Modellen for "våren i Midtausten" var dei fredelige og langvarige massemønstringane i Tunisia og Egypt. Libya, der opposisjonen tok til våpen og det vart krig, var unntaket. Kvifor gjorde dei det, og ikkje demonstrerte fredelig som dei andre?
I dei siste dagane ser det ut som om det kanskje er Egypt og Tunisia som blir unntaka, og Libya ikkje fullt så mye. I Jemen er det regulære kampar mellom regimelojale og styrkar som støttar den viktigaste stammen i landet. I Sudan rykker regjeringshæren inn i det omstridte Abyei og trugar med å starte opp att borgarkrigen. Og i Syria aukar tapstalla, sjøl om det berre er regjeringa som påstår at opposisjonen skyter tilbake.
Igjen må vi streke under at kvart land må forståas for seg. Konflikten i Sudan hadde i fleire tiår form av krig, og det var krigstrøttheit, men også press frå utlandet som gjorde at partane la ned våpna og nord-Sudan aksepterte at sør skulle få rive seg laus. Begge delar er fortsatt viktige faktorar, og det er slett ikkje sikkert at nord-Sudan er villig til å sette trusselen ut i verk og starte opp att ein full konflikt til noe som nå ikkje vil verte ein borgarkrig, men ein mellomstatlig krig sidan sør-Sudan heilt klart vil bli anerkjent som sjølstendig stat i juli. Vi får håpe - og det er rimelig grunnlag for håpet - at dette berre er ein styrkeprøve mellom det som skal bli to naboar, der det større og rikare nord-Sudan vil markere at dei skal vere storebror.
Kampane i Jemen er mindre overraskande, sjøl om heile verda venta på det motsatte, ein avtale om fredelig regimeendring, så seint som for ei veke sidan. Avtalen var underteikna av presidentens parti og av opposisjonen, ambassadørar sprang fram og tilbake, og president Salih skulle skrive under sjøl idag, ja sikkert i morgon, vel iallfall straks dei andre kom til palasset og skreiv under ein gong og så ein gong til, og så kanskje noe anna. Men kjennarar av politikken der sa at dette var ein velkjent taktikk, love alt som skulle til, og så finne på ei unnskyldning heilt i siste øyeblikk for å sleppe å ta det endelige steget.
At det nå er trappa opp til konflikt der begge sider skyter med skarpt, er "Libya-liknande", sjøl om omfanget til nå er langt meir begrensa. Det er, så langt eg har sett, geografisk avgrensa til hovudstaden, og er altså i grunnen ein konflikt mellom to stammegrupper, den eine president Salih, som har støtte frå [deler av] regjeringsstyrkane, den andre ein leiande fraksjon av Ahmar-klanen, dominerande i Hashid-stammen. Denne væpna konflikten har slik egentlig ikkje potensiale til å spreie seg utover det området der desse har sine styrkar (men, det kan vere langt nok, for noen veker sidan var det konflikt mellom ulike avdelingar i hæren langs denne konfliktlina, så langt borte som i ein by i Hadramawt, heilt på andre kanten av landet).
Spørsmålet er korleis denne tilspissinga påverkar alle dei andre konfliktlinene i Jemen, den mot Houthiane i nord, mot demokratirørsla mellom dei unge, og mot autonomistane i sør. Vil dei komme i skuggen av dei to som nå skyter og kanskje svekkas? Eller vil dei bli radikalisert og også dratt inn i væpna kampar? Dersom det siste skjer, så kan det bli langt meir farlig enn i dag. Men det er slett ikkje opplagt at det skjer. Dagane framover vil kanskje fortelle oss meir.
1 kommentar:
Veldig glad i det nest siste avsnittet ditt om Jemen. Førebels er det veldig avgrensa, både geografisk og stamme-/klanmessig.
Anti-Saleh-demonstrantane held fram på -nøyaktig- same viset ute ved universitetet. Dei har ikkje lete seg affisere av den siste vekas valdelegheiter i det heile.
Det er klart, Saleh og dei væpna gruppene kan nok finne på (har allereie?) å øydeleggje det fredelege ryktet, men dei som har drive denne revolusjonen fram heile tida har ingen planar om det. Så får me sjå kva krefter som er mektigast til slutt.
Legg inn en kommentar