torsdag 1. januar 2026

2026: Status

Dette er fjortande året vi har markert nyttårsdagen med ei oppsummering av status for Midtausten ved årsskiftet. I fjor var den gode nyheita regimeskiftet med håpet om fred i Syria, den vonde at Gaza-krigen fortsatte med ein stadig aukande villskap alle utanom Israels næraste vennar og konfliktsky politikarar erkjente var vår tids folkemord. Årets oppsummering blir vel meir på det jamne: I all hovudsak ei stillstand med tendensar av fastfrysing av konfliktar i dei landa som hadde slike i fjor. I ein væpna konflikt er det som kjent tre mulige resultat: 

  • (1) At den eine parten vinn og den andre må motvillig akseptere nederlaget; 
  • (2) At partane innser at ingen av dei kan vinne meir enn dei har oppnådd, så dei kjem fram til eit varig kompromiss som held,
  • (3) At ingen klarer å vinne men ein eller begge har håp om å komme fram til enten resultat (1) eller resultat (2). I det tilfellet kan konflikten låse seg fast, på høg eller låg intensitet til ein permanent krig utan håp om noka løysing. I fleire av konfliktane vi ser i dag, i Gaza, Jemen og Sudan er det denne tredje situasjonen som nå rår, ingen av dei ser ut til å ha noen klar veg fram til avslutning. I det fjerde landet, Syria, var vi på veg til løysing nr 1, men det er fortsatt fastlåste motsetningar som kan truge dette resultatet. 

Gaza: Redusert krig men inga løysing

Vi må nok rekne Gaza til den positive sida av årets utviklingar, sammenlikna med det helvetet som rådde for eit år sidan. Den "våpenkvila" som svært motvillig vart underteikna i haust, fortener å settas i hermeteikn, sidan Israel har fortsatt bombetokta jamnlig, minst fire hundre palestinarar er drept etter at "våpna har fått kvile", som det heiter - det har dei altså ikkje. Men det er slutt på det intense bomberegnet Gaza vart utsett for sidan 2023, og det er bra for dei som nå kan puste litt lettare. Den reine utsultinga - det som kanskje meir enn noe kvalifiserte krigen som "folkemord", eit forsøk på ramme folket og ikkje berre dei som sloss - er erstatta med av ei meir relativ strangulering: det kjem nå inn mat og medisinar, men langt mindre enn det som trengs, og mat blir fortsatt brukt som politisk pressmiddel frå israelarane. 

Det som likevel gjer at Gaza må plasseras i kategori 3, ein potensiell fastlåst og evigvarande konflikt der det ikkje er håp om løysing, er den totale mangelen på ei realistisk løysing eller kompromiss av vår type (1) eller (2). 

Stoda er altså at Gaza er i dag delt i to soner, delt av ei "gul line". Etter avtalen Trump fekk i stand, skal israelske styrkar i denne omgang trekke seg aust for denne lina, altså til området mellom lina og Israel. Det utgjer i underkant av 60 prosent av Gaza, mens dei største byane, Gaza "City" og Khan Younis i hovudsak ligg i den "indre sona", dit også storparten av innbyggarane i stripa har flykta (den tredje største byen, Rafah på den egyptiske grensa, ligg i den israel-styrte sona. Dei austlige delane av Gaza City og Khan Younis ligg også bak den gule lina). På kartet ser vi også ei raud line lenger bak, dit Israel skal etter planen trekke seg tilbake når "andre fase" av planen blir sett i verk, og vi ser også buffersona som Israel skal ha permanent. Men ingen av dei to ser ut til å ha noen realitet, situasjonen er heller at israelske styrkar utan særlige hemningar går over den gule streken og slåss mot det dei kan finne av fiendar (eller andre) i den indre sona. 

Grunngivinga er naturligvis at det ikkje er noen anerkjent autoritet som styrer over denne indre sona. Planen er at det skal komme ein eller annan slags internasjonal styrke, i hovudsak sett sammen av andre arabiske land - kanskje også av palestinske politistyrkar - men ingen arabiske land har sagt seg villige til å delta i noen slik styrke. Det ville også vere eit mareritt for dei som skulle prøve, så lenge Hamas av alle blir oppfatta som ein paria som "ein ikkje kan snakke med", samtidig som Hamas, i mangel av noen andre, har tatt slik kontroll det er mulig å ha i den indre sona. Hamas skal etter planen avvæpnas, men oppfattar denne planlagte Trump-inspirerte styrken som marionettar for Israel og vil ikkje frivillig overgi seg - og provinsen - til eit slikt styre. Faren er jo at sjøl om Hamas blir faktisk avvæpna og nøytralisert, vil også folk flest i Gaza oppfatte denne amerikansk-inspirerte (og kanskje tilmed amerikansk-dominerte) internasjonale styrken på samme måte. Og det er jo naturligvis også derfor Israel ikkje har skote ned denne planen; dels fordi den neppe kjem til å bli realisert noen gong, men også fordi dei vil sitte med bukta og begge endane om den faktisk skulle komme.

Men ut over at dei vil behalde kontrollen med Gaza-stripa, er det vanskelig å sjå kva som eigentlig er Israels planar for ho. Dei ytterliggåande er jo greie nok, dei vil ha alle palestinarane ut og fylle ut Gaza med jødiske busettingar. Men kor langt inn i realismens verd går desse vyane? Gaza har gjennomgått ei "desimering" i ordets eigentlige forstand (i den romerske hæren: etter eit nederlag vart kvar tiande soldat henretta som straff): Omlag kvar tiande Gaza-buar er enten drept (rundt 3-5 prosent av det totale folketalet) eller såra. Men det er att rundt to millionar. Skal dei fordrivas, må dei jo fordrivas til ein stad. Så lenge Egypt klarer å hindre ei storskala fordriving på bakken mot Sinai (og Golf-landa vil nok heller ikkje kunne godta det, derfor kjem USA neppe til å akseptere ein folkemarsj mot Sinai med bajonettar i ryggen), så må dei fordrivas med fly. Tjue tusen flygingar, om alle skal ut. Og kvar helst? Og her går det nå kaldt nedover ryggen på dei mest pessimistiske: Israel anerkjente i jula Somaliland som eigen republikk. 

Ein somalisk draum?


Somaliland er den nordligaste delen av Somalia, den biten som har kyst mot Raudehavet (Aden-bukta, eigentlig). Det var ein britisk koloni fram til 1960 (mens den større delen i sør var italiensk). Dei hører klart sammen med somalisk som språk, så dei to koloniane gjekk sammen til republikken Somalia ved sjølstendet. Men då Somalia braut saman i borgarkrig i 1991, reiv denne nordlige delen seg laus og erklærte seg sjølstendig. Ingen land i verda har anerkjent denne staten, ut frå prinsippet om at grensene etter kolonitida skulle vere urørlige. Men staten ligg der, og m.a. prøvde Norge å erklære Somaliland for "trygt" og sende somaliske flyktningar dit for noen år sidan. Det første flyet med norsk politi og flyktningar kom så langt som innflygning til flyplassen i hovudstaden Hargeisa då det kom under kraftig eld frå militsar og måtte gjere vendereis tilbake til Norge. Så Somaliland var nok ikkje så trygt likevel. For tre år sidan mista dei ein større del av landet til ein pro-somalisk milits (altså tilhengarar av union med resten av Somalia), og det er stadig uro mellom ulike grupper i landet. 

Men Israel har altså nemnt Somaliland som eit av dei landa som kan vere aktuelle mottakarar av palestinarar frå Gaza. Som vi kan forstå, er dette eit utfattig land, det har fjerde lågaste GDP pr innbyggar i verda, og har omlag seks millionar innbyggarar. At dei skulle vere villig til å ta imot to millionar flyktningar frå Gaza - eller ein gong ein vesentlig del av desse - forstår vi raskt ikkje går. Landet har ingen særlige naturlige ressursar, det lever i hovudsak på tilskot frå emigrantar. Tanken skulle kanskje vere at dei "overførte" flyktningane skulle bli finansiert internasjonalt, men det er jo berre Israel som har anerkjent Somaliland, og Israel betaler ikkje for palestinarar i utlegd. Ikkje USA heller. Og, vi kan nok også legge Golf-landa til dei som vil betakke seg. Så sjøl om Somaliland er jo glad for at dei for første gong bryt ut av diplomatisk isolasjon (til eit anna ganske isolert land), så vil nok ikkje denne våte draumen til det israelske ytre høgre kunne bli noen realitet. 

Har Israel ein plan?

I mangel av ein internasjonal styrke (som Israel aldri har akseptert før, kor pro-amerikansk denne styrken enn måtte vere) og i mangel av ein ekte palestinsk representasjon - der Israel ikkje ein gong vil godta myndigheitene i Ramallah, PA som palestinarar flest ser som Israels handlangarar og som Israel formelt samarbeider med - så er det vanskelig å sjå kven israelarane skal snu seg til. Dei med meir kaldt hovud i det israelske militæret vil heilt sikkert minst av alt bli ståande som ein permanent okkupasjonshær, det vere seg på den eine eller begge sider av den gule lina. Dei veit at dette vil føre til evige krigshandlingar med stadige tap. Det er tydelig at Netanyahu gjerne vil ha evig krig, iallfall fram til neste valg men gjerne lenger. Men for dei militære, som ser både materielle tap og drepte soldatar, kan ikkje det vere ei løysing på lengre sikt. Forsøket på å mobilisere opp lokale palestinske militsar eller "klanar", i stor grad tidligare kriminelle gjengar, ser ikkje til å vere meir enn eit fikenblad, dei kan ikkje erstatte den israelske hæren i den okkuperte sona. Derfor ser det ut som om vi står i ein fastlåst situasjon utan noen klare og logiske valg framover. At Israel berre skulle gi seg og trekke seg ut, utan noen stabil kraft i Gaza, kan vi sjå bort frå. Og sjøl om Hamas mot formodning skulle bli endelig nedkjempa - etter f.eks. ein ny israelsk bakkeinvasjon inn i den "indre sona" - så vil dei heilt sikkert bli erstatta av andre motstandsgrupper, slik vi såg tendensar til på Vestbreidda for tre-fire år sidan. Det er vanskelig å sjå for seg korkje utfall (1) eller utfall (2) slik situasjonen på bakken i Gaza nå er. Størst fare er det vel for at krigen utvidar seg til ein tilsvarande situasjon på Vestbreidda, men heller ikkje der er det lett å sjå korleis det vil føre til ei realistisk løysing. 


Sudan: Mot deling av landet?

Den andre krigen som har ført til forferdelige øydeleggingar dei siste to åra, er borgarkrigen i Sudan. Her har det som måtte vere av forsøk på forhandlingar stranda, mens frontlinene har flytta på seg fram og tilbake. Nå ved årsskiftet ser det ut som vi kan få noe som liknar på ei deling av landet. Sudan har jo vore i krig mange gonger før, men i alle tidligare krigar har kjerneområdet i landet, den sentrale Nildalen med hovudstaden Khartoum (der det meste av den politiske og sosiale eliten kjem frå) vore relativt skåna frå aktive kampar. Akkurat dette var det som gjekk tapt da konflikten mellom dei hærane, regjeringshæren og militsen Rapid Support Forces (RSF) kom i kamp i 2023. Da var det nettopp i Khartoum dei verste kampane foregjekk, og store delar av byen vart lagt i ruinar. Regjeringa trakk seg tilbake til Port Sudan på kysten, mens alle som kunne av Khartoums innbyggarar flykta, mange til Egypt eller til fjernare land. 

I fjor såg det ut til at RSF hadde festa grepet om Khartoum i tillegg til sin historiske base vest i landet. Det vart snakk om at kanskje dei ville gå seirande ut, og deira leiar "Hemedti" Dagalo såg seg kanskje som Sudan neste leiar. Men i 2025 samla regjeringshæren seg til motangrep, og har nå kontroll over både hovudstaden og det meste av Nildalen. Mot slutten av året slo RSF tilbake og tok hovudstaden i den vestlige provinsen Darfur, El Fasher, etter harde kampar og meldingar om grove massakrar mot sivile. Det er elles ikkje nytt for denne herja provinsen, ikkje minst frå RSFs forgjengar for tjue år sidan, Janjaweed-militsen. Regjeringa har fortsatt noen områder i vest, men kartet ser nå noe meir klart ut, med RSF i stor grad i kontroll i den vestlige delen av landet, mens regjeringshæren styrer i det meir folkerike og ressursrike området i Nildalen og aust i landet. 

RSF i det oransje feltet
Dette skiftet har nok også noe med den internasjonale innbladinga i krigen å gjere. Alle observatørar er klare på at RSF i all hovudsak er støtta både med pengar, men ikkje minst med militært utstyr, frå Emirata. Dei har også hatt støtte frå Russland og andre, og betalingsmiddelet skal vere gull som RSF kontrollerer og formidlar til sine støttespelarar. Regjeringshæren ha på si side alltid hatt klar støtte frå nabolandet Egypt, men denne har ikkje hatt samme betydning som Emiratas pengestraum. I det siste året har derimot hæren fått styrka sine tilskott utanfrå, ikkje minst frå Tyrkia, som alltid ser Emirata som ein rival i regionen. I det siste har også Saudi-Arabia falle ned på regjeringas side og begynt å furnere dei med ressursar. Tilsammen har dette vore med på jamne ut balansen av internasjonal støtte til krigen. Men det betyr jo også at det ikkje er noen særlig tyngde frå desse landa på å avslutte krigen, støtten fører jo berre til at kampane held fram.

Det er over hundre år sidan Darfur-provinsen vart endelig innlemma i det som da var anglo-egyptisk Sudan (i 1916). Regionen har alltid vore ein utkant med sin eigen identitet. Kan vi tenke oss at Sudan kan bli delt i to, etter at det i 2006 mista den sørlige delen av landet til republikken Sør-Sudan? Det er for tidlig å tenke seg dit, frontlinene er fortsatt i rørsle, og det som er tapt i går kan bli vunne i morgon. Kordofan, som tilhører vest-Sudan historisk sett, er delt på midten mellom dei to hærane. Men først fremst er det tvilsamt om Darfur kjenner seg representert av RSF og deira ex-Janjaweed-militsar. Konflikten for tjue år sidan dreide seg om ressursar, og i ein autonom RSF-styrt region i vest vil denne konflikten, og dei såra som drap og undertrykking nå fører til, gjere at eit slikt styre ikkje vil kunne vere stabilt. Så, sjøl om delinga av Sudan i vest og aust skulle skje, så vil nok det også bli eit resultat av type (3), varig konflikt og ikkje (2), varig kompromiss.   


Vil Sør-Jemen gjenoppstå?

Ein liknande fastfrosen konflikt er den i Jemen. De facto er landet nå delt i hovudsak etter dei grensene som eksisterte i kolonitida fram til 1969 og vidare fram til Nord- og Sør-Jemen vart samla i 1990. Det vi kallar "Houthi-militsen" har nå etablert seg som ein eigen stat og styrer det meste av det gamle Nord-Jemen, med unntak av Marib, eit område som ligg rett aust for det Houthi-styrte fjell-landskapet og er kontrollert av den internasjonalt anerkjente regjeringa. Houthiane har sin basis heilt nord i landet, men styrer også i det meste av kystområdet i vest (det blå området på kartet). Frontlina mellom Houthiane og regjeringshæren har vore relativt rolig i dei siste åra. 

Derimot har det skjedd ting i sør. Her har den saudi-støtta og internasjonalt anerkjente regjeringa hatt ein ustødig allianse med krefter som heller vil gjenopprette den gamle republikken Sør-Jemen. Desse har heile tida hatt støtte frå Dei foreinte arabiske emirata, som dermed stadig meir framstår som rival til Saudi-Arabia (slik vi også såg i Sudan). I byrjinga av desember tok dette "Sørlige overgangsrådet" makta i heile sør-Jemen og skauv nasjonal-regjeringa til sides. Denne har nå kontroll berre i det vesle området Marib i nord. Nå var Emiratas deltaking heilt openlys, sjøl om dei kan ha blitt tatt på senga av omfanget av offensiven. Sentralt her er det tørre området Hadramaut i aust, som gjennom borgarkrigen stort sett har halde seg unna kamphandlingar. Gjennom alliansar med stammane i området fekk overgangsrådet også dette området med i sine planar. Heilt sist i desember tok Saudi-Arabia bladet frå munnen og bomba havnebyen Mukalla i Hadramaut, som altså var halden av det som til nylig var deira allierte. Emirata har gjort avbikt, og seier nå dei vil trekke seg ut av Jemen. Men det har dei sagt før. 


Det er eit religiøst-politisk aspekt ved dette, som kan komplisere. Houthiane hører til ei retning som kallas Zaydi-islam (ein variant av sjiisme, men ulik den i Iran). I politikken i Jemen før borgarkrigen var det viktigaste religiøse partiet Islah, eit sammensatt parti der sunniske grupper som stod nær Det muslimske brorskapet i Egypt var sterke (men ikkje einerådande). Dei støtta den internasjonalt anerkjente regjeringa, den som Saudi-Arabia og Emirata førte krig på vegner av mot Houthiane. Men både Emirata og Saudi-Arabia er som vi veit sterkt mot Brorskapet, som dei ser som ein fare for sine regime. Dette kan ha bidratt til at Emirata støtta det (relativt sekulære) opprøret i sør mot regjeringa. Mens Saudi-Arabia altså gav si støtte til denne og samarbeidde tydeligvis nært med Islah. 

Dette er altså ei heilt ny utvikling. Realiteten kan altså bli at felles-republikken frå 1990 blir oppløyst, dersom Houthiane gir opp eventuelle ambisjonar om å styre i sør (som ligg langt unna deira kjerneområde), og dei som nå styrer i sør - som aldri har hatt ønske om å styre i nord - klarer å få Saudi-Arabia, og med dei verda rundt, til å anerkjenne sin sør-republikk. Men inntil vidare er dette så ferskt, at situasjonen kan vere endra i det dette blir lest. I så fall vil Jemen kunne falle over i den positive kategorien (2), eit de facto kompromiss med fred, men enn å lenge må vi nok rekne også dette landet til (3), land med pågåande konflikt utan openbar løysing i sikte. 


Kva skjer i Syria?

Der har vi altså tre land; Gaza, Sudan og Jemen, der det er vanskelig å sjå ei løysing. Men kva med Syria, som altså var det landet der vi såg ei dramatisk endring i fredelig retning: eit regimeskifte der den nye leiarskapen ikkje berre påstod, men langt på veg vart trudd på at han ønska ei gjennoppbygging av landet der alle skulle vere med. Korleis har det gått?

Dette er litt omstridt; noen peiker på dei kampane som har vore i landet i året som gjekk og advarer mot å gi for mye tiltru til den gamle Qa'ida-tilknytta jihadisten Ahmad al-Sharaa. Andre, og ikkje minst mellom dei den uberegenlige ny-gamle presidenten i USA, vil gi Sharaa ein sjanse. At den lokale leiaren av terrorist-gruppa Nusra-fronten, al-Qa'idas avdeling i Syria, skulle bli tatt imot i Det kvite huset av ein reaksjonær president - og ikkje mindre at han sjøl var villig til å besøke Babylons horer - fell absolutt inn i kategorien "hadde noen sagt før så ville eg tru han var gal". Men slik vart det. 

Er det rettast å vere skeptisk eller optimist? Litt begge delar. Dei skeptiske peiker på kampane som har vore i det siste året mellom dei nye herrane og to minoritetsgrupper, alawiane i nord og druzarane i sør, og meiner dette viser regimets sanne ansikt. Trulig er det rettare å sjå dette som vokstersmerter som det, kanskje litt kynisk vurdert, ville vere urealistisk å vente vi kunne unngå. Det gamle regimet fall så fort at det måtte hekte igjen problem som ville utløyse konflikt i eit land med ein blodig borgarkrig, ikkje minst langs etniske skilleliner, i over ti år. 

Ser vi på dei to, så er dei litt ulike, men har det felles at dei oppstod begge i kjerneområda til ei av etniske gruppene i Syria. Lattakia-provinsen i nordvest er der alawiane har sin basis. Ikkje alle alawiaer stod bak president Assad, men dei fleste kjente seg uthengt som regime-støtter, sidan regimet hadde blitt identifisert med denne minoriteten. Dei lokale alawi-militsane i denne provinsen fall derfor ikkje i grus slik regime-styrkane gjorde i resten av landet. Derimot begynte dei utover våren å prøve hevde seg mot det nye styret, som var tynne på bakken - det var ein eigentlig liten styrke som skulle ta kontrollen over eit stort land. Det nye regimet til Sharaa hadde ikkje eigne soldatar å sette inn, og ba derfor ein alliert milits frå Idlib i nabolaget å prøve få kontroll. Desse var i staden ute etter hemn, men også alawiane hadde sitt å hemne. Dermed byrja begge grupper å massakrere sivile frå den andre sida. Politistyrkar i regionen prøvde å gå i mellom, men vart raskt skove til sides. Først etter ei tid klarte regjeringa å få kontroll over situasjonen. Men i ettertid vart det lokalt klaga over at dei "regjeringstru" militsane ikkje vart stilt til ansvar for det dei hadde gjort. 

I sør hadde Assad-regimet og opprørarane komme fram til eit modus vivendi i løpet av borgarkrigen. Opprørarane gav frå seg dei tyngre våpena, men fekk behalde lette våpen og vart i praksis latt i fred av regimet, så lenge dei ikkje gjekk utover sitt eige område. Dei fekk altså i praksis autonomi i sine byar, regimet var opptatt med krigføring i andre delar av Syria og kunne ikkje bry seg. Då regimet fall, vart dei lokale naturlig nok uroa for at dette lokale sjølstyret skulle gå tapt med ei ny sentralregjering. Sharaa var faktisk opptatt av å hindre at landet fall ned i stridande småsamfunn med sine eigne militsar og hærar, og forlangte at alle lokale militsar måtte gå opp i ein felles nasjonal hær. Under Sharaa og hans HTS-milits sin kontroll, svarte då dei i sør; ikkje aktuelt. Forhandlingar vart ført, og eit kompromiss vart likevel funne. 

Men ikkje alle var samde i det, og nå kom Israel inn. Mens USA såg med velvilje på ei normalisering i Syria, såg Israel det som ein sjanse til ekspansjon. Dei gjekk derfor over grensa og tok kontroll over nye område, utan at Sharaa kunne gjere noe med det, og gjekk til allianse men ein druzar-leiar i sør for å bekjempe den nye regjeringa. Andre druzar-leiarar tok avstand, men det kom til kampar. Igjen gjekk Sharaa til ei lokal gruppe for å få kontroll på situasjonen, og igjen gjorde desse, arabiske beduinar, vondt verre. Dei gjekk til allmenne åtak på den druziske minoriteten, som svarte og igjen vart det kampar med sivile tap. 

Det er lett å sjå begge desse lokale konfliktane som eit resultat av det nye regimets svake posisjon på bakken. HTS var aldri meir enn ein lokal milits i Idlib, og når den vann så lett over Assad-hæren, så var det fordi denne kollapsa. Men for å få styring over heile Syria måtte Sharaa bygge på gamle allierte og andre som han kunne gi lokal kontroll. Openbart var ikkje alle av desse heilt med på Sharaas "alle skal med"-politikk og hadde ting dei skulle hemne, og på den andre sida var det altså ikkje alle som var villig til å gi opp utan kamp det dei hadde hatt under Assad. Dette er ikkje meir enn vi måtte forvente (og vi spådde vel at noe slikt ville skje).

Ahmad al-Sharaa

Det er vanskelig å sjå Sharaas eigne handlingar som meir enn seriøse forsøk på å sette gjenoppbygging av landet i fokus. Utviklinga av demokratisk styre går sakte, det er HTS og Sharaa som bestemmer. Men igjen, slik må det nesten vere slik situasjonen var etter krigen. Det kan fortsett vise seg at Sharaa faktisk vil bli ein diktator, eller han kan bli ein autoritær "landsfader" med støtte i befolkinga som blir gjenvalgt til han dør. Eller han kan faktisk opne vegen for reelt demokrati. Det veit vi ikkje ennå. Demokrati kjem ikkje av seg sjøl, og Syria manglar mange av dei viktigaste komponentane vi vel treng for å få reelt demokrati. Men ein "landsfader" som faktisk gjenoppbygger landet utan å undertrykke minoritetar og andre, ein syrisk Nasser eller Atatürk vil kanskje ikkje vere det verste. 

Vel, Atatürk undertrykte faktisk minoritetar, spesielt kurdarane. Og dette er, meir enn alawiar og druzarar, det farlige spenningsfeltet i Syria. Også her har Sharaa forlangt integrasjon, ikkje minst av den kurdisk-dominerte militsen SDF, inn i hæren, mens dei insisterer på å vere ei eiga eining, både i staten Syria og i hæren. Forskjellen er at ulikt druzarane kontrollerer kurdarane ein stor del av Syria, rundt ein firedel og med oljeressursar. Sharaa vil nok måtte godta ei form for autonomi for "Rojava", anten det blir alt land aust for Eufrat (inkludert oljefelta), eller berre den stripa i nord som er det faktiske Rojava, området der kurdarane er i fleirtal eller stort mindretal. Men ein eigen kurdisk militær styrke er langt vanskeligare. På den andre sida har han ikkje noe særlig valg, å gå til krig mot kurdarane er trulig ikkje eit alternativ å tenke på, det vil rive grunnen under gjenreisinga av Syria. Da heller trulig eit sakte arbeid for å trekke arabiske stammar i nord-aust nærmare regjeringa og ut av alliansen med kurdarane. 

Kurdarane er heller ikkje i noen god posisjon. Regjeringa i Damaskus har godt samband med Tyrkia, kurdaranes arge motstandar, og kurdar-leiar Öcalans forslag om fredsløysing for kurdarane i Tyrkia føreset konsesjonar for dei syriske kurdarane. Kanskje mest avgjerande for kurdarane er den, igjen uforutsigbare, presidenten i USA. Han har lenge snakka om å avslutte USAs støtte til kurdarane, og ser nå ut til å slutte rekkene med det nye styret i Damaskus. USA bomba nylig ein IS-base i Syria, og her var det Damaskus og ikkje kurdarane som amerikanarane samarbeidde med. Utan det som er att av amerikansk nærvær på bakken i Rojava, kan det blir kritisk for den kurdiske autonomien.

Denne uløyste konflikten med kurdarane er altså det som kan bli den vanskeligaste utfordringa til det nye styret i Damaskus. Vi må håpe at kjølige hoder der - og så langt har dei vore ganske kjølige - innser at denne ikkje kan løysas med væpna kamp, så vi kan få eit kompromiss alle kan godta, men sprengstoffet ligg der. 


Nord-Afrika: stillstand og autoritære regime

Lenger vest i Nord-Afrika har året i hovudsak vore prega av konsolidering og stillstand. I krigsherja Libya er situasjonen meir og meir etablert nå med to regjeringar, ein FN-støtta i Tripoli, og ein sjøloppretta under marskalk Khalifa Heftar i Benghazi i aust. Den siste ser meir og meir ut til å vere eit einmanns-show frå Heftar, sjøl om han har eit parlament i ryggen. Dette viste seg ved at han i haust utnemnde sonen Saddam Heftar til etterfølgar, i ein alder av 82 år ville han sikre arverekkefølga, ulikt det Mu'ammar Qaddafi gjorde i si tid. Heftar har elles merka seg ut som ein viktig part i borgarkrigen i Sudan. Han er ein sentral støttespillar for opprørsgeneralen der, Hemedti og RSF i Darfur. Heftars aust-Libya er både kanal for våpen (ikkje minst frå Emirata) inn til RSF, og det er også rapportar om at han har sendt soldatar til støtte for kollegaen. 

Den autoritære presidenten i Tunisia, Kais Saied, som vart gjenvalgt utan opposisjon i 2024, har stramma til styret med stadig sterkare kontroll over retts- og maktapparatet. Han har fengsla fleire opposisjonelle som er dømd til lange straffer. Sjøl om Tunisia alltid har vore nær knytt til Europa, er Saied blitt meir og meir EU-fiendtleg og isolasjonistisk. Tunisia har omfattande handel med EU, og er som kjent eitt av landa EU trur dei skal kunne utplassere flyktningemottak. Ikkje desto mindre blir Saied stadig skarpare i tonen mot "europeisk innblanding" i Tunisias eigne affærar. 

I Algerie er det på overflata rolig under militærstyret som har hatt makta sidan det for tidlig avslutta opprøret i 2019. Rapportar fortel om rivningar mellom fraksjonar innanfor militæret, men det ser ikkje ut til å hindre at regimet sit trygt, først og fremst i mangel på ein klar opposisjon som kan utfordre dei. 

For styret i Marokko har nok dette vore eit godt år, trass i ein del ungdsomopptøyer frå "Generasjon Z". Men dei har funne ein ven i Det kvite hus, og med solid press frå USA vedtok Sikkherheitsrådet i FN i november at Marokkos plan om "autonomi" under marokkansk styre var den "mest realistiske" utvegen for Vest-Sahara. Etter at FN i alle år har krevd folkerøysting for avgjere spørsmålet om Vest-Sahara, er altså dette eit nederlag for dei som arbeider for sjølstende for regionen, og trulig også for Algerie som i større eller mindre grad har støtta dette kravet. 

onsdag 29. januar 2025

Kven styrer Syria?

Eit slags lyspunkt i alt det svarte i Midtausten er omskiftet i Syria, og spesielt at det gjekk så kjapt og nesten utan valdsbruk; det gamle styret berre kollapsa og det nye tok over. Jubel og glede, både her i Vesten og spesielt mellom syriske flyktningar og heime i Syria. Men er det så greitt? Har dei forveksla håp og realitet? For det nye styret er jo tidligare jihadistar, ja tilmed Qa’ida, verste sort. Og kva med alle dei ulike motsetningane som var i Syria, kjem alle retningane berre til å reise seg og applaudere, eller vil det gå mot eit nytt Libya? Dér var det jo også stor eufori i starten, som brått vart til elende. Kan det samme skje i Syria? Det veit vi ikkje, men vi veit nå noe meir om kven det er som har tatt makta i landet, og vi vi kan sjå noe på kva utfordringar styret står overfor. 

HT kva for noko? Kven er det?


Den første, og kanskje største forvirringa gjeld denne organisasjonen som ingen hadde hørt om før dei på noen få dagar erobra nesten heile landet og sendte på dør eit regime som hadde halde Syria i ei jernhand i over femti år. Vi hører at dei kallar seg ”HTS” og at leiaren deira før var jihad-kjempar men nå er snill og vennlig og stiller i dress når han møter utsendingar frå heile verda. 

Denne bloggen følgte jo Syria ganske tett under borgarkrigen, og den som kan bruke Google klarer nok å finne at vi har omtalt både HTS og leiaren, som vi da kalte ”Abu Muhammad al-Julani” (det var dekknamnet hans, vi veit nå at han heiter Ahmad al-Sharaa (trulig al-Sharaʿ i original skrift). Men det siste vi hørte var rundt 2018-2019, dei siste åra har det vore stilt, før den plutselige offensiven før jul. 

Det var omlag da at omskiftet frå jihadist til pragmatikar skal ha skjedd, og her ligg nok nøkkelen til å forstå og kunne si noe om kva veg Syria vil ta framover. Derfor er det grunn til å gå gjennom denne historia, ut frå dei bruddstykka av informasjon vi har fått gjennom desse fem åra. Det som vi fortel nedanfor er ganske ny og ”ubehandla” informasjon eg har samla sammen, så ein får bere over med at det blir noen detaljar, vi skal oppsummere under. 

***

Forspill: al-Qa’ida, Nusra og IS

Forhistoria er relativt kjent, så den tar vi kjapt: Da borgarkrigen tok seg opp i 2012, sendte al-Qa’ida i Irak ei gruppe kjemparar over under leiing av denne al-Julani. Opprørarane i Syria var da i hovudsak delt i tre, ideologisk: 
For det første ei litt kaotisk samling av militsar som vart kalla ”Frie syriske hær” (FSA), ei blanding av sekulære, liberale, Muslimske Brorskapet, og tidligare regime-soldatar. Det var dei Vesten satte pris på, men trass namnet var det meir ein kategori militsar enn ein hær
For det andre godt organiserte, om sekteriske, islamistar som hadde vore i fengsel. Vi kalla dei ”salafistar”. Dei var jihad-orienterte, noen hadde hatt kontaktar med al-Qa’ida, andre ikkje; nå var dei alle sjølstendige. Det var hundrevis slike islamist-grupper, men den viktigaste og best organiserte var Ahrar al-Sham, ”Syrias frie [menn]”
For det tredje kurdarane i PYD og hæren YPG, som kjempa for seg sjøl i sine områder heilt i nord. Dei kjempa ikkje sammen med dei andre, fordi både FSA og islamistane ville ha eit arabisk Syria, og anerkjente i liten grad kurdaranes rettar. 

Så kom altså Qa’ida-gruppa, som tok namnet Nusra-fronten, i tillegg. Dei var også sekteriske, men effektive soldatar. Så effektive at dei kom til å overskygge moder-gruppa i irakisk Qa’ida (som hadde tatt namnet ”Den islamske staten i Irak”, ISI). Irakarane ville ha kontrollen over den framgangsrike Nusra-fronten, men Julani sa nei til overstyre frå Irak. Konflikten mellom dei gjekk til Qa’ida-leiinga i Pakistan, som landa på Julanis side. Irakarane braut derfor med Qa’ida, oppretta sin eigen front i Syria, og tok namnet Islamske staten i Irak og Syria, ISIS - seinare berre IS.
IS kjørte heilt sitt eige løp, og angreip dei andre islamistgruppene, dei skulle ha eit ”reint” kalifat med berre IS. Nusra kom derfor til å nærme seg Ahrar al-Sham og dei uavhengige islamistane, men var fortsatt langt meir ”jihadistiske” enn dei. Spesielt når Ahrar og andre begynte å snakke med Vesten om felles kamp mot Assad-regimet; det kunne ikkje Nusra vere med på. Likevel må vi merke oss at Nusra aldri deltok i Qa’ida-aksjonar utanfor Syria, deira kamp var berre mot Assad og hans styre, i Syria.

Krigen snur: Assad vann - kvar vart det av opprørane?

Idlib i grønt og kvitt i nordvest. Eufrat er lina
mellom det kurdiske (gule) og regimet (raudt)
I 2015 snudde krigsvinden da Russland, sammen med Irak og libanesiske Hizballah gjekk inn på regimets side. Jula 2016 tok dei tilbake storbyen Aleppo, og fleire og fleire opprørskontrollerte område vart erobra. 
Det regimet da gjorde, var å ta dei tunge våpena frå dei som hadde overgitt seg, putte dei i bussar, og kjøre dei til ein provins i nord-vest, Idlib, som opprørarane fortsatt heldt. Denne provinsen ligg på grensa til Tyrkia, og vart dermed eit reservat for opprørarar av alle slag. 

Kurdarane var ikkje med på dette, dei tok i staden fronten i kampen mot IS, med støtte frå USA. Ved å nedkjempe IS fekk dei kontroll over store delar av det nordaustlige Syria. Rett nok var mye av det ørken, men også dei kurdiske områda i nord langs grensa, og arabiske langs Eufrat-dalen. Alt aust for Eufrat vart styrt av den kurdisk-dominerte ”Syriske demokratiske fronten” (SDF) og amerikanarne, vest og sør for elva var under regimets kontroll. Dei fleste leirane med IS-fangar låg aust for Eufrat, altså under kurdarane, og her ligg også dei viktigaste olje-kjeldene i Syria. 

***

Idlib og tyrkarane

Slik var omtrent kartet da vi mista interessa for Syria for fem år sidan. 

Korleis klarte gruppene i Idlib å styre regionen? Idlib er ikkje lite, opprørsområdet hadde ein stad mellom to og fire millionar innbyggarar, ein stor del av dei flyktningar frå andre delar av Syria. 

Dei ulike gruppene begynte først å reorganisere seg, og det oppstod to polar, ein rundt Nusra og ein rundt Ahrar. Nusra slo seg først sammen med ein del meir moderate grupper i 2016 og braut da offisielt bandet til Qa’ida. Qa’ida hadde ikkje lenger noe å gi til syrarane og Julani, det var heller ei hindring for arbeidet med å bygge ein felles administrasjon i Idlib.

Det som skilte dei to polane, var likevel ikkje bandet til Qa’ida, men Tyrkia. All kontakt med omverda gjekk nå over grensa mellom Idlib og Tyrkia, og var under full tyrkisk kontroll. I 2016 gjekk Tyrkia inn i Syria for å bekjempe sine erkefiendar, kurdarane. Fleire av gruppene som hadde vore med i den ”moderate” opprørsfronten FSA gjekk nå sammen med tyrkarane. Året etter oppretta tyrkarane slik den ”Syriske nasjonale hæren”, SNA; rundt det tidligare FSA. Denne vart lønna av tyrkarane, stod tildels under tyrkisk kommando, og vart nå satt til å vere bakkesoldatar i dei kurdiske områda som tyrkarane hadde erobra. 

Ahrar og mange av dei andre islamistgruppene gjekk også sammen med SNA, men på samme måten som før, så var ikkje dette noen samla hær, men meir eller mindre sjølstendige militsar som vart finansiert av Tyrkia og tok ordrar frå dei. 

Ikkje alle i Ahrar ville vere med på den galeien, og braut ut. Dei gjekk til Nusra-gruppa, som hadde satt seg heilt mot tyrkisk kontroll. Det var desse som avviste tyrkisk overstyre som i 2017 oppretta ”Syrias Frigjeringsorganisasjon”; Hay’at Tahrir al-Sham, eller HTS. Dei første leiaren kom frå Ahrar-utbrytarane, men Julani tok snart over som formell leiar og har vore det sidan. 


Tyrkia hadde i mellomtida samtalt med russarane og komme fram til eit kompromiss. Tyrkia var lite opptatt av Assad-konflikten, men ville ha ryggen fri i kampen mot kurdarane. Avtalen var at opprørarane skulle få bli i Idlib, mot at tyrkarane garanterte at det vart slutt på angrep derfrå mot regimets områder. Russarane godtok det, men for Tyrkia var det ein strek i regninga da kampane mellom Ahrar og HTS førte til at deira klientar vart kasta ut av Idlib og HTS fekk kontroll over provinsen. Derfor sendte Tyrkia i oktober 2017 inn soldatar langs grensa mellom Idlib og dei regime-styrte områda, og lagde ein buffersone under tyrkisk kontroll. HTS hadde altså styringa inne i provinsen, men tyrkiske soldatar stod vest, sør og aust for han. Julani godtok dette, og påstod det var etter avtale med dei. På den måten kunne han fortsatt halde kontakten open med omverda, gjennom grensa til Tyrkia.

Den pragmatismen førte til splitting i HTS. Dei mest jihad-orienterte fordømte avtalen med Tyrkia, og ville ha ei klarare line, det blir gjerne kalla den ”jordanske-egyptiske” fløyen av HTS, mot den pragmatiske ”syrisk-saudiske”. Noen av IS-aktivistane som hadde komme i Idlib slutta seg til dei radikale. Dei braut derfor ut av HTS, og danna i januar 2018 militsen Hurras al-Din, som slutta seg til al-Qa’ida og vart deira syriske grein. Samtidig kom det i 2019 til nye kampar i Idlib mellom HTS og tyrkisk-støtta grupper (det tidligare Ahrar), som HTS igjen vann og beheldt full kontroll over provinsen. 

HTS kom slik til å stå i ei mellomstilling, sjølstendig frå Tyrkia og ubunde av deira prioriteringar, men med pragmatisk samarbeid ut frå at Tyrkia hadde Idlib-provinsen i eit nakketak geografisk.

Styring og administrasjon av Idilib under HTS

Nå hadde altså HTS ansvar for styret av provinsen. Dette er også viktig, fordi det er den administrasjonen HTS oppretta i 2017 som nå er flytta til Damaskus og legg grunnen for det nye Syria, tildels med dei samme personane som styrte i Idlib.

Abu Muhammad al-Julani i 2021

Den nye administrasjon, som fekk namnet ”Syrias rednings-regjering” (SSG), ser også ut til å gått gjennom ei utvikling i desse åra, ut frå dei opplysingane som er komme ut. Den var frå starten sagt å vere sjølstendig frå HTS, men i realiteten var det Julani og HTS som hadde føringa. Det bestod av to delar, ein shura (rådslag) av leiande menn, og ei regjering som i hovudsak vart sammensatt av teknokratar med islamistisk legning. Dette var jo på samme tid som IS hadde sitt ”kalifat” lengar aust, men ulikt dei ser ikkje SSG-regjeringa ut til å legge vekt på noen ”shariaisering” av styret. Målsettingane var praktiske, å skaffe tenester for innbyggarane. Lovene skulle ha Sharien som ”einaste kjelde”, og skulane hadde separate gutte- og jenteklasser (som jo var vanlig også i Syria før), men dette islamske preget ser ut til å ha vore relativt lett. Dei strenge hudud-straffene var sett til sides (Julani var opent mot å ”fokusere” på dei), kravet om at kvinner måtte ha mannlig reisefølge vart ikkje praktisert. Hijab vart ”anbefalt”, men ikkje påbudt, ansiktssløret niqab var ikkje nemnt. (For nerdar kan det nemnas at lovverket skulle bygge på Shafi’i-skulen, ikkje på Hanbali eller salafi-teologi som ein kunne vente frå ein salafistisk organisasjon.)

Det var likevel ganske sekterisk når det gjaldt kontroll; den tidligare administrasjonen som Ahrar hadde bygd opp - og som styrte i dei tyrkisk-kontrollerte områda i nord - vart sett til sides, HTS skulle gjere ting på sin måte. Men seinare har innverknaden frå andre komme sterkare inn. Frå omlag 2020 kom utanlandske NGO’ar meir og meir inn til støtte og tok over oppgåver i regionen. Skulevesenet vart langt på veg overlatt til ein amerikansk NGO, i samarbeid med UNESCO. Dei ulike islamske retningane (som Brorskapet og Tabligh) fekk opprette eigne skular for sine. Interessant er også at styret tok til å handle med dei kurdisk-dominerte SDF-områda, tyrkaranes fiendar. 

Samme året opna HTS seg også meir for internasjonal offentligheit. Julani stod fram i utanlandske media og snakka om sitt brot med salafi-jihadismen. Dei av den ”jordanske” fløyen som fortsatt var i HTS vart ekskludert, og kontrollen for å hindre IS å få innverknad vart styrka, til synes med hell. Dette er har også ei sosial side: Syria har ein politisk viktig urban middelklasse, som styrer mye av økonomien. Julani hadde nå klart starta ei line for å nærme seg desse for å gi landet ein økonomisk basis. 

Vegen fram til regimets fall

Det er openbart at HTS og Julani hadde planlagt offensiven som kom i desember lenge. Det visas ikkje berre på slagmarka, men at dei nye administrative strukturane var på plass nesten med gang, det gjekk nesten smertefritt før dei offentlige tenestene var i funksjon under det nye styret. Akkurat kva som var planlagt, og med kven, veit vi ikkje enno - hadde det vore samtaler med russarane? med amerikanarane? Vi skal vakte oss for konspirasjonsteoriar, det kan også vere at desse maktene også vart tatt på senga, men klarte å tilpasse seg raskt. Men Tyrkia må openbart ha visst om og godkjent planane. Straks HTS sette sin lynoffensiv mot Damaskus i gang, starta også SNA ein offensiv, men ikkje mot Assad, naturligvis. Dei sloss mot kurdarane, og tok den kurdisk-styrte byen Manbij heilt i nord. I skrivande stund omringar dei den symbolsk viktige Kobané, men har ikkje gått inn, trulig fordi denne byen er under dels amerikansk beskyttelse (alle ventar på Trump).

Trulig var det nettopp i 2020 at planane begynte å gå i retning av det som skjedde i desember. Men det var naturligvis krigen i Libanon og Hizballahs svekking eller fall der som utløyste det - Julani kunne ikkje ha visst at Hizballah måtte trekke sine styrkar ut av Syria (som dei gjorde) og at Assad dermed stod nær forsvarslaus tilbake. Men planane må ha vore så klare at det berre var meir eller mindre å trykke på knappen. Slik ser det iallfall ut i ettertid. 

***

Så kva slags Syria peiker dette fram mot?

Kva seier alt dette om Syrias veg framover? Første punkt er altså i kva grad Julani / Ahmad al-Sharaa har brote med si jihadist-fortid. Alt tydar på det, men det betyr ikkje at han er blitt ein sekulær liberalar. Det er ingen tvil om at Nusra-fronten under borgarkrigen, og under hans leiing, var ei ekstrem jihadistgruppe. Dei kjempa mot regimet med sjølmordsbombarar og attentant, åtak som også ramma sivile. Dei sloss mot andre opprørsgrupper, og var skarpt mot mot å involvere seg med Vesten. Sjøl om dei ikkje var involvert i aksjonar i utlandet, var dei integrert del av al-Qa’ida. 

I dag er det altså annleis. Det ser ut som om vegen mot pragmatisme har gått gradvis. Julani sjøl har trulig sjøl alltid hatt slike tankar; han skal alt i 2013 ha lagt vekt på at opprørane måtte få støtte frå folk ved å vere til nytte for dei, tilby dei praktiske tenester bedre enn regimets. Det store omskiftet ser ut til å skjedd rundt 2017-2018, da HTS fekk ansvar for styret av heile Idlib. Da vart administrasjon og praktisk styring meir viktig. Men HTS var fortsatt sekterisk overfor andre grupper, og ville dominere. Når dei sloss mot dei tyrkisk-allierte gruppene, var det nok dels for å hindre å komme under tyrkisk dominans, men det var også for å sikre at HTS dominerte, helst åleine. Dette var ei fortsetting av den sekteriske rivaliseringa frå borgarkrigen.    

Men det ser ut som om pragmatismen meir og meir slo gjennom mot slutten av tiåret, og kanskje særlig etter at dei radikale vart kasta ut. HTS var den sterkaste gruppa, men hadde trulig ikkje meir enn 20-30.000 mann under våpen. Dei trong hjelp for å administrere provinsen, og dei godtok dette meir og meir, sjøl om det betydde å gje slepp på meir av kontrollen over det sivile samfunnet, og å tone ned det som måtte ha vore av ambisjonar om Sharia-styre. Idlib er uansett eit sosialt konservativt område, og ikkje mindre med alle flyktningane, der mange kom frå islamistiske grupper av ulikt valør. Men også Assad-styret hadde vore moralsk og sosialt konservativt, og styret til HTS ser ut meir til å tilpassa seg den religiøse konservatismen som dominerte mellom folk flest enn å prøve dra det i meir radikal, salafistisk retning. 

Dette kan nå komme til å bli eit av dei problema styret kan møte. Som nemnt, har dei i all hovudsak berre overført Idlib-regjeringa til Damaskus. Men Damaskus er eit ganske annleis samfunn. Mens Idlib er ”provinsiell” og dominert av konservative haldningar, har Damaskus ein moderne og sekulær middelklasse, som har heilt andre forventningar til livet. Det er her muligheiter for uro og konflikt. Sharaa (som vi nå må kalle han, altså Julanis reelle namn) er trulig klar over det, som vi har sett på handlingane. Vi har jo alle sett feiringa av ”friheiten” i hovudstaden, med kvinner i flagrande hår og knapt med ein hijab i syne. Sharaa sjøl unngjekk å ta den kvinnelige tyske utanriksministeren i handa, symbolikk gjeld fortsatt, men framstår elles så velvillig at motviljen mot styret hans ser ut til å smelte bort. 


Ennå føler ulike partar kvarandre på tennene. Vestmaktene seier at vi må gi styret ”tid” før vi er trygge på dei, dei ”seier det rette, men må vise handling”. Sharaa ser det. Men vi må også hugse at det gjeld begge vegar: Sharaa har nå all mulig velvilje overfor Vesten, fordi han treng dei sårt til gjenoppbygginga, men han også ventar på at handling skal følge ord. Det er naturligvis mange islamistar både frå HTS og andre grupper som forventar eit skikkelig islamsk styre i landet nå, det som dei kjempa for. Sharaa og leiinga held dei unna, men om vestmaktene (”verdssamfunnet”) ikkje stiller opp og heller vil vente til alle problem er rydda av vegen før dei for eksempel løfter sanksjonane, kan styret der komme fram til at denne vest-vendte vegen ikkje førte til noe, og vi kan få ei tilstramming. 

Likevel er det ein viktig faktor som ikkje avheng av Vesten, og det er den økonomisk sterke middelklassen eller ”basaren”. Alle som vil styre i Syria må forhalde seg til dei. Hafez al-Assad klarte å handtere dei i sitt byråkrat-sosialistiske styre, men det var Bashar som sette dei fri da han tok over i 2000. Økonomisk liberalisering førte til eit stort oppsving frå 2000 fram til borgarkigen ti år seinare. Dei var derfor godt nøgd med Bashar, så lenge det var fred og ro. Nå ventar dei også på gjenoppbygginga, og vil sikkert ha ein hand med i denne. Uansett vestmaktenes velsigning eller ikkje, så treng Sharaa og HTS støtte frå basaren. Dette er derfor eit sterkt kort mot kraftig ”islamisering” eller ”salafisering” av landet. 

Trass i dette kan vi ikkje rekne med at det blir eit ”europeisk” liberalt styre i landet. Vi må rekne med at Syria forblir sosialt og religiøst konservativt, trulig meir enn under Assad. Reglar kan bli endra i religiøs lei. Det bør ikkje føre til panikk; det er rimelig å rekne med at noen ting også vil måtte bli gitt til grunnplanet hos dei som har kjempa for ”islam mot vantrua” i ti år. Men noe Taliban-styre er det ikkje grunnlag for i Syria. 

Den politiske geografien: Kan det gå mot splitting av Syria?

Det andre er faren for ”libyiske tilstander”, altså at landet fell frå kvarandre i krig mellom dei ulike militsane som har deltatt i seieren. Det er fortsatt mange sjølstendige militsar rundt om, inkluldert dei som vart avvæpna av regimet etter 2016, men HTS er klart den største, og dei fleste ser ut til å ville samordne seg med dei. Vi kan særlig merke oss to:

        - Det ”Sørlige operasjonsrommet”, ein ny allianse av militsar heilt sør i landet, med m.a. drusarar. Dei hadde ei våpenkvile (utan tunge våpen) med regimet. Dei vil nå hevde sin rett, men i samarbeid med HTS.

       - Den ”Syriske frie hæren” (før den ”Nye syriske hæren”, ikkje å forveksle med den ”frie syriske hæren” FSA). Dette er ei amerikansk-støtta gruppe som har vore gjennom fleire utreinskingar for korrupsjon og misbruk. Dei er noen få hundre mann, men har påstått seg kontroll over områder midt og aust i landet. 

Det nye styret har sagt at overgangen til eit nytt samfunn vil ta fire år, før val m.v. kan finne stad. Men, ikkje minst med det libyiske dømet i minne, er det langt viktigare nå å få lagt ned dei ulike militsane, slik at faren for væpna rivalisering fell bort. Dei væpna gruppene skal derfor samlas til ein felles hær under felles leiing. Libyarane prøvde det i 2013, men sidan kvar milits vart ei avdeling i denne ”felleshæren”, begynte dei snart med kampar seg i mellom. Sharaa forlanger derfor at soldatane skal tas inn enkeltvis og blandas, slik at ikkje kvar gruppe har sin kommando innanfor hæren. 

Dette er naturligvis problematisk for gruppene, som er redde for at dette betyr dei skal dermed leggas under kontroll av HTS, den største gruppa. Men det er spesielt to grupper som kan skape problem for det målet. Ingen av dei har tapt i denne kampen, tvert om, dei har vunne, og ser ikkje kvifor dei skal legge seg ned. 

Den "syriske nasjonale hæren"
under tyrkisk flagg

Det er på den eine sida dei tyrkisk-støtta gruppene i den ”Syriske nasjonalhæren” i nord. Dei er altså nå aktivt i kamp med kurdarane, etter tyrkiske planar. Tyrkia må ha støtta, eller iallfall sett med velvilje på, HTS sin seiersmarsj mot Damaskus. Da er det lite trulig at dei vil akseptere at deira støttespillarar i SNA, som også er dei som styrer grenseområde i nord for tyrkarane, skal underleggas sentralregjeringa / HTS. Det vil jo da automatisk si at dei tyrkisk-styrte områda som SNA har halde sidan 2019 fell under Damaskus sin kontroll. Det er lite trulig Sharaa eller HTS kan tvinge gjennom ei slik tyrkisk oppgiving av sine seirar, iallfall utan ei løysing på det kurdiske problemet som Tyrkia kan godta. 

Og det er altså det andre: Kurdarane og deira allierte i SDF. Kurdarane har forlengst akseptert at dei skal vere ein del av Syria, men vil ha utstrakt autonomi for det området, ”Rojava”, som dei nå har styrt i over eit tiår. Sharaa har vore villig til å diskutere dette, og sjølve autonomi-spørsmålet kan utsettas. Det akutte problemet er hæren til SDF (og dermed til kjernen i denne, den kurdiske militsen YPG). Igjen, så har SDF akseptert prinsippet om integrasjon, men ikkje at avdelingane skal løysas opp i enkeltsoldatar, dei forlanger å behalde SDF-styrken samla innanfor ein eventuell felles syrisk hær. Det er nettopp det HTS vil unngå. Men igjen har HTS valgt kompromiss og utsetting; SDF er foreløpig fristilt frå kravet om oppløysing, og kommisjonar er sett ned for å drøfte mulige løysingar. 

HTS er ikkje sterke nok til å bekjempe militært korkje SDF, som enn så lenge har amerikansk støtte, eller SNA, som har Tyrkia bak seg. Det er også tydelig at det siste Sharaa ønsker nå, er meir krig. Han ser ut til å ville strekke seg langt for å finne løysingar. Men vi må også hugse på at HTS og deira forgjengarar har hatt fleire harde kampar mot dei som vart til tyrkisk-støtta SNA, seinast i 2019. Så ein militær veg er ikkje utenkelig. Men det sit nok langt inne. Kor sterkt freds- og gjenoppbyggingsønsket er, kan ein sjå på den manglande reaksjonen på Israels heilt umotiverte erobring av nye områder i Golan, og så bombing av syriske militæranlegg utan noen provokasjon. I staden for rakettar à la Hizballah eller bombastiske krigsutsegner, sa Sharaa - den tidligare jihadisten - at Syria ikkje hadde noe uteståande med Israel - akkurat nå, får vi legge til. 

Syria er full av utfordringar vi ikkje har hatt plass til her - gjenoppbygging, milliardar av dollar, kven skal betale det? - flyktningane, millionar av interne, og millionar i utlandet, kan dei komme tilbake, og til kva? Og vil pragmatismen og forhandlingsvilja til leiarane nå halde stand mot eit mulig press for sterkare islamisering og konservatisme frå ”grunnplanet” i HTS og dei andre islamistgruppene? 

Mye av dette vil kanskje bli avklart om styret klarer å løyse den gordiske knuten med kurdarane og tyrkarane. Tyrkia vil vere velvillig, om kurdarane blir vingeklippa eller helst at ”Rojava” bli oppløyst. Kurdarane vil berre gi seg om det motsette er tilfellet. Damaskus kan trulig ikkje tvinge noen av dei til noen ting. Ein strategi ser ut til å vere å svekke SDF ved å trekke dei arabiske stammane som så langt har utgjort den arabiske delen av fronten bort frå den kurdiske leiinga. Det har hatt ein viss suksess, noen stammar har skifta side frå SDF til Damaskus-styret. Kanskje noen frå SNA kan også finne samme veg. Men det er ikkje nok til å endre styrkeforholdet grunnleggande. Alle venter på Trump, og alle reknar vel med at hans interesse er dei syriske oljefelta, som ligg i SDFs områder. Men kva det vil bety, er ennå i det blå.

Det er altså der vi omlag står nå. Det er enorme problem det nye styret står overfor, både økonomisk og politisk. Det beste omverda, og det vil si Vesten, kan gjere, er trulig å gi styret ein sjanse, og å løfte sanksjonane og starte konkret gjenoppbygging slik at folk flest i Syria kan sjå at det å støtte opp om eit nytt, fredelig og pragmatisk styre faktisk kan gi dei håp om eit bedre liv. 

onsdag 1. januar 2025

2025: Status

Det siste året har altså Midtausten igjen blitt sentrum for alles oppmerksomheit, og ikkje med måte. Gaza, Libanon, Iran, Jemen - kvar krigsarena har gått frå å vere ein utløpar av Gaza-konflikten til å bli sine eigne krigar som har snudd mye opp og ned på maktforholda. Det historiske skiftet i Syria er også klart eit resultat av krigsutfallet i Libanon, som igjen er eit resultat av krigen i Gaza. 

Gaza

Vi skal ikkje her repetere alt det som er skrive om denne krigen det siste året - dette endrar seg frå dag til dag, og er godt dekt både i aviser, media og etter kvart også bøker. Vi kan nok, som alle andre, spekulere i kva som kan bli resultatet når våpena ein gong stilnar, og for den del om dei noen gong gjer det. Stillare vil det nok bli, Israels krigføring er utan tvil etter kvart blitt ein byrde for landet, både når det gjeld personell og materiell, og intensiteten vil minke etter kvart som det rett og slett er mindre att å bombe. Men sidan det ikkje ser ut til at Israel har noen spesiell plan for kva som skal skje vidare framover, er det vanskelig å sjå kva framtida for Gaza blir. Alle ventar nok på 20. januar, med ein ny president i USA, for å sjå kva effekt det vil ha på regionen. Det kan også vere at Israel vil på ein eller annan måte avslutte krigføringa i tide før den datoen, for å komme Trump-administrasjonen i møte med ”blanke ark”. 


Det vil vise seg. Men mest trulig ønsker Israel seg neppe rolla som formell administrator slik dei var før 2005, sidan dei da vil få ansvar for dei sivile og for gjenoppbygging av Gaza. Det ønsker Israel heilt sikkert ikkje, utover altså å ha fridom til å gripe inn mot alt som kan likne på ein form for motstand. Israel har heller aldri akseptert internasjonalisering av konflikten, så ein fredsstyrke utanfrå - frå det ”anti-semittiske” FN, eller frå arabiske naboland som Gulf-landa, sit også langt inne for Israel å godta. Det vil hindre den bevegelsesfriheita som Israel ønsker å ha permanent i Gaza. Problemet er at det heller ikkje fins noen form for palestinsk struktur som kunne ta over. Vestmaktenes favoritt, PA - den palestinske administrasjonen i Ramallah - er politisk bankerott, og har knapt noen legitimitet hos palestinarane. Men samtidig er PA trulig likevel for sjølstendig for Israel å godta. Hamas er politisk på bar bakke, og ute av bildet med tanke på administrasjon av Gaza. Netanyahus mål om å ”knuse” Hamas er uoppnåelig; Hamas har fortsatt kraft til slå tilbake - ein må jo hugse på at Gaza-krigen er krig, Hamas skyt tilbake og er i stand til å ramme dei israelske troppane der. Men deira militære kraft er nå ganske svak, og Netanyahu vil nok måtte kunne påstå seg ein full militær seier før han går med på å trappe ned bombekrigen. Politisk er Hamas også svekka, men folkelig støtte til hard motstand mot Israel er trulig berre blitt sterkare av den katastrofen palestinarane har opplevd i Gaza og det aukande presset på Vestbredden. Om Hamas skulle forsvinne, så er det ikkje dei ”moderate” i PA som kjem styrka ut, men ennå meir militante og desperate krefter. Om ikkje nå med ein gong, så om to, fem eller ti år. 

Israel er under Netanyahus leiing trulig svekka på den internasjonale arenaen, men klart styrka på den regionale, og Netanyahu ser i Libanon og Syria også ut til å så langt som råd å ville demilitarisere alle mulige motstandarar. Han sjøl er også klart styrka politisk i heimlandet, i fjor var det opplagt han ville tape straks det vart val - det er ikkje lenger så sikkert. Korrupsjonsskandalane begynner å bli gamle, og hans allierte på ytre høgre fløy blir spiselige for fleire og fleire veljarar. Det fleste israelarane ser ikkje den krigen som er så synlig utanfor landet, dei ser at Israel knuser sine fiendar. Kanskje er det ikkje nok til å sikre han ein ny periode - mange held han fortsatt ansvarlig for at få om noen gissel trulig kjem heim i live - men det er nå godt mulig at hans krigar i alle himmelretningar kan sikre han attval. 

Libanon

I den regionale politikken var nok krigen i Libanon likevel viktigare, fordi Hizballah hadde langt større politisk betydning enn Hamas. Dei hadde dominerande innverknad på politikken i Libanon, dei hadde i praksis vunne krigen på bakken i Syria og var grunnmuren under Assads styre. Dei utgjorde dermed kjernen i ”motstandens halvmåne” frå Libanon over Syria og Irak til Iran. Det var nok politisk umulig for Hizballah å ikkje blande seg inn i Gaza-krigen, med det raseriet mot Israel som den førte med seg. Men det opna muligheita for Netanyahu, som nå brydde seg mindre og mindre om internasjonalt press, til å slå eit ”endelig” slag mot Hizballah. Som Hamas er det naturligvis ikkje mulig å fjerne Hizballah som politisk kraft, rørsla er fortsatt den fremste representanten for den største folkegruppa i Libanon, shiaene, og så lenge det ikkje er noe synlig alternativ for desse, vil Hizballah fortsatt vere deira parti. Men militært er dei også sett så langt tilbake at det svekker deira innverknad, ikkje berre i Syria, men også i Libanon. Landet var jo i utgangspunktet økonomisk og sosialt på randen av avgrunnen; øydeleggingane etter krigen har berre ført dei lenger ut på kanten. Det blir viktig å sjå i året og åra framover kva konsekvensane av dette blir i Libanon, både økonomisk og sosialt. Politisk har landet alltid vore markert av etnisk (”sekterisk”) politikk, kvar religionsgruppe har sine parti. Krigen ramma spesielt shi’iske bydelar. Kva konsekvens vil det få for det politiske systemet i Libanon? 

Syria 

Og så kjem den store overraskinga: Assad-regimets fall. Heile verda (vel, den vestlige og ”snille” verda) feira det som ei frigjering for folket i Syria. Men var det det? Er det Sør-Afrika etter apartheid; Russland etter kommunismen, eller Libya etter Qadhafi som blir mønsteret? Vi hugsar jo jubelen etter at diktatoren vart jaga - og så drept - i Libya, og korleis den raskt stilna når landet fall ned i kaos. Og hugs: det var terroristar frå Qa’ida [hev vore] som frigjorde Syria. Går vi berre frå vondt (stabilt, men brutalt diktatur under Assad) til verre (ustabilt jihadiststyre med kommande borgarkrigar og opprør) i Syria? Vi veit ikkje, men vi kan gjere noen observasjonar. 

For det første: Ingen land er like. Libya er eit heilt anna land enn Syria. På den gode sida - Libya er oljerikt og etnisk einskaplig: nesten alle er sunniske arabarar, mens Syria er langt fattigare, og etnisk og religiøst delt i mange ulike grupper. Men også, negativt, på det som nå blir viktig: Libya mangla fullstendig det vi kan kalle ein politisk kultur: det hadde gått direkte frå kolonistyre til eineveldig monarki til Qadadis diktatur. Det fans ikkje politiske parti, og det fans heller knapt nokon idé om kva eit parti var for noe. Den valde nasjonalforsamlinga var lite meir enn eit stammeråd av lokale stormenn som ikkje visste kva dei hadde der å gjere (og derfor reiste heim ved første høve). Det fans altså ikkje noen statstradisjon i Libya, og derfor smuldra landet også opp. 

Syria har heller ingen lang sivil tradisjon, men er likevel langt meir velutrusta. Det var ei brei nasjonal rørsle som tvang franskmennene til å reise i 1946, og landet hadde eit rimelig utbygd sivilt styre i det første tiåret etterpå. Så tok militæret makta i 1958, og heldt på den - regimefallet nå er ikkje berre slutten på femtifire år med Assad-styre, men også på sekstiseks med sammenhengande militærstyre (det vil si, det er ikkje over ennå, det nye styret er så langt også bygd på militærmakt). Far Assad, Hafez kom frå Ba’th-partiet som hadde tatt makta alt i 1963, så det er også sekstieitt år med Ba’th-styre som er over. 

Bashar al-Assad som truande

Kor mye av den sivile politiske kulturen har overlevd seksti år med eittpartistyre? Langt meir enn i Libya, og kanskje også meir enn det trass alt langt hardare Ba’th-styret til Saddam Hussein i Irak. Ikkje minst visste Assad å forhalde seg til, og tildels samarbeide med ”basaren”, det vil si den kommersielle middelklassen som hadde ein god del innverknad på den økonomiske politikken (ikkje minst i Aleppo, der desse stod sterkt). Dette gjaldt særlig son Bashar etter farens død i 2000, som letta vilkåra for basaren. Assad-familien var også bevisst at dei kom frå ein religiøs minoritet, og lot sunniske religiøse få eit visst frirom - innanfor klare grenser, naturligvis. Alt dette gjer at det trulig er muligheiter for å gjenopprette ein politisk kultur i Syria, om enn famlande i den første tida, på ein måte som var uråd i Libya. Det betyr ikkje at det vil skje, vi skal ikkje vere spåmenn her, men kimane fins trulig i landet. 

Er jihadistane tilbake?

Så er det dette med Qa’ida. Her kan den interesserte lesar følge historia relativt tett ved å kikke i arkiva til denne bloggen i den mest intense perioden, frå 2012 til 2018 omtrent, for vi følgte dei ulike islamist- og jihadistgruppene i sikkert større detalj enn lesarane sette pris på. Vi skal ikkje repetere det, men berre oppsummere historia til dei som nå har makta i Damaskus:

- Utgangspunktet var absolutt al-Qa’ida, som rundt 2010 var oppdelt i nasjonale avdelingar; i Irak tok dei namnet den ”islamske staten i Irak” (ISI). I 2012 vart ei gruppe derfrå, under leiing av ein al-Jolani (som vi nå veit eigentlig heiter Ahmad al-Sharaa) sendt til Syria for å slåss, og danna Nusra-fronten. Det var mange jihadist-grupper i Syria, men Nusra-fronten var meir hensynslaus (mye sjølmordsbombar og attentat) og meir effektiv. Dei andre heldt seg unna - Nusra kjempa isolert - men var også imponerte. 

- I 2013-14 var Nusra-fronten den viktigaste avdelinga Qa’ida hadde, og al-Baghdadi, som styrte ISI i Irak, ville ha styringa med dei. Jolani nekta, han hadde nå overstråla sin tidligare sjef. Konflikten mellom dei vart løfta til Qa’idas sentralleiing i Pakistan, og øvste leiar Ayman al-Zawahari mante dei til semje, men for øvrig ga Jolani og syrarane mest støtte. Baghdadi braut dermed med Qa’ida, oppretta si eiga avdeling i Syria og vart dermed til den sjølstendige fronten ISIS (IS i Irak og Syria), seinare berre IS. Samtidig gjorde han ei ideologisk endring, ved å flytte fokus bort frå kampen mot Assad, til å bygge ”kalifatet”. 

- Jolani og Nusra var aldri med på kalifat-opplegget, og hadde heller aldri aktivitet utanfor Syria, ulikt andre Qa’ida-avdelingar. Det kom til harde kampar mellom IS og dei andre jihadistgruppene i Syria; Nusra var først ein nøytral part mellom dei, men kom stadig nærmare og tok til å samarbeide med dei andre, ikkje-Qa’ida-baserte gruppene, som heile tida var større og viktigare enn Nusra/IS. 

- Så kom skiftet i 2015, då Russland, Iran og Hizballah gav Assad den støtta han trong for å presse jihadistgruppene tilbake. Med Aleppos fall i 2016, hadde han i praksis vunne. Restane av jihadistar vart trengt tilbake i Idlib-provinsen, på grensa til Tyrkia, og regimet hjelpte også til med å frakte opprørarar der. Dette vart i åra etter eit reservat for opprørarar. 

HTS slik vi kjente dei (2022)

Og dermed slutta historia, til synes. Vi hørte mindre og mindre om kva som skjedde inne i Idlib. Nusra-fronten hadde nå gått sammen med noen mindre islamistgrupper og danna ”Syrias frigjeringsorganisasjon”, Hay’at Tahrir al-Sham, eller HTS, og braut formelt med eit Qa’ida som hadde blitt ganske irrelevant for den syriske krigen. Noen element frå IS blanda seg inn, etter at dei hadde tapt sin krig i aust, og på eit tidspunkt splitta HTS seg i to, ein meir radikal med IS-folk og meir deseparate frå Nusra-tida; og ein meir moderat som godtok å samarbeide med Tyrkia. Tyrkia hadde nå full kontroll med situasjonen, all kontakt inn og ut av Idlib gjekk gjennom Tyrkia. Mange av jihadistane lot seg innrullere i de facto tyrkisk teneste der dei sammen med andre syriske opprørarar danna den ”syriske nasjonal-hæren” (SNA) og kjempa for Tyrkia mot kurdarane i nord-Syria, dels under eigne leiarar, dels under tyrkisk kommando. Sjølve Idlib var delt i to område, eit (med yttergrensene) var direkte kontrollert av Tyrkia, det andre kunne opprørarane styre sjølve, i ein form for kompromiss med Tyrkia; dei kunne lage sitt samfunn, så lenge dei heldt seg på matta. Tyrkia garanterte dermed ein våpenstillstand i avtale med Russland - ingen angrep inn i dei regjeringsstyrte områda, ingen russisk bombing av Idlib. Det er dette indre, dels autonome området HTS da ser ut til å styrt i dei åra som har gått, og det er dette styret dei nå har utvida til heile Syria. 

Det er altså to sentrale spørsmål framover: Det er openbart at Tyrkia har tillatt, og kanskje påskynda, HTS sitt felttog i november, etter at grunnen forsvann under Assads styre då bakkestyrkane hans, Hizballah, vart trukke tilbake til Libanon. Det var alltid Hizballah som hadde kjempa på bakken (med iransk støtte), Russland i lufta. Dei syriske styrkane til Assad var utan slagkraft. Spørsmålet er kor sjølstendige det nye HTS-styret da er frå Tyrkia. Er det Tyrkias Erdoğan som drar i trådane? Eller kan Jolani / Sharaa kjøre ei sjølstendig line? Eit mål på dette er korleis styret forheld seg til den del av Syria som ligg aust og nord for Eufrat, det som nå er eit sjølstyrt kurdisk område. Tyrkia vil ha dette bort, og helst lagt under sentralstyre frå Damaskus, mest mulig svekking av kurdaranes autonomi. Dersom HTS i staden er villig til å forhandle med kurdarane om dette - for å unngå meir krig, og starte gjenoppbygging av Syria - så viser det sjølstendigheit i forhold til Tyrkia, noe som er interessant. 

Viktig her er jo også kor einskaplig det nye styret er. HTS og al-Sharaa ser ut til å god kontroll nå, men det er trass alt ein ganske liten hær med basis i ein del av Idlib. Det tyrkisk-allierte SNA held fortsatt dei nordlige grenseområda og fører kampar mot kurdarane i nord-aust, mens HTS vil unngå konflikt med kurdarane. Kurdarane held austbredden av Eufrat, men tok over storbyen Deir ez-Zor på vestsida da regimet fall. HTS sende da troppar opp og tok over byen sjøl, og kurdarane trakk seg tilbake, så langt vi forstår utan kamp. Men HTS manglar altså kontroll i nord og nord-aust. Kyststripa i vest har alltid vore trygt ”Assad-land”, med stort innslag av alawiar, hans etnisk-religiøse retning. Dei overgav seg også i desember, mest trulig til HTS eller allierte, men det har komme til sammenstøytar i slutten av desember mellom alawiar og sunniar her. USA har faktisk også sin eigen vesle opprørshær som ingen har lagt merke til (fordi dei var ærlig talt heilt ubrukelige), dei held ein grensepost, al-Tanf, på ”treriksrøysa” mellom Irak, Syria og Jordan. Denne gruppa kallar seg visstnok den ”Nye syriske hæren” og rykka inn i Palmyra da regimestyrkane forsvann, det er uklart om HTS også her har tatt kontrollen (mest trulig, sidan Palmyra ligg på vegen til Deir ez-Zor). Så langt ser det altså ut til at HTS faktisk har kontroll bortsett frå dei tyrkisk- og kurdisk-styrte områda, og gruppa har gjort det ganske klart at dei ikkje ønsker vidare kampar. Men det er jo ennå berre gått tre veker sidan maktskiftet, så mye kan ennå snu seg. 

Det andre er kor mye jihadisme som heng att i HTS. Da dei braut med Qa’ida i si tid, var dette nok relativt opportunistisk. Dei var da svekka, og Qa’ida-bandet var ein albatross rundt halsen deira dei gjerne kunne bli kvitt. Qa’ida kunne da ikkje gi dei noen støtte i det som var deira kamp mot Assad i Syria. Men det betyr jo ikkje at dei gav opp den islamistiske ideologien. Syria var da full av jihad-orienterte grupper som aldri hadde hatt noen Qa’ida å gjere, men likevel meinte Assad var ein heidning og at Syrias kultur måtte bygge på streng islam. Så gjekk desse jihadistane inn i den lange tørketida i Idlib, der måtte bruke kreftene på å skape eit fungerande samfunn. Har dette nå slipt kantane av dei, slik at dei nå ser mest på kva som fungerer, og mindre på kva som er den rette trua?

Aḥmad al-Sharaʿa mellom kristne leiarar,
desember 2024

Så langt ser signala frå det nye styret slik ut. Dei ”seier dei rette tinga”, og har ikkje pressa gjennom noen streng jihadist-orden. Det er tydeligvis ikkje noe hijab-påbod i Damaskus. Det er rimelig sikkert at det vi nå ser har vore planlagt i lengre tid, ikkje berre offensiven, men også styret som skulle komme etter. Dei er klar over at Syria er mangfaldig, kanskje har dei også på forhånd hatt samtalar med andre i opposisjonen, som noen antydar. Pragmatisme ser altså ut til å rå. Men vi som tenker oss eit ”vestlig” Syria, bør nok ha i mente av dette er ei rørsle som er grunna i islamismen, og mange i opposisjonen og blant folk flest støtter ei styrking av religiøs moral og samfunn. Syria kjem nok ikkje til å bli noe Taliban, men det kjem neppe til å bli eit feministisk mønsterland heller. Vi kan håpe at alle i Syria ser at det som nå trengs er å bygge opp at det som er øydelagt, at ein beheld freden og ikkje startar nye sekteriske kampar mellom dei ulike gruppene om ”korleis Syria skal sjå ut”, slik at det som til slutt blir det nye samfunnet framstår fredelig i så stor grad som mulig i tråd med det folket i landet helst ønsker. Fred var kanskje ei det beste for Bjørnson, men i Syria i dag er det kanskje viktigare enn prinsippa. 

Sudan

Syria representerer altså det mest positive i eit elles traurig Midtausten. Lenger sør er det mindre positivt å spore. Borgarkrigen i Sudan har nok komme litt i skuggen av det voldsomme som skjer i Gaza, og utviklinga det siste året har vel heller vore ”meir av det samme”. Kampane mellom hæren og militsen RSF held fram utan at nokon av dei har hatt noen avgjerande gjennombrot, og situasjonen for dei sivile blir stadig verre etter at krigen - og sammenbruddet for staten - nærmar seg sitt tredje år. Det er ingen sikre tal for drepte, noen anslag går opp i over hundre og femti tusen, andre meir nøkterne seier noen titusen. Sju millionar er internt fordrivne, og mange av desse manglar det mest nødvendige og står i fare for sult. Naudhjelp kjem knapt inn på grunn av krigen. Berre i noen kystområde heilt i aust klarer noen delar av sivilsamfunnet å klamre seg fast, men utan å kunne gjere stort for størstedelen av landet. 

Utanlandsk innverknad ser meir ut til å halde kampane i gang enn å gjere noe seriøst forsøk på å fremme våpenkvile. Spesielt peiker mange på rolla til dei Foreinte Arabiske Emirata (UAE), som blir skulda for å støtte begge partar i krigen, sjøl om dei påstår dei ikkje støtter noen av dei. Det er nok RSF-militsen som mest nyt godt av støtta frå UAE, som kanskje langt på veg er med på å finansiere krigen deira. Dei mest kyniske trur likevel at UAE prøver å sikre seg at kven det er av dei to partane som til slutt trekk det lengste strået, så skal dei stå i takksemd til Emirata. Dette vesle, men rike Golf-landet visas meir og meir att i Afrika. Mens mange peikte på Kina som den store aktøren som dukka opp over alt i Afrika, økonomisk meir enn politisk og militært,  ser mange innverknaden frå Emirata kvar enn dei snur seg på kontinentet (UAE er nå Afrikas største investor), langt meir enn sine større allierte og rivalar Saudi-Arabia og Qatar. Om dette er rett, har stormaktsambisjonane til Emirata ikkje komme Sudan til nytte, men tvert imot til alvorlig skade.  

Tunisia

I Tunisia var det presidentval i oktober, men det var kanskje ikkje mange som la merke til det? Resultatet var nok gitt, den sittande presidenten Kaïs Saïed vart vald med ”overveldande majoritet” etter at han hadde sett motkandidaten i fengsel. Det var rett nok ikkje så mange som stilte opp ved urnene, 27 prosent, men det var bedre enn ved parlamentsvalet for to år sidan, der berre ni prosent strødde sand over valet av regimets kandidatar. 

Noen støttar Saïed, her med Italias
Giorgia Meloni

Saïed hadde faktisk vid støtte då han vann vala i 2019, etter åtte år med aukande kaos etter revolusjonen i 2011. Han var professor i forfatningsrett og mange håpte han kunne stabilisere landet. Men han samla meir og meir makt i eigne hender, sette først parlamentet ut av spel, og har seinare tatt styring også over rettsapparatet og seinare media ved å slå ned på kritikk. Han er innbitt motstandar av islamistane i En-Nahda, som fortsatt var Tunisias største parti, men er elles religiøst konservativ og har seinare gått i meir og meir eksentrisk lei med rasistiske angrep på migrantar frå sør for Sahara. Han er òg stadig meir i opposisjon til EU, som Tunisia samarbeider tett med, men som er meir uroa over den autoritære retninga i landet. Det er likevel få teikn til effektiv opposisjon mot Saïed, så det er fare for at landet stabiliserer seg med eit autoritært styre som er heilt annleis enn det som vart fjerna i 2011, men likevel har mange fellestrekk. 

Libya

I det siste landet vi har følgt tett opp gjennom åra, Libya, er stoda mye uendra det siste året. Det er i hovudsak våpenkvile, men forsøka på å samle dei to delane av landet - og dei to statsmaktene i aust og vest - går tregt. Det mest interessante i tida som kjem er om Russlands endra stilling i Midtausten etter tapet i Syria har innverknad. Russland har vore ein klar støttespillar for den mektige mannen i aust-Libya, Khalifa Heftar, sjøl om han har fleire (mellom dei før nemnte UAE). Dersom Russland må evakuere basane dei nå har i Syria, kan dette slå ut i to retningar. Det eine er at dei kan vere på jakt etter erstatningsbasar, ikkje minst for den russiske Middelhavsflåten i Tartus, og kan søke etter det i Benghazi eller andre havner i austlige Libya som er under Heftars kontroll. Men det spørs om dette kan gi Russland den stabiliteten dei hadde i Syria, og som dei vel vil ønske før dei investerer i ein større base. Motsatt kan det også vere at Russland er så svekka - dei viste jo at dei ikkje evna eller villa leve opp til løfta om å beskytte Assad - at deira innverknad i Afrika kan bli svakare. Det er kanskje fleire på kontinentet som er mindre villig til å ”legge alle egga i Putins korg” dersom det viser seg han kanskje heller ikkje er i stand til å berge deira styre i ei krise. Da spørs det om det fins noen andre alternativ for dei. UAE følger utan tvil dette interessant, men det kjem også an på kor ambisiøse dei i siste instans viser seg å vere. 

søndag 17. mars 2024

Antisionisme, antisemittisme og det jødiske

Den sørafrikanske juristen John Dugard sa på ein Gaza-konferanse i Bergen nylig  at vi i Norge var gått fri for noe som har prega Israel-debatten i mange andre land: At ein kan sperre all samtale og dialog med å brennmerke kritikk av Israel som "anti-semittisme". Vi er vel kanskje ikkje heilt fri for det, men det er nok rett at slike tendensar til hysteri som vi har sett i USA og andre land, der også jødar blir angripe som "anti-semittar" er vi langt meir forskåna for her.  

Så spørsmålet er derfor om vi kan ha ein kjølig og avdempa debatt om noen av dei temaene som elles har lett for å sette sinna i kok, på alle kantar, for eksempel begrepet "anti-sionisme". Er det den moderne formen for antisemittisme, eller er den påstanden heller den moderne maccarthyismen? Og det kjølige akademiske svaret blir jo som det gjerne blir: Det kjem heilt an på. Altså, på kva ein legg i begrepet ”anti-sionisme”.  Det kan vere det, men det ikkje vere det. Vi må altså må lenger ned i kva vi legg i orda. 

Antisemittisme

Det kan jo bli eit bokmanus, så vi får nøye oss med kortversjonen, og seie at vi reknar med at begrepet ”antisemittisme” er kjent: det er jødehat; ei form for rasisme, å diskriminere eller forskjellsbehandle jødar fordi dei er jødar. (Og i parentes: ikkje fordi dei er semittar, for slike fins ikkje: ”semittisk” er ikkje eit folkeslag, men ein språkfamilie i Midtausten og på Afrikas horn: dei største språka i Eritrea og Etiopia er også semittiske.)

Sionismens mange tydingar

I ”anti-sionisme”, derimot, ligg innhaldet i ordet: det er å vere mot sionisme. Men sionisme er eit begrep som er brukt i mange ulike tydingar, så da må ein komme til klarheit i kva ein i så fall er ”anti”. Det kan også bli ei avhandling å drøfte det, så vi får her prøve å vere litt avkorta og forenkla, og peike på fem forskjellige tydingar av sionisme, og korleis nokon kan kritisere dei. 

(1) Jødar er sionistar

Det første er berre å sette likheitsteikn, og bruke ”sionist” i staden for ”jøde”. Da er jo konsekvensen klar, da blir antisionisme og antisemttisme synonymt. Og det er jo ingen tvil om at begrepet blir brukt slik, t.d. frå nazistar og andre høgreekstreme, som hatar jødane som folk, men i dag føretrekk å kalle seg ”anti-zionistar” (gjerne med z, av ein eller annan grunn). Også i Aust-Europa under den kalde krigen er det klart at det var vide antisemittiske haldningar både mellom folk og frå styresmaktane (jf. Slansky-prosessane og Stalins utreinskingar etter krigen) som maskerte seg som anti-sionisme. 


(2) Sionisme som jødisk nasjonalisme

Theodor Herzl
Meir interessant er kanskje dei som tar utgangspunkt i ei faktisk forståing av sionisme som ei idéretning. Sionismen er jo i utgangspunktet ein jødisk nasjonalisme som vaks fram sist på 1800-talet, med ønske om ein eigen nasjonalstat. Den som nektar den jødiske nasjonen ein slik rett fordi det er noe negativt ved jødane som folk, altså at andre nasjonar har rett til ein stat, men jødane ikkje kan ha det fordi dei er jødar, er igjen over i antisemittisme, ein behandlar jødane annleis enn andre. Eg veit ikkje om noen faktisk hevdar dette, derimot er det noen som avviser at jødane er ein nasjon, fordi dei i motsetning til t.d. polakkar og slovakar budde spreidd og ikkje hadde noe felles territorium: dei mangla noen objektive kriterier på ein nasjon. 

Det kan jo i praksis gå ut på det samme, men har ein viss sammenheng med nasjonsteoriar på 1800-talet, der den ”tyske” nasjonstanken var nettopp at ein nasjon kunne bestemmas ut frå objektive kriterier: felles språk, felles land, felles økonomi og felles ”skjebne” (Schicksal). Den ”franske” forståinga var derimot at nasjonen er ei subjektiv oppslutning rundt eit felles ideal (der: republikanismen): ei tilstrekkelig stor gruppe som meiner at dei er ein nasjon, blir det dermed gjennom si overbevising om det. I teorien kan ein altså, ut frå den tyske forståinga, argumentere for at jødane mangla dei påkravde objektive kriteria for sjølstende - t.d. felles språk og land - og i staden hørte til nasjonen i det landet dei budde. Men det var jo nettopp Herzls poeng: Dreyfuss-saka og pogromane i aust viste jo at jødane vart ekskluderte frå dei nasjonane dei budde i, og måtte derfor vere ein eigen, separat nasjon. Ikkje alle jødar var samde med Herzl, men tilstrekkelig mange til at det altså vart ei større rørsle. Dermed må det vere rimelig å godta deira påstand: ved at dei som meiner dette ser seg sjøl som ein nasjon, oppstår nasjonen med det: Det jødiske folket og den jødiske nasjonen eksisterer i kraft av seg sjøl. 

Det ligg i nasjonstanken at ein nasjon har ambisjon om å opprette ein nasjonalstat. Dette er også ganske opplagt ein rett som dei har: Alle nasjonar har rett til å kreve ein eigen stat. Men dei har ikkje dermed automatisk rett til å det. Det er fordi ingen rettar er absolutte, alle rettar må prøvas mot andres rettar. Dette gjeld alle grupper: Ut frå samme tankegang er det ingen tvil om at katalanarar, baskarar, tsjetsjenar og så vidare er nasjonar fordi dei ser seg sjøl som det. Men ingen av dei har fått eigne statar, fordi deira statskrav kolliderer med andres rettar, t.d. spanjonales oppfatning om at heile Spania, inkludert Katalonia og Baskarland, utgjer ein felles nasjon og ikkje kan delas opp. Alle slike krav blir derfor politiske og må vegas mot andre interesser. 

For sionistane gjaldt det naturligvis det som skulle bli deira parole for busetting i Palestina: ”eit folk utan land til eit land utan folk”. Det første var jo da rett, ved at jødane var eit folk. Men det andre, at Palestina var folketomt var altså feil. Nå vart nok dette forstått litt annleis: det budde jo mennesker i Palestina. Men dei var ikkje noe eige folk, eller nasjon: dei hadde ikkje definert seg som ei sjølstendig nasjonal eining, og kunne derfor gjerne bu ein annan stad i sitt land, arabarverda. Derav altså det seinare ordtaket: ”det fins ikkje noe palestinsk folk”. Då Golda Meir sa dette i 1969, var jo det klart feil også i den snevre betydninga, for på den tid hadde den palestinske nasjonalismen vokse fram og dermed oppnådd den samme subjektive sjølforståinga av å vere ein nasjon som den jødiske nasjonalismen var bygd på. Men uansett: Den som vil avvise jødanes prinsipielle rett til nasjonalt sjølstende vil ha problem med å forklare kvifor jødane ikkje skal ha ein slik subjektiv rett, mens andre nasjonar skal ha det.  


(3) Sionisme som Israels legitimitet

Frå 1948 fekk vi ein ny realitet, ved at jødane fekk sin nasjonalstat, Israel. Dermed var sionismens nasjonale mål, ein eigen stat for jødane, oppnådd. Sionisme, pro- og anti- blir deretter kopla ikkje til jødedommens teoretiske håp, men til den faktiske staten Israel. Sionisme blir derfor gjerne forstått som idéen om og forsvaret for Israel, og debatten om anti-sionisme blir kopla til spørsmålet om Israel er ein legitim stat. Anti-sionisme kan altså vere å benekte Israels legitimitet som stat. 

Eit grunnlag for å nekte for det kan vere Israels historie: At Israel ikkje er legitim fordi den bygger eit brotsverk: al-nakba, fordrivinga av palestinarane i 1948, som vi etter dei ”nye historikarane” i Israel sitt arbeid veit involverte etnisk reinsing, ei illegitim handling. Dette er nok ei vanlig oppfatning mellom dei palestinske flyktningane som vart fordrivne (og deira barn), dei vil ikkje anerkjenne Israels eksistens og legitimitet på grunn av forbrytelsen dei vart utsett for, dei vil tilbake til der dei budde før 1948. Dette kan ikkje kallas antisemittisme, for det har ikkje noe med den jødiske identiteten å gjere: Ein slik reaksjon ville ha komme på akkurat samme måte om det var engelskmenn eller russarar som fordreiv dei: det er fordrivinga, og ikkje den etniske identiteten til fordrivarane som dei ligg bak deira avvising av den staten som vart bygd på deira fedrane grunn. 

Det er ikkje vanskelig å forstå og sympatisere med denne reaksjonen som eit emosjonelt og politisk traume. Palestinarane eig si historie, og har rett til å sette denne åleine og isolert i fokus. Men meir allmennt, altså for oss andre, må ein slik påstand at Israel er illegitim fordi den er bygd på eit brotsverk, også kunne forsvaras som ein generell regel: Statar som er oppretta på eit brotsverk, på etnisk reinsing, er illegitime. Det må da gjelde USA, som fordreiv dei opphavlige innbyggarane (“amerindarane”), Australia, og mange andre land, kanskje dei fleste. Dei gruppene som vart forviste eller undertrykt, kan også her på samme måte benekte dei moderne statanes historiske legitimitet. Men da kan begrepet ”legitim stat” miste si meining. Vi må altså sjå meir spesifikt på sionismen som basis for den israelske statsdanninga. 

Og her møter vi ei anna problemstilling, som går på sionismen som nasjonal ideologi: Om vi aksepterer at Israel er ein legitim stat - som vel er det heilt dominerande synet i Norge (og som eg sjøl deler), kvifor er den det? Her har ulike greiner av sionismen gitt ulike svar, og noen er det ikkje antisemittisk å avvise: Noen argumenterer religiøst, med Guds lovnad om eit land frå “Nilens breidder til Eufrat” (utan å presisere kvar i Eufrat, Syria eller Irak). Meir vanlig, og viktigare, er dei som argumenterer historisk: Kanaan eller Palestina er jødanes heimland, som dei måtte forlate. Sionismen er fortellinga om deira tilbakekomst til sin heim. 

Dette er svært problematisk. Ein ting er det reint historiske innhaldet: Det ser ut som ein ikkje her knytter seg til antikkens Israel (ca. 900-722 f.Kr), som heller ikkje etter Bibelen omfatta Gaza og det øvrige sørvestlige Palestina (“Philistia”), men den kortvarige perioden frå ca. 100-64 f.Kr. då det hashmoneiske kongedømmet Juda for første og siste gong kontrollerte heile regionen Palestina, altså om lag tre-fire tiår. Det er eit tynt grunnlag. Men bortsett frå det er det naturligvis fullstendig umulig å bygge ein moderne stats legitimitet på ei to tusen år gammal historie. Da skulle jo keltarane i Wales forlange at “angel-saksarane” reiste tilbake dit dei kom frå og gi Britiannia tilbake til sine opphavlige druidar. Meir aktuelt: Det er ingen logisk forskjell mellom jødanes krav på sitt heimland to tusen år tilbake, og dei palestinske flyktninganes krav om å komme tilbake til sitt heimland for berre søtti år sidan. Begge er folkegruppar som vart tvungne bort frå sine heimar og måtte leve i utlegd med ønske om å komme heim. 

Nei, Israels legitimitet må byggas på eit anna grunnlag. Utover det reint formelle, medlemskap i FN og diplomatisk anerkjenning, er det ikkje historia, men nåtida som gir grunnlaget: Israel er legitim fordi det er ein faktisk eksisterande nasjon her og nå. Med all mulig sympati for det palestinske traumet: dei som gjer dette til einaste kriterium for framtidas løysing, må gi svar på spørsmålet: Kva så med det jødiske samfunnet i Israel? Kvar skal det bli av? Palestinarane kan kanskje seie at “det er ikkje vårt problem, det er de i Vesten som skapte problemet, så løys det”, men for oss andre - også vi i Vesten - vil eit svar som at “dei må berre reise tilbake dit dei kom frå” vekke minnet om Krystallnatta og det som følgde. Ein antisionisme som skiller seg frå antisemittisme kan ikkje i dag avvise Israels eksistens og med det legitimitet, sjøl om ein historisk meiner at sionistanes krigshandlingar i 1948-49 var forbryterske. Også uakseptabel historie skaper fakta som vi må forholde oss til. 


(4) Israel som jødisk stat 

Ved at staten Israel vart oppretta, så fekk vi altså ei ny nasjonsdanning. Vi hadde det jødiske folket (verda over) som eksisterer, som vi sa, i kraft av at det kjenner seg som eit folk, subjektivt. Nå fekk vi også ein israelsk nasjon som i tillegg har alle objektive kjennemerke på ein nasjon: eit territorium, eit felles og sereige språk, ei skapingshistorie tilbake til aliya frå 1880-talet, økonomi og så vidare. Dei to er openbart forbundne ved at det jødiske folket har eit emosjonelt og ofte reellt band til Israel, og at Israel ser seg som realiseringa av det jødiske folkets draumar. Dette gjer Israel til eit jødisk land. Men er det også jødisk på ein djupare måte? Dette blir sentralt, for mange antisionistar vil seie at seie at den sionismen dei avviser, er den som gir ei etnisk gruppe, jødane, særlige rettar som dei ikkje vil gi andre etniske grupper, altså palestinarane. Israel må ha samme rettar som alle andre statar, men dei kan ikkje ha etnisk eller religiøst baserte rettar som ikkje ville bli akseptert om noen andre land hadde innført dei. Altså, antisionisme er for dei nettopp at Israel og jødane der skal behandlas som alle andre. Og grunnen til at dei bryr seg om stoda i Israel, som ikkje er deira land, er at det går ut over eit folk dei solidariserer seg med, det palestinske.  

Det går altså på sionisme som basis for Israels jødiske karakter. Det kan omfatte fleire ting, som slike antisionistar kritiserer. Det gjeld forholdet mellom dei to nasjonane, den universelle jødiske og den lokale israelske, Israel som alle jødars heimland, også dei som aldri har budd der. Og det gjeld forholdet mellom den jødiske staten og sine ikkje-jødiske innbyggarar, og naturligvis også sine naboar eller undersåtter i dei okkuperte områda, sionismen som ei territoriell ekspansiv rørsle.  

At jødar over heile verda har eit følelsesmessig band til Israel og kjenner samkjensle med den jødiske staten, kan ikkje vere grunnlag for kritikk. Slike emosjonelle band finn vi overalt. Dei “norske” i USA kan ha sterke følelsar til lefse og lutefisk, “the Swedes” til Sverige. Men for dei har det ikkje noen institusjonelle følger: Ein får ikkje særlige rettar i Norge fordi om ein et lutefisk i Midtvesten. Rett til statsborgarskap i Norge arvas berre i ein generasjon. Slik er det også i alle andre land, med noen variasjonar. Israel skiller seg her ved at alle jødar verda over har ubegrensa rett til innvandring (”Law of return”), mens lovgivinga altså stenger for at dei ikkje-jødane som forlot landet i 1948 kan få ein slik rett. Det er heilt klart ein etnisk basert særrett for jødar framfor ikkje-jødar. 

Om du er norsk statsborgar, er det vidare ulovlig å forskjellsbehandle deg fordi du ikkje “et svin og drikk alkohol slik vi gjer i Norge”. Kampropet frå siste krig, “Norge for nordmenn”, er i dag ei rasistisk utsegn, fordi “nordmenn” i slagordet nå blir oppfatta som etniske nordmenn. Å vere anti ei slikt utsegn, er ikkje å vere “anti-norsk”, det er å vere inkluderande norsk. 

Kva så i Israel? Da staten vart oppretta i 1948 var det sammenfall mellom “jøde” og “israelar”. Men ikkje alle ikkje-jødar flykta: Rundt 700 000 reiste eller vart drivne bort, men omlag 150 000 vart verande att. Kva rolle skulle dei få i den nye jødiske staten? Det førte til litt hodebry, men etter noe tid fekk dei israelsk statsborgarskap, om enn lenge under militær unntakstilstand (rundt 45 000 var “internt fordrivne” og fekk færre rettar). Etter kvart har desse fått like formelle rettar med dei jødiske innbyggarane, og har mellom anna eigne parti i nasjonalforsamlinga Knesset og også eigne familielovar (bygd på Shariaen!) og domstolar. Dei meiner seg likevel diskriminert i praksis, men diskriminering av etniske minoritetar er diverre ikkje noe som er uvanlig her i verda. Noe av det kan vere systematisk, knytta t.d. til at dei er fritatt frå militærteneste - som ein da kan kreve av ein arbeidssøker - men også ortodokse jødar har samme fritaket, og kan møte samme kravet ved jobbsøknad. 

For dei ”israelske arabarane” er likevel ikkje landet deira stat, og særlig på høgresida er det stadig krav om meir diskriminering, og helst ta frå ikkje-jødane (spesielt muslimane) statsborgarskapet eller utvise dei. I Knesset er det vore målsetting å halde dei arabiske partia borte frå all reell innverknad. Dette er de facto heller enn de jure diskriminering, men i den grad det er grunna i ei oppfatning av sionismen som Israels jødiske grunnlag, er det knapt antisemittisme å forlange fullt ut like rettar også for ikkje-jødiske innbyggarar i landet. 

Dette kom da i forsterka form i 2018, da den nye nasjonalitetslova (”Israel som det jødiske folkets nasjonalstat”) vart vedtatt. Denne understreka Israel som ”det historiske heimlandet til det jødiske folk”, og at det nasjonale sjølråderetten i Israel er ”unikt for det jødiske folket”. Sjøl om det nemner rolla til arabisk språk, vart formuleringane, som var svært omstridt både i Israel og utanfor, sett på som eit angrep på Israels demokratiske karakter, sidan det ganske eksplisitt seier at staten er til for etniske jødar, og altså ikkje for den femtedelen av statsborgarane som ikkje er det. Ikkje minst var dette eit poeng da Israel forlangte at dei palestinske myndigheitene, som jo i Oslo-avtalen hadde anerkjent Israel, nå måtte anerkjenne Israel som jødisk stat i denne forståinga. Her var også ”det historiske heimlandet” sentralt, sidan dette vart oppfatta som erkjenning av det historiske grunnlaget for sionismen: Når Israel var jødanes heimland, så var jo dei som budde der inntrengarar. Om PA anerkjente dette ville dei også akseptere at nakba berre var at jødane tok tilbake sitt eige land (og dei dermed gav opp all tanke om israelsk ansvar for flyktningeproblemet). 

Dette var altså ei spesiell oppfatning av sionismen, som særlig høgresida pressa fram, men det vart godkjent av Høgsterett og er nå Israels grunnlov. Kva rolle det vil spille for Israels arabiske statsborgarar, vil vise seg. Men ennå viktigare er kva rolle det spiller i dei okkuperte områda, Vestbreidda og Gaza. Her er det nemlig ei aggressiv og ekspansiv forståing av sionismen som ligg til grunn for busettarrørsla. Sidan Israel, heile Israel frå Middelhavet til elva Jordan (om ikkje lenger) er det jødiske heimlandet - antikkens Israel hadde jo kjerneområdet sitt i dagens Vestbreidd - så er det deira plikt som sionistar å sikre også desse landområda for Israel. Det må gjeras ved å legge så mye av jorda som mulig under (etnisk, religiøs) jødisk kontroll, og så langt råd presse palestinarane til ”frivillig” å forlate Palestina, med våpenmakt om nødvendig.

Denne busettarrrøsla hører jo til på høgresida i Israel, og dess meir høglytt, dess meir høgreorientert. Men alle israelske regjeringar, frå venstre og høgre, har kontinuerlig sidan 1967 utvida busettingane, så dei må reknas som israelsk, og dermed sionistisk fellesgods. Tanken om jødanes særrettar i Israel står også sterkt, mest tydelig er kanskje utsagnet frå tidligare justisminister Ayelet Shaked (nå vel nærmast i det politiske sentrum): ”Israels verste fiende er tanken om at Israel er ein stat for sine innbyggarar”, altså også dei ikkje-jødiske. Klarare kan vel ikkje ein tanke om forskjell langs etniske liner seias, heilt ulikt ein demokratisk idé om at staten nettopp er til for sine innbyggarar. Ein motstand mot denne typen tankegang, basert på den sionistiske grunntanken, er openbart ikkje rasistisk, det er heller ein motstand mot rasisme. 


(5) Sionismen som jødisk sikkerheit

Men ein slik reint teoretisk begrepsdebatt tar ikkje inn i seg jødanes spesielle historie, vil noen meine: Jødane levde i hundreår som undertrykt minoritet forfølgd av antisemittismens svøpe, med pogromar og massakrar som toppa seg sivilisasjonsbrotet i Holocaust. Å seie at jødane må vere ”som alle andre” dekker over, og kanskje trivialiserer det som det jødiske folket har gjennomlevd. Berre eit sterkt og sjølstendig Israel, eit land der jødane kan rette ryggen og ikkje frykte for sin eksistens gir sikkerheit for jødane verda over. Sionismen gir grunnlaget for dette, ved å gi den jødiske nasjonen eit israelsk ankerfeste.  

Eit slikt synspunkt er lett å forstå og sympatisere med. Men her må ein som med palestinaranes historiebevisstheit, seie at i verda må alle ting vegas mot kvarandre, og det blir derfor eit politisk, og ikkje eit begrepsmessig spørsmål korleis desse ulike og forståelige ønska og behova kan balanseras og innpassas i kvarandre. Er jødane sikrare med eit isolert Israel som ein festning bak ein mur? Det er eit politisk spørsmål som vi ikkje kan svare på her. Kvar vekta blir lagt, avheng også av kor ein står sjøl. I Tyskland veit vi at dei, ut frå si eiga historiske rolle, legg avgjerande og nesten eksklusiv vekt på det jødiske og israelske perspektivet, mens ein i Afrika og Asia ofte vektar det palestinske utgangspunktet tyngre. Slike politiske spørsmål får vi ta andre stader, her blir spørsmålet kva som er antisemittisme i denne avveginga. Å benekte at Holocaust har noen betydning for jødanes historie er eit klart tegn på antisemittisme. Å meine at dette ikkje kan vere det einaste avgjerande faktoren for det palestinske folkets skjebne, kan ikkje vere antisemittisme. 


Oppsummert, så kan ikkje spørsmålet om antisionisme er antisemittisme besvaras utan å forklare kva ein legg i ”sionisme”:

  • Dersom ”sionist” og ”jøde” er det samme, så er svaret ja; antisionisme er antisemittisme. 
  • Å hevde at Israel vart oppretta gjennom etnisk reinsing i 1948, og at det var ein forbrytelse kan ikkje vere antisemittisme.
  • Å forlange at det jødiske samfunnet i Israel i dag må opphøre å eksistere og at jødane må ”reise tilbake” er ganske klart anti-jødisk, og dermed antisemittisk, enten det bygger på gamle antisemittiske stereotypiar eller ikkje. 
  • Å gå inn for at jødar og palestinarar skal kunne leve sammen i ein stat, den såkalla ”einstatsløysinga”, er nok utopisk, men ikkje antisemittisk. Dette var jo, som nemnt i ein tidligare blogg, framført av ei liberal jødisk retning før 1948. Dei kalte seg sjøl sionistar da, men i dag blir ei einstatsløysing, som medfører at Israel blir ein felles jødisk-arabisk og ikkje reint jødisk stat, rekna som avviklinga av sionismen og dermed eit antisionistisk standpunkt. 
  • Å motarbeide den ekspansive sionismen som ser det å ta kontrollen over heile det historiske Palestina, altså Vestbreidda, som realisering av den sionistiske draumen, er ikkje anti-semittisme. 
  • Å kjempe mot etnisk segregering i Israel, at Israel berre er ein stat for ei etnisk gruppe når ei anna gruppe har like lang og lengre historie i området, er ikkje antisemittisme. 

Den som kallar seg anti-sionist må altså vere klar til å forklare og avgrense kva det er ein er mot, og kva ein ikkje er imot. Dei som påstår at antisionisme er antisemittisme må gjere det samme, men dei har i tillegg eit forklaringsproblem om kvifor det ikkje er tilstrekkelig berre å fordømme antisemittisme i seg sjøl. Å blande inn begrepet antisionisme virkar som det har bevisst eller ubevisst som mål å brennmerke ein kritikk av Israel som ”uakseptabel”. 

****

Ein liten fotnote til ein debatt som har oppstått dei siste dagane, rundt slagordet ”ingen sionister i våre gater”. Som ein forstår, er dette eit problematisk slagord fordi det blir oppfatta som ”ingen jødar”, og bør derfor unngåas. 

Debatten blir også knytta til ei utsegn av Ervin Kohn, tidligare leiar i Det mosaiske trussamfunnet, referert til over, at ”alle norske jøder er sionister” og at distinksjonen dermed er irrelevant. Dette er ein empirisk påstand: det kan vere rett eller feil at alle jødar har den oppfatninga, det kan ein telle opp. Men det kan også oppfattas som eit spørsmål om begrepa: Det å vere jøde er også å vere sionist. Da har ein anten utvida begrepet sionist til å vere meir enn berre den politiske ideologien, det blir eit aspekt av jødedommen (anten ein meiner det religiøst eller etnisk); eller ein har innskrenka begrepet jøde: berre den som støtter sionismen og dermed Israel er ein ”ekte” jøde. Grupper som ”Jews against Zionism” (dei fins, særlig på venstresida i USA og Storbritannia) blir da begrepsmessig umulige, dei er ikkje lenger jødar. Dette er, som ein forstår, problematisk, ikkje minst i forhold til punkt (1) over.