For ein månad sidan skreiv vi om den stille maktkampen i Egypt: Kven er det som har styringa, dei med stemmemakt eller dei med våpenmakt? Etter sist søndag ser det ut som om vi har fått svaret: Dei sivile står over dei militære. Så får vi sjå om det held.
Etter presidentvalet i juni hadde vi altså ein heilt uklar og open situasjon: Muhammad Mursi frå det muslimske brorskapet hadde vunne valet og var insatt som president. Men to dagar før hadde dei militære oppløyst parlamentet (der islamistane samla hadde fleirtal) og kunngjort ei grunnlovserklæring der dei tok frå presidenten mye av makta hans og la i eigne hender. Spesielt skulle ikkje den sivile presidenten ha noen autoritet over det militære, dei skulle styre seg sjøl og ikkje minst behalde sine store økonomiske ressursar.
Mursi godtok først dette utan å kny, og gjekk til sitt til kontor, som den første sivile presidenten i Egypt nokon sinne. Men etter noen veker gjekk han til motåtak; opphevde oppløysinga av parlamentet og opna dermed ein konflikt med dei militære. Desse heldt seg rolig, men grunnlovsdomstolen, der dommarane var oppnevnt av det gamle styret, greip inn og opphevde Mursis oppheving. Parlamentet møtte i fem minutt (dei som ikkje boikotta møtet), men gjekk så frå kvarandre, i påvente av at ei ferdig grunnlov skulle utarbeidas. Mursi tapte altså den runden.
Freden var gjenoppretta, og i juli utnemnte Mursi si første regjering, i hovudsak med teknokratar, og noen frå Brorskapet. Dei militære utnemnte som før sine eigne menn til regjeringa, forsvarsminister var fortsatt Hussein Tantawi, som var Det øvste militærrådets leiar og Egypts reelle statsleiar gjennom fjoråret. Både den "gamle" militære leiaren og den "nye" sivile satt altså sammen i leiinga av landet, og det var like uklart kven det egentlig var som skulle trekke siste strå.
Men så slo Mursi til igjen etter at noen (kanskje palestinske) jihadistar hadde angripe egyptiske militære i Sinai. Det viste seg at den militære etterretninga hadde blitt varsla, men ikkje gjort noe med det. Leiaren der fekk sparken, men sist søndag tok Mursi runden: Forsvarsministeren, altså Tantawi, vart avsatt og det samme vart forsvarssjef Anan, leiarane for hæren og marinen og fleire andre leiande militære. I staden vart ein yngre offiser, general Sissi, også han ein del av Det øvste militærrådet, utnemnt til forsvarsminister. Mursi opphevde samtidig den grunnlovserklæringa som Militærrådet hadde komme med i juni, det var jo ei forutsetning for at han sjøl skulle kunne utnevne forsvarsminister og hærleiinga slik han nå gjorde.
Per i dag, tre dagar etter, ser dette ut til å ha lykkas. Militærleiinga har godtatt endringane, dei fleste aksepterer at presidenten har fullmakt til å gjere det han har gjort. Tantawi, som er 80 år (og har vore forsvarminister i 27) fekk store heidersbevisningar og både han og Anan utnemnt til spesialrådgivarar for presidenten, slik at dei går av med full ære.
Fleire meiner at dette er resultat av eit makt- og generasjonsskifte innan hæren. Det skal ha vore misnøye med den relativt harde lina som dei gamle under Tantawi og Anan har kjørt for å halde på mest mulig makt. Yngre krefter, leia av den nye forsvarsministeren Sissi, skal ha ønska at ein i staden skulle forhandle med dei nye sivile leiarane, fortsatt med samme formål: å behalde mest mulig av dei militæres privilegier og makt. Men under ein aksept av at dei folkevalde leiarane stod øverst. Dette blir uttrykt som at dei gamle ville ha ei "algerisk løysing", der vi har ein sivil president men dei militære bestemmer alt i kulissene, mens dei unge ønska ei "tyrkisk løysing", der dei militære fortsatt har makt til å gripe inn dersom dei meiner den sivile makta fører landet ut i ulykke, men for øvrig lar dei sivile styre landet uhindra. Denne yngre generasjonen skal altså ha blitt enige, utan Tantawi-fløyens kjennskap, om den handlemåten Mursi valde, og dei skal ha fått dei andre væpna styrkane med på det.
Er dette siste runde? Formelt ser det slik ut; alle avgjerdsorgan har godtatt at dette er konstitusjonelt og rett, i motsetning til førre runde i juli. Dersom noen av dei militære misliker dette og ønsker seg tilbake til den gamle lina, må dei trulig utføre eit regelrett kupp, iallfall innanfor sine eigne hierarkiar, slik at "dei militære" igjen begynner å protestere mot sivilstyret. Det kan skje, vi veit ikkje korleis dei indre maktforholda er i det ekstremt lukka egyptiske militærhierarkiet, men akkurat nå ser det ut til å ha gått bra. Vi kan i så fall si at det egyptiske militærregimet, som kom til makta i kuppet 26. juli 1952, tok endelig slutt den 12. august 2012, altså nesten nøyaktig seksti år seinare.
Kva har dette å si for forholdet mellom dei politiske partia, islamistar mot sekulære? Det ser ut til å vere unison lettelse og glede hos alle sivile parti over at militærstyret er over, eller iallfall på veg ut. Mange av dei sekulære støtta nok dei militæres inngriping i juni, sidan dei frykta maktmonopol med Brorskapet både i parlament og presidentstol. Noen av desse fryktar nok fortsatt dette, sjøl om dei er glade for Tantawis fall. Fleire peiker med uro på ei rettssak som kom denne veka, der ein privat TV-eigar og ein avisredaktør er tiltalt for å ha fornærma Mursi og Brorskapet, dei fryktar det er tegn på ny sensur og maktmonopol. Men for mange er det også viktig at Mursi insisterer på fortgang i arbeidet med ny grunnlov (innan tre månader, seier han), og påfølgande parlamentsval. Alt tyder på at Brorskapets velgeroppslutning er svekka det siste halvåret (frå 35 til 25 prosent i dei to vala), og dei har eit rimelig håp at dei sekulære partia, som gjorde det mye bedre i presidentvalet i juni, kan skape ein bedre balanse til islamistane når valsystemet kjem i orden. Det vil jo vise seg, velgarstemninga er fortsatt labil, men for den egyptiske demokratiske revolusjonen ser det nå ut til at dei siste daganes hendingar kan vere eit viktig steg på rett veg mot eit demokratisk sivilt styre. Eitt steg, det er lang veg att ennå, men eit steg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar