Samtidig som konflikten i Syria berre ser ut til å bli hardare utan at noen klar utgang er synlig, har situasjonen roa seg i resten av regionen, og ein begynner å sjå noen mulige konturar av politiske konsekvensar etter dei store omskiftingane i fjor. Det mest tydelige resultatet er altså at dei moderate islamistane i tradisjonen til Det muslimske brorskapet har komme til eller nær regjeringsmakt i mange viktige land, som Egypt, Tunisia og Marokko. Dei kan ikkje styre åleine, og det vil variere kor reell makt dei får i dei ulike mellom- og overgangsløysingane i kvart land. Men det er klart at "berøringsangsten" for islamistane er over, både innanlands og for USA og Europa, som har "fruktbare" møter med Brorskaps-partia.
Kva betyr dette for regionen generelt? Ein stad der dette kan endre kartet, er Palestina. Mange har klassifisert det islamistiske Hamas som "ekstremt" og "radikalt", fordi dei jo har ein tradisjon for valdelig kamp som har inkludert terroranslag mot israelske mål - heldigvis i mindre grad i dei siste åra. Men historisk hører altså Hamas med til den (elles) moderate Brorskapstradisjonen, fronten vart oppretta av det palestinske muslimske brorskapet i 1988, og reknar fortsatt dette som sin mor-organisasjon.
Den internasjonale brorskaps-tradisjonen er ikkje noen organisert eller sentralisert rørsle, og har ulike strategiar ut frå lokale forhold (slik var t.d. det syriske brorskapet opprørsk og valdelig tidlig i 1980-åra, samtidig som det egyptiske tok avstand frå valdsbruk). Men dei erkjenner eit slektskap og felles politisk tradisjon, og har kontaktar av politisk art. Dette gjeld nok forutan dei som brukar namnet "Brorskap" (al-ikhwan), også nærskylde parti som al-Nahda i Tunisia, PJD i Marokko, og iallfall delar av Islah i Jemen.
Heller enn denne moderate, altså politisk-pragmatiske, tradisjonen vart Hamas lenge skulda for å vere ein agent for Iran og tilmed kalla "shi'iar" (som Iran), sjøl om dei er ein rein sunnisk organisasjon, grunnfesta i palestinske tradisjonar. Men da mange av dei vart utvist til Libanon i 1990-åra, festa dei sterke band til det shi'iske (og Iran-vennlige) Hizballah, som tok seg av dei og trente dei opp. Mange av kampmåtane til Hamas, som sjølmordsbombar, var utvikla og lånt frå Hizballah. Hamas satte opp base i Iran-allierte Syria, og fekk utan tvil betydelig materiell støtte frå Iran, som står den sunniske Brorskaps-tradisjonen ganske fjernt.
Dette ser nå ut til å vere i endring. Det som har skjedd, er jo at Brorskapa i nabolanda, som lenge har vore røyster i øydemarka, evig opposisjon utan innverknad og uglesett av maktene, nå plutselig er blitt sentrum og mainstream. Da har også Hamas, som har vore på utsida av det gode selskap, nå også muligheit til å slutte seg til dette og også bli mainstream-alternativet i Palestina, istaden for PLO og Fatah (det føreset nok likevel at dei begraver konflikten med PLO). At Egypt kan bli ein meir aktiv aktør i den regionale konflikten, gjennom Brorskapet åleine eller gjennom ein politisk allianse mellom Brorskapet og hæren (som sikkerheit for USA), understrekar dette.
Ein del ting tyder på at Hamas tenker i dei baner. Dei er i ferd med å flytte hovudkvarteret bort frå Syria, på grunn av uroa, kanskje til Kairo. Dei nærmar seg Jordan, der forholdet har vore kjølig. Dei skal ha mista eller sagt frå seg store iranske støttesummar, og vender seg i staden meir til Gulfen og Qatar, som ser ut til å fungere som regional støtte og finansiør av brorskaps-retningane, trass i at dei egentlig står for ein heilt anna og tradisjonell islam-forståing enn brorskapa. Bak Qatar står trulig Saudi-Arabia, som rett nok aldri har hatt noe varmt forhold til Hamas.
Samtidig skal Hamas velge ny leiar. Khaled Meshaal, som har stått for denne meir moderate snuinga mot Gulfen, seier han vil ikkje stille, og det er almennt antatt at den indre leiarskapen i Gaza rundt statsminister Ismail Haniye står på ei meir tradisjonell, altså radikal line. Det er ikkje klart kven som går seirande ut her. Merkbart er også at Hamas har foreslått å slå seg sammen med radikale organisasjonen Islamsk Jihad, som på ingen måte står for noen avdemping, og som har vore ein radikal utfordrar til Hamas-styret i Gaza. Dei er også der utfordra av meir radikale salafistar, og ei vending mot sentrum i politikken kan gi desse meir vind i segla og svekke Hamas inne i Gaza. Det er derfor ikkje opplagt kva for line som vil vinne fram, og det vil kanskje også avhenge av kva Brorskapet i Egypt kan "tilby", altså kva forbedringar i Gaza eit politisk skifte i Kairo kan føre til.
For Israel er dette uansett dårlig nytt. Sjøl om fokuset deira nå er på Iran - og denne utviklinga svekker Irans innverknad i deira nærområde - så er det Hamas som hovudfienden. Alt som kan styrke Hamas, det vere seg lokalt eller på den internasjonle scena, der vestmaktene kan komme til å sjå på Hamas som ein mulig samarbeidspartnar som skal bli hørt kva gjeld ei løysing på Palestina-problemet, kan ikkje anna enn å få det til gå kaldt nedover ryggen i Jerusalem. Ei radikalisering av Hamas, som gjer dei meir uspiselige for utlandet, er kanske likevel å foretrekke for dei som står på den andre sida.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar