Den "arabiske våren" starta midt på vinteren, i desember og januar, og rullar fortsatt vidare, i det som tilmed her nord må kallas ein sommar. Våren er jo metafor for forandring, noe nytt spirar og lovar blomstring og glede som vi får i fullt mon om sommaren, mens hausten kan vere eit bilde på forfallet, lauvet døyr og dalar, stormane ular og folk held seg inne.
Så kva vil "våren", den arabiske opprøret, føre til? Glede, demokrati og nye stabile regime der folka utviklar seg i fredelig kappestrid i diskursar og valg, eller varig ustabilitet, konfliktar, kupp og tendensar til borgarkrig?
Israelske forskarar trur det siste, at det vi nå ser er starten på ein ny periode med varig ustabilitet. Våre eigne statsvitarar, Kjetil Selvik og Stig Stenslie skreiv for noen få år sidan boka "Stabilitetens pris" (som har vore ei populær pensumbok) der dei peiker på den uvanlig lange perioden med stabile, ja fastfrosne regimer i Midtausten. Stabilitet har vore bra, men prisen er altså tilstivning, mangel på demokrati, og tiltakande korrumpering som naturlig følger når eit og samme regime sit for lenge. Denne stabiliteten vart altså brutt i mange av dei mest tilstivna landa i vår.
Stabilitet har jo ikkje alltid vore det som pregar Midtausten. Det lange tiåret frå 1958 til 1970 var tvert om ein periode med stor ustabilitet. I Egypt styrte rett nok Nasser med sterk hand, men i Syria og Irak var det jamnlige militærkupp med to-tre års mellomrom. I Jemen var det borgarkrig, og i Libanon ei sakte opptrapping frå krisa i 1958 til borgarkrigen som kom først i 1975. Jordan og Marokko skifta kongar i starten av perioden, og i begge landa satt krona laust på deira hoder. Marokko hadde fleire forsøk på statskupp frå militære eller andre fraksjonar av det gamle regimet, før kong Hassan fekk kontroll over situasjonen og etablert sitt (relativt liberale) einevelde. Kong Hussein vart også rekna som "svak" til han fekk rydda unna rivaliserande maktsenter og også han vart "sterk". Iran hadde opprør i 1963, og etter 1967 kom den palestinske faktoren forstyrrande inn i mange land, verst i Jordan (1970) og Libanon (frå 1975). Slik også i fleire land.
Så er vi nå på veg inn i ein tilsvarande lang periode med ustabilitet? Var autokratia eit nødvendig reisverk rundt samfunnet som måtte til for å halde ro og stabilitet? Akkurat i dag ser det jo slik ut. Ingen av revolusjonane har leia fram til noe rolig og stabilt system. Egypt er komme lengst, dei har eit etablert overgangsstyre som ser ut til faktisk å planlegge ein overgang, det er eit yrande og fritt politisk liv, og det gamle regimet ser faktisk ut til å vike for eit nytt. Men det er fortsatt humpar på vegen; politi og hær slår av og til ned på opposisjonelle, det er fare for sekteriske konfliktar, og det er uklart om det politiske systemet klarer å vokse fort nok til å halde tritt med endringane i det institusjonelle systemet, med parlamentsvalg alt i haust.
I det andre suksessfulle revolusjonslandet, Tunisia, går det ikkje så bra, overgangsstyret er nær handlingslamma, men prøver å imitere egyptarane med ein aksellerert institusjonell prosess, nye valg rett nok utsatt noe, men lite og ingen ting blir gjort for å førebu det. Den økonomiske situasjonen blir verre, ikkje bedre, motløysa breier seg og folk flyktar til Europa. Urovekkande var meldingane frå ein industriby i Jerid i vest, der det har oppstått ein rein vendetta mellom to stammar som begge tydeligvis prøver å jage den andre stammen vekk frå byen. Konfliktliner som ingen visste om vekkas til live, og er eit symptom på ei allmenn krise i samfunnet.
I dei andre landa er det verre. Dei konfliktane som har oppstått i Jemen, Libya og Bahrain (i dei to siste godt støtta av utanlandsk innblanding) vil ikkje forsvinne sjøl om eller når den akutte krisa er over. Dei vil prege desse landa i årevis; om dei ikkje blir løyst tilmed i årtier. Berre eit nytt diktatur kan halde under overflata, men så vil dei komme fram igjen. I Syria veit vi altså altfor lite om kva slags konfliktliner det er i landet, men det er klart det er skille mellom dei som støttar opprøret og dei som støttar regimet. Dei siste, anten dei er aktive eller nøytrale, fryktar trulig akkurat det som kanskje er i ferd med skje, at nye eller gamle konfliktliner er i ferd med å dele landet i kjempande fraksjonar. Og kvifor spreier ikkje opprøret seg vidare i regionen? Det er nok at autokratiske land å ta av i Midtausten, men ingen nye opprør har meldt seg på sidan Syria i mars. Kanskje det er nettopp desse spora som er med på å skremme (i tillegg til andre faktorar vi har vore inne på før).
På sett og vis kan ein jo også sjå til Irak, sjøl om det var invasjon og ikkje opprør som førte til Saddams fall. Med all USAs makt og innsatsvilje har dei fått stabla på beina noe som liknar på eit fleirpartistyre, men måtte gjennom ein blodig (og heilt ny!) borgakrig mellom shiaer og sunniar, opprør frå motstandarar av mange ulike kulørar, de facto autonomi ikkje berre for kurdarane, men langt på veg også aksept for at shiiske militsar styrer seg sjøl. Det er vel svakt å si at etter åtte år, så er det irakiske statsstyret knapt meir enn vaklande.
Så er det ikkje håp, var opprøret ein flopp som ikkje burde funne stad? Tja, historia er ikkje deterministisk (eller, for å vere presis, den bygger på mange faktorar som vi ikkje kan kjenne på forhånd). Seks månader er kort tid for ein revolusjon, korleis såg Paris ut i desember 1789? Og USA i november 1776? På nederlagets rand.
Den positive faktoren vi kan sjå er jo den vi nemnte først; Egypt. Eit nøkkelland som dominerer regionen er også det som viser flest framsteg. Det kjem til å bli tilbakeslag og voksterproblem for det egyptiske demokratiet, men sivilsamfunnet der er trulig sterkt nok til å overleve dei og peike ein veg framover mot eit stabilt sivilstyre som kan bli mønster i det minste for Tunisia, og kanskje også for regime i andre land som ser at revolusjonar er ein fare som kan omgåas ved reell reform. Marokko kan vere på den vegen, og Jordan har også potensiale til reform. At den handfullen saudiske kvinner som prøvde seg fortsatt sit bak rattet og ikkje bak lås og slå (det varer kanskje ikkje så lenge, men likevel) har også sammenheng med dette. Så ein del land kan gå mot stabilitet, mens det i andre kan vere den negative utviklinga som rår. Vi kan altså kanskje komme til å sjå at det blir større ulikheit mellom landa i Midtausten, og at dei landa der konflikten har vore skarpast (og skotvekslingane likeeins) kan komme til å bli taparane.
tirsdag 21. juni 2011
mandag 20. juni 2011
Syria: Kven slåss?
Det har vore stille her på bloggen dei siste par vekene; dels fordi studentar og eksamen har måtte få forrang, men dels også fordi det har vore vanskelig å få oversikt over kva det er som skjer, spesielt i Syria. Utviklinga har vore dramatisk dei siste vekene, med ein straum på opp mot ti tusen flyktningar over grensa til Tyrkia, og kampar i fleire delar i landet med mange drepte. Men trass i flyktningestraumen, har det vore vanskelig å få overblikk over kva det egentlig er som skjer på andre sida av grensa.
Det er opplagt at det har vore sammenstøyt og kampar, og det er klart at regimets hærstyrkar har gått usedvanlig brutalt fram, slik vi også såg tidligare i vår, med bruk av tanks og tungt materiell. For ei tid sidan erklærte dei at dei hadde "gjenerobra" grensebyen Jisr al-Shughur, før dei fortsatte mot andre byar i området for å "gjenerobre" dei. Men gjenerobre frå kven? Det er heilt uklart, fortsatt fleire veker etter at kampane starta. Skal vi tru på nyheitene, virker det som ein spøkelseskamp, hæren skyt på ein usynlig og unemnt fiende. Vi ser den eine parten, men ikkje den andre, om det er noen.
Vi må prøve å velge mellom noen "fortellingar" om kva som har eller kan ha skjedd. Den enklaste er at det ikkje er noen væpna motpart: Hæren skyt på tilfeldige sivile, eller på fredelige demonstrantar, drep dei vilt og jagar dei frå byen. I ein del vitneutsagn frå flyktningar, er det alt vi hører: det er ingen motstand, dei skyt og vi flyktar. Ofte er nok også det tilfellet: Det virker klart at hæren har systematisk skutt med skarpt på fredelige og ubevæpna demonstrantar for å stanse alle protest. I dei første månadene ser det ut til å ha vore situasjonen, sjøl om hæren også da la fram lik som skulle vere soldatar skote av "bandittar", var det tydelig at ildgivinga i hovudsak berre gjekk ein veg.
Men det ser ikkje til å vere tilfellet lenger. Vitner som har vore inne i Jisr al-Shughur fortel om store skotskadar på politistasjonar og hærens bygningar som viser at det har vore regulære trefningar, der det vart skote og skote tilbake. Byen har tydeligvis i ein periode vore heilt eller delvis kontrollert av væpna opposisjonelle styrkar, og er faktisk gjenerobra med våpenmakt.
Kven kan desse ha vore? Regimets fortelling er at dette er "bandar" og "gunmen" som skal ha drepe 120 soldatar, men utan å seie kven det skulle vere, kriminelle? stammar? Dei seier dei ikkje, og vi kjenner ikkje til noen som kan passe i den beskrivelsen.
Flyktningane fortel i staden om mytteri, og at hæren har opna eld mot soldatar og avdelingar som har nekta å skyte sivile. Dette høres meir trulig ut, at det har oppstått lokale utbrot der avdelingar av hæren har gjort opprør og vendt seg mot hærleiinga, og det har vore reelle kampar mellom lojale og opprørske soldatar. Da kan dei "offera" regimet viser fram vere både frå den eine og andre sida, dei ville jo ha samme uniform. Noe som kan peike i den retning, er ein fatwa framsatt av ein av Syrias mest kjente religiøse leiarar, den konservative Muhammad Said Ramadan al-Buti. Han vart spurt om ein soldat som blir beordra å skyte på uskuldige må utføre den ordren, og Buti slo fast at ein soldat da må nekte ordre, sjøl om han sjøl risikerer å miste livet, han kan ikkje bytte ein uskuldigs liv for sitt eige. Dette var naturligvis eit politisk utsagn frå denne lærde (som har stått regimet relativt nær, men ikkje vore noen apologet), men det tyder på at problemstillinga er aktuell også i offentlig diskurs.
Ei tredje fortelling ville vere at det er sivile opprørarar som har væpna seg og reist seg mot hæren. Det skulle vere logisk, etter det vi har sett i Libya og andre stader. Men det er få rapportar i den retning, eit vitne seier likevel at "bybuarar og opprørske soldatar" hadde angripe politistasjonen i Jisr al-Shughur, og dette hadde utløyst kampane. Det kan dermed ha vore innslag av sivil bevæpning; flyktninganes historier om mytteri kan, sjøl om dei virkar sammenhengande, også vere resultat av rykter som har spreidd seg: det "gjer seg bedre" om det er hæren som skyt seg imellom enn om det er dei "fredelige" som ikkje er så fredelige.
Men i begge tilfeller er dei altså usynlige. Vi har ikkje hørt om noe utsagn, ikkje om noe program eller koordinering inne frå Syria, anna enn mobilvideoar med skyting og undertrykking. Frå flyktningane er det lite konkret om motstandens organisering som kjem fram. Er det mytteri, eller opprør, så kan dei godt vere lokale, og dermed ulike frå stad til stad.
Historia frå Dar'a tidligare i vår er også tilsvarande einsidig: Vi veit nå at hæren beleira ein bydel (Balad, "sentrum", litt utanfor bysenteret) og stengte den heilt av i fleire veker slik at dei innesperra sulta og både matvarar og medisinar måtte smuglas inn med livet som innsats. Kvifor? Ingen har sagt noe om kva det var som var så farlig der inne, slik at dei militære ikkje berre kunne gå inn og ta styringa. Her hørte vi ikkje noe om noe soldat-mytteri. Var det berre ei anna form for avstraffing? Eller var det faktisk noe slags motstand som hæren ville svekke før dei gjekk inn?
Kanskje vi får høre meir etter kvart. Inntil vidare er kanskje - forutan den openbare sammenhengen at alle "hotspots" er grensebyar og at regimet fryktar mest av alt at det skal dannas opprørske "enklavar" med tilkomst frå utlandet - det beste tipset at dette ser ut til å vere ulike situasjonar, der vi kanskje har alle tre "fortellingar" på ulike stader: mange stadar reine drap på protesterande sivile; andre plassar sivile sjølforsvarsgrupper som har klart å skaffe seg våpen, og atter andre - og kanskje mest både slagkraftig og farlig - spontane og lokale mytteri frå større eller mindre avdelingar av hæren.
I dag har Assad halde ein ny tale, bedt om "nasjonal dialog" og lovd nye valg, men ikkje frie valg. For noen dagar sidan har også hans utskjelte fetter, Rami Makhlouf, symbolet på korrupsjon, tilbudt seg å trekke seg tilbake frå ulike forretningar. Men valdsbruken frå regimet er nå nådd eit slikt nivå at det vil ha liten verknad, om ikkje hæren trekker seg tilbake frå konfliktområda. Og på bakken går nok utviklinga tvert om.

søndag 5. juni 2011
Jemen: Brått skifte
Nå skjer det brått ting i Jemen. I går reiste president Ali Abdallah Salih til Saudi-Arabia for medisinsk behandling etter å ha blitt såra i skuddvekslinga for to dagar sidan. Fleire tar det nå for gitt at saudiane, som har lenge pressa på for at han skal gå av, nå ikkje vil tillate at han reiser tilbake til Jemen. I så fall er hans trettitre år som leiar for landet over. Demonstrantane feirar at "regimet er falle" og deira fremste mål oppnådd. Kanskje det er det. Men kva skjer så?
Eit naturlig resultat er jo at den avtalen som Salih ville / ville ikkje skrive under på, nå kan tre i kraft. Da skal det dannas ei felles regjering av opposisjonen og regjeringspartiet, under leiing av visepresidenten [etter Salihs avgang]. Det kan skje. Men avtalen vart jo aldri bindande underskriven, og i dynamikken av hendingar må vi sjå på kven som kan prøve å rake kastanjane ut av elden til eigen fordel.
Formelt har visepresidenten "midlertidig" tatt over og har kontroll over regjeringsstyrkane. Det er vel likevel lite trulig han har personlig styrke til å vere ein kandidat til varig leiarskap dersom Salih faktisk blir permanent borte.
Salihs sønn Ahmad er fortsatt på plass, og kontrollerer den republikanske garden. Han kan spille seg inn i arvefølga. Det var nettopp det som utløyste demonstrasjonane opphavlig, at far Ali ville sette inn sonen som arvtakar. Skulle han komme fram på scena, vil demonstrasjonane blomstre opp i langt større styrke enn i dag.
Kampane dei siste vekene har vore mellom Salihs styrkar og den viktigaste stammeleiaren al-Ahmar. Målet har nok vore å fjerne Salih (og hans slekt), og det usikkert om denne leiaren Sadiq al-Ahmar ønsker sjøl å ta leiinga av landet. Men det kan vere eit alternativ at broren Hamid, som også er leiar for det moderate islamistpartiet Islah, kan bli "slektas" kandidat (jf. debatten etter førre blogginnlegg om Islahs mulige rolle).
For noen veker hørte vi om general Ali Muhsin som hører til Salihs slekt og ikkje al-Ahmar-klanen, men som likevel støtta opposisjonen. Han har halde seg rolig i dei siste kampane, men kan fremme seg sjøl som ein slags mellomløysing mellom dei to som har skote på kvarandre.
Demonstrantane er happy for at Salih går, men er kanskje lite begeistra for noen av dei to nemnte, sidan eit nytt stammestyre kan bli like personlig og udemokratisk som Salihs. Men det er uklart om dei åleine er sterke nok til å presentere ein truverdig kandidat til å styre landet, som jo fortsatt manglar demokratiske strukturar dei kunne styre gjennom.
Det samme gjeld nok dei andre opposisjonskreftene, det vere seg Houthiane i nord, autonomistane i sør og dei radikale islamistane som vi har hørt om på sørkysten. Ingen av dei har ambisjon om, eller krefter til, å blande seg i maktkampen i hovudstaden San'a. Men spørsmålet blir jo om dei nå vil nytte høvet til å auke kvar sin (militære) kampanje for kvart sine spesielle mål, slik at Jemen kan gå mot kaos og kanskje sammenbrudd, eller om dei vil følge opp det meir eller mindre formelle samarbeidet som har vore mellom opposisjonskreftene den siste tida, og håpe på at eit post-Salih-styre vil vere meir lydhørt for deira krav. Vil dei altså sjå på det kommande nye styret i San'a som fortsatt fiende eller som mulig alliert?
Dette siste er kanskje det viktigaste spørsmålet, og avheng naturligvis av korleis overgangen nå framover blir. Utanlandske krefter har jo også innverknad, først og fremst Saudi-Arabia, som kan bli "kongemakar" og har sine interesser (jf. igjen debatten etter førre innlegg) og USA som kanskje har andre interesser enn Saudi - dersom Saudi-Arabia ønsker ei svak sentralmakt i Jemen, er kanskje USAs anti-Qaida-prioritering mest interessert i eit sterkt styre som kan kontrollere utkantane.
Det kan altså skje ting fort nå, men det kan også bli ei lengre periode med uklarheit før allianseliner og styrkeforhold blir avklart og ting begynner å falle på plass.
fredag 3. juni 2011
Jemen: Hva må gjøres?
Vi har i dag igjen ei gjestespalte i bloggen, med spørsmål om kva verdssamfunnet kan gjere. Skribentar er norske Eirik Hovden og jemenske Mohammed al-Haroni, stipendiatar i hhv. Bergen og Tromsø:
"Dagens situasjon er fortvilende. Demonstrasjonene og de folkelige kravene om forandring drukner i nyhetene om kamper i de nordlige bydelene av Sanaa, og av nyheter om AQAP som på et mistenkelig passende tidspunkt, viser muskler i kyst-byen Zinjubar nær Aden.
Kampene i Sanaa foregår mellom lederne for Hashid-stammene (altså al-Ahmar-familien) og spesialstyrkene til president Salih. Flere av ministeriene i denne delen av byen er satt ut av funksjon og spesielt innenriksministeriet med sin viktige rolle i sikkerhetsapparatet, er symbolsk viktig i disse kampene. Mener al-Ahmar-familien at de kan ta over staten? Mest sannsynlig er det at det er snakk om å vise muskler, slik at et evt framtidig politisk kompromiss vil sikre dem en solid posisjon i en ny regjering/styrefom. Mens kampene pågår, meldes det om minimalt med elektrisitet, gass, diesel og også vann har blitt svært dyrt. De humanitære konsekvensene øker raskt for de mange fattige.
Hvor lenge har Salih råd til å drive dette? Tyder det på at han har mer støtte enn antatt? Har han fortsatt støtte fra deler av den amerikanske og den saudiske administrasjonen på tross av fordømmende uttalelser? Hva mener Russland og Kina? Hva burde vi (Norge?) gjøre? Hva kan vi gjøre?
Kravene til organisasjonen av demonstranter er legitime nok, ingen tvil om det (en av disse organisasjonene er The Coordinating Council of the Youth Revolution of Change (CCYRC)). Det moralsk riktige av en fredsnasjon vil være i det minste å vise en eller annen form for symbolsk støtte for disse kravene. Så langt har ikke Norge noe spesielt posisjon. Andre stater, USA og EU, sier lite mer enn av Salih ”bør” gå. Men så langt er det ingen som er villige til å sette makt bak kravene. Er det i det hele tatt mulig å gjøre dette? Demonstrantene foreslår å fryse kontoene hans. Praktisk sett er det relativt enkelt.
Kan FN gjøre noe som helst dersom store land som Russland fortsatt ser på dagens konflikt som et indre anliggende? FN og NATO er helt sikkert ikke interessert i et nytt Libya, spesielt ikke i et fjelland som Jemen der alle har våpen.
Realistisk sett vet vi fra de foregående tiårene at jemenittisk politikk er dominert av de militært sterke stammene i nord, og av Saudi-Arabias sterke regionale rolle. Disse to aktørene er ikke interessert i liberalt demokrati, enkelt og greit. Enhver realistisk løsning må ta hensyn til dette, altså en form for kompromiss. Hvis ikke, vil nye voldelige konflikter fortsette.
Hvor stor støtte Salih fortsatt har, fra stater eller deler av stater, er et sentralt punkt: Dersom han fortsatt har støtte, så hjelper andre strategier lite. Er han fortsatt personifiseringen av amerikanernes anti-terror strategi? Har han støtte fra Saudi? Dette framstår ikke som klart akkurat nå. Men det er avgjørende å vite for mulige strategier.
En ting er helt krystallklart: Etter hvert som den humanitære situasjonen forverrer seg, så må hovedfokuset ligge her og det må ikke glemmes. Disse utfordringene må løses på mest mulig pragmatisk måte for rask effekt, og løsninger må nødvendigvis forhandles fram med lokale eliter og de må utføres før en evt politisk løsning på statsnivå. Her kan Norge hjelpe, bla gjennom FN.
Om Norge og Vesten ikke støtter demonstrantenes krav til demokrati på andre måter enn vage uttalelser om at Salih bør gå, så er det lett å forstå at demonstrantene føler seg sviktet. De anklager oss allerede for dobbeltstandard, at demokrati bare gjelder når det passer oss selv og at vestens tilgang på oljen i Saudi er viktigere enn såkalte liberale demokratiske verdier. Det er godt mulig vi kan leve med å bli oppfattet som pragmatiske i slike spørsmål. Men det blir i liten grad diskutert i media.
Det ser ut til at problemene i Jemen og på den Arabiske Halvøy generelt, framstår som for kompliserte til å selges som mediaprodukter, det er ingen skurk og ingen helt, slik opprøret i Egypt var lett å framstille som. Men det vi mangler nå er helt fundamental nyhetsdekning. Hva må de fattige gjennomgå disse dagene? Hva tenkes i Washington? Har Saudi en plan? Hva tenker ulike politiske partier i Norge? Hvor er media når demonstranter blir skutt ned og uskyldige rammes? Bør Norge ta stilling? Uten bedre dekning kan det ikke bli noen debatt. Det blir ikke en ”sak”.
Eirik Hovden, Mohammed al-Haroni"

torsdag 26. mai 2011
Sudan og Jemen: Krigsfare?
Modellen for "våren i Midtausten" var dei fredelige og langvarige massemønstringane i Tunisia og Egypt. Libya, der opposisjonen tok til våpen og det vart krig, var unntaket. Kvifor gjorde dei det, og ikkje demonstrerte fredelig som dei andre?
I dei siste dagane ser det ut som om det kanskje er Egypt og Tunisia som blir unntaka, og Libya ikkje fullt så mye. I Jemen er det regulære kampar mellom regimelojale og styrkar som støttar den viktigaste stammen i landet. I Sudan rykker regjeringshæren inn i det omstridte Abyei og trugar med å starte opp att borgarkrigen. Og i Syria aukar tapstalla, sjøl om det berre er regjeringa som påstår at opposisjonen skyter tilbake.
Igjen må vi streke under at kvart land må forståas for seg. Konflikten i Sudan hadde i fleire tiår form av krig, og det var krigstrøttheit, men også press frå utlandet som gjorde at partane la ned våpna og nord-Sudan aksepterte at sør skulle få rive seg laus. Begge delar er fortsatt viktige faktorar, og det er slett ikkje sikkert at nord-Sudan er villig til å sette trusselen ut i verk og starte opp att ein full konflikt til noe som nå ikkje vil verte ein borgarkrig, men ein mellomstatlig krig sidan sør-Sudan heilt klart vil bli anerkjent som sjølstendig stat i juli. Vi får håpe - og det er rimelig grunnlag for håpet - at dette berre er ein styrkeprøve mellom det som skal bli to naboar, der det større og rikare nord-Sudan vil markere at dei skal vere storebror.
Kampane i Jemen er mindre overraskande, sjøl om heile verda venta på det motsatte, ein avtale om fredelig regimeendring, så seint som for ei veke sidan. Avtalen var underteikna av presidentens parti og av opposisjonen, ambassadørar sprang fram og tilbake, og president Salih skulle skrive under sjøl idag, ja sikkert i morgon, vel iallfall straks dei andre kom til palasset og skreiv under ein gong og så ein gong til, og så kanskje noe anna. Men kjennarar av politikken der sa at dette var ein velkjent taktikk, love alt som skulle til, og så finne på ei unnskyldning heilt i siste øyeblikk for å sleppe å ta det endelige steget.
At det nå er trappa opp til konflikt der begge sider skyter med skarpt, er "Libya-liknande", sjøl om omfanget til nå er langt meir begrensa. Det er, så langt eg har sett, geografisk avgrensa til hovudstaden, og er altså i grunnen ein konflikt mellom to stammegrupper, den eine president Salih, som har støtte frå [deler av] regjeringsstyrkane, den andre ein leiande fraksjon av Ahmar-klanen, dominerande i Hashid-stammen. Denne væpna konflikten har slik egentlig ikkje potensiale til å spreie seg utover det området der desse har sine styrkar (men, det kan vere langt nok, for noen veker sidan var det konflikt mellom ulike avdelingar i hæren langs denne konfliktlina, så langt borte som i ein by i Hadramawt, heilt på andre kanten av landet).
Spørsmålet er korleis denne tilspissinga påverkar alle dei andre konfliktlinene i Jemen, den mot Houthiane i nord, mot demokratirørsla mellom dei unge, og mot autonomistane i sør. Vil dei komme i skuggen av dei to som nå skyter og kanskje svekkas? Eller vil dei bli radikalisert og også dratt inn i væpna kampar? Dersom det siste skjer, så kan det bli langt meir farlig enn i dag. Men det er slett ikkje opplagt at det skjer. Dagane framover vil kanskje fortelle oss meir.
fredag 20. mai 2011
Æresdrap: Eit vårtegn frå Palestina
I Le Monde for i dag står det ein artikkel som gir kanskje vel så mye håp som bombar i Tripoli og talar i Washington om at ting er i endring i Midtausten. Den dreier seg om ei ung jente, Ayah Baradaya frå ein landsby nord for Hebron i Palestina, som forsvann for eit år sidan.
For tre veker sidan vart liket hennar funne, og ein onkel tilstod at han hadde bortført og drept henne avdi ho hadde hatt usømmelig omgang med ein student som hadde fridd til henne (noe familien elles benekta). I tråd med vanlig lovbruk vart dette rekna som formildande omstende, og han fekk ei fengselstraff på noen månader.
Men, i strid med det som var vanlig, nekta Ayahs eldre bror å gå med på dette. Han starta ein kampanje på Facebook, i aviser og andre medier for at drapsmannen, onkelen, skulle dømmas for det han hadde gjort. Lokalsamfunnet ønskte at onkelens familie skulle reise frå landsbyen, slik skikken var når det oppstod konfliktar mellom familiar, men det ville ikkje broren: Kvifor skulle dei bruke kollektiv avstraffing, slik som Israel gjer? Dette var eit drap, og drapsmannen skulle dømmas for eit drap, meir vanskelig var det ikkje.
Kampanjen hans vekte både oppmerksomheit og støtte landet rundt. Gravferda fekk masseoppslutning. Det kom til demonstrasjonar både i Hebron og Ramallah med krav om at lova, som tolererer slike æresdrap, skulle fjernas. Den folkelige oppslutninga var så stor at også politikarane følgte med. Ikkje berre Fatah, men også Hamas slutta seg til kravet, broren fekk støtte frå leiinga i Gaza om at "slike drap har ingen ting med islam å gjere".
Kvinnerørsler i Palestina har lenge kjempa for dette utan å lykkas, men nå som Hamas også stilte seg bak, begynte ting å skje, og på kort tid har nå straffelovene både på Vestbreidda og i det Hamas-styrte Gaza blitt endra og denne paragrafen om æresdrap som formildande omstende fjerna.
Så langt Le Monde, og vi får legge til grunn at historia er korrekt. Det betyr ikkje ein full omsnunad i mentaliteten, heller ikkje at æresdrap vil forsvinne i Palestina eller Midtausten (talla har heller gått noe opp i seinare år). Men at eit slikt krav om alminnelig rettstryggheit for kvinner kan vinne fram, ikkje på grunn av press frå utlandet men etter folkelig mobilisering frå grasrota, og at det ikkje lenger nytter å skjule seg bak "islam" og prat om "vestlig umoral" for å forsvare praksisar som bygger opp patriarkalsk undertrykking, det gir iallfall håp om at ting skjer. At folk sjøl fører kampen for sine menneske- og kvinnerettar.

søndag 8. mai 2011
Qa'ida utan Bin Laden - samme som før?
Ei veke i utlandet utan nett og aviser, og det har visst hendt både det eine og det andre i mellomtida... Nye sammenstøyt og arrestasjonar i Syria; noe som kanskje blir avtale mellom Fatah og Hamas i Palestina; ganske open konflikt innanfor regimet i Iran; rundt 10 drepte i slåsskampar mellom kristne og salafistar i Imbaba i Kairo; og Norge trekker (kanskje?) ut bombeflya sine frå Libya om ein månad. Nok å ta fatt i.
Men den store snakkisen denne veka har altså vore i Abbotabad, byen vi aldri hadde hørt om før. Kva konsekvensar vil Bin Ladens død få?
I utgangspunktet vil ein jo si ganske liten. Trass i amerikanske påstandar om det motsatte, tyder alt på at Bin Laden har hatt liten betydning for den aktive terrorismen i verda sidan 2001. Det er velkjent at "al-Qa'ida" slik vi kjente det opphørte å eksistere då amerikanarane invaderte Afghanistan. Dette var aldri noen fast organisasjon, men meir eit slags "samordningsorgan" med finansiering og treningsbasar. Det var, i perioden frå ca. 1996 til 2001, to slags terroraksjonar knytta til al-Qa'ida. Ein type var initiert, planlagt og gjennomført av Qa'ida-senteret sjøl, frå deira basar i Afghanistan. Angrepa i Kenya og Tanzania, på USS Cole i Jemen og 11. september sjøl var dei fremste av desse. Den andre var små eller større initiativ frå sjølbestalta smågrupper eller personar som reiste til Peshawar og la fram sine planar for Qa'ida-ekspertane. Dersom desse meinte det var hald i planane, fekk søkarane pengar og kanskje trening og kunne reise heim og prøve seg (dei fleste av desse mislyktes nok likevel). Dersom "sensor" meinte at planen var ubrukbar, vart kandidaten sendt heim med uforretta sak, eller bedt om å reise til Taliban-fronten som militssoldatar, om dei ville gjere ein innsats.
Det som i begge tilfeller var Qa'idas styrke var dei fysiske treningsbasane, med lett tilgang via Peshawar i Pakistan, og pengar. Begge delane fall bort i og med invasjonen i 2001. Alt Qa'ida hadde tilbake var symbolet, auraen, namnet. Bin Laden og andre leiarar kunne komme med oppmodingar på video eller lydband. Men dei var så isolerte og hemma av jakten på dei, at dei ser ikkje ut til å ha mye direkte kontakt med dei gruppene som kjempa i deira namn. Desse gruppene vart dermed i all hovudsak sjøstyrte og lagde sine eigne strategiar, og tildels også sine ideologiar; dei fremste er da "al-Qaida i" Irak, Jemen, og Maghreb [i praksis Sahara; Algerie, Mali og landa rundt]. Såleis starta den irakiske greina, som vi hugsar, ein bitter kamp mot shiaene i landet, mens Bin Laden hadde aldri vore spesielt opptatt av shiaene; han kritiserte både irakarane og dei andre fordi dei brukte kreftene lokalt i staden for å konsentrere seg om den globale hovudfienden, USA. Men han vart i liten grad hørt, det var berre enkeltpersonar og smågrupper som i Madrid og London som heldt oppe dette globale perspektivet. Og heller ikkje dei har (heldigvis!) klart å utføre store aksjonar dei siste seks åra.
Så slik sett gjer det lite frå eller til at han er død, og om ein annan blir vald til ny "leiar" av al-Qa'ida - det vere seg Zawahiri i Pakistan eller Awlaki i Jemen, dei to ofte nemnte namna - så treng ikkje det heller ha så stor betydning. Men det er klart at det er noe symbolsk i at imaget Bin Laden er borte, og det gjorde heilt klart vondt verre at liket vart dumpa på sjøen. Kanskje ikkje så mye hos tilhengarane hans, dei venta vel ikkje betre av dei vantru, men det er blitt kritisert også av moderate islamske leiarar sidan også forbrytarar har rett på gravferd. Men også det vil trulig legge seg fort. Det er jo påfallande kor lite demonstrasjonar det har vore etter drapet, noen hundre her og der. Bin Laden har slik sett vore "død" i betydningen borte så lenge at dette berre vart stadfesting på det samme.
Det kan nok komme noen hemnaksjonar likevel, når dei aktuelle berre får tid til å førebu seg. Tryggingspolitiet gjer rett i å styrke beredskapen, både i USA og elles i Vesten. Men det kan ta eit år eller to før vi får ein rekasjon, og det er ikkje sikkert den vil bli sterkare enn aksjonar vi måtte verge oss mot uansett. Qa'ida-trusselen er slett ikkje over, men det er frå avleggargruppene i Jemen og Sahara, og spesielt frå enkelt-fantastar og smågrupper i vesten som på eiga hand påberopar seg Bin Ladens namn, at vi nå, som før, kan frykte aksjonar. Massane i den islamske verda bryr seg lite.

Abonner på:
Innlegg (Atom)