I vår kom det ut ei artikkelsamling, Motgift, som skulle vere "ein akademisk respons på den nye høgreekstremismen". Ei rimelig stor gruppe forskarar skreiv der kvart sitt kapittel om eit av dei tema som er oppe om islam og innvandring; eg vart bedt om å skrive om forholdet mellom islam og politikk i fortid og nåtid. Boka har vore meldt her og der, og sidan den tydeligvis er plasert som "liberal" eller "radikal" politisk, har boka gjerne, det eg har sett, blitt gitt til meir kritiske meldarar; Bergens Tidende gav den til "Fjordman" (Peder Jensen, som naturlig nok ikkje heilt forsto behovet for motgift mot han sjøl). Eg har ikkje problem med den merkelappen, men var nettopp derfor litt uroa over at fleire av desse meir innvandringskritiske meldarane plukka ut min artikkel som ein dei fann mye godt i (Fjordman meinte rett nok eg ikkje hadde forstått jihad rett).
Men i det konservative Minerva er det iallfall nå komme ei melding som går kritisk i rette med det eg skreiv om islamsk historie, skriven av redaktør Nils August Andresen, "Placebo er ikke motgift". Nå er det dårlig tone å polemisere mot bokmeldingar, forfattaren har sagt det han har å si, og så må meldarane fritt vurdere det. Eg skal derfor ikkje si noe om vurderinga av sjølve boka eller artikkelen. Men sidan dette er eit historisk og - etter tittelen - akademisk bidrag, går det an å ta opp debatt om det historiske innhaldet i det vi snakkar om, og sjå om vi kan komme noe vidare.
Stat og jus i klassisk islam
Andresen noterer at eg trekker eit skille mellom religion og politikk i klassisk islamsk tid (kalif- og sultanperiodane), f.eks. gjennom at dei religiøst lærde var uavhengige av den politiske makta, sultanen. Men, seier han, det er å hoppe over det juridiske systemet: Sultanen utnemnte dommaren, qadien, som styrte den islamske domstolen og skulle applisere islamsk lov. Dette er heilt rett, eg nemner det såvidt i artikkelen, og som han kanskje veit, er det eit tema eg har drøfta relativt utfyllande i boka mi om islamsk lov, Mellom gud og stat, som langt på veg handlar nettopp om dette. Her trekker eg opp eit skille mellom "stat" (sultanen) og "sivilsamfunnet" (her dei frie religiøse lærde) som to polar, og viser korleis islamsk lov er ein "anomali", ulikt slik vi vanligvis tenker rettsvesen og det "repressive maktapparatet" som ein grunnleggande del av statsmakta. I klassisk islam var dette delt: Appliseringa av lova, det repressive elementet, var ein statsfunksjon: det som tidligare var privat straffeutmåling (blodhevn utført av offerets slektningar) vart statliggjort (straff idømt og satt i verk av domstolen). Men utforminga av den lova domstolen skulle applisere var fjerna frå statens / sultanens autoritet, det var eine og aleine dei religiøse lærdes ansvar, og forsøk frå staten på å diktere lovenes innhald vart slått ned. Dommaren, qadien, vart her sittande i stress, med ein fot på kvar side. Han er religiøst lærd, og skal kjenne den religiøse lova; men han er også utpeikt av sultanen, som kan fjerne han ved forgodtbefinnande. Han hører altså både til stat og sivilsamfunn; og det fører til jamnlige konfliktar både mot dei andre lærde og mot sultanen.
At det er rimelig å sjå dette som ein anomali kan vi også utleie av at det var ustabilt. Det var heile tida eit press frå staten for å få mest mulig kontroll over retten. Først ved oppretting av eigne domstolar som utførte sultanens vilje utanom qadien og dei lærde, seinare (i osmansk tid) ved at sjølve qadi-domstolen vart pålagt å dømme sultanens lov (kanun) i tillegg til sharia. "Tyngdelova" presser mot det "normale", at jusen hører inn under statsmakta. Men fortsatt i dag har vi element av privat lov i muslimske land, på lovområder som andre stader er statlige.
Poenget er altså ikkje at det ikkje er noen kontakt mellom det religiøse og det politiske, og jusen er forsåvidt ikkje noe spesielt poeng her; det var naturligvis mange tilsvarande områder for kontakt; kalifen var jo "dei truandes leiar", og hadde som legitimitetsgrunnlag å forsvare islam og muslimane. Andresen viser til Lars Gule, som har kalt klassisk islam for "nomokrati", det vil si at det er "ordet som styrer". Men det er altså ei mistyding; det er heile tida kalifen og sultanen som styrer, og på samme måte som dei lærde avviser å bli dirigert av sultanen, avviser naturligvis sultanen også å bli styrt av dei lærde. Det prøver dei heller ikkje på, ikkje minst historisk fordi kalifen/sultanens makt var godt etablert lenge før det lærde hierarkiet er på plass på 900-tallet. I teologien seier dei istaden at ein muslim har plikt til å følge den som har (politisk) autoritet, i kraft av at han har autoritet. Altså sjøl om han er ein dårlig muslim og gjer feil valg, skylder dei truande han likevel respekt og skal følge hans ordre. Berre dersom sultanen fjerner seg så langt frå trua at han har forlatt samfunnet av truande, er det rett å gjere opprør mot han. Denne aksepterande haldninga vart naturligvis utfordra av revolusjonære grupper, men den er rådande islamsk teologi gjennom den klassiske perioden. Dette er altså noe heilt anna enn "nomokrati", kalif- og sultanstyra var klart monarkiske styresett. Forskjellen til middelalderens Europa ligg først og fremst i at vi i Europa hadde ein sterk religiøs institusjon, kyrkja, mens dei religiøse i islam var uorganiserte og opererte gjennom ein vag "konsensus" istadenfor pavemakt.
Brorskapet og shari'a
Andresen meiner også eg er for tillitsfull overfor Det muslimske brorskapet som nå har fått regjeringsmakt i Egypt, om dei vil innføre sharia. Det er ei rein vurderingssak, og vi vil etterkvart få sjå kven som får rett - vi har jo vore inne på det på denne bloggen fleire gonger, og kan love vi skal halde auge med utviklinga. For ikkje å bli forvirra, må vi altså likevel halde klart i hodet kva som meines med "shari'a", som openbart betyr ulike ting for ulike aktørar.
Om vi ser konkret på situasjonen akkurat nå: Vi har tidligare vore inne på spørsmålet om grunnlovas §2, med den famøse formuleringa frå 1971 om at "shariens prinsipp er hovudkjelda for lovgivinga". Her ville altså at salafistane at "shariaens prinsipp" skulle endras til "shariaens reglar", så dei kunne trekke inn konkrete rettsreglar; mens dei kristne ville ha bort heile paragrafen, evt. få inn ein særlig passus om dei kristnes rettar. Brorskapet, og det øvrige politiske sentrum, stod på at ein ikkje skulle endre paragrafen i noen retning. Nå ser det ut til at salafistane (iallfall deiras største parti) har godtatt dette, men dei ønsker, som kompromiss, at det organet som skal avgjere kva "prinsippa" betyr, ikkje lenger skal vere konstitusjonsdomstolen (som aldri har tatt paragrafen i bruk), men al-Azhar. Det virker litt rart, for Azhar har tradisjonelt vore ganske "statsvennlig" og liberalt, men det er mulig salafistane trur det er større sjanse for å få gjennomslag der enn i rettsvesenet. Brorskapet skal vere positiv til forslaget, men vi får sjå kva som blir resultatet; denne paragrafen vil jo stå sentralt i debattane framover.
Det har likevel vore uro dei siste dagane over utsagn frå leiande Brorskapsfolk om at "det er jo demokratisk at fleirtalet (les muslimane) bestemmer", utlagt til at det er jo muslimane som utgjer fleirtalet i landet, derfor betyr demokrati at Egypt blir forma etter islamsk modell. Dette er nok ikkje nytt, det er Brorskapets forståelse av demokrati, der ein ser meir på grupper enn på individuelle rettar. Også den liberale islamisten Abu 'l-Futuh kom med tilsvarande utsagn under presidentvalkampen. Det viser openbart manglar i deira forståing av kva demokrati er. Men igjen er det det konkrete, kva slags lovendringar dei faktisk vil ønske å gjennomføre, som viser kva dei legg i "sharia". Så langt er det ikkje skjedd noen innstrammingar av noe slag, det skal vere like lett å ta seg ein øl i Kairo i dag som for to år sidan. Ikkje samme utvalg som vi har, men ingen innstrammingar etter maktskiftet. Men det kan altså endras, og som eg skriv, ville det vere naivt å ikkje tru at det vil endras. Egypt vil, enten sakte eller raskt, gå noe meir i sosialt konservativ lei under eit Brorskapsstyre. Kor langt veit vi ikkje, kanskje ikkje så merkbart, kanskje meir omfattande. Det som derimot er rimelig sikkert ikkje kjem til å skje er ei total omlegging av typen Iran eller Saudi-Arabia, vi snakker om ein annan type islamsk bevegelse.
Sufismen
Så har både Andresen og andre hekta seg opp i at eg nemnte sufismen som ei stor kraft. Her kan vi berre oppklare ei mistyding. Det er overhodet ingen tvil om at antallet medlemmer av sufi-ordnar overgår tallet på politiske islamistar mange gonger, i noen land (t.d. i Afrika) kan langt opp mot hundre prosent av muslimane ha ei vag eller sterk tilknytting til ein sufi-identitet. Vi snakkar ikkje om millionar men mange titals millionar. Derimot utgjer dei ikkje nødvendigvis noen kraft. Sufismen er ein måte å leve religion på, og kanskje heller ein sosial identitet, men ikkje noe som treng (slik som politikken) å vere aktivt. Her vart dei nemnt for å fylle ut bildet om "islam og politikk", å vise ein viktig, men for mange nordmenn ukjent, religiøs aktivtet som normalt er ganske upolitisk.
Det er også rett at sufismen kan vere politisk, vi har i historia mange døme på sufi-ordnar som har vore politisk aktive og revolusjonære. Utan å vere for ubeskjeden, vil han også finne ein del om det i mi publikasjonsliste (sjå på norsk, noe utdatert, t.d. "Mystikk og politikk", H.T. 1984). Men i denne enorme mengda sufiar i historie og nåtid har det heilt dominerande fleirtalet ikkje noen kopling til politikken. Nå har Sufi-rådet i Egypt oppretta sitt eige parti for å motvirke salafistane, og dette er ganske samstemt med dei sekulære, dei støtta militær-kandidaten Ahmad Shafiq til presidentvalet. Men dei har så langt vi ser ikkje noen stor "instruksjonskraft", sidan topporganets råd ikkje nødvendigvis blir filtrert ned gjennom dei ulike ordnane og lokale leiarar. Skjer det (lite trulig, vil eg si), så kan det deirmot bli interessant.
onsdag 22. august 2012
tirsdag 14. august 2012
Egypt: Sivilt styre
For ein månad sidan skreiv vi om den stille maktkampen i Egypt: Kven er det som har styringa, dei med stemmemakt eller dei med våpenmakt? Etter sist søndag ser det ut som om vi har fått svaret: Dei sivile står over dei militære. Så får vi sjå om det held.
Etter presidentvalet i juni hadde vi altså ein heilt uklar og open situasjon: Muhammad Mursi frå det muslimske brorskapet hadde vunne valet og var insatt som president. Men to dagar før hadde dei militære oppløyst parlamentet (der islamistane samla hadde fleirtal) og kunngjort ei grunnlovserklæring der dei tok frå presidenten mye av makta hans og la i eigne hender. Spesielt skulle ikkje den sivile presidenten ha noen autoritet over det militære, dei skulle styre seg sjøl og ikkje minst behalde sine store økonomiske ressursar.
Mursi godtok først dette utan å kny, og gjekk til sitt til kontor, som den første sivile presidenten i Egypt nokon sinne. Men etter noen veker gjekk han til motåtak; opphevde oppløysinga av parlamentet og opna dermed ein konflikt med dei militære. Desse heldt seg rolig, men grunnlovsdomstolen, der dommarane var oppnevnt av det gamle styret, greip inn og opphevde Mursis oppheving. Parlamentet møtte i fem minutt (dei som ikkje boikotta møtet), men gjekk så frå kvarandre, i påvente av at ei ferdig grunnlov skulle utarbeidas. Mursi tapte altså den runden.
Freden var gjenoppretta, og i juli utnemnte Mursi si første regjering, i hovudsak med teknokratar, og noen frå Brorskapet. Dei militære utnemnte som før sine eigne menn til regjeringa, forsvarsminister var fortsatt Hussein Tantawi, som var Det øvste militærrådets leiar og Egypts reelle statsleiar gjennom fjoråret. Både den "gamle" militære leiaren og den "nye" sivile satt altså sammen i leiinga av landet, og det var like uklart kven det egentlig var som skulle trekke siste strå.
Men så slo Mursi til igjen etter at noen (kanskje palestinske) jihadistar hadde angripe egyptiske militære i Sinai. Det viste seg at den militære etterretninga hadde blitt varsla, men ikkje gjort noe med det. Leiaren der fekk sparken, men sist søndag tok Mursi runden: Forsvarsministeren, altså Tantawi, vart avsatt og det samme vart forsvarssjef Anan, leiarane for hæren og marinen og fleire andre leiande militære. I staden vart ein yngre offiser, general Sissi, også han ein del av Det øvste militærrådet, utnemnt til forsvarsminister. Mursi opphevde samtidig den grunnlovserklæringa som Militærrådet hadde komme med i juni, det var jo ei forutsetning for at han sjøl skulle kunne utnevne forsvarsminister og hærleiinga slik han nå gjorde.
Per i dag, tre dagar etter, ser dette ut til å ha lykkas. Militærleiinga har godtatt endringane, dei fleste aksepterer at presidenten har fullmakt til å gjere det han har gjort. Tantawi, som er 80 år (og har vore forsvarminister i 27) fekk store heidersbevisningar og både han og Anan utnemnt til spesialrådgivarar for presidenten, slik at dei går av med full ære.
Fleire meiner at dette er resultat av eit makt- og generasjonsskifte innan hæren. Det skal ha vore misnøye med den relativt harde lina som dei gamle under Tantawi og Anan har kjørt for å halde på mest mulig makt. Yngre krefter, leia av den nye forsvarsministeren Sissi, skal ha ønska at ein i staden skulle forhandle med dei nye sivile leiarane, fortsatt med samme formål: å behalde mest mulig av dei militæres privilegier og makt. Men under ein aksept av at dei folkevalde leiarane stod øverst. Dette blir uttrykt som at dei gamle ville ha ei "algerisk løysing", der vi har ein sivil president men dei militære bestemmer alt i kulissene, mens dei unge ønska ei "tyrkisk løysing", der dei militære fortsatt har makt til å gripe inn dersom dei meiner den sivile makta fører landet ut i ulykke, men for øvrig lar dei sivile styre landet uhindra. Denne yngre generasjonen skal altså ha blitt enige, utan Tantawi-fløyens kjennskap, om den handlemåten Mursi valde, og dei skal ha fått dei andre væpna styrkane med på det.
Er dette siste runde? Formelt ser det slik ut; alle avgjerdsorgan har godtatt at dette er konstitusjonelt og rett, i motsetning til førre runde i juli. Dersom noen av dei militære misliker dette og ønsker seg tilbake til den gamle lina, må dei trulig utføre eit regelrett kupp, iallfall innanfor sine eigne hierarkiar, slik at "dei militære" igjen begynner å protestere mot sivilstyret. Det kan skje, vi veit ikkje korleis dei indre maktforholda er i det ekstremt lukka egyptiske militærhierarkiet, men akkurat nå ser det ut til å ha gått bra. Vi kan i så fall si at det egyptiske militærregimet, som kom til makta i kuppet 26. juli 1952, tok endelig slutt den 12. august 2012, altså nesten nøyaktig seksti år seinare.
Kva har dette å si for forholdet mellom dei politiske partia, islamistar mot sekulære? Det ser ut til å vere unison lettelse og glede hos alle sivile parti over at militærstyret er over, eller iallfall på veg ut. Mange av dei sekulære støtta nok dei militæres inngriping i juni, sidan dei frykta maktmonopol med Brorskapet både i parlament og presidentstol. Noen av desse fryktar nok fortsatt dette, sjøl om dei er glade for Tantawis fall. Fleire peiker med uro på ei rettssak som kom denne veka, der ein privat TV-eigar og ein avisredaktør er tiltalt for å ha fornærma Mursi og Brorskapet, dei fryktar det er tegn på ny sensur og maktmonopol. Men for mange er det også viktig at Mursi insisterer på fortgang i arbeidet med ny grunnlov (innan tre månader, seier han), og påfølgande parlamentsval. Alt tyder på at Brorskapets velgeroppslutning er svekka det siste halvåret (frå 35 til 25 prosent i dei to vala), og dei har eit rimelig håp at dei sekulære partia, som gjorde det mye bedre i presidentvalet i juni, kan skape ein bedre balanse til islamistane når valsystemet kjem i orden. Det vil jo vise seg, velgarstemninga er fortsatt labil, men for den egyptiske demokratiske revolusjonen ser det nå ut til at dei siste daganes hendingar kan vere eit viktig steg på rett veg mot eit demokratisk sivilt styre. Eitt steg, det er lang veg att ennå, men eit steg.

Abonner på:
Innlegg (Atom)