Iran trass ueiningheit samla mot invasjonen” - det var det som skjedde i 1980 då Saddam invaderte fordi han trudde regimet var svakt etter revolusjonen. Det var med på å samle iranarane, trass politisk usemje, i forsvar av landet mot inntrengaren. 


5. Ei så stor øydelegging av landet at økonomien ikkje lenger virkar. Da kan regimet kaste handkleet, fordi det ikkje lenger er noe å forsvare. Dette er delvis mønsteret på ein fredelig revolusjon: Generalstreik, butikkar stengas, offentlig transport er umulig: landet stansar heilt opp. I ein viss grad var det det som skjedde i Egypt i 2011: At demonstrasjonane varte ved og heile landet var i dvale var med å overbevise dei militære til å finne ei løysing. Men dei store demonstrasjonane i Iran har ikkje hatt den effekten, og dersom det er bombing frå lufta som skal føre til det, må altså landet leggas heilt i ruinar, modell Gaza. Iran er mye større, og det har jo ikkje virka heilt i Gaza heller, Hamas er fortsatt der i ruinane. Det er fare for at det vil Pasdaran også vere, i ruinane av Iran. Heldigvis, USA har neppe stamina til å gå til slik total nedbombing av sivilsamfunnet i Iran. Det får vi iallfall håpe. 


Så noen modell for regimeendring, det vere seg til monarki, republikk, kurdisk autonomi eller anna er ikkje tydelig. Det er kanskje også det beste, for kaos og destruksjon har følgt alle slike prosessar når dei er initiert utanfrå (intervensjon) unntatt i heilt spesielle tilfelle som Tyskland 1945. Det betyr ikkje at regimet er bra for Iran eller for andre - det er eit repressivt regime som var villig til å drepe fredelige demonstrantar i titusenvis. Det burde fjernas. Og ein revolusjon fører alltid med seg kaos og øydelegging (og ikkje alltid demokrati). Men skal den bli vellykka må den bygge på krefter innanfrå. Tilmed i Syria 2023 - og ”juryen er fortsatt ute” om det klarer å halde sine lovnader - var det ein reint intern syrisk prosess som førte til regimeskiftet der. Korleis det skal gå til i Iran, veit vi ikkje. Kanskje ei demokratisering ville kunne komme gjennom ei ”normalisering” av situasjonen og nedbygging av dei islamske revolusjonære institusjonane (voktarrådet, pasdaran), men heller ikkje det ville skjedd på kort sikt. Men krigen i dag går trulig i motsatt retning og vil styrke dei repressive delane av regimet.