Men likevel, noen nye trekk ser ut til å vere rimelig godt grunna. For det første: Vi har heile tida sagt: Fest blikket på Aleppo, Syrias nest største by. Så lenge det er rolig der - og så langt har dei knapt hatt demonstrasjonar - så kan vi rekne med at regimet sit rimelig trygt. Blir det uro i Aleppo, og meir i sjølve Damaskus, så har dei problem.
Vel, nå har det begynt å røre på seg i Aleppo. Både torsdag og fredag i førre veke var det demonstrasjonar og sammenstøt i fleire bydelar. Kor mange som deltok, er ikkje klart, noen hundre eller kanskje eit tusen, melder BBC. Ennå kan ikkje Aleppo reknas som ein "opprørsby" på line med Homs, Hama, Dar'a og andre. Men at det er ei utvikling i den retning er det grunn til å legge merke til.

Det er trulig noe liknande som skjedde i dei mindre byane Dar'a, Jisr al-Shughur og andre, men Hama er ein by av ein heilt annan betydning og størrelse, så dette betyr verkelig alvorlige problem, og det kan bli kostbart for regimet å få att kontrollen der, dersom demonstrantane klarer å befeste taket sitt over byen. Assad har sparka guvernøren i Hama - ikkje urimelig, om det var hans initiativ å gi opp byen - og også i Dar'a og andre provinsar. Det er ikkje klart om det er meint som konsesjon til demonstrantane eller om dei vil bli erstatta med meir hardtslåande leiarar. Regimet har også tillatt eit diskusjonsmøte av uavhengige grupper som korkje har kontakt med opprørane eller med regimet; i dagens polariserte situasjon er det ikkje klart kva betydning ei slik mellommanns-gruppe vil kunne ha.
Samtidig har noen flyktningar inn til Tyrkia erkjent at dei faktisk gjorde væpna motstand, med småvåpen og anti-tanks-rakettar, slik at det faktisk er rett slik vi antyda at det også i Syria har vore væpna konfliktar mellom sivile opprørar og regimet, og ikkje berre mellom deserterte militæravdelingar som tidligare vart meldt. Det gjer utviklinga i landet noe meir forståelig, at regimestyrkane faktisk har møtt væpna motstand og at det har vore reelle kampar, utan at vi ennå veit kva styrkeforholdet var.
Uroa i Syria har også ført til auka kriminalitet og meir usikre forhold, sidan politi og statsmakt blir svekka. Dette fører til større spenning, der nok noen av dei som "sit på gjerdet" legg skulda på regimet, og andre på demonstrantane. Utviklinga dei siste par vekene har opplagt vist opposisjonens og opprøranes styrke, og det er klart at regimet har aukande problem. Demonstrasjonane er ikkje blitt svakare etter dei harde kampane i nord, tvert om er det tydelig at dei har vokse i omfang og spreidd seg til stadig større områder av landet. Vi er kanskje ikkje ennå på tippepunktet der regimet kan bli pressa mot utgangsdøra - mangelen på ei samla røyst for opposisjonen er fortsatt deira svakheit, trass i ulike møter inne i landet og i eksil veit vi framleis ikkje kven som skulle komme i staden for Assad. Men tida ser ikkje ut til å arbeide for regimet akkurat nå.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar