torsdag 30. juni 2011

Marokko: begrensa kongemakt?

Marokko har ungått dei store uroligheitene denne våren, men også der har det vore jamnlige demonstrasjonar for meir demokrati. Kongen har komme desse i møte og ser ut til å ha ridd av stormen langt bedre enn sine republikanske statsleiarkollegaer lenger aust. Kva kan dette komme av?

Marokko har lenge vore eit av dei arabiske landa som har vakla mellom demokrati og diktatur, ingen av orda passar fullt ut på landet. Sidan frigjeringa har landet hatt eit fleirparti-styre. Kommunistar og andre på ytterkantane har vore forbudt, men innanfor det store sentrum har det alltid vore konkurrerande parti med ulike mål. Dei har stilt til val for parlamentet, og ulike kombinasjonar har vunne fleirtal.

Det er éit merke på demokrati. Eit anna er at slike endringar i fleirtal i val også fører til faktiske maktskifte. Det hjelper ikkje om velgarane fritt kan si si meining, dersom dette ikkje fører til noe. I Marokko gjer det det - kanskje. Det er opp til kongen. Han vel si regjering frå parlamentspartia, og kan peike på fleirtalsleiaren. Men han må ikkje gjere det. Det er heilt og fullt hans eige val. Vi har gjennom tiåra ofte sett at kongen faktisk har følgt valfleirtalet og gitt både nasjonalistar og sosialistar regjeringsmakt når dei har gått fram i vala. Men like ofte har dette vore del av kongens eige maktspel, han spilt partia opp mot kvarandre og har når som helst også sparka statsministeren og valt ein frå opposisjonen, om han fann det for godt. Så halvvegs score på det punktet.

Det samme kan seias om det tredje viktige punktet, fri presse og meiningsbryting. Det er ei relativt fri presse i Marokko, spesielt på fransk. Den kan ta opp og kritisere politikk og samfunnsforhold, peike på problem og foreslå løysingar. Men det er underforstått at det er to-tre tabu som det ikkje skal skrivas om. Det eine er kongen og kongefamilien og kritikk av det han gjer. Det andre er det nasjonale felles-traumaet, Sahara-konflikten, som den førre kongen, Hasan II, brukte til å samle nasjonen bak kravet om at Vest-Sahara er marokkansk. Konflikten der er ikkje løyst, men har stått stille i noen tiår nå, og er noe pressa ikkje kan snakke om i anna enn patriotiske ordelag. Går pressa over desse strekane, risikerer dei å få opplag inndratt eller redaktørar arrestert. (Franskspråklige aviser har litt større spillerom enn arabiskspråklige, trulig fordi dei når eit mindre pubikum som også kan få informasjon frå utlandet.)

Islam spiller også ei rolle her, sidan kongen nedstammar (seier han) frå profeten Muhammad og har derfor rolla av "dei truandes leiar" (amir al-mu'minin). Dette skal gi han spesiell legitimitet hos folk flest. Ingen har heilt målt kor viktig dette er i folket, men noe effekt har det nok, og det er majestetsfornærming offentlig å betvile denne statusen. Dette skal også kunne vere ei vaksine mot den islamistiske smitten: Islam styrer jo alt gjennom "kalifen", Profetens slektning, så korleis kan ein reise krav om "islamsk stat" mot han? Marokko har da heller ikkje hatt noen stor islamistisk oppøsing, sjøl ikkje da den var på det høgste i 1990-åra. Den viktigaste islamistgruppa, "Rettferd og fromheit" (al-'Adl wa'l-ihsan) skiller seg ut ved å ha bakgrunn i sufismen, ei retning islamistar normalt avviser. Grunnleggaren, 'Abd al-Salam Yasin nekta da også for at kongen faktisk var amir al-mu'minin, ein så meningslaus påstand at han vart satt i asyl i noen år. Partiet hans vart aldri tillatt, men har vore heller moderat i virkemidla og er i realiteten tolerert, styresmaktene har sett ein annan veg. I dag har det tilmed eit kvinnelig talerør, Yasins datter Nadia.

I 1999 oppstod eit anna, meir moderat og viktigare islamistparti med eit ganske liknande namn, "Rettferd og utvikling", PJD. Det spilte med i det politiske spillet og fekk stille tll val. Det kom aldri i regjering, men har fått merkbar støtte i vala og er det største opposisjonspartiet i parlamentet i dag.

Protestane som starta i januar var meir lågmælte enn i Tunisia og Egypt, ingen tok til orde for "regime-endring" eller sa "Gå av" til kongen. Monarkiet vart akseptert, men kravet var at det skulle bli eit konstitusjonelt monarki slik som dei i Europa. Kongen måtte gi frå seg den makta han hadde over politikken og overlate ho til dei folkevalgte i parlamentet, vart det kravd i tog i hovudstaden Rabat og andre byar. I tråd med den relative toleransen i landet, vart ikkje demonstrasjonane slått ned, iallfall ikkje overalt. I noen tilfeller satte politiet seg i mot, og eit fåtall demonstrantar mista livet også i Marokko, det har skjedd i nesten alle arabiske land denne våren. Men stort sett såg politiet ein annan veg og lot dei marsjere. Det gjorde dei med jamne mellomrom utover våren, utan at det kom til fleire store sammenstøt.

I mars lovte kongen å komme med reformer, og i førre veke vart dei annonsert i framlegget til ny grunnlov. Kongen kom protestane eit godt stykke i møte. Han aksepterte prinsippet om parlamentarismen, og regjeringssjefen skal nå bli utpeikt av fleirtalet i parlamentet, ikkje av kongen. Regjeringa skal utnemne høgre embetsmenn som det før var kongen som peikte ut. Dei grunnleggande menneskerettane blir nå skrive inn i grunnlova [slik det også er foreslått i Norge, i begge tilfeller har jo landet tidligare skrive under på dei internasjonale forpliktelsane]. Berberisk, som før hadde få rettar, skal nå bli anerkjent som eit offisielt språk (dei skal også få sin eigen fjernsynskanal), og grunnlova nemner også jødiske og "andalusiske" røtter som del av det marokkanske (det andalusiske viser til den store folkemengda som flykta til Marokko da dei kristne erobra sør-Spania i middelalderen, og som har prega kulturen særlig nord i landet).

Så langt endringar i retning av eit moderne sekulært styre, altså. Men kongen gir ikkje frå seg alt. Han skal sjøl styre dei militære og utanrikspolitikken personlig. Han har retten til å oppløyse parlamentet og utlyse nyval (etter å ha "konsultert" med statsministeren). Og han skal behalde si religiøse rolle som leiar for islam i landet. Betydninga av det siste er ikkje klar, både kong Hasan (d. 1999) og sonen, Muhammad VI, har stått for moderat reform av islam: ei modernisert familielov, utdanning av kvinnelige imamar ("rettleiarar", for andre kvinnner), osv., men innanfor ei tradisjonell ramme som balanserer liberale og konservative hensyn. Trulig vil det halde fram.

For den organiserte protestrørsla er ikkje dette tilstrekkelig, dei peiker på at kongen fortsatt skal sitte med den endelige makta, ulikt det konstitusjonelle systemet dei ønskar. 'Adl wa-ihsan, som ikkje anerkjenner kongen i det heile, seier det samme. Men PJD og andre delar av opposisjonen har helsa endringane velkommen og seier dei langt på veg stettar dei ønskemåla dei hadde.

Konstitusjonen skal leggas fram til folkerøysting i morgon 1. juli, og vil trulig få fleirtal, sjøl om kritikarane oppmodar til boikott. Deretter vil det vise seg om dette berre er kosmetiske endringar der kongen faktisk vil halde fram med å vere reell eineherskar, og om demokratiprotestane vil halde fram eller ikkje. Men om det viser seg å vere vellykka og kongen faktisk meiner alvor med reformene slik at folkeviljen får rå, så kan dette vere ein alternativ veg framover for demokratiet i regionen, i stegvise reformar heller enn i eit revolusjonært brot. Skeptikarane peiker på at det har ofte vore lova reformer på overflata, men at det ofte er makta som rår likevel, trass i institusjonelle endringar. Det som kunne vere nytt nå, er presset frå eksempela i andre land som kan få realistar i regima til å innsjå at dei her har ein sjanse til å unngå opprøret, dersom dei klarer å overbevise om at reformene er relle. Mye vil nok derfor avhenge av kongens reformvilje, men også av modenheita i det politiske samfunnet i Marokko: Vil nye krefter kunne komme fram, vil dei på alvor gå til åtak på korrupsjon og vanstyre, eller vil det berre bli dei samme ansikta som gjer dei samme tinga. Får vi ikkje endring i konkret politikk, kan vegen gjennom institusjonane bli lang for reform-tilhengarane.

Ingen kommentarer: