I Le Monde for i dag står det ein artikkel som gir kanskje vel så mye håp som bombar i Tripoli og talar i Washington om at ting er i endring i Midtausten. Den dreier seg om ei ung jente, Ayah Baradaya frå ein landsby nord for Hebron i Palestina, som forsvann for eit år sidan.
For tre veker sidan vart liket hennar funne, og ein onkel tilstod at han hadde bortført og drept henne avdi ho hadde hatt usømmelig omgang med ein student som hadde fridd til henne (noe familien elles benekta). I tråd med vanlig lovbruk vart dette rekna som formildande omstende, og han fekk ei fengselstraff på noen månader.
Men, i strid med det som var vanlig, nekta Ayahs eldre bror å gå med på dette. Han starta ein kampanje på Facebook, i aviser og andre medier for at drapsmannen, onkelen, skulle dømmas for det han hadde gjort. Lokalsamfunnet ønskte at onkelens familie skulle reise frå landsbyen, slik skikken var når det oppstod konfliktar mellom familiar, men det ville ikkje broren: Kvifor skulle dei bruke kollektiv avstraffing, slik som Israel gjer? Dette var eit drap, og drapsmannen skulle dømmas for eit drap, meir vanskelig var det ikkje.
Kampanjen hans vekte både oppmerksomheit og støtte landet rundt. Gravferda fekk masseoppslutning. Det kom til demonstrasjonar både i Hebron og Ramallah med krav om at lova, som tolererer slike æresdrap, skulle fjernas. Den folkelige oppslutninga var så stor at også politikarane følgte med. Ikkje berre Fatah, men også Hamas slutta seg til kravet, broren fekk støtte frå leiinga i Gaza om at "slike drap har ingen ting med islam å gjere".
Kvinnerørsler i Palestina har lenge kjempa for dette utan å lykkas, men nå som Hamas også stilte seg bak, begynte ting å skje, og på kort tid har nå straffelovene både på Vestbreidda og i det Hamas-styrte Gaza blitt endra og denne paragrafen om æresdrap som formildande omstende fjerna.
Så langt Le Monde, og vi får legge til grunn at historia er korrekt. Det betyr ikkje ein full omsnunad i mentaliteten, heller ikkje at æresdrap vil forsvinne i Palestina eller Midtausten (talla har heller gått noe opp i seinare år). Men at eit slikt krav om alminnelig rettstryggheit for kvinner kan vinne fram, ikkje på grunn av press frå utlandet men etter folkelig mobilisering frå grasrota, og at det ikkje lenger nytter å skjule seg bak "islam" og prat om "vestlig umoral" for å forsvare praksisar som bygger opp patriarkalsk undertrykking, det gir iallfall håp om at ting skjer. At folk sjøl fører kampen for sine menneske- og kvinnerettar.
2 kommentarer:
Jeg bare lurte på om du kan forklare forskjellen på "klan" og "Stamme"? I Pakistan og Jemen heter det "stamme", mens i Somalia heter det "klan"?
Det er ikkje noe heilt klart skille, det er mest namn som vi "finn på" for ulike nivå i eit felles system. Dette er jo bygd på ("antatt") slektskapsband, slik at dei nærmaste er familie, så kan slekta vidare vere "familiegruppe", og så ei større gruppe som har felles stamfar kallas ein "klan", og så kan vi kalle det "stamme" for det som er ennå vidare, og kanskje "stamme-konføderasjon" for det som er vidare enn det igjen.
Slik at f.eks. Hashid i Jemen (som har vore oppe i media) kallas ein "stamme" eller ein "stamme-konføderasjon", alt etter ønske om kor presis ein vil vere og kor mange nivå ein vil ha under.
I afrikanske studiar er "stamme" eit negativt begrep, p.g.a. kolonialismen, derfor unngår mange der ordet og snakker i staden om "klan", evt. "folkegruppe", "etnisk gruppe", som meir nøytrale. På arabisk har ikkje stamme eit slikt negativt stempel, og mange ser det (arabisk "qabila") heller som eit positivt begrep dei er stolte av. Derfor blir ordet oftare brukt i denne delen av verda enn i Afrika sør for Sahara.
Legg inn en kommentar